20.02. Kjem guttelaget til 1.-divisjon?
Søndag blir det avgjort kva divisjon Hareid G16 spelar i denne sesongen. Eller, det treng ikkje nødvendigvis om å bli avgjort. For det spelast ein hengekamp i avdelinga etter denne runden. Men Hareid spelar sin siste kamp i kvaliken, og det mot avdelingsleiar Blindheim. Tap her, og Hareid må belage seg på å kvalifisere seg som beste firar. I utgangspunktet går berre dei tre øvste laga vidare. Du kan kike meir på tabellsituasjonen sjølv her.
HEIA HAREID!
20.02. Oppdatert trenarliste
20.02. "Toni" 19 år
|
Antoni Gardshol etter at han imponerte i sin a-lagsdebut. Høvet var 4-4-kampen mot Hødd i januar 2009. |
Hareid-spelar Antoni Gardshol fyller 19 år i dag. "Toni" er ein veldig tacklingssterk forsvarsspelar, og iveren har medført mange skadar for han dessverre. I fjor vart Gardshol flytta opp i a-stallen i januar, og vart umiddelbart fast på laget. Men grunna skadar var han ute heile seriesesongen. Denne vinteren gjorde Antoni comeback på a-laget og alt såg rosenraudt ut, før han igjen vart langtidsskadd. Vi gratulerer den uheldige Hareid-spelaren med dagen, og håper å sjå han i raudt i løpet av året!
20.02. Niko klar for Ullern
|
Nikolai for Lokomotiv Oslo mot Hareid 2 i påskekampen i fjor. |
Tidlegare Hareid-spelar Nikolai Røyset (20) melder overgang frå Lokomotiv Oslo til Ullern, melder lokomotivoslo.no. Ullern rykte ned frå 2.-divisjon i fjor, men satsar alt på å gjere opphaldet i 3.-divisjon så kort som mogleg. Nikolai fekk klarsignal frå Ullern-leiinga i januar, og har spelt tre treningskampar for klubben så langt i år. "Niko" er oppflaska i Hareid, og fekk prøve seg no og då på a-laget før han reiste til Oslo og spelte for Lokomotiv Oslo hausten 2008. Då unge herr Røyset hadde lang sommarferie i 2009 nølte ikkje Hareid med å signere han for nokre kampar, og det var tydeleg at han hadde tatt store steg sidan sist Hareid-opphald. Totalt står Niko med 33 kampar for oss. Han kan spele både høgreback og høgrekant. Lykke til i Ullern!
20.02. Pressemelding
Her er pressemeldinga som vart skrive etter at saka om Hareid vart avslutta. Meldinga har også blitt trykt i Vikebladet Vestposten.
20.01. Nesset herja på O2-testen
|
Svein Inge Nesset, O2-kongen så langt. |
10 Hareid-spelarar og éin inaktiv stilte på startstreken då den tradisjonsrike O2-testen vart arrangert i Skeidehallen fredag ettermiddag. Svein Inge Nesset fekk det beste resultatet etter å ha slått knockout på Benjamin Reite i det spennande 3.-heatet. Det var mange som nådde høge O2-verdiar; som Nesset, Reite, Tore Mjønes, Håkon Orten Trovåg, Joachim Røyset og Fredrik Bøe. Og så hadde vi nokon som ikkje presterte så bra grunna overtrening i det siste, som Joar Møller (den einaste som stoppa på 40-talet) og Einar Orten Trovåg. Sistnemnde har uansett eit bra utgangspunkt før mars-testen med tanke på å slå Vagn Scheide Mork (no i Hollywood).
Vi ser fram til at trenar Worren har finrekna seg fram til dei endelege O2-verdiane for dagens test, slik at vi kan offentleggjere dei for allmennheita.
19.02. Røyset innstilt som fotballformann
Valnemda er glade for å meddele at Ottar Røyset vil bli innstilt som leiar i fotballgruppa under det ekstraordrinære årsmøtet 16. mars. Røyset er 31 år og sjukepleiar av yrke. Han har erfaring frå både politikk og idrett. På 90-talet spelte Røyset nokre sesongar for Hareid a-lag. Seinare har han mellom anna vore styremedlem i yngres avdeling.
Som ein kuriositet kan vi nemne at faren til Ottar, Bjørn, var fotballformann eit par år på 90-talet.
19.02. Blir hos oss
Kim-Tore Husøy blir ikkje Hødd-spelar i 2010. Han har trena der ute så langt i år, men no har han og Hødd blitt einige om at Hareid blir Husøy sin klubb denne sesongen. "Kimmen" uttrykker at han er nøgd med opphaldet sitt i Hødd, sidan han har fått god trening og god oppfølging av skadar, men det er på ingen måte nokon nedtur å spele for Hareid - klubben han har representert i 198 kampar og scora 76 mål for. Velkommen tilbake!
19.02. O2-test i dag
Hallen på Skeide er likevel ledig, og derfor blir dagens a-trening lagt til gymsalen på Skeide. På programmet står O2-testing. Oppmøte der ute 17.00.
19.02. Snart avklaring rundt Husøy
Kim-Tore Husøy skulle i utgangspunktet vere på prøvespel med Hødd ut januar. Men grunna skadar og ymse har Hareid-kapteinen sitt opphald der ute blitt forlenga etter kvart. Etter det Hareid-sida forstår er no avklaringa om kvar Husøy spelar i 2010 like rundt hjørnet. Laurdag er han forresten i troppen til Hødd som møter Førde på Eid.
Husøy var også på a-laget til Hareid si trening torsdag kveld - saman med 11 andre spelarar. Det er nemleg tynt i rekkene om dagen, noko som var grunnen til at fredagens planlagte kamp mot Volda vart avlyst. Mange er vekke om dagen, men dei som ikkje er det møter til trening klokka 17.00 fredag.
18.02. Hareid 2 stiller lag
Det vil bli sendt ut ei pressemelding fredag om saka.
18.02. Historikken - inkluderer no alle årstal
|
Mange av legendene du kan lese om på vår historikk-side. Kor mange på biletet kjenner du igjen? |
Hareid-sida sin historikk-komité har no lagt inn informasjon om absolutt alle sesongane for a-laget frå oppstarten i 1946 og fram til og med 2009. Frå 40-talet og ut på 70-talet har vi berre ei kortfatta oppsummering av kvar sesong, men frå 1977 til 2009 har vi grundige samandrag av sesongane - i tillegg til tabellar, resultat og statistikk. For nokre årstal har vi også ein kategori vi har kalla "snacks". For å nemne noko kan du lese historia om Gunnar Rensenbrinck Hareide frå 1978, historia om opprykket i 1980, Bruce Springsteen-bølga som råka Hareid sin a-stall i 1991, kampprogrammet frå Hareid - Stabæk i 1992 og ikkje minst referatet frå 18-2-kampen mellom Hareid og MSIL i 2000 - ført i pennen av MSIL sjølve. Vi må også nemne at vi har mykje historikk om gamle Hareid b-lag og damelaget, pluss litt om juniorlaget og Hareid 2. I tillegg kan vi skilte med ei oversikt over kven som har hatt ulike verv i Hareid-fotballen frå 80-talet og fram til i dag - og som du sikkert veit ein del lagbilete, både gamle og nye. Den såkalla "merittsida" er også under oppjustering. Problemet for historikk-komiteen er at når det gjeld formidling på nettet, uansett om det er gammalt eller nytt nytt, så blir ein eigentleg aldri ferdig. Komiteen har no ambisjonar om å scanne inn ein del gamle kampprogram frå 70-, 80- og 90-talet, men det blir nok ikkje denne veka. Nyt det vi har.
17.02. Ny Hareid-spelar
|
Joar "Jølle" Møller frå då han var juniorspelar. |
Joar Møller (22) har no slutta seg til Hareid sin a-stall. Møller har frå 2003 vore i a-stallen i fleire periodar, men grunna skadar og til dels skulegang har han ikkje vore fast på laget sidan 2005/2006. Så seint som i fjor vår fekk Møller nokre kampar frå start, men til hausten flytta han til Bergen. No er han altså tilbake. Joar Møller står med 75 kampar og 0 mål for Hareid. Han har kanskje mest erfaring frå venstrebacken, men kan også spele stoppar og midtbane (i form vel å merke).
17.02. Ny kamp mot Tornado Måløy
Hareid vann 1-0 heime mot Tornado Måløy sist laurdag. Tapet var nok tungt for TM-leiinga, som no har invitert Hareid til Måløy laurdag 27. februar for "omkamp". Det har Hareid takka ja til. Dermed blir dette "årets langtur". Hareid har tradisjon for å ta ein tur utanfor Sunnmøre kvar vinter. I fjor møtte vi Træff i Molde, og tidlegare har Hareid spelt borte mot lag som Tornado og Eid.
Slit du med geografien? Ta ein kik her.
Oppdatert treningskamp-terminliste:
Tysdag 15. desember: Ørsta - Hareid 3-0
Torsdag 21. januar: Hareid - Åram/VanKam 4-0
Tysdag 2. februar: Hareid - Gursken/Larsnes 5-3
Laurdag 6. februar: Hareid - Hødd II 1-0
Torsdag 11. februar: Hareid - Åram/VanKam 4-1
Laurdag 13. februar Hareid - Tornado Måløy 1-0
Laurdag 27. februar: Tornado Måløy - Hareid
Laurdag 6. mars: Hareid - Langevåg
Onsdag 10. mars: Hareid - Skodje
Fredag 12. mars: Hareid - Skavøypoll
Laurdag 20. mars: Hareid - Valder
Laurdag 27. mars: Hødd II - Hareid* (annan dag?)
Laurdag 3. april: Hareid - Lokomotiv Oslo (PÅSKEKAMP)
Tysdag 6. april: Hareid - Rollon
Laurdag 10. april: Hareid - FK Sykkylven
Dersom nokon vil spele treningskamp mot Hareid 2. eller 3. mars, så er det berre å ta kontakt.
17.02. Christian på landslaget
Christian Mork er no teken ut på G17-landslaget som reiser til Nord-Irland i starten av mars. Det blir første gong Christian representerer landslaget etter det lange skadeopphaldet hans i 2009. Den 17 år gamle Hødd-spelaren vart første Hareid-spelaren på over ti år til å representere Norge på ei landslagssamling, då han vart utteken på G15-landslaget i 2007. Lykke til.
17.02. Fram mot årsmøtet
Fotballgruppa kjem til å halde ekstraordinært årsmøte for å velje ny leiar om to-tre veker. Møtet vil bli offentleggjort etter dei vanlege prosedyrane i lokalpressa. Fram til då vil dei to tidlegare leiarane Einar Orten Trovåg og Jan Endre Rise dele på vervet. Trovåg tar ansvaret ut denne veka, medan Rise tar over frå måndag av når Trovåg reiser tilbake til sin arbeidsplass i Førde. Det er også Trovåg og Rise som er valnemd, og dei vil setje seg ned denne veka og leite etter aktuelle kandidatar til leiarvervet.
16.02. Presisering angåande Ole Frank Bakken sin avgang
- Då saka om Hareid 2 kom i avisa tysdag vart det eit fokus på hets. Den tidlegare styreleiaren presiserer i ein kommentar til Vikebladet at han ikkje mistenker nokon i Hareid 2 for å stå bak hetsinga. Eit samla Hareid 2 har støtta meg varmt, og tar fullstendig avstand frå sånt. Eg set stor pris på det, seier Ole Frank Bakken.
15.02. ABB Cup
|
"Hareid Blå" framme f.v : Henrik Brandal, Andreas Rise, Sigve Hide, Anders Liavåg |
I helga arrangerte Hareid IL Fotball ABB Cup i Hareidhallen. Full jubel og 178 mål i løpet av 10 timar. Bård Grimstad har sendt oss nokre bilete og resultat. Førebels får du nøye deg med biletet under, men vi skal legge inn meir under ABB Cup 2010 i venstremargen og sikkert også lagbilete-sida vår etter kvart.
15.02. Hareid G16
|
Guttelaget til Hareid som kjempar om opprykk til 1.-divisjon. |
15.02. Fotballgruppa ligg ikkje brakk
Først av alt: Det vart utruleg synd at Ole Frank i føremiddag varsla at han gir seg som fotballformann. Han er ein "førsteklasses" mann med entusiasme og kompetanse, så her mistar vi utvilsamt ein mann som vi veldig gjerne skulle hatt med oss vidare. Tusen takk, Ole Frank - for innsatsen!
Men sjølv utan formann kan ikkje fotballgruppa legge seg brakk. Vi som er igjen i styret kjem umiddelbart til å setje oss ned og sørgje for at ting er oppe og går igjen "som normalt" så fort som mulig. Derfor kjem dei som er igjen i styret til å setje seg ned tysdag kveld for å konstituere ein ny leiar i fotballgruppa. Seinare må vi halde ekstraordinært årsmøte for å velje ein leiar på permanent basis.
Så sjølv om situasjonen i dag ser noko halvvegs ut utan ein formann, så skal vi vere på føtene igjen i løpet av kort tid. Vi har mykje arbeid framføre oss dei to månadane før seriestart, men det skal vi klare.
Einar Orten Trovåg, styremedlem/valnemnda
28 |