07.05. Siste: Jørgensen og Ytre-Hauge ute
Fredag klokka 11 fekk Bjørge Worren beskjeden han ikkje håpte på. Ronny Jørgensen har blitt sjuk, og spelar ikkje mot Norborg. Det gjer heller ikkje Tore Johan Ytre-Hauge. Frå før av var det klart at Fredrik Bøe og Steffen Uldbæk måtte stå over denne matchen, i tillegg til langtidsskadde Eiliv-Tore Howlid.
Troppen blir dermed denne: Vagn Scheide Mork, Svein Inge Nesset, Joachim Moldskred, André Egset Nupen, Joar Møller, Even Hansrud, Jørund Johansen, Benjamin Reite, Tore Bjørge Mjønes, Kim-Tore Husøy, Per Ståle Nykrem, Kevin Aarvik Hestholm, Fredrik Heltne Aursnes, Håkon Orten Trovåg, Dag Gøran Brandal, Georg Rise Gaasø.
06.05. Vurdering av 3.-divisjonsrunden
Fredag:
* Spjelkavik - Bergsøy. Vika fekk aldri spelt mot Hødd 2 denne veka, grunna eit litt overraskande snøfall måndag. Dermed står dei framleis med tre poeng på to kampar. Bergsøy har som venta opna godt og står med ni poeng av ni moglege. Verkar stabilt gode, og har matchvinnarar i begge endar av bana. Spjelkavik vil ikkje gi seg utan kamp her, men vi trur nok Bergsøy er eit hakk eller to kvassare. B
* Godøy - Herd. Kampen er sett opp på Godøy si frykta grasbane. Men det skal vere så stor forskjell på desse laga i år at dei tre pinnane blir med tilbake til Moa. B
* Stranda - Rollon. Etter den gode opninga med siger mot Spjelkavik har Stranda gått på to strake tap. Rollon har ikkje tatt poeng i det heile. Får eit fint høve til det i dette oppgjeret. Blir nok eit bikkjeslagsmål om poenga, men vi tippar Rollon for ein gongs skuld har litt marginar. B
* Volda - Valder. Valder tok sine første poeng då dei slo Rollon sist runde. Volda står med null, og skal møte AaFK i cupen til veka. Vi trur Volda er såpass innstilte på å reise kjerringa at dei krigar til seg alle tre poenga denne kampen. H
* Norborg - Hareid. Sju poeng så langt er mildt sagt imponerande av Norborg. Møter eit Hareid-lag med fleire forfall på sentrale spelarar. Norborg er av den grunn klare favorittar, men vi er jo alltid litt patriotiske. B
Måndag:
* Brattvåg - Hødd 2. Tøffing for Hødd 2, som møter eit Brattvåg-lag som har plukka sju poeng så langt. Hødd 2 er betre trena, men Brattvåg er eit fysisk lag med fleire matchvinnarar i rekkene. Truleg ein heilt open kamp. U
Dagens oddstips for den vågale: Norborg - Hareid U, Godøy - Herd H og Stranda - Rollon U.
05.05. Norborg - Hareid: Årets vanskelegaste bortekamp
Når: Fredag klokka 18.30
Kvar: Uggedalen kuntgras
Les førehandsomtale og sjekk tropp og førehandsomtale.
05.05. Gratulerer!
Til alle Spurs-fans som er eller har vore i Hareid-miljøet. Tommy Tusj, Kim-Tore Husøy, Einar Orten Trovåg, Lars Roar Holstad, Roy Inge Brandal, Oddis Brandal, Ollis Bigset og broren, Hallvar Møller, Robin Jackson Indreflø +++.
05.05. 5.-divisjon: Bøgda - Hareid 5-5
|
Hareid 2 sine målscorarar; Paus, Gaasø og Ringstad. |
Det vart ein svært målrik kamp i toppoppgjeret mellom Hovdebygda og Hareid 2 i 5.-divisjon onsdag. Hareid leia både 1-0, 2-1, 3-2, 4-2 og 5-3, men heimelaget kom tilbake gong på gong. I tillegg til måla brende også Espen Beiermann ei straffe. - Surt å ikkje vinne denne kampen. Konsentrasjonen i dei bakre rekker var dessverre litt for dårleg. Men det positive er at vi tidvis spelte ein veldig god kamp, rapporterer oppmann Kristian Angelsen.
Det kan vere verdt å merke seg at Bøgda ikkje hadde sluppe inn mål i 5.-divisjon før denne kampen. Og at Hareid 2 står med to sigrar og to uavgjorte så langt. I fjor gjekk det åtte seriekampar før det første tapet kom for HIL 2. Så spørst det kor lenge laget klarer å halde på den gode statistikken denne sesongen. Laurdag kjem ein annan favoritt, Bergsøy 2, til Hareid.
Måla: Peter Paus 3, Georg Gaasø, Gunnar Johann Ringstad
Laget (3-4-1-2): Kevin Hestholm - Dag Gøran Brandal, Arve Vestnes, Rune Husø Johansen - Joachim Røyset, Espen Beiermann, Georg Gaasø, Paul Magne Worren - Ivar André Aadland - Peter Paus, Gunnar Johann Ringstad + Christian Aasmo, Nicolay Sundgot, Anders Eidsvik, Hiwa Alipoor
04.05. Tøffing for Hareid 2
|
Hareid 2-laget som spelte bortekamp mot Sæbø for to veker sidan. Bak frå venstre: Joachim Røyset, Georg Rise Gaasø, Arve Vestnes, Stian Garnes, Rune Husø Johansen, Anders Eidsvik, Ivar André Aadland, Kristian Angelsen (oppmann), John Anders Liaset. |
Onsdag spelar Hareid 2 bortekamp mot Hovdebygda. "Bøgda" har vunne begge sine kampar til no, og er favoritt til å vinne avdelinga. Dei har nyleg signert to nye spelarar, og stiller ein sterk tropp onsdag. Vi merkar oss den fysiske og målfarlege spissen Espen Viddal (ex Volda), ein annan god spiss, Raymond Elveland (ex FK Sykkylven) og midtbanespelar Jokke Storvik.
Hareid 2 har spelt tre kampar og fått sju poeng ut av dei. Troppen denne kampen er: Kevin Aarvik Hestholm (keeper), Arve Vestnes, Rune Husø Johansen, Dag Gøran Brandak, Christian Åsmo, Georg Rise Gaasø, Espen Beiermann, Ivar André Aadland, Nicolay Sundgot, Gunnar Johann Ringstad, Peter Nicolai Teigene Paus, Anders Eidsvik, Joachim Røyset, Hiwa Alipoor, Paul Magne Worren.
Johansen, Beiermann, Vestnes og Worren stiller med bil. For dei som bur på Hareid er det oppmøte 17.00 på Hareid Ungsomsskule. Dei som bur i Vik møter 17.15 på Skibet Bar og Restaurant.
PS. Ifølgje denne notisen har Gjerdsvika meldt forfall til årets 5.-divisjon. I så fell er det veldig synd. Alltid kjekt å spele bortekampar der ute.
03.05. To viktige kampar
|
Hareid-trenar Bjørge Worren er spent framfor dei to neste kampane. Blir det to tap har vi fått eit svært vanskeleg utgangspunkt før resten av sesongen. Men skulle vi få fire eller seks poeng ser alt så mykje lysare ut. |
Om ni dagar veit vi ganske mykje om kor vidt Hareid har fått ein god, medium eller svak start på årets sesong. For å ta den andre kampen først. Neste onsdag kjem Stranda på besøk til Hareid. Men det spørs om stemninga blir like sydlandsk som då Stranda fekk besøk av Vålerengen i 1983. Det skal vel litt til. Nesten 8000 tilskodarar er ganske mykje meir enn Hareid sin tilskodarrekord, 2600 betalande mot Molde i cupen i 1984. Vi anbefalar You Tube-linkane som høyrer til artikkelen vi linka opp til.
Men før Hareid skal møte Stranda reiser vi til Uggedalen for å møte Norborg fredag. Vi kan ikkje seie at vi har så gode minne frå den staden, men i det minste blir truleg kampen spelt på kunstgrasbana deira denne gongen. Norborg-oppmann Frode Engeset melder at det er 90 % sannsynlegheit for at det ikkje blir graskamp. Uansett, graskampane kjem før eller seinare. Og tidlegare i dag var Hareid i kontakt med Hødd med tanke på å låne deira nummer to-grasbane til ei trening onsdag. Responsen var som vanleg positiv, men grunna all snøen som har komme i ettermiddag og kveld får vi berre sjå an utviklinga. Hareid slit forresten med at ein del spelarar skal på Holmenkoll-stafett og andre happeningar til helga og har problem med å reise til Uggedalen. Men etter litt logistikkarbeid ser det no ut som at berre Steffen Uldbæk er 100 % uaktuell grunna reising/springing/etc.
03.05. 14-åring debuterte då purungt juniorlag spelte 1-1 mot MSIL
Hareid sitt juniorlag heva seg stort frå Tjørvåg-kampen førre veke og spelte 1-1 mot eit fysisk sterkt Maudseidvåg mandags kveld. Heimelaget leia 1-0 til pause, men lagkaptein Joachim Røyset utlikna på eit flott langskot eit stykke ut i andre omgang. Det nykomponerte laget til Hareidstrenar Ivar Andre Aadland spelte tidvis fin angrepsfotball og sette i periodar også eit solid trykk på sulaværingane, særleg mot slutten av fyrste omgang. Fjortenåringen Audun Øvrelid debuterte på juniorlaget i denne kampen, og greidde seg meget godt i si sentrale midtbanerolle. Elles får samtlege spelarar ros for sterk laginnsats i snøbygene på den flotte kunstgrasbana ved Eikrem.
Lagoppstilling: Kevin Hestholm, Stian Brandal, Antoni Gardshol, Joachim Røyset, Kasiananthan Paramasamy, Fredrik Andresen, Georg Gaasø, Audun Øvrelid, Håkon Orten Trovåg, Venthen Ketheeswaran, Martinus Bjerknus
Desse kom inn: Marcus Bjerkvik, Aksel Bakken, Akileswaran Thuraisingam
Laget - bak frå venstre: Markus Gjerde, trenar Ivar Andre Aadland, Aksel Røyset Bakken, Kevin Hestholm, Kasi, Joachim Røyset, Anthony Gardshol, Georg Rise Gaasø, Venthean. Framme frå venstre: Akillan, Audun Øvrelid, Fredrik Andresen, Stian Brandal, Håkon Orten Trovåg, Martinus Bjerknes.
03.05. 3.-divisjonskamp avlyst
Hødd 2 skulle ha møtt Spjelkavik i den siste kampen i den tredje 3.-divisjonrunden i dag, men kampen er avlyst grunna snøfall.
30.04. Statistikkhjørnet: Hareid ligg på opprykksplass
|
Fredrik Bøe og Per Ståle Nykrem deppar etter at Hareid tapte i dag. Men vi kan trøyste oss med at seks lag faktisk ligg bak oss på tabellen. Eitt av dei er rett nok Spjelkavik med ein kamp til gode. |
Statistikkhjørnet etter 3-2-tapet mot Brattvåg
* Hareid ligg no på 6.-plass i 3.-divisjon, trass to strake tap. Hadde tabellen blitt frosen i dag hadde Hareid heldt seg i divisjonen, eller rykt opp, som det eigentleg blir å komme på topp seks. Her er tabellen
* Benjamin Reite vart for første gong i år ikkje nytta i kamp. Det betyr at Vagn Scheide Mork er åleine om å ha spelt alle kampane sidan oppkøyringa starta i desember, 18 i talet.
* Svein Inge Nesset scora sitt andre mål for Hareid i år. Totalt har han 20 mål på 148 kampar.
* Jørund Johansen starta sin første seirekamp for Hareid på heimebane.
* Per Ståle Nykrem kom inn i dag, og gjorde dermed comeback på heimebane i seriesamanheng.
* Dag Gøran Brandal spelte sin første seriekamp for Hareid sidan oktober 2008.
* Av dagens Hareid-spelarar er no Joachim Moldskred den som er nærast pokal for eit visst tal kampar for klubben. "Jokke" har 88.
* Even Hansrud tok sitt første napp i årets "kampens beste Hareid-spelar"-konkurransen. Dermed står han likt med Kim-Tore Husøy og Vagn Scheide Mork.
02.05. Juniorlaget spelar sin første 11-ar-kamp måndag
Motstandar er MSIL på kunstgrasbana i Mauseidvågen. Hareid junior opna sesongen med 7-4-tap mot Tjørvåg, men kampen vart spelt med sju spelarar på kvart lag - noko som er lovleg i 2.-divisjon junior. No har den ferske trenaren Ivar André Aadland fått betre oversikt over spelarmateriellet sitt. Han rådar over ein veldig ung tropp mot MSIL, der nesten ingen har spelt juniorfotball tidlegare, i alle fall ikkje spesielt mykje. Målet for juniorlaget i år er først og fremst å utvikle spelarar, men når laget blir samspelt så kjem vel også resultata til å komme.
Avreise: 17.00-ferja
Bilar: Morten Røyset, Øystein Orten, Sveinung Hestholm, Ingar Liaset
Reiseleiar: Kevin Hestholm (Ivar kjem direkte frå Vigra til Mauseidvågen)
Tropp: Kevin Hestholm, Stian Brandal, Antoni Gardshol, Joahim Røyset, Khasi, Ådne Andersen, Fredrik Aursnes, Georg Gaasø, Håkon Orten Trovåg, Venthan, Fredrik Andresen, Audun Øvrelid, Aksel Røyset Bakken, Eirik Riise, Kirthi, Martinus Bjerknes, Marcus Bjerkvik Gjerde.
03.05. Eiliv endeleg under kniven
Hareid sin nest mest rutinerte spelar, Eiliv-Tore Howlid, skadde kneet sitt tidleg i vinter. Onsdag skal han endeleg under kniven og fikse kneskaden. Går alt som planlagt kan stopparkjempa (evt. spisskjempa, midtbanekjempa etc.) vere klar til haustsesongen.
Howlid er 31 år og har spelt på a-laget sidan 1994. Men skadar og studiar har gjort at det har blitt fleire opphald sidan den gong. Dei siste åra har Gomyra-odelsguten spelt mest stoppar, men han har faktisk spelt i samtlege posisjonar på bana for a-laget - inkludert keeper.
30.04. Viktig beskjed til a-lagsspelarar
Måndagstreninga går klokka 19.30, grunna lillegutkamp frå klokka 18.
01.05. Les heile denne teksten: (saksa frå Norsk Tipping)
Vår vurdering: Tippeliga. Strømsgodset har 4-0-0 hjemme og 0-1-3 borte, men lagene de har tatt i mot er noe svakere enn lagene de har besøkt. Etter 3-1-seier her over Start ble det 0-4-tap i Bergen. Storflor (a) er tilbake i troppen. Vålerenga har tatt ti poeng på sine tre siste kamper, og de spilte propagandafotball hjemme mot Odd i 6-1-seieren sist. Lignende prestasjoner fremover vil medføre seriegull. Reserve Zajic (a) soner, mens Strandberg (f) er tilbake. Strand (mb) er fremdeles ute. Tippeligalagene bør ta en titt på Godset.no og Vif-fotball.no hvordan nettsider faktisk kan se ut. Andre, med unntak av Odd, er milevis unna. Det er hard konkurranse om hvem som er verst. Flere 3.divisjonslag går f.eks. Lillestrøm, Stabæk og AaFK en høy gang. Hareidil.no og Fjora.no er sider som anbefales.
01.05. Kåring: Kven er den beste Fotball-Franken?
Mange nasjonale, internasjonale og lokale fotballfolk heiter Frank. Men kven er den beste Fotball-Franken? Sjekk bildemontasjen?
11.-plass. Frank Mathisen. Mangeårig AaFK-keeper, i seinare tid keepertrenar for same klubb. Må rett og slett inn på denne lista sidan han er så interessert i fotball, men når ikkje opp blant dei beste Fotball-Frankane.
10.-plass. Frank Lampard. God i Chelsea, ikkje alltid like dominerande på landslaget. Og det er jo det som tel. Derfor er ikkje denne Fotball-Franken av dei beste.
9.-plass. Franck Ribery. Ville i ein normal sesong ha vore høgt oppe på denne lista. Men har visst vore oppteken med ein del utanomsportslege ting i det siste. Må derfor nøye seg med 9.-plassen.
8.-plass. Frank Strandli. Legenda Frank Strandli. Var ein nauta god spiss. Men mista litt fokus utover i karrieren. Skal mellom anna ha likt seg på pub. Likevel god nok til ein 8.-plass på lista.
7.-plass. Frank Rijkaard. Litt usikker på kvar vi har denne karen. Har mykje å vise til både som spelar og trenar. Men er vel eigentleg meir kjent for spytting enn fotball, og det held ikkje til ei topplassering i denne kåringa.
6.-plass. Frank Sekkeseter. Har ikkje heilt oversikta over fotballkarrieren hans. Derimot er han rimeleg profilert som fotballjournalist på TV. Låg lenge an til å komme på 7.-plass, men det at han klarte å få med eit innslag om 5.-divisjonslaget Tjørvåg på TV 2 her om dagen gjer at han sneik seg forbi Rijkaard.
5.-plass. Frank Dalhaug. Normalt sett ikkje av dei beste Fotball-Frankane. Men sjølv om det ikkje talte til Hareid sin fordel gjorde han ein del taktiske grep som sikra dei siger i går kveld. Og det betyr vel at han har peiling på fotball.
4.-plass. Frank Holstad. No begynner vi å nærme oss kremen her altså. Stryningen med mykje slekt på Hareid flytta hit i 2006, og budde vel her omlag eit halvt år. Vart aldri noko fast innslag på a-laget, men sykla konstant rundt omkring på Hareid for å spørre folk om dei ville spele fotball i ballbingen. Det betyr at han er ein meeeget habil Fotball-Frank.
3.-plass. Frank Louis Eide. Hareid-spiss frå 2004. Vart aldri toppscorar i 3.-divisjon slik han hadde tenkt ut. Men viste enorm fotballglede. Ikkje minst då han scora to mål i ein oppvisingskamp mot oldboyslaget. Det gjer at han får bronsen.
2.-plass. Frank Robert Moldskred. Umåtelig interessert i fotball. Har ingen andre interesser. Passerte så vidt Frank Louis etter ein pent Hareid 2-mål tidlegare i vår. På biletet ser vi han som innbyttar på Brandal.
1.-plass. Frank Sverre Skorpen. Ingen i kåringa kan nærme seg denne karen. Bergsøy-spiss i snart 20 år på rad, men unntak av sesongen i Spjelkavik. Har alltid scora mål og sjeldan gjort anna. Vil sikkert halde fram med å det i all framtid. Grattis med gullet.
30.04. Hareid - Brattvåg 2-3, sånn kan det gå...
Det som såg ut til å gå mot ein veldig god Hareid-kamp og ditto sterkt resultat enda i eit utruleg surt tap. Av og til kan ein ikkje forklare slike tap anna enn ved å bruke eitt ord; kollaps.
Dårleg ver i dag. Vagn Scheide Mork kledde seg både i regnbukse og regnjakke - med eit 1-tal på ryggen.
Frank Dalhaug måtte sjå laget sitt slite lenge på Hareid i dag. Men det ordna seg til slutt for Brattvåg, som truleg er det beste laget Hareid har møtt i år, treningskampar inkludert.
Bjørge Worren var optimistisk før kampstart. Verre med humøren etter kampen. - Men vi får berre stå på vidare og prøve å ta så mange poeng som mogleg mot Stranda og Norborg. Toget har ikkje gått enno, på langt nær, sa Worren til Hareid-sida.
Trass dårleg ver møtte over 80 tilskodarar opp. Her er fire av dei; Tommy Tusj Torsvik, Kristian Angelsen, Anders Øiestad og Anders Mork.
29.04. Hugs Hareid - Brattvåg
på Hareidsmyrane fredag 18.30.
Les førehands tre hakk lengre ned.
29.04. Rekordmange innom Hareid-sida
Vanlegvis er det på kampdagar flest er innom nettsida vår. Då brukar vi å ha omlag 1500 treff, mot 1100 på vanlege dagar. Men onsdag, altså i går, opplevde vi noko litt spesielt. Det skjedde ingenting nemneverdig i Hareid-fotballen, men likevel var 1780 innom Hareid-sida. Etter at vi begynte å følgje med på besøkstala ein gong etter jul har det aldri vore betre. Dessverre kan vi berre sjå tala dag for dag, ikkje månad for månad.
29.04. Oppdatering 5.-divisjon
|
Hareid 2-oppmann Kristian Angelsen kan glede seg over ein god sesongstart. |
Vi tenkte å prøve å gi våre lesarar eit innblikk i kva som skjer i 5.-divisjon avdeling 2 (Bondeligaen) for tida, men det er inga lett sak. For medan fleire lag har spelt tre kampar, har Åheim ikkje starta sin sesong endå. Slik kan det gå når sein vinter møter tidleg seriestart.
* Det gledelege er at Hareid 2 per dags dato leiar avdelinga med sju poeng av ni moglege. Men det er først dei to neste kampane vi verkeleg får sjå kva HIL 2 er gode for. På onsdag er det nemleg bortekamp mot Hovdebygda, og tre dagar seinare heimekamp mot Bergsøy 2. Det er desse to laga som blir rekna som favorittar i avdelinga.
* "Bøgda" står med seks poeng av seks moglege, medan Bergsøy to har seks poeng av ni moglege. Det eine kampen BIL 2 har tapt var nettopp mot Bøgda.
* Elles merkar vi oss at Hasundgot slo Tjørvåg 2-0 borte denne veka. Og at Haddal ser ut til å ha heva seg sidan i fjor. Dei har rett nok tapt begge sine kampar til no, men 2-5 i målskilnad er langt betre enn kva dei kvitkledde heldt på med i fjor - då dei gjekk på fleire tap med over ti baklengs.
Tabell
18 |