06.04. Hareid - Rollon 1-1
Hareid spelte ein brukbar kamp mot Rollon. Det vart ikkje siger, men ut frå sjansestatistikken burde det ha blitt det. - Vi starta kampen bra og var det førande laget den første halvtimen. Så tok Rollon over spelet, men vi fekk 1-0 før pausesignalet, fortel Hareid-trenar Bjørge Worren. Målet kom etter at Kim-Tore Husøy avslutta vakkert frå 25 meter. Ballen gjekk i stonga, men Ronny Jørgensen sette returen i mål. - Vi hadde meir enn nok sjansar til å punktere kampen i andre omgang, men dei fekk 1-1 midtvegs i omgangen. Totalt sett vil eg seie at vi fekk til mykje positivt, meiner Worren. Som mest av alt er uroa over midstopparsituasjonen ti dagar før seriestart. Joar Møller klarte ikkje å starte dagens kamp grunna ryggproblem. André Nupen, som har spelt på Hareid 2 så langt i år, fekk sjansen som Joachim Moldkred sin makker. - André gjorde ein god kamp. Eg såg ganske fort at dette er ein spelar som har det som skal til for å spele stoppar i 3.-divisjon. Men tre minutt før slutt fekk han strekk. Utruleg synd. Vi har fått skadar på midstopparane våre gjennom heile oppkøyringa, sukkar Bjørge Worren. Som i det lengste håper at anten Møller eller Nupen blir klar til seriestart. Frå før av er det klart at rutinerte Eiliv-Tore Howlid blir ute heile vårsesongen grunna kneoperasjon. I tillegg til midstopparen merka Even Hansrud og Svein Inge Nesset seg ut i dagens kamp mot Rollon.
Kampfakta:
Treningskamp, Hareidsmyrane stadion
Hareid - Rollon 1-1 (1-0)
Mål Hareid: Ronny Jørgensen
Mål Rollon: Odd Øyvind Fjørtoft
Dommar: Richard Martin Hunstad, Hjørungavåg IL
Hareid: Vagn Scheide Mork - Svein Inge Nesset, Joachim Moldskred, André Nupen, Fredrik Bøe - Even Hansrud, Steffen Uldbæk, Tore Ytre-Hauge, Tore Bjørge Mjønes - Ronny Jørgensen, Kim-Tore Husøy
Innbytte: Jan Robin Haraldsvik, Benjamin Reite, Georg Gaasø
06.04. Viktig-beskjed: Dugnad torsdag
Torsdag frå 18.00 og utover blir det dugnad for spelarane til a-laget og Hareid 2. Følgjande arbeid skal gjerast:
Punkt 1 denne økta, vert å få granulat inn på bana igjen.
Alle får ta med snøskuff, eller lignande, for å få granulatet inn på bana igjen.
Kosting og rydding av asfalt og reparasjon av mål.
Ta med arbeidsantrekk og kost/skuff/trillebår.
MØTEPLIKT
06.04. Under lupen: 5.-divisjon
5.-divisjon sparkast i gang rekordtidleg med oppgjeret Hareid 2 - Sunnylven laurdag. Så vidt vi veit blir det den første offisielle seriekampen på Sunnmøre i år - om vi ser vekk frå Tippeligaen. Derfor er det på sin plass å komme med eit tabelltips for årets 5.-divisjon avdeling Søre.
04.04. Nest siste generalprøve: Hareid - Rollon
Når: Tysdag 19.30
Kvar: Hareidsmyrane stadion
Dommar: Richard Martin Hunstad
Troppen er no klar --> Og sjekk preview -->
04.04. Jokke fyller år
|
Dagens jubilant (til høgre) saman med storebroren Stian i eitt eller anna høve. |
Hareid-spelar Joachim "Jokke"/"Chips" Moldskred fyller 24 år på denne dag. Jubilanten debuterte for a-laget i 2003, men grunna skadar og studiar står han berre med 84 Hareid-kampar. Vi gratulerer Jokke med dagen, og satsar på det blir mange år i Hareid-trøya.
04.04. Statistikkhjørnet: Vagn held 300-skjemaet
|
Leiv Arne Grimstad (med den store pokalen til venstre) får heider for 300 Hareid-kampar under fotballfesten i 1981. "Super"/"Leifen" som er kallenamna hans, la opp året etter og landa på 321 kampar og 165 mål. Til høgre for Leifen ser vi andre som fekk utmerkingar i 81, Jon Olav "Dennis" Slettebakk (for 200 kampar), Lars Atle "Lasse" Flø (200 kampar), Odd Elvanes (100) og Dag Audun Eliassen (100). Ser du godt etter til venstre for Leifen finn du Anders "MqQueen" Mork. Han fekk ikkje pokal i 1981, men landa etter endt Hareid-karriere på 150 a-matchar. |
Statistikkhjørnet etter 0-5 mot Lokomotiv Oslo i går.
* "Loket" tok tidenes andre Påskekamp-siger. I fjor var det Hareid, då representert ved Hareid 2, som vann 5-2.
* Hareid scora null mål for første gong sidan 3-0-tapet mot Ørsta 15. desember.
* To spelarar debuterte for Hareid denne kampen; Einar Orten Trovåg (f. 1987) og Sjur Gjerde (f. 1994). Sistnemnde skulle eigentleg komme inn som keeper i 2. omgang, men grunna få spelarar måtte han også tåle eit innhopp som midtbanespelar før han gjekk bak i buret. Han tackla begge deler veldig fint.
Dei to vart Hareid-spelarar nummer 494 og 495 sidan 1946. Kven blir nummer 500?
* Vi kan også meddele at Vagn Scheide Mork har spelt 477 kampar for Hareid. Spelar han dei alle seriekampane pluss dei to siste treningskampane passerer han 300 i år. Ei bragd berre 11 mann har klart tidlegare (sjekk også bileteteksten).
03.04. Under lupen: Gullet og sølvet
|
Laget som kan syngje "The Winner Takes It All" og "We Are The Champions" etter sesongslutt spelar i blått. |
Då er vi komne til vegs ende i Under lupen 2010, og presenterer i dag kven som vinn avdelinga og kven som følgjer opp på sølvplassen.
Vi takkar for merksemda for denne gong.
No er det berre å lade opp til sesongstart om knappe to veker:-)
03.04. Påskekampen: Hareid - Lokomotiv Oslo 0-5
Det vart ingen suksess for Hareid i årets kamp mot "Loket". Hareid fekk fleire forfall både før og under kampen, og tapte fullt fortent mot eit rutinert, fysisk og godt Loket-lag. Men ein får sjå på det positive, at fleire spelarar fekk ei grei gjennomkøyring midt i påska. Kampen starta jamt, og var det lenge. Men ganske tidleg vart Kim-Tore Husøy hovudskadd, og det svekka laget ein del. Loket scora to mål seint i 1. omgang, begge av Hallvar Møller. I pausen måtte Benjamin Slettebakk, som gjekk inn for Husøy, gi seg grunna ein ryggskade. Problem med ryggen var også grunnen til at Joar Møller kasta inn handkleet rett før kampstart. Inn for Slettebakk kom Einar Orten Trovåg, som strengt tatt er ganske langt frå å halde a-lagskvalitet. Nokre minutt inn i 2. omgang vart Tore Ytre-Hauge felt (det skulle ha vore klar straffe...), og han måtte gi seg. Derfor måtte reservekeeper Sjur Gjerde (16 år) inn på midtbana, heilt til Marius Slettebakk vart henta inn frå skogen og spelte resten av kampen. Loket scora ytterlegare tre, først eit av Hallvar Møller og så to av Joachim Bendal. Hareid hadde sine sjansar, men spelte lite strukturert - spesielt i 2. omgang. Så tapet var det lite å seie på, og vi får gratulere Arthur Garnes sitt all star-team med årets påskesiger.
Kampfakta:
Treningskamp, Hareidsmyrane stadion
Hareid - Lokomotiv Oslo 0-5 (0-2)
Mål: Hallvar Møller 3, Joachim Bendal 2
Dommar: Richard Martin Hunstad, Hjørungavåg IL
Hareid: Vagn Scheide Mork - Benjamin Reite, Joachim Røyset, Fredrik Bøe, Håkon Orten Trovåg - Svein Inge Nesset, Tore Ytre-Hauge, Georg Rise Gaasø, Jan Robin Haraldsvik - Kim-Tore Husøy, Robert Ulfstein
Innbytte: Benjamin Slettebakk, Einar Orten Trovåg, Sjur Gjerde, Marius Slettebakk
Heider: Jan Robin Haraldsvik, som i tillegg til å spele 90 minutt sykla til og frå kampen. Han bur i Ulsteinvik.
Lokomotiv Oslo brukte desse spelarane: Audun Orten Trovåg, Dag Gøran Brandal, André Egset Nupen, Joachim Moldskred, Mads Sævik, Ove Kvalsvik, Arthur Garnes, Nikolai Røyset, Marius Slettebakk, Joachim Bendal, Hallvar Møller, Trond Haugland, Tommy Torsvik, Are Olav Riise.
02.04. Under lupen: 4.-plassen
02.04. Påskekampen: Hareid - Lokomotiv Oslo
|
Lokomotiv Oslo-trenar Arthur Garnes er spenna klar for Påskekampen. FOTO: Arne Flatin |
Laurdag: 12.00
Dommar: Richard Martin Hunstad, Hjørungavåg IL
Hareid sin tropp: Vagn Scheide Mork, Sjur Gjerde, Benjamin Slettebakk, Benjamin Reite, Håkon Orten Trovåg, Georg Rise Gaasø, Joachim Røyset, Joar Møller, Svein Inge Nesset, Tore Ytre-Hauge, Kim-Tore Husøy, Jan Robin Haraldsvik, Fredrik Bøe, Rune Husø Johansen, André Egset Nupen, Robert Ulfstein, Remi Helleseth, Jørund Johansen.
Det er altså gjort nokre endringar i troppen. I tillegg har ein tidlegare Hareid-spelar fått delt ut "wild card" til kampen, så får vi sjå om vedkomande dukkar opp.
Oppmøte 11.15
Viser elles til tidlegare førehandsomtalar.
02.04. Generalprøva framskunda
|
Steffen Uldbæk i ein treningskamp mot ÅVK tidlegare i vinter. Uldbæk var Hareid sin beste spelar i fjor, og har vist lovande takter også så langt i år. I bakgrunnen Eiliv-Tore Howlid, som dessverre ser ut til å miste heile vårsesongen grunna ein kneskade. FOTO: Hareid-sida |
Hareid sin siste treningskamp før sesongstart, heime mot FK Sykkylven, er framskunda frå laurdag 10. april til fredag 9. april.
Treningskampoversikt:
Tysdag 15. desember: Ørsta - Hareid 3-0
Torsdag 21. januar: Hareid - Åram/VanKam 4-0
Tysdag 2. februar: Hareid - Gursken/Larsnes 5-3
Laurdag 6. februar: Hareid - Hødd II 1-0
Torsdag 11. februar: Hareid - Åram/VanKam 4-1
Laurdag 13. februar Hareid - Tornado Måløy 1-0
Laurdag 27. februar: Tornado Måløy - Hareid 4-4 (på Eid)
Laurdag 6. mars: Hareid - Åram/VanKam 3-4 (på Eid)
Onsdag 10. mars: Hareid - Skodje 3-2
Fredag 12. mars: Hareid - Skavøypoll 4-1
Onsdag 17. mars: Hareid - Volda 1-0
Laurdag 20. mars: Hareid - Valder 5-4
Laurdag 3. april: Hareid - Lokomotiv Oslo (PÅSKEKAMP)
Tysdag 6. april: Hareid - Rollon
Fredag 9. april: Hareid - FK Sykkylven
02.04. Hødd-dominans i Mimrecupen
|
Hareid 2002, dvs dei som spelte på gutelaget til Hareid det året, tapte semifinalen mot vinnarlaget Hødd 2004. |
Dei to siste åra har det vore Hareid-lag som har vunne Mimrecupen. Slik gjekk det ikkje i år. Tre av fire semifinalelag var frå Hødd. Hareid 2002 tapte semien mot Hødd 2004, som også vann turneringa. På vinnarlaget spelte mellom anna Hareid-spelar Jan Robin Haraldsvik.
Etter turneringa var mange av laga samla til bankett på Skibet.
Hareid 2002-spelar Fredrik Bøe vart toppscorar i turneringa.
Martin Løseth på Hødd 1992 vart kåra til cupens beste spelar.
Hareid 2002-keeper Stian Myrene fekk prisen for "årets kurve", sidan han gjekk frå å stå som ei sil i første kamp til å storspele utover dagen.
Hareid 1992-spelar Robert "Bobo" Breivik scora årets mål.
01.04. Hareid-sida fekk kulturprisen
Hareid-sida fekk i går ettermiddag utdelt kulturprisen for Hareid kommune. Det skjedde under pausen i kommunestyremøtet. Juryen, som tilsvarer alle medlemmane i formannskapet pluss kultursjefen, gav følgjande grunngiving for valet: "Hareid IL Fotball si nettside har blitt ein samlingsplass for fotballinteresserte både i kommunen og elles på Nordvestlandet. Med besøkstal på nesten 80 000 unike treff i dei beste månadane er berre vikebladet.no (såvidt) meir populær. Redaksjonen til Hareid-sida gjer ein jobb som det er umogleg å ikkje leggje merke til. Og det var høgt på tide at dei fekk den gjæve kulturprisen".
Hareid-sida takkar for heideren, og kjem til å spytte dei 150 000 kronene som høyrer med kulturprisen inn i ein pott som skal gå til nye hjørneflagg og betre merkeustyr til grasbana.
I ettertid må vi beklage at dette var ein aprilsnarr.
01.04. Under lupen: 8.-plassen
31.03. Mimrecup i morgon
Skjærtorsdag blir Mimrecup avvikla for fjerde år på rad. 17 lag kjempar om gullet i Ulsteinhallen. Kampane startar klokka 9, og du finn kampoppsettet ved å klikke deg vidare.
31.03. Nordicbet har sett ned oddsen på Husøy
For ei tid sidan inviterte Nordicbet sine tipparar til å spele pengar på kven som blir toppscorar i årets 3.-divisjon. Kim-Tore Husøy, som har spelt nokre treningskampar som spiss denne oppkøyringa, vart sett opp med 45 i odds. Men no har han blitt sett ned til 22. Kva grunnen er skal vi ikkje spekulere i, men vi trur kanskje det har noko med at mange har sett av sine pengar på Husøy. Ronny Jørgensen har framleis tredje lågast odds (7). Herd-duoen Lasse Olsen (5) og Andreas Ulvestad (6) er dei mest sannsynlege toppscorarane ifølgje Nordicbet.
31.03. Under lupen: 6.-plassen
30.03. Under lupen: 10.-plassen
30.03. Førehandsomtalen av Hareid - Loket
Vestposten trykte laurdag ein førehandsomtale av Påskekampen mellom Hareid og Lokomotiv Oslo. No kan du lese han her -->
* Vi minner om at kampstart laurdag er 12.00.
* Det kjem eit par endringar i troppen til Hareid før helga.
30.03. Bilete frå før i tida
|
Hareid på treningsleir i Elverum i 1979. I front ser vi oppmann Willy Nesset og trenar Kisse Holstad. |
Ulstein IT-senter har scanna inn og systematisert ein haug gamle Hareid-bilete.
Du finn dei her.
22 |