21.04. Fredag: Spjelkavik - Hareid

Troppen, reiseinfoen og førehandsomtalen er klar.


21.04. Volda til første runde

* Spjelkavik leia 2-0 mot Volda til pause, men bortelaget scora heile fire mål i 2. omgang og sikra seg dermed plass i første ordniære NM-runde.
* Rollon imponerte ved å halde Træff til 1-1 i Molde. Det måtte straffesparkkonkurranse til for at fjorårets avdleingsvinnar i 3.-divisjon N-R fekk drege i land avansementet.


21.04. "Tidenes mål" då Hareid 2 slo Sæbø

Hareid 2 vann ifølgje rapportane ein fortent 4-2-siger borte mot Sæbø onsdag ettermiddag. Å spele på grus var ikkje heilt lett for hareidsdølingane, men dei mange heimetilskodarane fekk oppleve det dei no reknar som tidenes mål på Sæbø. Hareid leia 3-0 litt ut i 2. omgang då Sæbø reduserte på eit fint frispark. På den påfølgjande avsparket druste veteranspissen John Anders Liaset ballen rett i mål. Intet mindre enn ei scoring i verdsklasse.

Kampfakta:
5.-divisjon avdeling 2, Sæbø grus
Sæbø - Hareid 2. lag 2-4 (0-2)
Mål Hareid: Rune Husø Johansen, Peter Paus, Joachim Røyset, John Anders Liaset
Hareid: Kevin Hestholm - Rune Husø Johansen, Stian Garnes, Arve Vestnes - Anders Eidsvik, Dag Gøran Brandal, Georg Gaasø, Ivar André Aadland, Jan Robin Haraldsvik - Gunnar Ringstad, Peter Paus.
Innbytte: John Anders Liaset, Joachim Røyset, Christian Aasmo, Åge Møgster


21.04. Til a-laget: Bortekampar

Det meste skulle seie seg sjølv, men før årets første bortekamp kan vi repetere dei faste rutinane:
* Vi set opp fire eller fem bilar til kvar bortekamp, alt etter storleiken på troppen. Dersom andre enn dei i troppen vil vere med; ta kontakt.
Og er du i troppen men kjem deg til bortearenaen på eiga hand, ta også kontakt.
* Sjåførane blir plukka ut saman med troppen to dagar før kamp. Det går på rundgang mellom dei som har lappen, men vi har eit par mann som truleg køyrer på dei fleste kampane. Er du oppsett på køyring og ikkje kan, så sei ifrå kjapt.
* Køyregodtgjersle blir rekna ut i høve talet på kilometer.
* Vi legg også ut kva ferje vi tar. Då møter du opp i så god tid at vi slepp å halde igjen ferja for å få med alle.


21.04. Gratis inn på Hødd-kamp

Hødd har invitert alle spelarar i Hareid si yngres avdeling til 2.-divisjonskampen mellom Hødd og Oslo City søndag 16.00. Kritieret for å komme gratis inn er at ein har på seg Hareid si overtrekksdrakt/gensar/drakt. Også Hasundgot, Gursken, Tjørvåg, Haddal og Bergsøy fekk tilbodet frå Hødd, og berre Bergsøy takka nei.

Hødd tapte sin første seriekamp borte mot Steinkjer førre helg, men er etter alle solemerke eit betre lag enn Oslo City. Hødd har mål om 1500 tilskodarar, noko som i så tilfelle blir det høgaste talet på nokre sesongar. Så får vi håpe at veret er betre enn då Hareid serieopna mot Godøy.


20.04. Hareid 2 går for siger mot Sæbø - på grus

Hareid 2-trenar Rune Husø Johansen mønstrar ein sterk tropp mot Sæbø, laget som Vikebladet Vestposten noko overraskande meiner er det sterkaste i avdelinga.

Hareid 2 spelar sin andre seriekamp for året onsdag. Motstandar er Sæbø, og kampen blir spelt på deira grusbane. Etter det Hareid-sida erfarer var det snakk om at kampen kunne gå på Hareidsmyrane stadion, i bytte mot at haustkampen gjekk på Sæbø si grasbane, men det vart det ingenting av. Hareid 2 har ikkje erfaring med grus i år, men vil uansett gjere det beste ut av det.
- Vi går for siger borte i morgon. Vi treng tre poeng no for å halde følgje med toppen. Sæbø tapte fortent borte mot Bergsøy i første kamp, og vi veit kva vi møter. Vi hadde folk og såg den kampen, så vi stiller godt budde føler vi, skriv oppmann Kristian Angelsen i ein kommentar til Hareid-sida.
HIL 2 stiller denne troppen:
Kevin Hestholm, Rune Husø Johansen, Stian Garnes, Arve Vestnes, Åge Møgster, Jan Robin Haraldsvik, Joachim Røyset, Georg Gaasø, Ivar Andre Aadland, Peter Paus, Gunnar Ringstad, Christian Åsmo, Dag Gøran Brandal, John Anders Liaset, Anders Eidsvik.

Vi merkar oss at fem i troppen er a-lagsreservar, og at Åge Møgster gjer eit sensasjonelt comeback. Han er på perm frå marinen for tida, og har ikkje spelt fotball sidan han herja for vinnarlaget La Cosa Nostra under Grendacupen. Espen Beiermann sonar sin andre og siste kamp for utvisninga mot Bergsøy 2 i siste seriekamp i fjor. Frank Robert "Kræda" Moldskred, Kim Lillebø, Sven-Aslak Veiseth og Niko Sundgot står over av andre grunnar. André Nupen skulle i utgangspunktet vere spelande assistenttrenar for HIL 2, men valte før påske å gjere comeback for a-laget. Om han skal ha ei trenarrolle for HIL 2 i tillegg er per dags dato uavklart.

Hareid 2 spelte 2-2 heime mot Sunnylven i serieopninga.


20.04. Send inn referat

Hareid-sida har vore utan webredaktør ei stund, men yngresstyret har inngått ein avtale med Einar Orten Trovåg om at han kan leggje ut referat frå kampane til laga i yngres på nettsida denne vårsesongen. Og seriestart er like rundt hjørnet for dei fleste lag, og derfor må kvart lag finne ein eller fleire personar som kan sende inn referat frå sitt lag sine kampar. Instruks om referata skal vere sent ut per mail til lagleiarar frå yngresleiar Ronald Øvrelid.


20.04. Ymse beskjedar

* Hugs klubbkvelden på Sportssenteret frå klokka 16.30 i dag. Ei rekkje gode tilbod på ymse varer.
* I kveld klokka 19 er det lagleiarmøte på klubbhuset. Alle lag i yngres må vere representert.
* Klokka 19 onsdag blir det kursing ved vår spelarutviklar Peter Rose. Han køyrer først ein sekvens på klubbhuset og deretter ei på kunstgrasbana.


19.04. Hødd 2 vann klart med fire hareidsdølingar på bana

Ørjan Engen Grimstad, Hødd 2-stoppar.

Den sjette og siste kampen i den første 3.-divisjonsrunda vart spelt måndag. Hødd 2 vann 4-1 mot Volda. Espen Standal sende Hødd i leiinga alt etter to minutt. Pauseresultatet var 3-1. Då hadde dei tre neste måla komme på straffespark, og alle som følgje av hands. Bjørnar Liaskar sette inn Volda si straffe, medan Eirik Heltne var sikkerheita sjølv på Hødd sine to. I 2. omgang fastsette Kristoffer Sætrenes sluttresulatet til 4-1. Dermed ein overraskande stor siger til Hødd 2 i serieopninga. Fire hareidsdølingar var med på "bragda"; Christian Mork, Ørjan Engen Grimstad, Martinus Røyset Bakken og Alexander Jackson Indreflø. Vi kan også ta med at Voldas Knut Arne Grimstad er halvt hareidsdøling. Han er son til tidlegare Hareid-spiss Audun Grimstad, og dermed soneson til Arne O. og nevø til Leifen og Ottar.


19.04. Runda fullførast i dag

3.-divisjon si første runde blir ferdigspelt i dag. Hødd 2 spelar som regel alltid på måndagar, og i dag besøker dei Hødd 2 - eit lag som truleg består av mange hareidsdølingar. Volda har eit hardt kampprogram denne veka, som du kan sjå her.


17.04. Komande veke for a-laget

Måndag: Trening 18.00
Tysdag: Trening 19.30
Onsdag: Trening 19.30 (bytta treningstid med junior, som no har tatt over torsdagstida)
Fredag: Bortekamp mot Spjelkavik

NB. Det har forsvunne nokre heimedrakter i vinter. Dei som har dei liggjande rundt omkring i heimane må ta dei med før fredagens kamp.


17.04. 3.-divisjon: Slik gjekk runda

* Hareid - Godøy 4-3 (2-2)
Mål Hareid: Kim-Tore Husøy(3) Ronny Jørgensen(1)
Mål Godøy: Aleksander Alnes(2) Erlend Holmen(1)
* Herd - Rollon 3-0(1-0)
Mål Herd: Vegard Holand(2) Andreas Ulvestad(1)
* Stranda - Spjelkavik 2-0 (1-0)
Mål Stranda: Mario Strecky(1) Kent Rune Vad(1)
* Bergsøy - Valder 2-1 (1-1)
Mål Bergsøy: Peter Daniel Baade(1) Andrinus Petrekis(1)
Mål Valder: Adrian Blindheim(1)
(info saksa frå voldasupporter.com)

Torsdag spelte Norborg 2-2 mot Brattvåg. Måndag møter Hødd 2 og Volda kvarandre.

* Det small ingen store bomber dei første fem kampane i første runde (vi trefte rett utfall på fire av kampane). Men verdt å merke seg er at Stranda tok ein sterk heimesiger mot Vika. Kor vidt det resultatet blir ein peikepinn for resten av sesongen står att å sjå.

PS. Har du sett denne mannen før?


17.04. Statistikkhjørnet: Tore og Kim-Tore vart heidra

Statistikkhjørnet etter 4-3 mot Godøy fredag-->


16.04. Eldsjeler fekk heider

Veret var ikkje på vår side då mange titals eldsjeler i fotballgruppa skulle få pokalar for det. Men dei fleste inviterte møtte opp og fekk pokal frå leiar i Hareid IL, Linda Haddal Røssevoll. Dei som ikkje fekk skal få ved eit anna høve.
Det vart delt ut pokalar for 5, 10, 15, 20 og 25 års innsats for fotballgruppa. Det var dei som hadde passert eit visst tal år med tenestearbeid for gruppa sidan 1997 som vart heidra. Vi håper dette var ei fin påskjønning for våre mange eldsjeler.


16.04. Hareid - Godøy 4-3

Tore Bjørge Mjønes (fremst) spelte sin første seriekamp for Hareid, og hadde målgivande både på 1-2 og 2-2. Fredrik Bøe (i midten) starta sin andre seriekamp for Hareid, og var av dei klart betre på laget på sin backposisjon. Kim-Tore Husøy (til høgre) var banens beste spelar med sine tre scoringar.

Seriepremiere er seriepremiere (nytt ordtak?), men ein så merkeleg kamp som vi fekk oppleve på Hareidsmyrane stadion fredag kveld er sjeldan kost. Hareid var det førandre laget frå start av, men etter 14 minutt stod det plutseleg 0-2.


Ventetida er over

Still going strong: Tre av profilane på Hareid gjennom 2000-talet; Even Hansrud, Vagn Scheide Mork og Kim-Tore Husøy, er framleis med, og truleg startar alle fredagens serieopning. Her er dei etter ein siger mot Valder i 2006. Fredag er det eit anna Giske-lag, Godøy, som er motstandar.


Serieopning 3.-divisjon avdeling 17:

Hareid - Godøy

Fredag 18.30
Kiosksal + pauseunderhaldning
Dommar: Tor Ove Myrseth, Sykkylven

Troppen og førehandsomtalen er på plass -->


Heimekampar 2010 - oversikt (oppdatert 18. mai)

Her kjem eit oppsett frå Siw-Monica Brandal i yngresstyret med alle heimekampane på Hareidsmyrane stadion i 2010. Det er svært viktig at alle trenarar og oppmenn i fotballgruppa er merksame på dette dokumentet. Kampar kjem før trening, og derfor må eventuelle treningar som kræsjar med kampar tilpassast eller flyttast.


15.04. 4.-divisjon: Fleire overraskingar i opningsrunda

4.-divisjon starta onsdag då Blindheim vann oppskriftmessig 4-0 mot Åheim. Fire kampar vart spelt i kveld, der to av dei enda med overraskande resultat. For Langevåg vann 3-0 heime mot Ørsta, medan Ørskog tok alle tre poenga i bortemøtet med Ellingsøy. Elles skuffa Åram/VanKam noko då dei spelte 2-2 heime mot Vartdal, medan FK Sykkylven som venta var betre enn Skodje (4-3).

Laurdag går det antatte storoppgjeret mellom Larsnes/Gursken og Vigra.


15.04. Poengdeling i Haram

Årets første 3.-divisjonskamp vart spelt mellom Haram-laga Norborg og Brattvåg. Og naboane delte poenga i Uggedalen. Ole Johan Urke sende Norborg i føringa, før Kristian Grønmyr utlikna. Kristoffer Søviknes sende oransjetrøyene tilbake i leiinga, men Martin Sundnes utlikna for gjestene på overtid. Dermed 2-2 og poengdeling - noko Hareid-sida varsla tidlegare i dag...


15.04. Vurdering av 3.-divisjonsrunda

I dag startar endeleg 3.-divisjon avdeling 17 - etter seks månadar med ventetid. Vi tar ein kjapp gjennomgang av runda.

Torsdag:
Norborg - Brattvåg: Første serierunde er alltid litt spesiell, og dette oppgjeret er i tillegg eit lokalderby. Norborg slit visst nok med spelarar framfor denne kampen. Brattvåg på si side rauk mot Rollon i cupen, men vi trur ikkje det betyr allverda med tanke på seriespelet. Denne kampen blir jamn og tøff. Det store spørsmålet er om Norborg kan komme seg opp på nivået dei hadde i fjor, og kanskje endå høgare? U

Fredag:
Herd - Rollon: Storfavoritten mot eit lag vi har tippa rundt midten. Rollon overraska då dei slo Brattvåg i cupen, medan Herd skuffa då dei tapte mot Vika. Men Herd var visst nok overlegne med tanke på sjansar. Vi trur ikkje Herd sløsar med moglegheitene nok ein kamp, og gir dei ubegrensa tillit.  H

Bergsøy - Valder: Ein veit aldri kva ein får av Valder. Men mot Bergsøy, ein av favorittane i årets 3.-divisjon, får dei det nok tøft. Bergsøy har mobilsert og får truleg fleire hundre tilskodarar i ryggen denne kampen, og det vil jo også hjelpe. Vi har stor tru på at fosnavågarane vinn i comebacket sitt, og at legenda Fotball-Frank scorar sitt første 3.-divisjonsmål på tre år. H

Stranda - Spjelkavik: Eit relativt ope oppgjer. Stranda er eit usikkert kort så tidleg, medan Geir Hansen og Vika ser veldig sterke ut per dags dato ifølgje dei som har sett dei spele. Må vi tippe eit utfall går vi for B, men vi treng nok heilgardering.

Hareid - Godøy: Begge laga er tippa i botnen av samtlege medium. Hareid er favoritt i denne kampen ifølgje bookmakerane, men mange spelarar er usikre på om dei er skadefrie nok til å spele. Godøy har hatt ei svak sesongoppkøyring, men no startar alvoret, og då veit vi at dei har ein innsats som få lag kan skilte med. Vi trur det blir ein jamn kamp, men tørr å vere så patriotiske at vi tippar H.

Måndag:
Hødd 2 - Volda: Vanskeleg å spå kva lag Hødd vil stille med før a-laget deira er i aksjon laurdag. Volda blir nok ganske bra i år, men ingen soleklar favoritt denne kampen. Vi trur det blir ein open og målrik kamp. U



20

Generalsponsor


Sponsorar