06.03. I dag skal det avgjerast
Viktigare enn alle slags treningskampar denne helga er forbundstinget, som skal avgjere om det blir divisjonsomlegging eller ei. Avgjerdsla kjem truleg "etter lunsj" laurdag får vi opplyst.
05.03. Tore er myndig
Hareid-spelar Tore Bjørge Mjønes fyller 18 år i dag. Tore ser ut til å bli den einaste spelaren Hareid hentar før denne sesongen som ikkje har spelt for oss tidlegare. Den kondisjonssterke kantspelaren som kjem frå Hødd har vist lovande takter så langt, og vil garanterte melde seg på i kampen om ein plass i førsteellevaren når seriestarten kjem. Uansett; gratulerer med dagen!
04.03. Ny funksjon på nettsida
|
Hareid møtte Stordal i 1994 . |
Historikk-komiteen til Hareid-sida har i dag laga til ein ny funksjon kalla "kampprogram". Vi har scanna inn framsider, midtsider og anna frå kampprogram frå 1975, 1979, dei fleste sesongane på 80-tala og 1992. Vi kjem etter kvart også med fleire program frå 90-talet. Du finn dei ved å trykke på kvart årstal under historikken.
04.03. Kontrabeskjed: Trening på Hareid
Hallen på Skeide var ikkje ledig likevel, så a-lagstreninga i dag går på Hareid klokka 18.30. Ta med sko til både det eine og andre, så ser vi an kva treninga vil innehalde.
03.03. Sunnmørslaga er mot divisjonsomlegginga
Til helga er det forbundsting på Austlandet med mange viktige saker på saklista. Ei av dei er forslaget om å halvere talet på 3.-divisjonslag. Ei fersk spørjeundersøking viser at dei aller fleste sunnmørslaga er sterkt imot omlegginga. Les kva krinsen skriv om saka her. 11 lag frå Sunnmøre stiller på tinget, av dei er Hareid inkludert.
03.03. Heller ikkje Langevåg fann bane; trening på Skeide torsdag
Langevåg gjorde eit iherdig forsøk på å finne ei bane i Ålesund-området vi kunne spele treningskamp på tordag. Men det lukkast dei ikkje med. Dermed er kampen avlyst.
Hareid har dermed trening torsdag i staden. Den blir avvikla i gymsalen på Skeide. På programmet står O2-test og styrketrening. Testen kjem litt brått på, men tatt oppmøtet på tysdagstreninga i betraktning er det få skadar i stallen for tida, og då passar det fint med ein test. Kva tidspunkt treninga der ute startar blir lagt ut på nettet ca. klokka 12 i morgon.
Laurdag er det treningskamp mot Åram/VanKam laurdag på Eid.
03.03. Ikkje kamp på Høddvoll torsdag
Vi har blitt råda til å ikkje nytte Høddvoll KGB på til kamp mot Langevåg torsdag, grunna forholda. Så kampen heng i ein trynn tråd, vi ser an utover dagen om Langevåg kan skaffe ei bane "på den andre sida" som er spelbar.
Det blir ikkje trening onsdag, men blir det ikkje kamp torsdag så skal vi finne på eit alternativt treningsopplegg.
03.03. Christian i storform
Hareidsdølingen Christian Mork hadde ein tung 2009-sesong. Han kom frå ein god debutsesong for Hareid og til Hødd, der han først sleit med lite speletid og så kom skadane. No ser ting ut til å betre seg for 17-åringen. I helga scora han eitt mål begge kampane Hødd spelte i 2.-divisjonscupen på Austlandet. Og i går scora han eitt mål for Norge G17 då dei tapte 4-3 mot Nord-Irland. Vi gledar oss til framhaldet.
03.03. Fleire sunnmøringar til "Loket" - oppe i 20 emigrantar
|
Ny Loket-spelar. Kåre André Jevanord her før ein juniorkamp mot AaFK i 2008. Rart han vart kalla Kåre Med Håret i si tid? |
Lokomotiv Oslo fornektar seg ikkje på spelarmarknaden denne vinteren heller. "Loket" har no presentert sin 2010-stall, og vi ser her at fleire nye sunnmøringar er på plass. Av dei hugsar vi kanskje Kåre André Jevanord, som spelte for Hareid junior i 2008, i tillegg til at han fekk éin a-kamp. Vegard Stennes (ex Rollon, Hødd og SIF) og tidlegare Bergsøy-spelar Mads Sævik er også av dei nye innslaga i stallen.
02.03. Resten av veka for a-laget
|
Trenar Bjørge Worren har helst lyst til å spele kamp både torsdag og laurdag, men verken han eller andre i støtteapparatet kan overstyre kva vér vi har og får. |
* Eid kunstgrasbane er booka for kamp mot Åram/VanKam klokka 10.00 laurdag. Informasjon om reise etc. kjem fredag.
* Det jobbast framleis i kulissene med å få til kamp mot Langevåg torsdag. Blir det ikkje kamp, så blir det anten trening i Ulsmohallen onsdag kveld eller joggetur torsdag. Vi kjem med info her på nettsida rundt klokka 14.00 i morgon.
Vi kan også melde at Hareid 2 spelar sin første treningskamp for året klokka 21.00 måndag på Hareid, om bana er litt mindre glatt enn no.
02.03. Søre + Sunnylven?
Ifølgje Sumpen kan 5.-divisjonsavdelinga bli slik i år:
Tjørvåg, Bergsøy 2, Åheim, Hareid 2, Hasundgot, Haddal, Kvamsøy, Gjerdsvika, Sunnylven, Hovdebygda, Sæbø.
Stordal, Emblem, Aksla, Stranda 2, Hessa, HaNo, MSIL, Harøy, Ravn, Lepsøy, Giske, Brattvåg 2.
Det betyr dei laga som var tiltenke i Søre-pulja i utgangspunktet, pluss Sæbø, Sunnylven og Hovdebygda. Totalt 20 kampar.
01.03. A-lagstreninga tysdag
blir litt av ein godbit.
Den blir på Aktivsenteret på Hareid. Klokka 20.15.
På programmet står spinning, og instruktør blir Dina Mari Åkervik Ulstein.
Møteplikt og sveittegaranti.
01.03. Hareid - Langevåg AVLYST (?)
Hareidsmyrane stadion er knallhard og glatt, og etter ei evaluering i dag fann vi ut at det ikkje bør spelast kamp på bana denne veka.
Torsdagens kamp mellom Hareid og Langevåg er derfor avlyst. Det einaste som kan "redde" kampen er om nokon skulle få ein lys idé om kvar han kan spelast.
Laurdag skal Hareid etter planen møte Åram/VanKam. Vi var måndag ettermiddag i kontakt med Eid om vi kan få spele kampen der, og skal få endeleg svar tysdag føremiddag.
01.03. To 5.-divisjonsavdelingar
Krinstinget bestemte i dag at det blir berre to 5.-divisjonsavdelingar i 2010. Det betyr minst 20 seriekampar for Hareid 2. Hareid ved Rune Husø Johansen stemte for tre avdelingar, men det store fleirtalet ville ha to. Avdelingsoppsette blir sett opp av krinsen snart.
01.03. Tabelltips også i år
For femte året på rad har Hareid-sida leigd inn Einar Orten Trovåg for å tippe utfallet av årets 3.-divisjon Sunnmøre. Tippinga til Trovåg har ved fleire høve vist seg å vere i overkant god, slik at mykje av spenninga har blitt øydelagt før seriestart. Men i år satsar vi på at han gir oss ein god mix av grundige analysar og dårlege tips slik at vi får ein spennande sesong i vente. Som regel har vi starta på botnen og analysert oss mot toppen av tabellen, men slik blir det ikkje i år. Tipsa vil bli lagt ut etter dette sendeskjemaet:
1.-plass: 3. april
2.-plass: 3. april
3.-plass: 26. mars
4.-plass: 2. april
5.-plass: 27. mars
6.-plass: 31. mars
7.-plass: 29. mars
8.-plass: 1. april
9.-plass: 25. mars
10.-plass: 30. mars
11.-plass: 28. mars
12.-plass: 24. mars
01.03. Hareid 2-treningskamp denne veka?
Hareid 2 har ikkje spelt treningskampar så langt i vinter. Årspremiera kan komme denne veka. - Vi håper å få til ein kamp fredag, men har ikkje motstandar på plass per dags dato, kommenterer oppmann Kristian Angelsen.
Neste helg reiser Hareid 2 på treningsleir til Molde. - Vår mann i Molde, Tommy "Tusj" Torsvik, arbeidar med å fikse oss ein motstandar der oppe. Det kan bli eit 5.-divisjonslag, eller det kan vere at Tommy skaffar oss eit samansett lag. Vi kjem tilbake med meir info ut i veka, opplyser Angelsen.
01.03. Oppdatert fotballformann-liste
Vi har no oppdatert lista over kven som har vore leiarar i fotballgruppa dei siste 30 åra.
28.02. Kva skjer komande veke for a-laget?
|
Snø og kulde har vore både melodien, teksten og refrenget denne vinteren. Hareid har likevel fått gjennomført sju treningskampar så langt, og håper at det snart blir litt mildver slik at så mange som mogleg av dei attståande kampane kan gå som planlagt. På biletet hentar Jan Robin Haraldsvik ballar medan Benjamin Reite varmar opp før treningskampen mot Hødd II. |
Det er planlagt to treningskampar denne veka; mot Langevåg torsdag og Åram/VanKam laurdag - begge heime. Men bana er knallhard og det er meldt nedbør tysdag og onsdag. Så vi får sjå an i løpet av eit par dagar om det er forsvarleg å gjennomføre kampane etter planen. Eit alternativ kan vere å få spelt dei på andre baner om det går an. Treninga måndag går som planlagt klokka 18.00. Men det vil bli sendt ein førespurnad til Hødd om å få låne Ulsomhallen til trening tysdag eller onsdag.
27.02. Skuerunde: Kampar denne helga
Torsdag:
FK Sykkylven - Skodje 4-1
Fredag:
Stranda - Sunnylven 4-2
Laurdag:
Hødd - Randaberg 3-0 (Christian Mork scora:-)
SIF - Herd 0-1
Stadlandet - Åheim 1-3
Hovdebygda - Vartdal 2-7
Søndag:
Eid - Volda 7-5 (!)
Hødd - Lørenskog 5-0 (Christian Mork scora igjen:-)
26 |