14.04. To dagar til seriestart: Bjørge har ordet
|
Bjørge som Hødd-spelar i 1990. |
Fredag serieopnar Hareid heime mot Godøy. Bjørge Worren har leia Hareid før i serien før, men då som spelande trenar i 4.-divisjon. I år er det 3.-divisjon som gjeld, og Bjørge har for lengst lagt fotballskorne på hylla. Her kjem Hareid-trenaren med sine siste ord til omverda før det brakar laust.
14.04. Tabelltips 4.-divisjon
Hareid har ikkje med lag i 4.-divisjon i år. Men sidan vi veit at mange av lesarane våre uansett er interesserte i den divisjonen - så vi tek oss tid til eit kjapt tabelltips.
14.04. Aadland blir juniortrenar
Det har gått altfor lang tid, men no har endeleg juniorlaget fått seg ein permanent trenar. Mannen er Ivar André Aadland, opphalvleg frå Rogaland. Han kom til øya i fjor sommar, og har spelt på både a-laget og Hareid 2. Av yrke er han pedagogisk leiar i ein barnehage i Ulsteinvik. Aadland er ein kjempekar, så dette blir sikkert ei kanonløysing. Juniorlaget blir i år veldig ungt, truleg med 10-12 guttespelarar i stallen. Men dei skal stille i 2.-divisjon, og det er garantert ein fin arena for våre mange unge og lovande talent.
13.04. Nordicbet trur på Hareid
Nordicbet meiner Hareid er favoritt mot Godøy fredag.
Les grunngivinga:
12.04. Nytt frå a-stallen
|
Vi kryssar alle fingrar vi har for at Ronny Jørgensen blir klar til fredag, men per dags dato er han usikker grunna ein skade. |
Då er det berre fire dagar til første seriekamp; heime mot Godøy. Det er litt nytt å melde frå a-stallen. Tore Mjønes og Ronny Jørgensen er begge skadde. Ingen av dei kunne trene for fullt måndag, og statusen deira er "usikre" før fredagen. Midstopparane Joachim Moldskred og André Nupen kan bli klare til serieopninga, sjølv om begge trena alternativt måndag. Joar Møller slit framleis med ryggen, og blir neppe klar. Det er elles offisielt at Jørund Johansen kjem til å melde overgang frå Hødd til Hareid. Kor vidt Johansen kjem til å spele for Hareid er ikkje heilt sikkert, men sidan han i alle fall ikkje skal spele for Hødd synest han det er like greitt å stå i Hareid. Johansen prøvespelte mot FK Sykkylven fredag, men har spelt lite fotball i 2010. Uansett blir han ei solid forsterkning om han bestemmer seg for å satse i raudt.
12.04. Ny dugnad torsdag
For å få Hareidsmyrane stadion og området rundt så godt rusta som mogleg før seriestarten fredag, blir det ein siste dugnad torsdag klokka 18.00. A-laget og Hareid 2 har møteplikt. I tillegg blir andre personar og lag i fotballgruppa sterkt oppmoda om å møte. Her er instruksen frå anleggsleiinga:
Det vart mykje arbeid å få kunstgrasbana i god stand igjen, men snart er det gjort. Vi har no hatt 4 sekkar a 2 tonn = 8 tonn med granulat inn på bana, men 2 sekkar til må til. Treng derfor 3-4 trillebårer og snøskuffer til dette arbeidet. Ellers er det litt meir rydding av snø, bort til tribuna som må til, samt kosting og rydding av granulat, både innanfor og utanfor gjerdet, på asfalt. Vi må også gå over bane og vollar, og rydde bort rusk og rask som ligg og flyt. Ta med rake, skuffel og hanskar til dette. Søppelsekkar har vi. Granulatet som ligg ute på vollane bør også rakast utover, slik at det ikkje vert store svarte parti med gummikuler som er synleg.
A-laget trenar så fort dugnaden er over.
11.04. Spesialinvitasjonar til Hareid - Godøy
|
Leiar i HIL, Linda Haddal Røssevoll, skal dele ut fortent heider. |
Om fem dagar startar alvoret. Då spelar Hareid heime mot Godøy i det som blir årets første seriekamp. I det høvet skal Hareid si fotballgruppe heidre mange eldsjeler. Som vi tidlegare har skrive skal dei som har passert 5, 10, 15, 20 og 25 års tenestetid for fotballgruppe sidan 1997 få pokal for det i pausen. Og det er ikkje få. Her er dei som er "spesielt inviterte":
Marthe Hareide, Kristian Angelsen, Kurt J. Brandal, Ellinor Bolstad Banne, Cecilie Bjørlykke, Einar Johan Elvanes, Stig Andor Engen, Roger Elvebu, Jan Fjørtoft, Kjell Bjørn Hovden, Astrid Hareide, Erling Hareide, Mardon Hjelle, Jon Jarle Holstad, Leidulf Hareide, Arve Holstad, Wenche Jøsok, Peter Liavåg, Ingvill Møller, Ingolf Nesset, Øystein Orten, Håvard Røyset, Johs Riise, Morten Røyset, Torbjørn Røyset, Bjørn I. Røyset, Vidar B. Røyset, Jarle Ringstad, Øivind Strand, Karl Fredrik Sandvik, André Skotheim, Jostein Sundgot, Monica Teigene, Linda Teigene, Tommy Torsvik, Trine Årsbog, Sondre Åkervik, Tor Henning Andersen, Dag Bjåstad, Terje Dalsøren, Lars Atle Flø, Bård Grimstad, Anders Mork, Kenneth Moldskred, Sverre Pettersen, Kjell B. Rise, Stein A. Rise, Bjørn Steinar Røyset, Odd Arve Riise, Olav Sindre Rise, Roar Riise, Jon Olav Slettebakk, Mika Saarinen, Lars Teigene, Harald Aasen, Anja Holstad, Odd Brandal, Harald Møller, Gunnar Aursnes.
11.04. Rollon og Volda vidare
Det vart spelt to NM-kvalifiseringskampar med lokale lag i aksjon søndag. På kunstgrasbana i Ravtika, Rollon si førebelse heime, vart Brattvåg nedsabla med siffera 3-0. Kjell Tore Pedersen, Richard Ytterlid og Daniel Gjerde scora måla for laget som spelte 1-1 mot Hareid tysdag.
I Volda vart det dramatisk. I vinter har både Volda og Valder scora mange - og sluppe inn mange. Kanskje derfor ikkje så overraskande at Volda vann kampen 5-4. Matchvinnarmålet til Lars Johan Holsvik kom på overtid.
Tidlegare denne veka vann Spjelkavik 2-0 mot Herd.
10.04. La/Gu med kalassiger
|
Thomas Sætre Hauge, her som Hareid-spelar i fjor. |
Larsnes/Gursken mangla fleire sentrale spelarar då dei spelte generalprøve mot Hovdebygda i dag. Det hindra dei ikkje i å vinne 13-2 (!) mot "Bøgda". Asle Johansen scora fire, medan Thomas Sætre Hauge, Preben Sætre og Leiv Sindre Muren noterte seg for tre kvar.
I ein annan treningskamp laurdag vann Hødd heile 7-1 mot Herd. Hødd verkar meeeeget solide framfor seriestarten borte mot Steinkjer neste helg.
Fredag vann Bergsøy 4-2 mot Ørsta. Frank Sverre Skorpen scora tre og viser styrke framfor comebacket i 3.-divisjon.
10.04. Hareid 2 - Sunnylven 2-2
Hareid starta seriepremieren mot fjorårets 4.-divisjonslag Sunnylven best, og fekk etter kvart 1-0 på eit langskot ved Ivar André Aadland. Utover i andre omgangen tok Sunnylven over kampen, og fekk 1-1 før pause. Bortelaget hadde også initiativet i ein periode etter kvilen, og tok leiinga 2-1. Men Peter Paus utlikna til 2-2, og Hareid hadde også fleire sjansar til å vinne kampen. Men 2-2 mot eit godt lag i ei rekordtidleg serieopning går det absolutt an å ta med seg.
Laget (3-5-2): Håkon Lonbakken - Stian Garnes, Rune Husø Johansen, Arve Vestnes - Paul Magne Worren, Georg Rise Gaasø, Joachim Røyset, Ivar André Aadland, Jan Robin Haraldsvik - Peter Paus, Gunnar Johann Ringstad
Innbytte: Anders Eidsvik, Nicolay Sundgot, John Anders Liaset
Bjarte Steinsbu frå Brattvåg IL dømte kampen.
09.04. Meiner Hareid-sida er den beste på Sunnmøre
Hovdebygda si nettside ved webjournalist Espen Viddal har vurdert nettsidene til dei ulike klubbane som har laga i 5.-divisjon avdeling 2, populært kalla "Bonde(s)ligaen". Hareid kjem klart best ut. Men ikkje berre det; Viddal meiner Hareid-sida også er den beste på Sunnmøre. Han grunngir det på følgjande måte:
Hareid: Denne nettsiden mener jeg er Sunnmøres beste. Hareid stiller vanligvis ikke opp i kåringen om Norges beste fotballside, men hadde de gjort det ville de kommet høyt. De har daglige nyheter fra hele Sunnmøre og har også tippet hvordan det vil gå i årets 5. divisjon. Ville nok fått trekk for at siden ikke funker så bra i Explorer og sånn, men det legger ikke jeg vekt på. Verdt et besøk for de som vil følge med på 5. divisjon for de følger godt med på 2. laget også.
Vi takkar for den, Viddal. PS. Som Viddal er inne på; bruk Mozilla Firefox...
09.04. Statistikkhjørnet: Pers i 100
|
Per Ståle Nykrem (til venstre), Ronny Jørgensen og Robin Jackson Indreflø før heimekampen mot Herd i fjor vår. |
Statistikkhjørnet etter Hareid - FK Sykkylven
* Per Ståle Nykrem gjorde comeback for å hjelpe Hareid i ein vanskeleg situasjon med fem skadar på viktige forsvarsspelarar. Kampen var hans 100. for Hareid. "Pers" debuterte for Hareid i andre serierunde i 2006, då Hareid vann 4-2 mot (nettopp) FK Sykkylven. Så får vi håpe at den tidlegare Bergsøy- og Tjørvåg-spelaren gjer endeleg comeback.
* Jørund Johansen spelte sin første kamp for Hareid. Redaktørsonen slutta på Hødd junior tidlegare i år, og kan no vere aktuell for Hareid på permanent basis.
For statistikkhjørnet for heile oppkøyringa, klikk deg vidare.
09.04. Hareid - FK Sykkylven 5-1
- Ein god kamp av oss, var Bjørge Worren sin kjappe kommentar etter 5-1 mot 4.-divisjonslaget FK Sykkylven i siste treningskamp før alvoret brakar laust mot Godøy neste fredag. Trass overtak frå Hareid si side tok FKS leiinga, men Hareid kom tilbake før pause og leia 2-1, etter mål av Kim-Tore Husøy og Ronny Jørgensen. "Jørgens" scora ytterlegare to i 2. omgang, før Tore Bjørge Mjønes fasette sluttresultatet til 5-1. Det må også nemnast at Vagn Scheide Mork redda ei straffe. Hareid fekk forfall frå venstreback Fredrik Bøe før kampstart (i tillegg til forfalla som var lista opp i førehandsomtalen), slik at det måtte komponerast eit nytt forsvar. Benjamin Reite og Svein Inge Nesset tok kvar sin back, medan prøvespelaren Jørund Johansen (Hødd 2) og Per Ståle Nykrem (comeback) spelte stopparar. Nykrem, med mest erfaring frå spel i midtbaneleddet, fekk skryt for sin kamp. Ronny Jørgensen, den sentrale midtbaneduoen og Even Hansrud var også på tå hev denne kampen, men samtlege som spelte gjorde det bra.
Kampfakta:
Treningskamp, Hareidsmyrane stadion
Hareid - FK Sykkylven 5-1 (2-1)
Mål Hareid: Ronny Jørgensen (3), Kim-Tore Husøy, Tore Bjørge Mjønes
Mål FSK:
Dommar: Richard Martin Hunstad, Hjørungavåg IL
Hareid: Vagn Scheide Mork - Svein Inge Nesset, Jørund Johansen, Per Ståle Nykrem, Benjamin Reite - Even Hansrud, Steffen Uldbæk, Tore Johan Ytre-Hauge, Tore Bjørge Mjønes - Ronny Jørgensen, Kim-Tore Husøy
Innbytte: Håkon Orten Trovåg, Robert Ulfstein, Jan Robin Haraldsvik, Joachim Røyset, Georg Rise Gaasø
09.04. Hareid 2 opnar sesongen laurdag
08.04. Ny dugnad laurdag
- God innsats av alle i dag, men vi må ha ein ny dugnad laurdag. Meir granulat må ut på bana, samt at det må kostast og ryddast skikkeleg. Ta med skikkeleg skuff, kost og trillebår. Arbeidshanskar er også anbefalt. Både seniorspelarar og folk med tilknytning til yngres møter, melder driftssjef på Hareidsmyrane stadion, Sindre Breivik.
Dugnaden startar klokka 10.00.
08.04. Liten cupsensasjon: Herd ute allereie
Herd er kanskje tidenes største favorittar i 3.-divisjon. Men i går vart dei høgst overraskande slått ut av NM av Spjelkavik. Andreas Havnegjerde og Vegard Nybø scora måla til Vika i 2-0-sigeren.
06.04. Beskjed til a-spelarane
Torsdag: Dugnad 18.00, deretter trening
Fredag: Treningskamp mot FK Sykkylven
06.04. Statistikkhjørnet: Drua er tilbake
|
André Nupen. |
Statistikkhjørnet etter 1-1 mot Rollon.
* Hareid spelte sin andre uavgjorte kamp for året. I fjor vart det berre éin uavgjort heile året, 0-0 mot Godøy. Tidlegare i år har Hareid spelt 4-4 mot Tornado Måløy.
* Ronny Jørgensen scora sitt 13. mål for oppkøyringa. Dei har han scora på ti kampar. Totalt har Ronny 72 mål på 82 kampar.
* Benjamin Reite og Vagn Scheide Mork er dei einaste som har spelt alle 14 treningskampane til no denne oppkøyringa.
* André "Drua" Nupen gjorde comeback for Hareid. Sist han spelte for a-laget var mot Hødd 2, andre haustkamp i fjor. Sidan den gong har André spelt for Hareid 2. Han står no med 170 a-kampar og tre mål.
21 |