27.02. Statistikkhjørnet: Seks kampar utan tap

Kim-Tore Husøy mot Blindheim i 2008. Foto: JH Djupvik

Etter 4-4 mot Tornado Måløy er det mykje å ta tak i for redaksjonskomiteen til Statistikkhjørnet.
* Det vart ikkje siger denne gongen, men seks kampar på rad utan tap er jo noko ein kan ta med seg. I 2008 spelte Hareid sju strake utan tap - om vi tar vekk ekstraomgangar. For i den eine av dei sju stod det 2-2 mot Langevåg i cupen ved full tid, men sulamittane prikka inn det avgjerande målet i ekstraomgangane.
* Hareid har til no denne oppkøyringa spelt sju kampar. I fjor hadde Hareid berre spelt seks kampar før seriestart, der den eine var cupkampen mot Brattvåg.
* Kim-Tore Husøy spelte sin første kamp for Hareid i 2010. Det markerte han med to nettkjenningar, den eine på straffe. I fjor scora Husøy 9 Hareid-mål, 6 av dei på straffe. Totalt har 26-åringen 199 Hareid-kampar og 78 mål. Jubileum neste kamp med andre ord.
* Fredrik Bøe spelte også sin første Hareid-kamp i 2010. Han fekk med seg seks matchar for a-laget i fjor.
* Med dagens scoring runda Ronny Jørgensen 10 Hareid-mål hittil i år. Totalt har han 69 Hareid-mål på 78 kampar.
* Tore Bjørge Mjønes scora sitt første Hareid-mål. Grattis!
* Vagn Scheide Mork, Joachim Røyset og Benjamin Reite er dei einaste som har spelt alle dei sju treningskampane til no. Både Jokke og Benny har 24 Hareid-kampar totalt, noko mindre enn Vagn sine 271. Den kombinerte fotball- og pokerspelaren ligg på 17. plass på adelskalenderen, men kjem nok til å klatre mange hakk denne sesongen. Like oppom han på lista finn vi fetterane Mardon Åsland Hjelle og Harald Åsland Riise (begge 278), Jon Olav Slettebakk (285), Dag Harald Moldskred (286), Gunnar Aursnes (291) og Kenneth Moldskred (305).


27.02. Tornado Måløy - Hareid 4-4

Trass varierande prestasjonar klarte Hareid uavgjort i "omkampen" mot Tornado Måløy på Eid laurdag føremiddag. Hareid mangla fleire sentrale spelarar, og måtte komponere eit nytt lag igjen. Kim-Tore Husøy vart Joachim Røyset sin makker i midtforsvaret. Begge er langt meir vande med å spele i midtbaneleddet. Hareid fekk ein draumestart med scoring alt etter tre minutt. Tore Mjønes dukka opp på bakerste stolpe etter litt fram og tilbake i TM sitt felt. Resten av omgangen handla det mest om blåtrøyene. Dei scora tre mål frå det 24. til det 30. minutt. Hareid heva seg i andre omgang, og hadde ein stor sjanse like før måløyværingane la på til 4-1. Då såg det stygt ut, men Hareid gav (tradisjonen tru) aldri opp. Ronny Jørgensen kom åleine med keeper og sette sikkert inn 4-2 etter 58 minutt. Ti minutt før slutt fekk Hareid straffe. Kim-Tore Husøy, som vart flytta fram i 2. omgang, scora sikkert. Og som om ikkje det var nok. Husøy fastsette sluttresultatet til 4-4 to minutt før slutt.


27.02. Tornado Måløy - Hareid LIVE

TM si nettside oppdaterer kampen med scoringar og anna her.

Vi kjem som vanleg med informasjon og reaksjonar frå kampen, men det blir ikkje før i ettermiddag/kveld ein gong.


25.02. Preview: Tornado Måløy - Hareid

Bjørge Worren må rokkere om på laget - nok ein gong - før laurdagens møte med Tornado Måløy.

Laurdag spelar Hareid "omkamp" mot Tornado Måløy på Eid. Tropp, avreise og preview får du ved å klikke deg vidare.


26.02. Loket er i gang

Steinar Nupen skal ha gjort ein bra jobb i midtforsvaret til Lokomotiv Oslo i går. Her fyrer han opp den majonadiske elden under ei utgåve av Majonaden.

Lokomotiv Oslo spelte i går kveld sin første treningskamp for året. Motstandar var Rustad, som i likheit med "Loket" spelar i 4.-divisjon. Resultatet vart 1-1. Loket mangla ein del spelarar denne kampen. At berre 2 av dei 13 spelarane som vart nytta er frå Hareid seier vel sitt. Dei to var forresten keeper Audun Orten Trovåg og midtstoppar Steinar Nupen. Sistnemnde er også fotballformann i Lokomotiv Oslo.

For eventuelt ny lesarar kan vi nemne at Loket er ein klubb som held til i Oslo som vart starta opp i 1999. Omlag halvparten av spelarane er frå Sørlandet, medan den andre halvparten kjem frå Sunnmøre, då i størst grad Hareidlandet og Søre elles. Loket spelte lenge i 7. og 8.-divisjon, men etter at Arthur Garnes tok over som trenar i 2005/2006 klatra laget på direkten opp til 4.-divisjon - som dei framleis spelar i. Garnes var trenar for Hareid sitt damelag i 1996 og 1997, og var med i Grendacupkomiteen i 2009. Loket har forøvrig også eit 2.-lag i 6.-divisjon.

Påskeaftan spelar Hareid og Lokomotiv Oslo påskekamp på Hareid.
Les meir om Oslo-klubben her.


25.02. Oppdaterte linkar

Hareid-sida var i si tid gode på linkar til andre fotballsider, men etter skiftet frå Klubben Online til Folkeweb i 2008 vart ikkje linkane med vidare. Det har vi no så smått begynt å gjere noko med. Under Linkar i menyen til venstre har vi lagt inn mange lokale nettsider, og etter kvart som vi leitar dei opp kjem det sikkert fleire.


25.02. Juniortrenaren informerer

Kevin Hestholm er juniortrenar inntil yngresstyret finn ei permanent løysing.

Konstituert spelande juniortrenar Kevin Hestholm har sendt oss denne statusrapporten:

På onsdagens juniortrening var det dessverre svært få tilstades, av forskjellige grunnar, men der var eit lyspunkt; tre iranske sysken; Hunar, Hazir og Hiwa
Alipoor. Dei tre har tidligare spelt yngresfotball for bydelslaget Hjelset-Kleive, som er lokalisert i Molde. Dei tre verka å være ivrige og flinke med ball, spesielt yngstemann imponerte med kjapt balltempo og frekke finter. Han vært mest truleg å finne på Hareid sitt smågutelag dersom alt går etter planen. Vi ynskjer dei tre hjarteleg velkomen til bygda, og håper med dette at dei blir ein del av det flotte fotballmiljøet på Hareid. Vi oppfordrar alle i junioralder til å møte på juniortreninger framover, spelarar i gutealder som ynskjer ei ekstra ykt og større utfordringar er sjølvsagt også hjarteleg velkomne! Neste trening vert onsdag halv åtte, vel møtt!


24.02. Ny kamp mot ÅVK avtala - mange kampar framover

Tore Ytre-Hauge hadde mange gode sesongar i Åram/VanKam-trøya før han gjekk til Hareid i 2005. Her er Tore i treningskampen mot Hødd 2 tidlegare i vinter. Foto: Hareid IL Fotball

Hareid si sportslege leiing satsar på eit tett treningskampprogram i første halvdel av mars, før det skal bli meir roleg i siste halvdel. Det er no avtala ein kamp mot Åram/VanKam laurdag 6. mars. Det betyr at det blir fem kampar fram til 12. mars. Kampen mot Hødd II blir ikkje spelt 27. mars som først oppsett, og kan fort bli flytta til 17. mars eller deromkring. Det vil i så fall gi ein god periode med berre trening frå 20. mars til 6. april. Vel å merke spelar dei som ikkje reiser vekk i påska mot Lokomotiv Oslo påskeaftan. Veka før seriestart får vi to treningskampar mot god motstand; Rollon og FK Sykkylven. Så brakar det laust mot Godøy fredag 16. april...

Tysdag 15. desember: Ørsta - Hareid 3-0
Torsdag 21. januar: Hareid - Åram/VanKam 4-0
Tysdag 2. februar: Hareid - Gursken/Larsnes 5-3
Laurdag 6. februar: Hareid - Hødd II 1-0
Torsdag 11. februar: Hareid - Åram/VanKam 4-1
Laurdag 13. februar Hareid - Tornado Måløy 1-0
Laurdag 27. februar: Tornado Måløy - Hareid
Torsdag 4. mars: Hareid - Langevåg
Laurdag 6. mars: Hareid - Åram/VanKam
Onsdag 10. mars: Hareid - Skodje
Fredag 12. mars: Hareid - Skavøypoll
Laurdag 20. mars: Hareid - Valder
????: Hødd II - Hareid
Laurdag 3. april: Hareid - Lokomotiv Oslo (PÅSKEKAMP)
Tysdag 6. april: Hareid - Rollon
Laurdag 10. april: Hareid - FK Sykkylven

Oppretta: 24.02.2010

24.02. Hareid stiller på krinstinget

Førstkomande måndag avviklar krinsen ekstraordinært krinsting. Grunnen til det er at det er mange meiningar om korleis 5.-divisjon skal spelast i 2010. Både med tanke på kamptal - og kor vidt det skal vere to eller tre avdelingar. 29 klubbar frå krinsen deltek, mellom anna Hareid. Fotballstyret har bestemt at støtteapparatet til Hareid 2 representerer klubben. Truleg blir det Rune Husø Johansen og Kristian Angelsen, men berre ein av dei kan få stemme- og talerett. Dette fordi begge er menn. Som vi ser på oversikta her er det mange klubbar frå dei lågaste divisjonane som stiller, men også AaFK og SIF (derimot ikkje Hødd) har meldt sin ankomst.


24.02. Vigra slo storebror

Det vart spelt to treningskampar med lokale lag i aksjon tysdag. Norborg slo 5.-divisjonslaget Harøy 3-1 i Uggedalen. Kampen vart avslutta etter 75 minutt grunna dårleg bane. På Valderøya måtte blåtrøyene sjå seg slått av 4.-divisjonslaget Vigra. Typisk nok var det tidlegare Valder- og Godøy-spelar Kenneth Kjevik som scora kampens einaste mål, på straffe.


23.02. Hødd 2 i ein tynn tråd?

Hødd 2-trenar Kenneth Moldskred.

Det store samtaleemnet i breiddefotballen i 2010 har vore divisjonsomlegginga som kan bli vedteke på forbundstinget første helga i mars. Kort oppsummert går endringane ut på at talet på 3.-divisjonsavdelingar i Norge vil bli halvert frå 2011. Då vil 2010-sesongen eventuelt by på store omstillingar. Mellom anna vil omlag halvparten av laga i 3.-divisjon rykke ned. Men eitt moment som ikkje har vore omtala tidlegare er at 2.-laga til 2.-divisjonslaga ikkje vil få spele i den nye 3.-divisjonen. I praksis fører det til at Hødd 2 uavhengig av tabellposisjon rykker ned om ikkje a-laget deira tar steget opp igjen i Adeccoligaen. Heller ikkje 3.-lag kan delta i den nye 3.-divisjonen. Det betyr at om endringane går gjennom på forbundstinget, blir det berre treningskampar for Molde 3 i 3.-divisjon N/R denne sesongen.

Les meir om dette her og her.


23.02. Treningskampar endra

* Kampen mot Tornado Måløy laurdag blir spelt på kunstgrasbana til Eid, sidan den har undervarme. Kamptidspunktet er enda til 12.30.
* Kampen mot Langevåg er framskunda til torsdag 4. mars. Det kan bli aktuelt å finne ein motstandar til ein kamp laurdag 6. mars.

Treningskamp-terminlista:

Tysdag 15. desember: Ørsta - Hareid 3-0
Torsdag 21. januar: Hareid - Åram/VanKam 4-0
Tysdag 2. februar: Hareid - Gursken/Larsnes 5-3
Laurdag 6. februar: Hareid - Hødd II 1-0
Torsdag 11. februar: Hareid - Åram/VanKam 4-1
Laurdag 13. februar Hareid - Tornado Måløy 1-0
Laurdag 27. februar: Tornado Måløy - Hareid
Torsdag 4. mars: Hareid - Langevåg
Laurdag 6. mars:
Onsdag 10. mars: Hareid - Skodje
Fredag 12. mars: Hareid - Skavøypoll
Laurdag 20. mars: Hareid - Valder
Laurdag 27. mars: Hødd II - Hareid* (annan dag?)
Laurdag 3. april: Hareid - Lokomotiv Oslo (PÅSKEKAMP)
Tysdag 6. april: Hareid - Rollon
Laurdag 10. april: Hareid - FK Sykkylven


23.02. Hareid 2 har stallen klar

Hareid 2 frå første treningskamp i 2009.

Støtteapparatet til Hareid 2 har dei siste dagane jobba med å sy saman opplegget fram mot seriestart. På programmet finn vi både treningskampar og treningsleir.


23.02. Mange Hareid-lag i år

Hareid har meldt på 8 lag i årsklassane 13-19 år i 2010. I fjor var talet 6.
Årets lag er:
* G19 (11-ar)
* G16 (Både 11-ar og 7-ar)
* G14 (11-ar)
* G13 (7-ar)
* J16 (7-ar)
* J14 (Både 11-ar og 7-ar)


22.02. Herd opna med kalaskamp

Måndag spelte Herd sin første treningskamp for året. Dei slo til med ein 8-3-siger mot Volda i Sunnmørshallen. Finn-Erik Stavseng (2), Thomas Pedersen (2), Jonas Larsen og Lasse Olsen (3) scora for blåtrøyene, medan Obako, Frantz Frantzen og eit sjølvmål sørga for at Volda fekk sine tre nettkjenningar. Herd vil nok bli tippa heilt på topp i 3.-divisjon av mange før denne sesongen. Dei var gode i fjor. I år har dei plussa på stjernegalleriet med Finn-Erik Stavseng, og ikkje minst er AaFK II no i 2.-divisjon.


21.02. Skuerunde på Sunnmøre

Ørjan Engen Grimstad kom inn som innbyttar då Hødd knuste Førde 7-0.

Treningskampar dei siste dagane med lokale lag i aksjon

Søndag:
Stryn - Ørsta 4-2

Laurdag:
Førde - Hødd 0-7 (kampen spelt på Eid)
* Christian Mork og Ørjan E. Grimstad kom inn for Hødd.
Skarbøvik - Kristiansund 2-1
Tornado Måløy - Årdal 1-3
* Nemner den kampen fordi TM er Hareid sin motstandar komande helg.

Fredag:
Stranda - Blindheim 2-1
Vartdal - Emblem 1-1

Torsdag:
Norborg - Ravn 5-2

* Trass spelefri denne helga leiar Hareid framleis norborg.com sin treningskamptabell, 5 1/2 poeng framfor Norborg. Per dags dato har tre 3.-divisjonslag endå ikkje spelt treningskampar; Rollon, Herd og Godøy.

Kampar dei neste dagane:

Måndag: Herd - Volda
Tysdag: Bergsøy - Larsnes/Gursken


21.01. Vagn leverte i Hollywood

Paris Hilton og Vagn Scheide Mork. Foto: World Poker Photos

Hareid-keeper Vagn Scheide Mork har dei siste dagane vore i Hollywood og delteke i kjendis-versjonen av World Poker Tour. Vagn vart nummer 241 av 936 spelarar, og slo mellom anna ut Carlton frå Fresh Prince In Bel Air. Hadde Hareid-keeperen heldt ein halvtime til hadde han komme med i den direktesende TV-versjonen av turneringa. Sjølv om Vagn måtte svelge den skuffelsen fekk han med seg fleire gode minne frå Hollywood, mellom anna prata han lenge med kjendisen Paris Hilton.


21.01. Begynner stallen å setje seg?

Hareid har ikkje teke ut nokon offisiell a-stall så langt, men på bakgrunn av det som har skjedd i vinter prøvar vi oss på ei kartleggjing av kva spelarar trenaduoen Worren-Slettebakk vil ha tilgjengelege i år.


21.01. Mjønes går til Hareid

Tore Mjønes har bestemt seg for å gå frå Hødd til Hareid, melder trenar Bjørge Worren. Mjønes er fødd i 1992, og spelte for Hødd sitt juniorlag og 3.-divisjonslag i fjor. I år vart han derimot ikkje satsa på over kulen. Det forstod Bjørge Worren lite av, og fekk Mjønes til å prøve seg på nokre Hareid-treningar. Det har ungguten gjort, i tillegg til å spele treningskampen mot Tornado Måløy sist helg. Mjønes gjorde sine saker bra, og i dag gav han beskjed om at han ønsker seg til Hareid. Velkommen!

Oppretta: 21.02.2010

21.02. Må leve i uvisse

Guttelaget tapte i dag deira siste kvalikkamp 4-1 mot Blindheim. Med to sigrar, ein uavgjort og to tap betyr det 4. plass i den jamne gruppa. Og berre den beste 4.-plassen i dei tre puljene går vidare. Med andre ord må vi vente til alle gruppene er ferdigspelte før vi veit kva divisjon guttelaget spelar i denne sesongen... Martin M. Breivik scora for Hareid i dag.



27

Generalsponsor


Sponsorar