02.09. 4.-divisjon: Dei tre topplaga vann
|
Erlend Holm og Vigra vann i dag, men er langt frå sikra ny kontrakt i 4.-divisjon. |
Sidan laga i 4.-divisjon kan bli Hareid sine motstandarar neste år, anten i eine eller andre divisjonen, held Hareid-sine våre lesarar oppdatert på det nivået når det no dreg seg til utover hausten. I dag vart det spelt full runde i divisjonen. Alle dei tre laga som låg øvst vann på bortebane i dag.
- Åram/VanKam - Larsnes/Gursken 1-2
- Vartdal - Langevåg 1-3
- Åmdal - Ørsta 0-6
- FK Sykkylven vann 3-1 mot Blindheim, og det betyr at det framleis berre er to poeng opp til den viktige 5.-plassen for ÅVK
- Erlend Holm og Vigra har skuffa i år, men dei har framleis håp om ståplass etter dagens 3-1-siger mot Ellingsøy.
- Oppgjeret mellom Ørskog og Skodje var berre interessant i form av at det var eit lokalderby. Kampen enda 1-1.
03.09. Taktikkeri frå norborg.com?
På norborg.com kan vi lese følgjande om Rollon-Hareid:
Rollon - Hareid 2.10 - 5.00 - 2.35
At Rollon ville få ein liten nedtur i høve fjoråret var venta, men at ein skulle krasjlande og ligge på 12. plass 6 runder før slutt var uventa. Har gode spelarar som Jimmy Monsen, Rickard Ytterlid og Johan Strand ute med karantene denne gong. Mykje kvile då på Daniel Gjerde sine skuldre. Rykta vil ha det til at det har vore intern uro i Hareid-leiren den siste tida, og debatten gjeld spelestil. Ronny Jørgensen er ute med skade, men Kim-Tore Husøy vil nok skape problem nok for laget frå Larsgården. Tips: B
Vanskeleg å seie kvar norborg.com tar dette ryktet frå, og om det eventuelt berre er taktikkeri - sidan både Hareid og Norborg kjempar om ståplass i divisjonen. Hareid-sida kan fortelle at det etter kvar kamp er gjennomgang av kampen med plass til ytringar og diskusjonar av alle slag, der spelarar og trenarar får seie sitt. Å kalle det intern uro er ei ekstrem overdriving, det har ikkje vore noko som har likna ein gong. Årets Hareid-leir (spelarar, trenarar, støtteapparat, styre) er ein av dei best samansveisa og konstruktive vi har hatt.
Det burde vere unødvendig av oss å nemne dette, men når først norborg.com skreiv dette klarte vi ikkje la vere å komme med motsvar.
02.09. Under lupen: To rette så langt
Som kanskje nokre hugsar hadde vi før sesongen ei omfattande utgåve av Under Lupen, der vi tippa utfallet av årets 3.-divisjon. Vi tok i dag ein kik på tipsa våre, som vi fekk Einar Orten Trovåg til å lage. Så langt ser det ut som at han får to rette; Herd på 1.-plass og Bergsøy på 2.-plass. Men han kan framleis treffe ein spikar eller to til. Godøy kan framleis komme på 12.-plass, og sjølv om vi ikkje trur heilt på det kan Valder bli nummer åtte. Heller ikkje veldig tenkjeleg, men med ein sterk innspurt kan Brattvåg ta 3.-plassen, og Hødd 2 og Volda kan med sterkt fallande formkurve dette ned på 5. og 6.-plass. Du ser tipsa våre i menyen til venstre.
01.09. Tøff bortekamp fredag: Rollon - Hareid
01.09. Bli med på trenarkurs!
|
Johs Riise er Hareid sin kontaktperson for trenarkurset. |
Hareid IL Fotball gir alle med ein trenar eller leiar i magen tilbod om å ta første del av Trenar 1-kurset i haust. Dette for å gi trenarane og leiarane i fotballgruppa (pluss dei som ønskjer å bli det) eit ekstra innblikk i trenar- eller leiargjerninga. Kurshaldarane er eksterne - og erfarne.
Oppstarten blir 14. september, og kurset går ytterlegare tre kveldar/ettermiddagar i september (ikkje alle datoar heilt spikra).
Då vi første reklamerte for kurset i vår var det 15 personar som melde seg på. Men sidan det er ei stund sidan blir alle bedt om å bekrefte si påmelding. Alle nye interesserte tar også kontakt ved å sende Johannes Chr. Riise ein mail: post@t-riise.no
01.09. Vurdering av den 17. runden i 3.-divisjon
Alle dei fire topplaga har heimekamp denne runden, men eit par av dei kan få problem med å ta tre poeng - trur vi.
Fredag:
* Herd - Brattvåg. Herd har mista Lasse Olsen, men han har ikkje vore med på alle kampane deira i år uansett. Normalt sett skal dette vere ein klink H, men Herd har ikkje tapt endå i haust, og før eller seinare må vel dei gjere det. Kjipt for gultrøyene at Martin Sundnes manglar, men dei har mykje kvalitet i laget likevel. Pluss på at Brattvåg har underprestert litt så langt i haust. U
* Volda - Godøy. Volda er i bra form, og skal ikkje ha nokon problem her. Nyttar truleg kampen til å teste eit par av dei nye spelarane sine. H
* Valder - Spjelkavik. Ingen av laga har særleg anna enn æra å tenke på. For Valder er i realiteten hekta av etter tapet mot Godøy sist. Vika har rykt ned for ei stund sidan. Open kamp. U
* Rollon - Hareid. (Vi kjem tilbake med meir om denne kampen seinare.) To lag som elskar å hate kvarandre (på bana). Alltid høg temperatur når Rollon og Hareid møtest. Og Rollon er nok sugne på revansje etter tapet på Hareidsmyrane i vår. Begge lag manglar sentrale spelarar. U
* Bergsøy - Norborg. Har Norborg fått vatn på mølla etter sigeren mot Hødd 2? Ja. Tippar vi. Bergsøy verkar svært solide om dagen, og skal i utgangspunktet vinne denne. Men det blir neppe veldig enkelt. H
Måndag:
* Hødd 2 - Stranda. Etter eit par bortesigrar på rappen vende Hødd 2 tilbake til gamle bortesynder og tapte mot Norborg måndag. Stranda kjempar for ny kontrakt, og vil neppe gi seg lett på Høddvoll. Kan dei tende på ei lita bombe borte mot heimespesialistane? U
Er du ueinig i tipsa? Eller har du info om nokon av laga, som kan hjelpe alle tipparane rundt om på Sunnmøre? Nytt kommentarfeltet.
31.08. Ronny framleis på sidelinja
|
Ronny Jørgensen var på veg mot storforma før sommarpausen, men har dessverre vore skadd i heile august. |
Hareid-spiss Ronny Jørgensen har heller ikkje trena denne veka, og ifølgje våre kjelder er han ikkje speleklar mot Rollon fredag. Jørgensen vart skadd like før haustsesongen, og har ikkje vore på bana i dei fire haustkampane så langt. Men Hareid-sida håper å sjå Ronny i aksjon mot Hødd 2 måndag 13. august.
Då Hareid slo Rollon på Rollonbana i fjor haust scora Jørgensen to av måla i 3-2-sigeren (Hareid låg under 2-0 før opphentinga).
Kan Hareid slå Rollon utan Ronny Jørgensen? Diskuter saka i kommentarfeltet.
Elles ser troppen noko lunde skadefri ut. Den einaste som per no er usikker er Joar Møller, som slit med ryggskaden han fekk mot Stranda. Men Møller har framleis eit par dagar på seg til å rette opp ryggen.
Dag Gøran Brandal er på firmatur denne veka, men håper å finne vegen til Hareidlandet før helga.
31.08. Toppscoraren forlet Herd
Lasse Olsen er klar for Mjøndalen, melder Drammens Tidende. Olsen har vore ei av dei viktigaste brikkane på Herd-laget som leiar 3.-divisjon.
At Olsen no forlet Herd og Sunnmøre er gode nyhende for Bergsøy, som ligg tre poeng bak Herd.
I tillegg trekkjer kanskje Vagn Scheide Mork og Kim-Tore Husøy på smilebandet. Sistnemde ligg som nummer to på toppscorarlista bak Olsen, medan Mork var ein av lynvingen sine hardaste konkurrentar med tanke på å bli årets spelar i Sumpen.
31.08. 4.-divisjon: Kan Lars/Gu eller Ørsta fullføre Søre-dominansen?
|
Terje Haugen Øye og Ørsta kan framleis rykkje opp til den nye 3.-divisjonen. Foto: Hareid-sida. |
Vi skal i dag sjå litt på stoda i den interessante 4.-divisjonen.
* Larsnes/Gursken leiar avdelinga med 34 poeng, tre meir enn toaren Langevåg. Dersom La/Gu klarer opprykket (eitt lag rykkjer opp), kan det flaume over av lag frå Søre Sunnmøre i den nye 3.-divisjonen neste år. Stikk i strid med kva Vestposten trudde før sesongen, då dei spådde Ålesund-dominans på øvre halvdel i årets 3.-divisjon. Per no har Bergsøy sikra seg plass i den nye 3.-divisjonen (om dei ikkje rykkjer opp endå eit hakk), og det er svært sannsynleg at Hødd 2 og Volda har gjort det same. Hareid har ein fair sjanse til å ta ein av dei ledige plasane, og La/Gu kan altså komme opp frå nivået under. Så om Hødd rykkjer opp til Adeccoligaen, og det blir alt frå tre til fem lag frå Søre i den nye 3.-divisjonen, må vi kunne seie at fotballen på Søre Sunnmøre har hatt ein kjempesesong.
* Merk også at Ørsta har ein fair sjanse til å vinne 4.-divisjon. Per no ligg dei fem poeng bak La/Gu. Men Ørsta-trenar Dagmund Evebø sa til Sumpen førre veke at han ikkje trur det er så lurt at lagets hans rykkjer opp.
* Det er truleg at det berre dei fem øvste laga i 4.-divisjon held plassen, om Hareid-sida har forstått reglementet rett. Per no har Blindheim 26 poeng, og FK Sykkylven det same - på høvesvis 4. og 5.-plass. Men eit anna lag frå Søre, ÅVK, er i siget. Dei har vunne alle kampane sine etter sommaren og ligg på 6.-plass med 24 poeng. Dei har faktisk heile seks poeng ned til Vigra på 7.-plass.
* Både Vartdal (18) og Åmdal (6) ser ikkje ut til å klare ståplass. Men minst eitt lag frå Søre blir det uansett i den nye 4.-divisjonen. Hovdebygda har nemleg ei sju poengs leiing ned til Åheim i 5.-divisjon.
31.08. Drua til Djerv
|
André "Drua" Egset Nupen på veg inn på bana før serieopninga mot Godøy. |
André Egset Nupen melder overgang til Djerv, om han rekk det før overgangsvindauget stengjer. Papira frå Hareid IL skulle etter planen vere i Bergen i dag, og om er det i boks er "Drua" speleklar for 4.-divisjonsklubben - som også har lokale namn som Lars Roar Holstad og Andreas Helvig i stallen. Nupen har spelt 180 kampar for Hareid, nokre av dei som kaptein for Hareid i vårsesongen.
Det var også snakk om at Svein Inge Nesset skulle melde overgang til Djerv, men det vart ikkje noko av i denne omgang. Nesset kan faktisk rekke å spele nokre Hareid-kampar på tampen av sesongen, sidan han er på heimlege trakter på den tida.
Elles så har det ikkje vore spesielt hektisk aktivitet for Hareid sin del før overgangsvindauget stengjer ved midnatt i dag. Vi var faktisk nære på å klare å få til ein "sjokkovergang", men vedkommande trekte seg på det i siste liten.
30.08. 3.-divisjon: Norborg slo Hødd 2, er med igjen for fullt
Hødd 2 kunne ha reist til Uggedalen med eit langt sterkare lag enn dei gjorde, men valde å kvile spelarar som Ulrik Wingsternes, Diomande og Sivert Heltne Nilsen. Sjølv om Hødd hadde fleire gode talent i startoppstillinga, tapte dei 3-1 mot Norborg. Robin Hjelmeseth reduserte etter at vertane leia heile 3-0.
Sigeren betyr at Norborg er oppe i 21 poeng, og er med igjen for fullt i kampen om ståplass. No er det Stranda, Norborg, Hareid og Brattvåg som kjempar om dei to ledige plassane i den nye 3.-divisjonen.
30.08. Knepent tap for juniorlag
Hareid junior tapte 2-1 borte mot Langevåg i dag. Ifølgje rapportane kjempa Hareid veldig godt, men dei strakk likevel ikkje til. Håkon Orten Trovåg scora Hareid sitt mål på eit hovudstøt. 2-1 var også pauseresultatet.
Dei som framheva seg på Hareid var Fredrik Aursnes, Georg Rise Gaasø og Håkon Orten Trovåg.
Laget: Kevin Aarvik Hestholm, Stian Brandal, Marton Muren, Andreas Fure, Arthur Hareide, Emil Hareide, Georg Rise Gaasø, Kasiananthan, Thanussan, Håkon Orten Trovåg, Fredrik Aursnes.
30.08. A-laget: Programmet for kommande veke
Måndag: Vi møtest 19.00 (merk tidspunktet, pga smågutekamp). Først kampgjennomgang, deretter trening.
Tysdag: Trening 19.30
Onsdag: Trening 19.30
Fredag: Bortekamp mot Rollon. Avreise 16.30 (det blir ikkje opna for diskusjon i spelargruppa rundt avreisetidspunkt denne gongen. diskusjon slutt)
28.08. - Eg trur vi heng med til siste runde
|
Einar Orten Trovåg i kjent positur som utdelar av jubileumspokalar på Hareid-kamp. |
Hareid-oppmann og nestleiar i fotballgruppa, Einar Orten Trovåg, har servert Hareid-sida ein kommentar der han tar føre seg resten av kampane Hareid skal gjennom i haust.
73 % av kampane er spelte, og Trovåg har ein teori om at det kan halde for Hareid å ta åtte poeng på dei seks siste for å få fornya kontrakt. Hareid har nokre fordelar og forsar, men har det tøffaste kampprogrammet av laga i midtsjiktet.
28.08. Bilete frå Stranda - Hareid
Her er 10 av dei mange fine bileta Per Inia Brekke tok under Stranda - Hareid i går.
28.08. Statistikkhjørnet: Takk, Marius!
|
Marius Rise spelte i går sin siste Hareid-kamp for denne gong. Etter tre gode kampar etter sommarferien kan han flytte til Valencia med heva hovud. Foto: Hareid-sida/Per Inia Brekke |
Statistikkhjørnet etter 1-1 mot Stranda i går (og 2-0 mot Kvamsøy i dag) tar i dag farvel med ei skikkeleg klubblegende.
* Marius Rise (29) spelte på Hareid a-lag frå 1999 til 2008, og var spesielt god på midten av tiåret. I 2005 vart han kåra til årets Hareid-spelar, og omtrent på den same tida spelte han på Sumpen sitt all star-lag for 3.-divisjon Sunnmøre i ein kamp mot AaFK. I år har Hareid mangla forsvarsspelarar, og då vi fann ut at Marius skulle vere litt heime frå juni til august var han ikkje vond å be. Før sommaren spelte Marius to kampar som stoppar, og etter tre som defensiv midt. Sjølv om "Risemarra" eigentleg er forsvarsspelar, har han dette opphaldet imponert mest som anker på midten. Tysdag flyttar dessverre Marius til Valencia, og vi ønskjer han lykke til med det og takkar for innsatsen. PS. Marius har no spelt 187 Hareid-kampar, men vi håper at det kan bli fleire ved eit anna høve.
* Hareid har ikkje tapt på fire kampar (2-2-0). Det klarte vi også ein periode i vårsesongen (tre sigrar + ein uavgjort).
* Fredrik Aursnes scora sitt tredje a-lagsmål for Hareid. To av dei har komme mot Stranda i 3.-divisjon.
* Ein som ikkje er like målfarleg heiter Joar Møller. På 87 a-kampar har det blitt null (0) mål. Det gjer Joar til ein av dei minst målhungrige Hareid-utespelarane gjennom tidene. Mannen som er "minst målfarleg-kongen" per dags dato er forresten Stein Arve Rise (tilfeldigvis far til Marius som vi skreiv om lengre opp i saka). Kapteinen på opprykkslaget i 1980 står med 125 kampar og 0 mål.
PS. Hareid-styret sin statistikk- og heiderskomité har inngått ein spesialavtale med Joar Møller. Dersom han ikkje scorar mål på sine neste 13 Hareid-kampar skal det stå "100 kampar Hareid IL a-lag, ingen mål" på pokalen han får ved 100 spelte kampar. "Vanlege Hareid-spelarar" får teksten "100 kampar Hareid IL a-lag" på sine jubileumspokalar.
* Vagn Scheide Mork er forresten oppe i 297 kampar...
--- Så litt om Hareid 2 ---
* HIL 2 har spelt 18 kampar så langt i år, 15 seriekampar og tre treningskampar. Arve Vestnes er den einaste som har spelt alle 18. Rune Husø Johansen og Gunnar Johann Ringstad står med 17.
* Toppscorarar så langt er Gunnar Johann Ringstad og Peter Paus (fjorårets toppscorar), begge med 10 mål totalt i år.
28.08. Hareid 2 med sterk bortesiger
27.08. På tide med ein siger, Hareid 2
2 |