20.03. Statistikkhjørnet: Tore runda 100

Tore Johan Ytre-Hauge er Hareid sin nummer 7. Han ligg som eit anker på midtbana. Ikkje den som ropar høgast eller skyt hardast, men Tore har eit klokt fotballhovud og er flink til å "strø" ballar.

Statistikkhjørnet etter 5-4-siger mot Valder.
* Hareid har no spelt 12 treningskampar som har resultert i 9 sigrar, 1 uavgjort og 2 tap. Målskilnaden er 35-22. Det blir scora mykje mål, men jammen renn det ikkje inn ein del også...
* Ronny Jørgensen er oppe i 12 mål så langt i år, medan Kim-Tore Husøy har 9. Førstnemnde har scora 71 Hareid-mål på 81 kampar, medan Husøy har 85 mål på 204 kampar.
* Tore Bjørge Mjønes scora sitt 2. Hareid-mål på 5 kampar. Ein god prestasjon.
* Vi gratulerer Christer Adrian "Bromle" Mork med sitt første Hareid-mål. Etter å ha bøtta inn mål for aldersbestemte lag (+ HIL 2) i ei årrekke score endeleg Bromle for a-laget. Han brukte åtte kampar på å fjerne smultringen.
* Bromle fyller forresten 20 år i dag, noko vi også må gratulere han med. Det same gjer vi til ein annan i miljøet, Kristian "Angel" Angelsen, som rundar 27.
* Tore Johan Ytre-Hauge spelte i dag sin kamp nummer 100 for Hareid a-laget. Tore har vore ei viktig brikke på laget sidan han kom frå Åram/VanKam før 2005-sesongen. Men han var ikkje med på fast basist i 2008 og 2009, då han prioriterte vekk fotballen til fordel for studiar i Australia og Bergen. Tore får utdelt pokal for 100 kampar før første seriekamp.
* Hareid har sikra seg ei fin leiing på norborg.com sin treningskamptabell - som gjeld kampar for 3.-divisjonslag frå 1. januar og utover. Legg merke til at Norborg har rekna feil tal baklengsmål på Hareid. Uansett, sjølv om Hareid har få treningskampar igjen så skal det mykje til om vi ikkje tar medaljeplass på denne uoffisielle, men dog artige tabellen - trur vi.


20.03. Hareid - Valder 5-4

Det vart ein merkeleg fotballkamp på Hareidsmyrane laurdag ettermiddag. Hareid leia heile 4-0 ved pause, men i 2. omgang utlikna Valder til 4-4 - før bursdagsbarnet Christer Adrian "Bromle" Mork fastsette sluttresultatet til 5-4. - Vi spelte ein god 1. omgang der vi var spesielt farlege på overgangar. I 2. omgang herska det totale kaos, oppsummerer Hareid-keeper Vagn Scheide Mork. Even Hansrud, Kim-Tore Husøy og Ronny Jørgensen var Hareids beste menn.

Kampfakta:
Treningskamp, Hareidsmyrane stadion
Hareid - Valder 5-4 (4-0)
Mål Hareid: Kim-Tore Husøy (2), Ronny Jørgensen, Tore Bjørge Mjønes, Christer Adrian Mork
Dommar: Richard Martin Hunstad, Hjørungavåg IL
Hareid: Vagn Scheide Mork - Svein Inge Nesset, Joachim Moldskred, Benjamin Reite, Fredrik Bøe - Even Hansrud, Steffen Uldbæk, Tore Johan Ytre-Hauge, Tore Bjørge Mjønes - Ronny Jørgensen, Kim-Tore Husøy
Innbytte: Joachim Røyset, Georg Gaasø, Christer Adrian Mork

Les også

Statistikkhjørnet kjem i kveld


19.03. Larsnes/Gursken tapte

Larsnes/Gursken spelte sin første treningskamp sidan dei tapte 5-3 borte mot Hareid tidleg i februar. Ørsta var motstandar i Ørsta fredag ettermiddag, og vann 3-0 mot dei gule og svarte frå Sande. Ørsta og Larsnes/Gursken har av mange blitt rekna som dei to sterkaste laga i 4.-divisjon i år. Så spørs det kor retningsgivande dette resultat er for resten av sesongen.

Øystein Vik Myklebust var sjuk og stod over denne kampen. Ex-høddaren Torgeir Skeide, som prøvespelte for Bergsøy tidlegare i år, fekk sin debut i gulsvart.


19.03. Så var også Rollon i gang...

Som det desidert siste laget i 3.-divisjon avdeling 17 spelte Rollon sin første treningskamp torsdag. Og dei imponerte ved å "berre" tape 1-0 mot AaFK 2. Rollon har mykje å ta igjen og får eit hektisk kampprogram fram mot seriestart. Tysdag 6. april kjem Larsgården-laget til Hareid.

Meir om Rollon her.
Treningskamptabell.


18.03. Neste a-kamp: Laurdag mot Valder

Nok ein gong må Hareid komponere ein ny midtstopparduo. Kven blir Joachim Moldskred sin makker denne gongen?

Kvar: Hareidsmyrane stadion
Når: Laurdag 15.00
Dommar: Richard Martin Hunstad
Vervarsel: 7 grader og regn

Troppen er no klar --->


18.03. Statistikkhjørnet: Hareid 2

Anders Eidsvik er inne i sin første sesong for Hareid 2, og har scora 2 mål på 2 kampar.

Ein gong no og då rettar Hareid-sida si mest populære spalte også søkelyset mot Hareid 2. Her er ei oppdatert etter årets to første treningskampar.
* Adelskalenderen for Hareid 2 gjeld etter re-oppstarten i 2009.
* Einar Orten Trovåg toppar framleis adelskalenderen. Han har ikkje spelt for laget i år, men noterte seg for 25 av 25 moglege kampar i fjor. Nærast er Peter Paus, som hadde 21 kampar i fjor + 2 i år = 23 matchar.
* Paus er også på topp på scoringslista. Han har ikkje funne målnota i år, men gjorde det 22 gonger i fjor.
* Espen Beiermann er toppscorar for Hareid 2 så langt i år med tre mål. Han hadde 10 mål i fjor, og det betyr at no ligg likt med Roy André Øvrelid på 2.-plass på scoringsstatistikken totalt. Begge har 13 mål.
* 49 spelarar fekk speletid for Hareid 2 i fjor. På dei to kampane hittil i år har vi fått desse debutantane: Arve Vestnes, Stian Garnes, Gunnar Ringstad, Anders Eidsvik, Christian Aasmo, Nikolay Sundgot, Sven-Aslak Veiseth, Jan Robin Haraldsvik, Frank Robert Moldskred og Per Inia Brekke. Sistnemde er hittil den yngste spelaren på adelskalenderen, etter at han fekk 15 minutt som keeper mot Bergsøy 2.


18.03. Hareid 2 med knusande siger: 8-1 mot Bergsøy 2

Frank Robert "Fotball-Frank 2" Moldskred scora i sin første kamp for Hareid 2.

Hareid fekk ein svak start på treningskampsesongen med 7-2-tap mot Hasundgot sist veke. Men i kveld kom Hareid sine nest beste verkeleg tilbake, med heile 8-1 mot avdelingsfavoritten Bergsøy 2. Hareid var best kampen gjennom, og leia 2-0 til pause. Spelemessig var det faktisk best før pause, men utover i 2. omgang rann måla inn. - Ein fullt fortent siger mot avdelingsfavoritten. Vi mangla fleire sentrale spelarar, men i vår nye 3-5-2-formasjon var det rett og slett fullklaff i kveld, oppsummerte oppmann Kristian Angelsen. Georg Gaasø var Hareid sin beste spelar, men spesielt også forsvarstrioen skal ha skryt for ein godt gjennomført kamp. Fleire av måla var det verkeleg klasse over, som eit soloraid frå midtbana av Georg Gaasø og to frisparkperler frå Espen Beiermann. Hareid viste som sist god Fair Play.

Hareid 2 har invitert Hovdebygda til treningskamp neste veke. Og om ikkje dei kan stille opp er det ønskjeleg om ein annan motstanar kan vere interessert.

Kampfakta:
Treningskamp, Hareidsmyrane stadion
Hareid 2. lag - Bergsøy 2. lag 8-1 (2-0)
Mål Hareid: Espen Beiermann (2), Georg Gaasø, Ivar André Aadland, Rune Husø Johansen, Frank Robert Moldskred, Anders Eidsvik, Paul Magne Worren.
Hareid: Kevin Hestholm - Arve Vestnes, Rune Husø Johansen, Stian Garnes - Frank Robert Moldskred, Espen Beiermann, Georg Gaasø, Ivar André Aadland, Jan Robin Haraldsvik - André Egset Nupen, Peter Paus.
Innbytte: Gunnar Johann Ringstad, Anders Eidsvik, Paul Magne Worren, Per Inia Brekke.


18.03. Trenarkommentar

Hareid-sida har lange tradisjonar med å publisere trenarkommentarar. Her kjem Bjørge Worren med sin første. Han oppsummerer året så langt før han no set seg på flyet for ei vekes ferie i Syden.


18.03. Trur Hareid er 9. beste lag

Nordicbet har sett opp vinnarodds på laga i 3.-divisjon avdeling 17. Herd blir ikkje overraskande omtala som store favorittar, med Hødd 2 som ein god nummer to. Hareid blir plassert på 9.-plass med ein vinnarodds på 40. Vi gjer oss betre markert på lista over aktuelle toppscorarar i avdelinga. Ronny Jørgensen får 7 i odds, noko som er tredje lågast. Kim-Tore Husøy får 45 i odds, og har truleg alt begynt å spele pengar på seg sjølv. Les grunngivinga til Nordicbet --->


17.03. Statistikkhjørnet: Talet er 11

Ronny Jørgensen i Hareid si bortedrakt under ein treningskamp mot Åram/VanKam.

Statistikkhjørnet etter 1-0-sigeren mot Volda onsdag:
* Dette var Hareids 11. treningskamp denne oppkøyringa.
* Ronny Jørgensen var tilbake etter to veker på sidelinja, og scora sitt 11. mål så langt i vinter. Det har han brukt 8 kampar på. Totalt har Ronny no 70 Hareid-mål på 80-kampar.
* Vagn Scheide Mork og Benjamin Reite er no dei to einaste som har spelt 11 av 11 treningskampar. Følgjande har spelt 10 av 11: Steffen Uldbæk, Joachim Røyset, Even Hansrud og Georg Gaasø.
* Vi gratulerer Vagn Scheide Mork med sin 275. Hareid-kamp. Snart 300...
* Tore Ytre-Hauge er oppe i 99 kampar. Ein kamp til og pokal ventar.


17.03. Hareid 2 møter Bergsøy 2 torsdag

Hareid 2 spelte sin første treningskamp for året førre måndag, og tapte då 7-2 mot Hasundgot. Torsdag kveld er det klart for ein ny test, og då er motstandaren truleg endå kvassare enn Hasundgot. Bergsøy 2 satsar nemleg alt på opprykk, og etter det vi erfarerer kjem dei til å bruke alt som kan krype og gå av a-lagsreservar på 2.-laget sitt i år. Hareid 2 stiller ein stor tropp som inkluderer fem a-lagsspelarar i morgon. Vi tippar at trenar Rune Husø Johansen kjem til å gi alle mykje speletid også denne kampen, og heller avvente "toppinga" til neste treningsmatch. Kampstart er sett til 21.00. Dommar: Magne Johnny Krumsvik, IL Hødd

Tropp: Håkon Lonbakken, Stian Garnes, Paul Magne Worren, Georg Gaasø, Arve Vestnes, Alexander Paus, Anders Eidsvik, Frank Robert Moldskred, Gunnar Johann Ringstad, Espen Beiermann, André Egset Nupen, Ivar André Aadland, Dag Gøran Brandal, Christian Aasmo, Rune Husø Johansen, John Anders Liaset, Peter Paus, Sven-Aslak Veiseth, Jan Robin Haraldsvik, Christer Adrian Mork.


17.03. Hareid - Volda 1-0

Hareid vann fortent 1-0 mot Volda i ein treningskamp på Hareid onsdag kveld. Etter ein del varierande prestasjonar i det siste var dette eit steg opp. - Eg vil påstå at 1. omgang var årsbeste av oss. Då viste vi positivt spel og skapte fleire sjansar. 2. omgangen vår var ikkje like bra, men vi stod på og jobba og kom heilt greitt frå det då også, oppsummerer Hareid-trenar Bjørge Worren. Som nok ein gong måtte gjere ein del rokkeringar på laget. Denne gongen var det Joachim Moldskred og Joar Møller som utgjorde stopparduoen, og dei gjorde ein god jobb. Fredrik Bøe på venstrebacken klarte seg bra, og midtbaneleddet fungerte stort sett bra. Og etter eit skadeavbrekk kom Ronny Jørgensen tilbake og vart matchvinnar. Vel blåst.

Kampfakta:
Treningskamp, Hareidsmyrane stadion
Hareid - Volda 1-0 (1-0)
Mål: Ronny Jørgensen
Dommar: Richard Martin Hunstad, Hjørungavåg IL
Tilskodarar: 15
Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork - Benjamin Reite, Joachim Moldskred, Joar Møller, Fredrik Bøe - Even Hansrud, Tore Ytre-Hauge, Steffen Uldbæk, Tore Bjørge Mjønes - Ronny Jørgensen, Kim-Tore Husøy
Innbytte: Remi Helleseth, Georg Gaasø.

Klikk deg vidare og les våre live-oppdateringar frå kampen.


16.03. Presentasjon av Hareid

Nettsida "Nettips 3.-divisjon" har sett seg som mål å presentere alle 3.-divisjonslaga i landet før seriestart. I dag kom turen til Hareid, der dei omtalar spelarovergangar og litt forskjellig.


16.03. Hareidsdølingar i fokus

Måndag spelte Hødd II 2-2 i ein treningskamp mot Bergsøy. Og fleire av hareidsdølingane i Hødd gjorde seg bemerka. Martinus Røyset Bakken scora begge måla, Ruben-Kenneth Brandal blir omtala som ein god kaptein, medan midstoppar Ørjan Engen Grimstad også blir trekt fram.

Vi kan forresten melde at alle 3.-divisjonslaga på Sunnmøre er i gang med treningskampane med unntak av Rollon, som støtt og stadig må avlyse planlagte kampar.


15.03. Preview Hareid - Volda

Hareid-trenar Bjørge Worren håper vermeldingane slår til og at det blir mildt onsdag kveld.

Kva: Treningskamp
Når:
Onsdag 19.30
Kvar: Hareidsmyrane stadion
Dommar: Richard Martin Hunstad, Hjørungavåg IL
Vervarsel: Mildt, regn


15.03. Treningsopplegg a-laget

denne veka:

Måndag 18.00: Trening
Onsdag: Kamp
Torsdag 19.30: Trening
Laurdag: Kamp


14.03. To Hareid-kampar denne veka

Dei tre målscorarane frå førre treningskamp mot Skavøypoll; (frå venstre) Tore Johan Ytre-Hauge, Kim-Tore Husøy og Robert Ulfstein.

Det snør og det snør, men om det snart begynner å roe seg så skal Hareid a-lag spele to treningskampar komande veke. Etter å ha spelt to kampar mot eit lag frå Nordfjord, og deretter tre kampar mot 4.-divisjonslag, skal vi no måle krefter mot to lag frå 3.-divisjon Sunnmøre.

Onsdag 19.30: Hareid - Volda

Laurdag 15.00: Hareid - Valder

I tillegg skal Hareid 2 spele treningskamp mot Bergsøy 2 torsdag.


12.03. Statistikkhjørnet: Fleire treningskampar enn vanleg?

Ein del av pokalane som Hareid-spelarane kan plassere på peishyllene sine i løpet av sesongen.
Dei to bakerste pokalane er for 100 Hareid-mål. Dei to grøne på sidene går til "O2-kongen" og "O2-prinsen", målt etter kven som har gjort det best og overraska mest på O2-testane i vinter. Dei tre pokalane i midten er til årets spelar, årets topscorar (i serien) og årets unge spelar. Dei tre framme er for 100, 200 og 300 Hareid-kampar (og vi har fleire av dei på lageret). Den einaste pokalen som vi veit hamnar ein viss plass er ein for 200 kampar, som Kim-Tore Husøy nådde førre helg, men ein prognose viser at nesten ti spelarar kjem til å bikke anten 100, 200 eller 300-kampat i år.

Statistikkhjørnet etter 4-1 mot Skavøypoll fredag.
* Hareid har no spelt ti treningskampar sidan oppstarten i desember, og kjem til å lande på pluss minus 15 før seriestart. Vi snakka med Vestposten-skribent og tidlegare Hareid-venstreving under kampen i dag. Han meinte at det før i tida ikkje var vanleg å starte å spele treningskampar før på denne tida, og at det sjeldan eller aldri har blitt spelt så mange som 15. Vi sjekka opp påstandane hans i historikken. Det stemmer at det før kunstgrasbanene kom var vanleg å starte med treningskampar i starten av mars. Når det gjeld tal på treningskampar, har det vore vanleg med pluss minus 10 på 2000-talet. I 1997 var talet 13, men på 80-talet (då Hareid var i 2.-divisjon) vart det alltid ein del høgare. Ei tilfeldig strikkprøve viser at Hareid i 1989 spelte 16 vanlege treningskampar, 5 vinterseriekampar, 5 sunnmørscup-kampar pluss ein NM-kamp = 27 kampar. Det talet når Hareid neppe i år.
* På dei ti treningskampane hittil har Hareid scora 30 mål. Det gir eit snitt på 3 per kamp.
* Ronny Jørgensen har scora 10 av måla, medan Kim-Tore Husøy med sine to i dag er oppe i 7. Men det blir nok ingen innbyrdes konkurranse mellom dei i treningskampane. For i kampen om toppscorar-pokalen for 2010 er det berre seriekampane som tel.
* Måla i treningskampane tel derimot på adelskalenderen. Som kjent har heidersmerke-nemda til fotballgruppa kjøpt inn to pokalar for 100 Hareid-mål framfor denne sesongen, i håp om at ein eller to spelarar skal klare bragda i løpet av året. Kim-Tore Husøy er den som er nærast med 83 mål. Remi Helleseth har 82, Even Hansrud 71 og Ronny Jørgensen 69.
* Robert Ulfstein opna i dag scoringskontoen sin for året. "Hebbe" scora tre mål i 2009 og eitt i 2004, og er dermed oppe i fem mål på 22 kampar.
* Kevin Hestholm fekk sin andre Hareid-kamp då han erstatta Vagn Scheide Mork i buret kvarteret før slutt. Kevin fekk sin a-debut siste seriekamp i fjor.

Dagens sitat: "Han høyrest ut som han derre bussjåføren i Klypa" (Skavøypoll-leiar om ein ikkje namngitt Hareid-spelar)


12.03. Hareid - Skavøypoll 4-1

Kim-Tore Husøy scora to nye mål for Hareid i dagens kamp mot Skavøypoll. Foto: Hareid-sida

Hareid vann ein fortent siger mot Nordfjord-laget Skavøypoll på Hareidsmyrane stadion fredag kveld. Trenarduoen Worren og Slettebakk hadde gjort ein del rokkeringar på laget til denne kampen. Steffen Uldbæk starta for første gong som sentral midtbanespelar, Joar Møller fekk sjansen på venstrevingen, Robert Ulfstein fekk tillit på topp frå start, medan Benjamin Reite vart flytta bak på backen. Bortelaget tok leiinga etter ca. eit kvarter. Hareid slurva med presset, og ein Skavøypoll-spelar druste ballen heilt oppe i krysset frå 30 meter. Ei fantastisk scoring. Men Hareid spelte totalt sett ein heilt grei 1. omgang, og gjekk til pause med 3-1. Robert Ulfstein, Tore Ytre-Hauge og Kim-Tore Husøy scora måla. Utover i omgangen snødde det mykje, men i pausa fann Sindre Breivik fram traktoren og tok seg nokre runder rundt bana og flytta snø - slik at forholda var gode igjen då 2. omgang starta. Dei siste 45 minutta var eigentleg litt rotete frå begge lag. Hareid gjekk opp i 4-1 ved Husøy, noko som vart kampens siste mål, men det hadde ikkje vore mykje å seie på om resultatet vart noko sånt som 7-2. Joar Møller jakta sitt første Hareid-mål i sin 77. kamp, men han rota vekk alle dei tre store sjansane han fekk. Den siste halvtimen sette Hareid inn på heile sju innbyttarar, slik at alle skulle få vise seg fram. Vi får seie at dette totalt sett var ei grei gjennomkøyring, men bortsett frå nokre periodar i 1. omgang så sprudla det ikkje. Hareids beste var Steffen Uldbæk. Honnør til Joar Møller for overraskande godt spel på vingen før kreftene tok slutt.

Kampfakta:
Treningskamp, Hareidsmyrane stadion
Hareid - Skavøypoll 4-1 (3-1)
Mål Hareid: Kim-Tore Husøy (2), Tore Ytre-Hauge, Robert Ulfstein
Dommar: Richard Martin Hunstad, Hjørungavåg IL
Tilskodarar: 17
Hareid: Vagn Scheide Mork - Benjamin Reite, Dag Gøran Brandal, Joachim Moldskred, Fredrik Bøe - Even Hansrud, Tore Ytre-Hauge, Steffen Uldbæk, Joar Møller - Kim-Tore Husøy, Robert Ulfstein
Inn: Jan Robin Haraldsvik, Ivar André Aadland, Christer Adrian Mork, Kevin Hestholm, Håkon Orten Trovåg, Joachim Røyset, Georg Gaasø


12.03. Godt angrepsspel eller elendig forsvarsspel?

Eller kanskje ein mix? Hovdebygda og Åram/VanKam møtte kvarandre til treningskamp i Bøgda torsdag kveld, og resultatet vart - hald deg fast - 6-8. Vi trudde 7-5-kampen mellom Eid og Volda skulle bli årets målkalas, men bomma altså der. Sigve Støylen scora hattrick og ÅVK leia 3-1 etter berre 11 minutt. Bøgda sitt mål var eit sjølvmål av Vegard Støylen. Så gjekk kampen inn i ein relativt roleg periode, og pauseresultatet var anstendige 2-4. Heimelaget reduserte like etter kvilen, før ÅVK scora tre kjappe ved Ole Per Kragset, Hallvard Larsen og Elling Flister. Eit kvarter før slutt scora evigunge Ole Per Kragset igjen, og det såg ut til å ebbe ut med ein trygg ÅVK-siger. Men Bøgda scora tre mål heilt på tampen. Dermed vart resultatet altså 6-8.

PS. Dette var første gong i år ÅVK møtte eit anna lag enn Hareid.



24

Generalsponsor


Sponsorar