12.05. Jubeldagen: Hareid - Stranda 6-2

Glade målscorarar; Kim-Tore Husøy og Fredrik Aursnes.

Vi kan ikkje seie at Hareid spelte like godt heile kampen. Like fullt vart det ein sterk 6-2 mot Stranda, og ein 14-årig scora i debuten.

Les referat. Fleire bilete og statistikkhjørnet kjem torsdag.


12.05. Vurdering av den femte 3.-divisjonsrunden

* Onsdag:
Hareid - Stranda. Mot Norborg kjempa Hareid som nesten berre Hareid kan - på dette nivået. Følgjer dei opp med like god moral her får Stranda det tøft, men det er heller aldri lett å gjenskape prestasjonar. Nupen, banens beste mot Norborg, står over. På plussida er Jørgensen, Uldbæk og Ytre-Hauge tilbake. H (NB. Les preview tre hakk under)
* Fredag
Herd - Spjelkavik. Full pott og 13-1 i målskilnad er Herd sin fasit så langt. Vika tok ein knallsterk siger mot Bergsøy sist, men varierer. "The Battle of Moa" lev nok sitt eige liv, men vi reknar med Herd tar revansje frå det uventa cuptapet mot erkerivalen. H
Valder - Godøy. Også dette eit lokaloppgjer. Valder har opna litt under pari, medan Godøy er poenglause. Godøy har innsats, Valder har kvalitet. Blåtrøyene skal normalt sett vere nokre hakk betre, men vi føler oss som vanleg aldri heilt tryggje på dei. Ein sjanse å ta, men spår at Godøy tar årets første poeng. U
* Søndag:
Bergsøy - Brattvåg. Toppoppgjer. Plassen bak Herd står nok mellom desse to laga, om ikkje Hødd 2 presterer litt jamnare. Bergsøy har ni poeng til no, Brattvåg har ti. Bergsøy var visst uheldige som tapte mot Vika sist. Ingen soleklar H her, men Bergsøy har skaffa seg eit kanonlag som kjem til å slå dei aller fleste i år - sjølv om dei av og til kan gå på ein smell. H
* Tysdag:
Hødd 2 - Norborg. Begge laga gjekk på årets første tap sist runde. Ikkje overbevisande av Hødd 2 å tape 6-1 mot Brattvåg, men på heimebane er Hødd 2 så godt som uslåelege. Norborg har viljen, men Hødd 2 har mange fleire strengar å spele på. H
** Volda - Rollon er utsett til 1. juni.


12.05. Guttelaget vann stort, småguttekampen vart utsett

G16 laget spelte i dag ein framskunda kamp, borte mot Hovdebygda. Kampen skulle eigentleg gå heime på Hareid Kunstgrasbane, på torsdag, men på grunn av langhelg for mange, vart laga einige om å møtast ute i Hovdebygda i dag i staden. Og det gjorde i alle fall ingenting med tannke på resultatet. Hareid vann nemleg 8-2. Målscorarar: Ådne Andersen (3) , Fredrik Andresen, Fredrik Aursnes(2), Thanussan, Sjur Gjerde.

Hareid sitt G14-lag skulle også spele kamp i dag, heime mot Herd, men bortelaget ringte måndag og måtte utsette kampen på grunn av tentamen på kvelden. Kampen vert forsøkt avvikla neste torsdag 20.05 kl.18.30.


11.05. Miniturnering

Søndag vart det arrangert miniturnering på Hareidsmyrane stadion. Les referatet.


10.05. Onsdag: Hareid - Stranda

Per Ståle "Pers" Nykrem har hatt ei lang pause frå fotballen (lengre enn vanleg til han å vere faktisk). Men no er han tilbake. Og mot Norborg fredag storspelte Hareid-legenda i ein ny og uvand posisjon; venstreback. Foto: Jan Henrik Djupvik.

ONSDAG 18.00 (merk tidspunktet)

Kiosk, underhaldning i pausen (mest sannsynleg) og gratis kampprogram. Vel møtt!

Då er det klart for den femte serierunden i årets 3.-divisjon avdeling 17. Hareid spelar heimekamp mot Stranda, eit lag vi ikkje har møtt på seks år.

Troppen er klar. Det same er førehandsomtalen.


10.05. Heiderleg juniortap: Hareid - Langevåg 1-3

Joachim Røyset og juniorlaget tapte i dag mot Langevåg, men ifølgje vår referent var det bra av Hareid veldig lenge. Arkivfoto.

Hareid sitt juniorlag spelte i dag jamt med Langevåg i 80 minutt, så sprakk det. Det heile starta så bra, etter ca. 15 minutt sleit Venthen seg fri å var i ein flott skoringsposisjon, men i det han skulle til å skyte vart han vesentleg hindra, dommaren dømde straffe, denne satt Joachim sikkert i mål, nesten like iskaldt som mot Lom/Skjåk på Norway Cup 2006. Joachim har no 3 mål på 3 kampar ! ...--->


10.05. Brattvåg banka Hødd-ungdommen

Brattvåg flekkar tenner i årets 3.-divisjon. I dag vann dei heile 6-1 mot Hødd 2. Rickard Tomren, Jan Egil Ulla og Steffen Tangen scora to mål kvar for heimelaget, medan Robin Hjelmeset noterte seg for Hødd sitt einaste mål i kampen. Hødd stilte eit relativt ungt lag, men hadde med fleire a-lagsspelarar, som Martin Haanes, Ørjan Engen Grimstad, Christian Mork, Emil Viddal og Espen Standal. Som vi spådde før sesongen vil Brattvåg blande seg heilt opp i toppen i år. Til no har dei 10 poeng på 12 kampar.


10.05. "Jølle" fyller år

Joar for ein del år sidan.

Hareid-spelar Joar Møller rundar 23 år i dag. "Jølle" debuterte for a-laget i 2003, men har i fleire periodar vore anten skada eller oppteken med relativt korte studieopphald i Bergen og Trondheim. Møller har likevel nesten 80 Hareid-kampar, og - hald deg fast: 0 mål.

Han var einaste juniorspelar i startoppstillinga då Hareid møtte AaFK i cupen i 2005.

Denne oppkøyringa har vore prega av skadar for 23-åringen sin del. Men han spelte litt mot Spjelkavik, og var unytta reserve mot Norborg. Snart får vi vel sjå han i storform (men neppe i målform).


09.05. 3.-divisjon: Runde 5 går på fire ulike dagar

Anders Mork og andre trufaste Hareid-supportarar må hugse at onsdagens kamp startar 18.00, ikkje det vanlege starttidspunktet 18.30. Og etter to heimekampar med elendig ver er det vel kanskje lov å håpe på litt sol?

Vi har no snart vore gjennom fire serierundar i 3.-divisjon. Minusa er hengekampen Hødd 2 - Spjelkavik frå runde 3 (som vi ikkje har sett nokon ny dag på) - og den siste kampen i runde 4 som går måndag: Brattvåg - Hødd 2.

Runde 5 startar onsdag klokka 18.00. Då tek Hareid imot Stranda på Hareidsmyrane stadion. Vi hugsar ikkje i farta kvifor kampen blir spelt akkurat denne dagen, men vi vart i alle fall einige om det på terminlistemøtet.

Tre kampar blir spelt fredag 14. mai; lokaloppgjera Herd - Spjelkavik og Valder - Godøy, samt Volda - Rollon.

Ein kamp blir spelt 16. mai; Bergsøy - Brattvåg (Hareid søkte om 16. mai-kampen mot Bergsøy, men fekk det ikkje)

Tysdag 18. mai går Hødd 2 - Norborg.

Med andre ord fleire spennande kampar i framhaldet. Meir om runden før den startar.


09.05. Viktig melding til a-spelarane: Programmet denne veka

(Ikkje trening måndag grunna juniorkamp)
TYSDAG: Kampgjennomgang 19.30, trening 19.45
ONSDAG: Heimekamp mot Stranda
FREDAG: Trening 17.00


09.05. Ny juniorkamp måndag

No er det igjen klart for juniorkamp, denne gong heime mot Langevåg, det vert nok ei hard nøtt å knekka, men oss akter å bygge vidare på den positive 1-1 kampen i Mauseidvågen. På si side har Langevåg slått Blindheim 3-1 på utebane, noko oss trur er eit sterkt resultat. Oss er desverre eindel svekka til denne kampen, Robin ligg med kyssesyka, Ingar slit med ein betendelse, Audun slit med ei sen i en fot, Antoni slit med ein fot, Fredrik Andresen med eit kne, Georg er på stortur ombord i hurtigruta + at Martinus Bjerknes og Kevin Hestholm slit med influensa. Dei to sistnemte kjem til å spela så lenge så det let seg gjera. Til slutt må det berre nevnast at verken Kevin, Georg eller Joachim ikkje har vore med å tapt ein seriekamp i 11ar-fotball hittil i år, så gjenstår det å sjå om dei kan smykke seg med det mandags kveld.

Tropp: -->


08.05. Eiliv ikkje operert likevel

Eiliv-Tore Howlid, Hareid-a-lagsspelar sidan 1994, her i ein treningskamp mot Træff i 2009.

Veka som var skulle eigentleg Hareid sin potetspelar Eiliv-Tore Howlid under kniven for å operere kneskaden sin. Men det viste seg at legane hadde mistolka skaden. Den er dessverre langt verre enn antatt. Derfor må Howlid smøre seg med tolmod, og heile sesongen kan vere i fare.

Heldigvis klarte Dag Gøran Brandal og André Egset Nupen seg glimrande som stopparar mot Norborg. Men Nupen forsvinn truleg til Bergen til hausten, og dermed blir alternativa på midstopparplass færre og færre. Men det går rykte på bygda om at Marius Rise (årets Hareid-spelar 2005) skal ha ein utvida sommarferie i år. Og derfor er det sannsynleg at Hareid vil kontakte Lokomotiv Oslo med tanke på eit låneopphald.


08.05. Statistikkhjørnet, Hareid 2: Paus best i alt

Peter Paus (til venstre) toppar omtrent all statistikk som er å oppdrive om Hareid 2. Georg Gaasø og Gunnar Ringstad har scora jamt og trutt i år.

Statistikkhjørnet etter åtte Hareid 2-kampar i 2010:
* Peter Paus har spelt flest kampar for Hareid 2 sidan restarten i 2009. Han spelte 21 kampar i fjor og alle åtte i år. Einar Orten Trovåg toppa adelskalenderen etter 2009 med 25 kampar, men har berre spelt éin i år. Rune Husø Johansen (19+8) har også gått forbi Trovåg, medan Espen Beiermann (20+6) er oppe på sida.
* Dei som har spelt alle Hareid 2-kampane i år er Peter Paus, Rune Husø Johansen og Arve Vestnes.
* Peter Paus scora klart flest Hareid 2-mål i fjor; 21. Nærast på lista den sesongen var Roy André Øvrelid med 13. Han er ikkje med i år.
* Hittil i år har Paus scora flest med 7, medan Georg Gaasø og Gunnar Johann Ringstad har eitt mindre.
* Rune Husø Johansen scora ingen HIL 2-mål i fjor. Til no i år har han fire. Korleis var det ordtaket med vinen?
* Hareid 2 har spelt fem seriekampar, tre sigrar og to uavgjorte. I fjor kom det første HIL 2-tapet i den sjuande seriekampen. Kan rekkja utan tap bli endå lengre i år?


08.05. Kronene rullar og går til Nye Hareid stadion

Du finn ei oppdatering under "Nye Hareid stadion" i menyen til venstre.


08.05. Hareid 2 til topps: 6-2 mot Bergsøy 2 i dag

Georg Gaasø scora tre, Peter Paus to og Espen Beiermann eitt.

Flyktningen Hiwa Alipoor (biletet) gjorde eitt godt innhopp.


08.05. Siger til gutelaget

Les referatet.


07.05. Statistikkhjørnet: Husøy i målform igjen

Hareid sin nye superspiss Kim-Tore Husøy. Her frå ein treningskamp mot Skavøypoll i vinter.

Statistikkhjørnet etter 3-1-siger borte mot Norborg.
* Først av alt: Ein må kunne seie at dette var eit steg i rett retning i høve 8-0-tapet borte mot Norborg i fjor.
* Hareid har no 6 poeng på 4 kampar. Det er tre meir enn på same tidspunkt i fjor.
* Hareid ligg som før runda på 6.-plass i avdelinga. Men Spjelkavik på 7.-plass har ein kamp mindre spelt.
* Etter to mållause kampar fann Kim-Tore Husøy tilbake igjen vegen til nettmaskene, og noterte seg for to nettkjenningar. Dermed har han scora fem seriemål pluss ti i treningskampane i år. Totalt sidan debuten i 2002 har Husøy 91 mål. Held han skjema utover i sesongen kan han runde 100 i sommar.
* Også gledeleg at Even Hansrud scorar igjen. Han noterte seg for sitt første i serien og sit tredje totalt i år. Men det høyrer med at toppscoraren frå 2008 denne sesongen stort sett har spelt i midtbaneleddet.
* Svein Inge Nesset spelte sin 149. Hareid-kamp.
* Dag Gøran Brandal starta sin første seriekamp for Hareid sidan siste serierunde i 2008.
* Hareid nytta berre 11 spelarar denne kampen. Når det skjedde sist veit vi ikkje, men det er nok ein del år sidan.


07.05. 3.-divisjonsrunden: Bergsøys første tap

Fem kampar vart spelt i 3.-divisjon i dag.
* Spjelkavik - Bergsøy 2-1. Årets første nederlag for Bergsøy. Som Hareid for to veker sidan tapte dei 2-1 i Vika. Spjelkavik er no oppe i seks poeng av ni moglege.
* Stranda - Rollon 1-1. Vi gratulerer Rollon med deira første poeng i år. Stranda fekk seg ein liten opptur etter to strake tap.
* Norborg - Hareid 1-3. Årets første Norborg-tap. Dei ligg likevel framfor Hareid, som har to sigrar og to tap så langt.
* Godøy - Herd 0-2. Botn mot topp. Vi hadde kanskje venta ein litt større Herd-siger, men kampen gjekk på den frykta grasbana på Godøya. Godøy er no som einaste lag poenglause, medan Herd som einaste lag har full pott. Og begynner vel kanskje allereie no å rykkje frå konkurrentane?
* Volda - Valder 4-2. Vi gratulerer Volda med deira tre første poeng i år. Dei har no like mange poeng som Valder.

Tabellen


07.05. Hareid 2-kamp laurdag

Hareid 2 og trenar Rune Husø Johansen er ubesigra så langt i serien. Men laurdag ventar ei tøff oppgåve i Bergsøy 2.

Laurdag klokka 13.00 spelar Hareid 2 nok ein gong toppkamp, denne gongen mot Bergsøy 2 på heimebane. Ifølgje rykta kjem Bergsøy med eit kanonlag. Hareid på si side har forfall frå spelarar som Espen Beiermann, John Anders Liaset og Stian Garnes.

Troppen: Jan Robin Haraldsvik (keeper), Paul Magne Worren, Rune Husø Johansen, Arve Vestnes, Gunnar Ringstad, Christian Åsmo, Arve Haugland, Ivar Andre Aadland, Kjell Roger Skarshaug, Peter Paus, Christer Adrian Mork, Hiwa Alipoor, Frank Robert Moldskred, Georg Gaasø, Joachim Røyset, Håkon Orten Trovåg, Kristian Angelsen (reservekeeper)


07.05. Bjørge Worren: - Fantastisk

Hareid-sida snakka med ein svært glad Hareid-trenar Bjørge Worren ti minutt etter at sigeren mot Norborg var i boks. - Ei fantastisk kjensle å vinne denne kampen. Og fortent, legg Worren til han.
Han fortel om ein kamp som ikkje heilt uventa var prega av mange tøffe duellar.
- Det vart ein del lange ballar frå begge lag i 1. omgang. Vi skapte då fem sjansar, og kunne faktisk leia meir enn vi gjorde. I 2. omgang spelte vi meir langs bakken. Og det var utruleg deilig at Kim sette inn 3-1 like etter at Norborg hadde hatt ein stor sjanse.
Worren og assistent Svein Dag Slettebakk måtte gjere mange rokkeringar på laget før kampen. Men dei som fekk sjansen gjorde jobben og vel så det.
- Benjamin fekk sjansen på høgresida og kom absolutt bra frå det. Dag Gøran imponerte meg som stoppar. Og Joachim klarte finfint den nye rolla si som stoppar, det same med Per Ståle på backen. Alt i alt er eg nøgd med alle som spalte i dag, seier Worren.
Som no ser fram mot Stranda-kampen på onsdag.
- Dagens siger gav oss eit lite pusterom. Men vi bør ha tre poeng på dei to neste for å halde skjema.

Kampfakta:
3. divisjon avdeling 17 runde 4, Uggedalen kunstgras
Norborg - Hareid 1-3 (1-2)
Mål Norborg: Geir Ove Grønli
Mål Hareid: Kim-Tore Husøy (2), Even Hansrud
Hareid: Vagn Scheide Mork - Svein Inge Nesset, André Egset Nupen, Dag Gøran Brandal, Per Ståle Nykrem - Benjamin Reite, Joachim Moldskred, Jørund Johansen, Tore Bjørge Mjønes - Even Hansrud, Ronny Jørgensen.
Ingen nytta innbyttarar

Hareids beste: André Egset Nupen

Dagens kommentar: "Ej e Hareids gud" (Hareid-keeperen med ein litt humoristisk kommentar etter å ha redda stor Norborg-sjanse like før 3-1 kom)



17

Generalsponsor


Sponsorar