29.03. Gjer Pers comeback?

Per Ståle Nykrem under heimekampen mot Vika i fjor. Til venstre dommar Even Myrheim.

Graset er ikkje så veldig grønt for tida, men likevel har Per Ståle "Pers" Nykrem blitt observert på Hareid-trening. Ikkje berre éin - men tre gonger den siste tida. Myrvågingen sjølv har ingen kommentar til kvifor han har begynt å trene med Hareid igjen, og han ønskjer heller ikkje å bli med i troppen mot Loket laurdag. Men vi kan heller garanterte at Pers har spelt sin 99. og siste Hareid-kamp.


29.03. Manglar gule drakter

Hareid manglar fem av sine gule bortedrakter. Tre av dei var det nokon som tok med seg heim etter Hareid 2-kampen sist. Dei andre har truleg komme vekk etter a-lagskampar tidlegare i vinter eller i fjor. Vi treng desse fem draktene til Påskekampen laurdag. Ta kontakt med Einar Orten Trovåg om du har ei av desse fem draktene:

Nummer 3 - 6 - 8 - 10 - 15


29.03. A-lagstreninga tysdag

går klokka 18.00.

Programmet for påska elles er mimrecup i Ulsteinhallen torsdag for dei som er aktuelle for det - og påskekampen mot Lokomotiv Oslo laurdag.


29.03. Bergsøy i siget, Rollon og Godøy utan tap

Det har blitt spelt ein del treningskampar med 3.-divisjonslag i aksjon i det siste. Vi noterer oss mellom anna at nykommarane Bergsøy har vunne 3-2 borte mot eit sterkt Sogndal 2-lag - medan Rollon og Godøy har til gode å vinne i vinter.

Men i staden for at vi skal ramse opp resultat her kan du like greitt halde deg oppdatert ved å sjå Norborg si omfattande oversikt.

Og er du interessert i 4.-divisjon, så ta turen innom Skodje sin blogg.


24.03. Hareid 2-kamp torsdag

Hareid 2 møter avdelingskollega Haddal på Hareidsmyrane stadion torsdag 21.00.


29.03. Under lupen: 7.-plassen

Illustrasjonsfoto av det å vere utrygg.

Laget som kjem på 7.-plass i 3.-divisjon rykkjer kanskje ned.


28.03. Under lupen: 11.-plassen

Denne mannen har scora 11 mål i treningskampane for sitt lag så langt. Men når serien startar, trur vi dei skal slite med å plassere seg betre enn nummer 11.

11.-plassen gav ståplass i fjor. Det gjer han definitivt ikkje denne sesongen.


27.03. Under lupen: 5.-plassen

Tre personar med fortid i Hareid (Worren, Televik, Moldskred) kjem til å leie sitt lag til 5.-plass i årets 3.-divisjon - trur vi.

Då er vi komne til 5.-plassen, ei plassering som kvalifiserer til den nye 3.-divisjonen i 2011.


26.03. Her er Hareid sin påsketropp

Desse er i troppen mot Lokomotiv Oslo påskeaftan (forandringar kan skje):

Vagn Scheide Mork
Sjur Gjerde
Benjamin Slettebakk
Benjamin Reite
Håkon Orten Trovåg
Georg Rise Gaasø
Joachim Røyset
Joar Møller
Svein Inge Nesset
Tore Ytre-Hauge
Kim-Tore Husøy
Even Hansrud
Jan Robin Haraldsvik
Fredrik Bøe
Christer Adrian Mork
Rune Husø Johansen
André Egset Nupen

Lagleiarar: Svein Dag Slettebakk og Einar Orten Trovåg

Vi kjem med ein fyldig førehandsomtale av kampen om få dagar. Om alt går som vi håper kjem også Vestposten med ei større sak om Påskekampen laurdag.


26.03. A-lagstreninga

fredag er klokka 17.00. Eventuelle forfall til Svein Dag.


26.03. Under lupen: 3.-plassen

Eit av desse to laga rotar IKKJE seg ned på nedre halvdel også i år.

3.-plass betyr medalje. Og vel så viktig i år: ståplass i 3.-divisjon. Laget vi presenterer i dag er for gode til å rykkje ned, og har nok lært av fjorårets svake vårsesong.


25.03. Hareid 2 - Haddal 10-0

Firemålsscorar Gunnar Johann Ringstad i aksjon i kveld.

Hareid 2 hadde ingen problem med å slå Haddal på Hareidsmyarne torsdag kveld.


25.03. Intervju med sjefen

Foto: Vikebladet Vestposten

Vestposten si nettside har laga eit intervju med fotballformann Ottar Røyset. Saka kan du lese her.


25.03. Under lupen: 9.-plassen

Det blir ingen walk in the park å møte XXXX i 2010.

I går konstaterte vi at Godøy får ein tøff sesong. I dag fortel vi deg kven som kjem på 9.-plass, mellom barken og veden. Vi trur neppe at dette laget klarer topp seks, men dei vil heller ikkje komme til å dumme seg ut.


23.03. Ronny og G fyller år

Ronny Jørgensen i comebacket i 2009. Nokon kilo tyngre enn i dag?

To Hareid-spelarar fyller år i dag. Ronny Jørgensen er no oppe i 29 sommarar. Spissen har vore i Hareid-stallen sidan 2006, og var toppscorar i 3.-divisjon i 2007. Dessverre mista han heile 2008 og store delar av 2009 grunna eit avrive korsband. Men no er nordfjordingen på gang igjen, og vi håper at det ikkje stoppar på dei 71 måla han har scora til no (på 81 kampar).
Georg Rise Gaasø fyller 18 år i dag. "G" har spelt aldersbestemt fotball for Hareid i alle dei år, men vart før årets sesong flytta opp i a-stallen. Til no har han vore på bana i 11 av 12 treningskampar, og vi tippar at det blir fleire kampar utover i sesongen.
Grattis begge to!


24.03. Under lupen: 12.-plassen

Er det eit av desse laga vi har tippa på 12.-plass?

Då er endeleg nedtellinga til årets 3.-divisjon i gang.

Vi trefte spikeren på hovudet då vi tippa Langevåg sist i 2009 og Bergsøy sist i 2006. Får vi også rett når vi no tippar XXXX på 12.-plass i år?


22.03. Problem med nettsida?

Webredaksjonen har fått eit par tilbakemeldingar på at Hareid-sida ikkje fungerer som den skal ved bruk av Internett Explorer. Det kan vel hende. Vi er ikkje dataekspertar. Men vi brukar faktisk berre Mozilla Firefox, og der er det 0 problem med nedlasting av denne sida.


23.03. Beskjed til a-spelarane

Her er treningstidene fram mot påske:

Tirsdag 23.3.10   kl.1930
Torsdag 25.3.10  kl.19.30
Fredag  26.3.10   kl.18.00
Mandag 29.3.10   kl.18.00
Tirsdag 30.3.10    kl.19.30
Laurdag 3. april spelast påskekampen mot Lokomotiv Oslo. A-spelarane gir beskjed på torsdagstreninga om dei er heime eller ei den dagen. Bjørge er i Syden for tida. Svein Dag er derfor trenar den næraste tida, og får hjelp av Einar til å leie laget mot Loket.

22.03. Under lupen startar onsdag

Må Håkon Sæterøy og Brattvåg ned på kne denne sesongen - og når Joachim Røyset og Hareid ballen før det er for seint? Det er uvanleg mange spennsingsmoment før denne sesongen.

Då er det berre 27 dagar igjen til seriestart. Årets 3.-divisjon blir av det spesielle slaget, sidan halvparten av laga rykkjer ned. Det hindrar oss ikkje i å nok ein gong sparke i gang spalta "Under lupen". Onsdag fortel vi deg kven som kjem på 12.-plass, og deretter går det slag i slag etter dette programmet:

1.-plass: 3. april
2.-plass: 3. april
3.-plass: 26. mars
4.-plass: 2. april
5.-plass: 27. mars
6.-plass: 31. mars
7.-plass: 29. mars
8.-plass: 1. april
9.-plass: 25. mars
10.-plass: 30. mars
11.-plass: 28. mars
12.-plass: 24. mars

(Tipsa vil også bli lagra i venstremenyen under Under lupen)


20.03. "Treningskampperioden" slutt

Hareid møter Rollon i nest siste kamp før seriestart. Her frå ein treningskamp mellom laga i fjor vår. Frå venstre: Joachim Moldskred, Eiliv-Tore Howlid (6), Kim Haagensen, Alexander von Løwensprung (5) og Even Hansrud.

Hareid har spelt fem treningskampar dei siste 14 dagane, og 12 totalt sidan 15. desember. Men no blir det ei rolegare periode framover mot seriestart om 27 dagar.
I utgangspunktet skulle Hareid ha møtt Hødd 2 neste helg, men Bjørge Worren og Kenneth Moldskred har blitt einige om at det ikkje blir noko av den kampen. Neste kamp blir derfor påskekampen mot Lokomotiv Oslo 3. april - for dei som er heime påskeaftan. Deretter blir det to treningskampar veka før seriestart; mot Rollon og FK Sykkylven.

Treningskamp-oversikt:

Tysdag 15. desember: Ørsta - Hareid 3-0
Torsdag 21. januar: Hareid - Åram/VanKam 4-0
Tysdag 2. februar: Hareid - Gursken/Larsnes 5-3
Laurdag 6. februar: Hareid - Hødd II 1-0
Torsdag 11. februar: Hareid - Åram/VanKam 4-1
Laurdag 13. februar Hareid - Tornado Måløy 1-0
Laurdag 27. februar: Tornado Måløy - Hareid 4-4 (på Eid)
Torsdag 4. mars: Hareid - Langevåg AVLYST
Laurdag 6. mars: Hareid - Åram/VanKam 3-4 (på Eid)
Onsdag 10. mars: Hareid - Skodje 3-2
Fredag 12. mars: Hareid - Skavøypoll 4-1
Onsdag 17. mars: Hareid - Volda 1-0
Laurdag 20. mars: Hareid - Valder 5-4
Laurdag 3. april: Hareid - Lokomotiv Oslo (PÅSKEKAMP)
Tysdag 6. april: Hareid - Rollon
Laurdag 10. april: Hareid - FK Sykkylven



23

Generalsponsor


Sponsorar