11.03. Mimrecup også i år
|
Espen Beiermann er ein av dei som sit i Mimrecupen sin arrangrkomité. Her feiarar han ein Grendacup-siger nokre år tilbake. |
For fjerde påske på rad blir den såkalla Mimrecupen arrangert skjærtorsdag i Ulsteinhallen. Tidlegare generasjonar frå Hødd og Hareid kjempar om heider, ære og sveitte. Poenget er at dei som spelte på lag med kvarandre som guttespelarar utgjer eitt lag. Til dømes utgjer 1986- og 1987-modellane til Hareid eit lag. I fjor var det Hareid 1988-1989 som stakk av med sigeren i Mimrecupen, og året før var det Hareid 1982-1983, så det er vel ingen grunn til at Hødd-lag skal hevde seg i år heller. Vi kjem med meir info om denne cupen når det lid på.
11.03. Byderby i cupen
For første gong sidan 2002 er ikkje Hareid med i cupen. Men det er ni andre sunnmørslag. Seks av dei må gjennom kvalik - med dette oppsettet for første kvalikrunde:
Volda - Valder
Herd - Spjelkavik
Rollon - Brattvåg
Regjerande meister AaFK pluss Hødd og SIF går rett inn i første ordinære runde.
11.03. Preview Hareid - Skavøypoll
Dag og tid: Fredag 12. mars 19.00
Dommar: Richard Martin Hunstad, Hjørungavåg IL
Oppmøte for spelarane: 18.15
Tropp: Same som sist
11.03. Kamp mot Volda neste veke
|
Frå eit oppgjer mellom Hareid og Volda i 2008. Foto: Ukjent |
Ja, så vart det kamp mot Volda likevel. Vi skulle eigentleg møte dei i februar, men då hadde Hareid så mange forfall at kampen ikkje vart spelt. No har begge lag funne ut at det passar å møtest på Hareidsmyrane stadion klokka 19.30 onsdag. Det betyr at Hareid spelar to kampar mot 3.-divisjonsmotstand neste veke, sidan Valder kjem på besøk laurdag.
11.03. Kampoppsett 5.-divisjon
Hareid 2-trenar Rune Husø Johansen har sendt oss terminlista for 2010.
10.03. Kamp mot Skavøypoll fredag
Vi kjem med meir info om den kampen torsdag. Det er også snakk om ein kamp mot Volda neste veke, men den er ikkje stadfesta.
Oppdatert treningskampoversikt:
Tysdag 15. desember: Ørsta - Hareid 3-0
Torsdag 21. januar: Hareid - Åram/VanKam 4-0
Tysdag 2. februar: Hareid - Gursken/Larsnes 5-3
Laurdag 6. februar: Hareid - Hødd II 1-0
Torsdag 11. februar: Hareid - Åram/VanKam 4-1
Laurdag 13. februar Hareid - Tornado Måløy 1-0
Laurdag 27. februar: Tornado Måløy - Hareid 4-4
Torsdag 4. mars: Hareid - Langevåg AVLYST
Laurdag 6. mars: Hareid - Åram/VanKam 3-4
Onsdag 10. mars: Hareid - Skodje 3-2
Fredag 12. mars: Hareid - Skavøypoll
Laurdag 20. mars: Hareid - Valder
????: Hødd II - Hareid
Laurdag 3. april: Hareid - Lokomotiv Oslo (PÅSKEKAMP)
Tysdag 6. april: Hareid - Rollon
Laurdag 10. april: Hareid - FK Sykkylven
10.03. Statistikkhjørnet: Even er i gang
|
"Glory days". Even Hansrud feirar ei nettkjenning i 2007. Foto: JH Djupvik |
Statistikkhjørnet etter 3-2 mot Skodje onsdag:
* I sin åttande treningskamp (av ni moglege) scora endeleg Even Hansrud. Og han netta like greitt to gonger. Even er no oppe i 71 Hareid-mål på 215 kampar.
* Joar Møller er tilbake i raudt. Han spelte sin første Hareid-kamp etter comebacket. No er han oppe i 76 totalt. Mannen som berre for nokre få veker sidan påstod at han er ein notorisk målscorar kan derimot ikkje ha sjekka målstatistikken sin - som viser 0 mål.
* Tore Ytre-Hauge er ikkje ein mann vi finn for ofte på målscorarlistene. Med dagens nettkjenning står han med 9 mål på 97 kampar.
* Vagn Scheide Mork, Joachim Røyset og Benjamin Reite har spelt alle ni treningskampane til no denne oppkøyringa.
10.03. Hareid - Skodje 3-2
Hareid spelte ingen stor kamp mot Skodje på Hareidsmyrane tysdag kveld, sjølv om sigeren for så vidt var fortent. - 1. omgangen vår var like dårlig som 2. omgangen mot Åram/VanKam sist. Heldigvis heva vi oss utover i 2. omgang, oppsummerer trenar Bjørge Worren. Hareid leia 1-0 ved Even Hansrud, men Skodje utlikna før pause. Tore Ytre-Hauge sende Hareid opp igjen i leiinga igjen etter kvilen, men nok ein gong utlikna Skodje. Til slutt sørga eit nytt mål av Even Hansrud for at sigeren vart verande igjen på Hareidlandet. - Skodje var ikkje noko dårleg lag. Dei var kanskje på nivå med ÅVK, som slo oss sist. Skodje hadde ein god midtbanespelar som såg ut til å halde høgt 3.-divisjonsnivå (Eirik Hjelvik red. anm.), og hadde elles mange fysiske spelarar, meiner Bjørge Worren.
Joar Møller får ros for sin kamp på venstrebacken. Remi Helleseth, Steffen Uldbæk og Tore Ytre-Hauge får skryt for sine 2. omgangar. Men dagens beste Hareid-spelar var Even Hansrud.
Kampfakta:
Treningskamp, Hareidsmyrane
Hareid - Skodje 3-2 (1-1)
Mål Hareid: Even Hansrud (2), Tore Ytre-Hauge
Mål Skodje: Emil Slettedal, Odd Brede Langedal
Dommar: Richard Hunstad, Hjørungavåg IL
Hareid: Vagn Scheide Mork - Svein Inge Nesset, Dag Gøran Brandal, Joachim Moldskred, Joar Møller - Joachim Røyset, Tore Ytre-Hauge, Benjamin Reite, Steffen Uldbæk - Even Hansrud, Kim-Tore Husøy
Inn: Remi Helleseth, Håkon Orten Trovåg, Fredrik Bøe, Georg Gaasø, Robert Ulfstein
10.03. Benny fyller år
Benjamin Slettebakk fyller 20 år i dag. "Benny" debuterte på a-laget seinhausten 2008, og var i fjor spelande assistenttrenar på juniorlaget. Han har så langt 13 a-kampar for Hareid. Så det er framleis eit stykke opp til pappa Jon Olav "Dennis" slettebakk sine 285. Vi gratulerer Benny med dagen!
10.03. Divisjonsomlegginga - ikkje så ille likevel?
Kanskje ikkje, for eit reknestykke gjort av Valder viser at ei 3.-divisjonavdeling neste år kan bestå av heile 11 lag av 14 moglege. Noko som vil redusere både utgifter og reiser for sunnmørslaga om alternativet skulle vere mange turar til Nordmøre og Trøndelag.
- Lag 2 til 6 i årets 3.-divisjon er uansett kvalifiserte for den nye divisjonen.
- Lag 1 kan fort tape kvaliken og bli verande.
- Halvparten av laga som kjem nummer 7 i Norge står, rekna ut i høve poeng.
- Vinnaren av 4.-divisjon rykker opp.
- SIF, Hødd og AaFK 2 kan rykke ned frå 2.-divisjon, men det er ikkje sannsynleg at Hødd gjer det. Dei rykker vel snarare opp.
Ikkje det at vi håper at 2.-divisjonslaga rykker ned, men dette kunne jo ha vore ei kjekk og lokal avdeling:
SIF, AaFK 2, Herd, Brattvåg, Volda, Spjelkavik, Bergsøy, Hareid, Rollon, Larsnes/Gursken, Molde 3, Elnesvågen, Rival, Vestnes Varfjell.
Her tar vi utgangspunkt i at Herd taper kvaliken mot Træff, at Larsnes/Gursken rykker opp, Rollon blir med som beste sjuar + fire tilfeldig valte lag frå Romsdal.
08.03. Preview Hareid - Skodje
Dag og tid: Onsdag 19.30, eventuelt nokre minutt før om laga som er der før kampen er ferdige å trene.
Bane: Hareidsmyrane stadion
Dommar: Richard Hunstad, Hjørungavåg IL
Saka er oppdatert med tropp
09.03. Redusert senioralder
Denne sesongen blir det innført ei prøveordning som senkar aldersgrensa på spelarar i senior-og juniorfotballen. Spelarar som fyller 15 år inneverande sesong kan spele seniorfotball, medan spelarar som fyller 14 år inneverande sesong kan spele juniorfotball. Dette vart bestemt på fotballtinget helga som var.
05.03. Tøff opning for Hareid 2
Hareid 2 startar seriespelet alt 14. april, noko som er to dagar før 3.-divisjon opnar. Slik blir det i ale fall om ikkje terminlistemøtet neste veke endrarar oppsettet. Motstandar i første kamp er Sunnylven, som i fjor spelte i 4.-divisjon. Deretter møter Hareid 2 tre andre gode lag; Sæbø, Kvamsøy/ÅVK2 og Hovdebygda. Mykje å bryne seg på i starten med andre ord.
08.03. Hareid 2 opna med 7-2-tap mot Hasundgot
|
Hareid 2 før avspark mot Hasundgot. Bak frå venstre: Svenn Aslak Veiseth, Frank Robert Moldskred (oppmann), Ivar André Aadland, Espen Beiermann, André Nupen, Arve Vestnes, Anders Eidsvik, Stian Garnes, Rune Husø Johansen (trenar), Kristian Angelsen. |
Hareid 2 spelte måndag sin første treningskamp for året. Laget hadde berre hatt ei utetrening før kampen, og hadde derfor ikkje ambisjonar om anna enn å få seg ei god treningsøkt. Alle dei 16 spelarane i troppen fekk mykje speletid. Hasundgot har komme lengre i førebuingane, og leia 2-0 alt etter tre minutt. Hareid kom sterkt tilbake, og var spesielt gode den siste halvtimen av omgangen. Mål av Anders Eidsvik og Espen Beiermann førte til 2-2. André Nupen burde ha sett i 3-2 til fordel Hareid, men i staden scora han sjølvmål eitt minutt seinare slik at det var Hasundgot som leia til pause. 2. omgang var til tider jamnspelt, men Hasundgot var det klart mest effektive laget. Georg Olsen herja stort sett som han ville, og scora heile fem mål denne kampen. Sluttresultatet vart 7-2. Uansett ei god gjennomkøyring, og HIL 2 viste også eksemplarisk åtferd denne kampen. Espen Beiermann var Hareid sin beste spelar.
Hareid sitt lag: Håkon Lonbakken - Paul Magne Worren, Arve Vestnes, Stian Garnes, Gunnar Johann Ringstad - Anders Eidsvik, Ivar André Aadland, Espen Beiermann, André Nupen, Christian Aasmo - Dag Gøran Brandal.
+ Peter Paus, John Anders Liaset, Rune Husø Johansen, Nikolay Sundgot, Svenn Aslak Veiseth.
06.03. Endeleg gode kampforhold?
Etter nokre veker med elendige speleforhold på Hareidsmyrane stadion og stort sett alle andre baner rundt om på Sunnmøre - ser vi endeleg lys i enden av tunnelen. Det er nemleg meldt fleire plussgrader, vind og regn dei neste dagane. Hareid har planlagt to treningskampar komande veke, og slår vermeldingane til går vi ut i frå at kampane vil bli spelt på Hareid. Og at vi dermed har reist til Eid for siste gong i år. I tillegg skal Hareid 2 spele sin første treningskamp for året.
Planlagde treningskampar komande veke:
* Måndag 21.00: Hareid 2 - Hasundgot
* Onsdag 19.15/19.30: Hareid - Skodje
* Fredag 19.00: Hareid - Skavøypoll
05.03. Skuerunde: Ørrå BB
|
Ørjan Engen Grimstad i storform. |
Eit på papiret godt Hødd 2-lag tapte fredag 3-1 borte mot Træff. Ifølgje Hødd si nettside var Ørjan "Ørrå" Engen Grimstad banas gigangt i oppgjeret. Kjekt å høyre for oss hareidsdølingar.
Resultat frå ulike kampar denne helga:
Torsdag:
AaFK II - Vigra 8-1
Fredag:
Træff - Hødd II 3-1
Stranda - Stryn 3-4
Norge G17 - Nord-Irland 2-0
(Christian Mork spelte godt for Norge)
Laurdag:
HaNo - Godøy AVLYST
Tornado Måløy - Førde (på Eid) 2-2
Åram/VanKam - Hareid (på Eid) 4-3
Søndag:
Volda - Vartdal
Harøy - Skodje
06.03. Steffen tilbake til Stranda
|
André Skotheim gjorde ein genistrek då han sette inn på Steffen Lilleås i heimekampen mot Godøy i fjor. Steffen scora nesten like etter at han kom inn på, og til slutt vann Hareid 4-1. Foto: Hareid-sida |
Du hugsar kanskje Steffen Lilleås, som spelte nokre kampar for Hareid i fjor? Kanskje ikkje årets bombe på overgangsmarknaden, men no er han tilbake i Stranda, skriv klubben si nettside. Steffen kom til Hareid saman med kompisen Andreas Kurseth i fjor vinter, men til hausten forsvann Steffen og Torgeir Rusten til Geiranger, der dei skulle tene nok pengar til å bu ein periode i Liverpool. Dei reiste i oktober og kjem snart heim seier rykta. I sitt relativt korte Hareid-opphald var Lilleås ein del plaga med skadar, men han glimta til ved nokre høve. Vi hugsar best målet hans heime mot Godøy i andre serierunde, og den enorme innsatsen hans (skulle ikkje vere fysisk mogleg med tanke på kor dårleg trena han var) i 4-3-sigeren borte mot Brattvåg.
Vi ønskjer Steffen lykke til i Stranda, og skulle Torgeir Rusten gå same veg så får han den same helsinga.
06.03. Divisjonsomlegginga vedteken
Det betyr at det blir massenedrykk frå årets 3. og 4.-divisjon. Meir om denne saka seinare.
06.03. Husøy i to hundre
|
Good times. Eiliv-Tore Howlid (nummer 6) og Kim-Tore Husøy feirar eit mål på Hareidsmyrane i 2008. Truleg eitt av Husøy sine 81 mål for klubben. Foto: Jan Henrik Djupvik |
Statistikkhjørnet etter 3-4 mot Åram/VanKam:
* Hareid tapte sin første treningskamp dette kalenderåret, men men, det vart ikkje delt ut poeng til nokon av laga (anna enn at ÅVK fekk 3.5 kjærkomne poeng på Skodje sin treningskamptabell)
* Kim-Tore Husøy spelte sin 200. Hareid-kamp. 26-åringen fekk sin debut i raudt seinhausten 2002, og har i same periode scora 81 mål. Då inkluderer vi dei tre måla mot ÅVK i dag. Husøy har alt sikra seg statutett for 200 kampar, som han får delt ut før første seriekamp. Men pokalen for 100 mål er både større og pænare. Når han også den i 2010?
* Det kan fort bli fleire som får statuett før første seriekamp. Tore Ytre-Hauge har no spelt 96 Hareid-kampar, og vi har planlagt ytterlegare seks eller sju treningskampar til før serien tek til.
* Svein Inge Nesset har no nådd 140 kampar.
* Joachim Moldskred har no nådd 80 kampar.
* Vagn Scheide Mork, Benjamin Reite og Joachim Røyset held koken, og er dei tre einaste som har spelt alle åtte treningskampane til no. Håkon Orten Trovåg, Georg Gaasø, Steffen Uldbæk, Even Hansrud og Ronny Jørgensen har spelt sju av åtte.
06.03. ÅVK - Hareid 4-3, men verre med Ronny-strekk
Hareid tapte laurdag sin første kamp i år etter ein heller svak kamp mot Åram/VanKam på Eid. - Vår klart svakaste kamp til no i år. Vi brende mange opplagde sjansar sjølve, samtidig som det var veldig dårleg kvalitet på forsvarsspelet og pasningsspelet. Mange elementære feil rett og slett. Men mykje verre enn at vi tapte denne kampen er at Ronny har fått seg ein stygg strekk på baksida av låret som vi halde han på sidelinja til rundt seriestart, oppsummerer Bjørge Worren. Ikkje akkurat nokon gåvepakke til Hareid-leiren, som frå før av har Eiliv-Tore Howlid på langtidsskadelista i den relativt tynne stallen.
Kampfakta:
Treningskamp, Eid kunstgras
Åram/VanKam - Hareid 4-3
Mål Hareid: Kim-Tore Husøy (3)
Hareid: Vagn Scheide Mork - Svein Inge Nesset, Joachim Røyset, Joachim Moldskred, Steffen Uldbæk - Tore Bjørge Mjønes, Tore Ytre-Hauge, Benjamin Reite - Even Hansrud - Ronny Jørgensen, Kim-Tore Husøy.
Innbytte: Håkon Orten Trovåg, Jan Robin Haraldsvik, Georg Gaasø, Ivar André Aadland, Fredrik Bøe.
25 |