26.08. Vurdering av den 16. runden i 3.-divisjon
Det begynner å dra seg til for alvor i denne historisk spennande 3.-divisjonen. Det er framleis lenge igjen, men denne runden kan få stor betydning for spesielt toppstriden i avdelinga.
Fredag:
* Godøy - Valder. Nabooppgjer i Giske. Dette kan fort vere den siste sjansen Valder har til å melde seg på i midtsjiktet. Derfor trur vi dei tar ein grei siger mot eit Godøy-lag som har mista fleire spelarar i det siste. Men det skulle vere unødvendig å leggje til at lokaloppgjer lev sine eigne liv. B
* Stranda - Hareid (sjå saka nedanfor).
* Spjelkavik - Herd. Vika har berre æra og knapt nok det igjen å spele for. Om Herd vinn denne samtidig som at Brattvåg taper, så er nok kampen om avdelingssigeren avgjort. B
* Brattvåg - Bergsøy. Ein kamp det er knytta mykje spenning til. For Hareid sin del må vi krysse fingrane for Bergsøy denne kampen. Men Brattvåg har berre eitt poeng på dei to siste, og med siger her går dei truleg forbi minst eitt lag. Det er nok ein stor motivasjonsfaktor. Knapp H
* Rollon - Volda. Rollon starta hausten med to sigrar, men tapte heime mot Stranda sist. Har i grunnen fint lite anna enn æra å spele for. Denne kampen bør Volda vinne greitt. B
Måndag:
* Norborg - Hødd 2. Avgjerande kamp for Norborg, som helst bør ha siger her for å henge med resten av midtlaga. Hødd 2 er ikkje noko spesielt godt bortelag, og no når kontrakten i realiteten er sikra i 3.-divisjon får kanskje ikkje andrelaget noko enormt fokus. Vi tar ein sjanse og spelar ein H.
25.08. Viktig kamp fredag: Kan Hareid stele poeng frå Stranda?
|
Det er knytta spenning til kva lag Hareid-trenarane Bjørge Worren (til venstre) og Svein Dag Slettebakk set opp mot Stranda fredag. Her er duoen på veg inn på bana før Stranda-kampen i vår. |
Både Hareid og Stranda har 23 poeng, og dermed framleis brukbare sjansar til å halde seg i 3.-divisjon. Fredag møter dei kvarandre på Stranda.
25.08. Hareid 2 tapte 3-1 mot Bergsøy 2
|
Gunnar Johann Ringstad (25) hadde vanskelege arbeidsforhold som einsleg spiss. |
Tottenham Hotspur FC er klare for Champions League, og Hareid-sida gratulerer alle Spurs-tilhengjarar som gledar seg over dette. Litt tidlegare på kvelden gjekk det derimot ikkje like bra. Hareid 2 tapte nemleg 3-1 på bortebane mot Bergsøy 2.
25.08. Loket med knallsterk siger
|
Lokomotiv Oslo-trenar Arthur Garnes hadde grunn til å smile tysdag kveld. |
Du har sikkert høyrt om den tradisjonsrike Oslo-klubben Grei. Nokre kan kanskje også erindre at det var Grei som slo ut Hareid på Norway Cup i G16-klassen i 1/16-finalen i 2002. Hareid tapte til slutt 1-0 med ni mann, sidan både Joachim Moldskred og Gunnar Johann Ringstad fekk marsjordre. Men nok om det.
Tysdag spelte Lokomotiv Oslo mot Grei i 4.-divisjon, og "Loket" vann heile 3-0. Vi merkar oss at to tidlegare Hareid-spelararar spelte i forsvaret til eksil-sunnmøringane; Mads André Værnes og Roy Inge Brandal. Då vi stakk innom Loket si nettside onsdag føremiddag, hadde Værnes 9.3 og Brandal 9 i poengsnitt for den kampen. Om det er i nærleiken av sanninga så må dei ha vore nauta gode. Ulsteinvikaren Vegard Moltubakk scora eitt av måla. "Moltis" sa tidlegare i sommar at han ville spele for Hareid i haust om han vart verande på øya, men grunna skulegang flytta han altså til Oslo.
Den sterke sigeren betyr uansett ikkje at Loket er sikra fornya kontrakt i 4.-divisjon. Truleg held seks lag plassen, og Loket ligg som nummer sju. Men svarttrøyene har aldri rykt ned, og vi satsar på at dei ikkje gjer det i år heller.
25.08. Breivik med hattrick for smågutelaget
Det heldt til eit sterkt uavgjortresultat borte mot Herd.
Hareid-sida har i alle år vore bortskjemde med noverande eller tidlegare journalistar som referentar. Magne J. Krumsvik er utdanna journalist, og har nettopp tatt over som trenar for smågutelaget, og då passar det fint at han sjølv har referert frå kampen.
25.08. Uldo er i trening igjen
|
Steffen Uldbæk under ein treningskamp mot Skavøypoll i vinter. |
Stranda-kampen fredag nærmar seg for Hareid a-lag. Sist mangla det mange spelarar mot Norborg. Men eit par av dei som var ute då kan vere klare igjen for spel. Steffen "Uldo" Uldbæk var i trening igjen måndag, og ser ut til å bli fit for fight. André Skotheim skulle eigentleg trene tysdag, men har fått strekk, og det ser ikkje lyst ut med tanke på fredagen. Ronny Jørgensen slit framleis med dei bresta og brotne ribbeina sine, og det går nok enno ei tid før han er tilbake i trening. I høve sist er derimot Even Hansrud tilbake frå karantene, så sjølv med eit par forfall så ser det ikkje så "hakke gale" ut med tanke på stallen totalt sett. Meir om Stranda-kampen seinare.
25.08. Svekka Hareid 2 møter Bergsøy 2 onsdag
|
Det vart ein hard kveld for Stian Garnes (t.v.) og Paul Magne Worren då Hovdebygda vann 8-0 mot Hareid 2 førre runde. Men nye sjansar ventar mot Bergsøy 2 onsdag. |
Etter to strake tap treng Hareid 2 ein siger, men det blir ikkje lett når laget reiser til Fosnavåg for å møte Bergsøy 2 onsdag kveld. Då Hareid 2 snakka med assistenttrenar Espen Beiermann tysdag kveld hadde forfalla tikka inn eitt etter eitt. Men med litt ringing utover onsdagen satsar håper HIL 2 å ha klar ein tropp med i alle fall 12-13 mann. Per dags dato ligg Hareid 2 på 4.-plass, men både Tjørvåg og Bergsøy 2 (ein kamp mindre spelt) pustar tungt i nakken.
24.08. Hareid signerer Vik Myklebust - ti år etter
|
Rutinert keeper som no er klar for Hareid-spel til år etter at han signerte for oss for første gong: Thomas Vik Myklebust. |
Thomas Vik Myklebust blir etter alt å døme Hareid-spelar frå tysdag eller onsdag av. Ein kvartett beståande av Rune Husø Johansen, Kristian Angelsen, Einar Orten Trovåg og Paul Magne Worren stod hardt på søndag og måndag for å få Vik Myklebust speleklar til Bergsøy 2 - Hareid 2 onsdag.
Vik Myklebust er keeper, og har vakse opp i Ulsteinvik. Han stod for både Hødd (2) og Hasundgot før han vart Hareid-spelar før første gong. 32-åringen fekk to a-kampar i 1999, men vart først med for fullt frå 2000. Fram til og med 2002 fekk han 58 kampar og eitt mål for Hareid. Mot slutten av 2002 tok Jim Johansen over Hareid-hanskane, og frå 2003 Vagn Scheide Mork - som voktar buret vårt den dag i dag.
Etter kvart flytta Thomas til Sula, der han med åra stifta familie. Frå 2005 til 2009 fekk ulsteinvikaren 58 kampar for MSIL. 33 av dei enda med siger til grøntrøyene.
I vår flytta Thomas med familie til Ulsteinvik, der dei har planar om å busetje seg. Lysluggen er først og fremst henta til Hareid for å gi Kevin Aarvik Hestholm og Daniel Reite konkurranse om keeperplassen på Hareid 2. Så får vi håpe at den vonde ryggen til nysigneringa held seg OK. Lykke til, og velkommen tilbake.
23.08. Hødd 2 slo Brattvåg: Hareid på 5.-plass
I den siste kampen i den 15. runden i 3.-divisjon vann Hødd 2 4-0 heime mot Brattvåg. Måla vart scora av Kazeem Ahmed, Bendik Torset, Marin Haanes og Eirik Heltne.
Det betyr at Hareid ligg på 5.-plass etter 15 rundar med 23 poeng. Stoda til laga vi konkurrerer med: Stranda (23), Brattvåg (21) og Norborg (18).
22.08. Baneplanen for hausten er klar
Han ligg under Dokument.
22.08. Programmet for a-laget kommande veke
* Måndag: Oppmøte 19.15, deretter kampgjennomgang, oppvarming (ta med joggesko) og spel (når juniorkampen er slutt, ca. 20)
* Tysdag: Trening 19.30
* Onsdag: Trening 19.30
* Fredag: Bortekamp mot Stranda. Avreise frå Hareid blir seinast på 16.00-ferja, så ikkje det skulle komme som ei bombe seinare i veka...
22.08. Juniorkamp måndag
|
Juniorlaget etter 1-1 mot MSIL i vår. |
Etter ein i kanskje overkant lang sommarpause spelar Hareid junior første haustkamp måndag. Motstandar på Hareidsmyrane stadion er MSIL. Motsett oppgjer i vår enda 1-1.
Kampstart 18.30, Arne Per Andersen frå Rollon dømmer.
22.08. Hareid på treningsleir i 2011?
|
Daniel R. Hansen spelar ikkje lenger for Hareid, men har likevel svært gjerne lyst til å bli med om det blir treningsleir vinteren 2011. Arkivfoto: Jan Henrik Djupvik |
Hareid a-lag har ikkje vore på trengsleir sidan 2003, då laget var samla i Volda ei helg. No har Hareid-leiinga fått klar beskjed frå spelargruppa om at det bør avviklast ein leir i 2011. Forslaga til reisemål er mange. Danmark, Nederland, Sørlandet, Stryn, Gran Canaria, London, Kirkenes, Thailand og Flø Feriesenter har blitt omtala som aktuelle stader å ha ein treningsleir. Ein av spelarane har også blitt kontakta av tidlegare Hareid-spelar Daniel R. Hansen (spelte for oss i 2006 og 2008), som kan tenke seg å vere med i arrangementkomiteen.
Fotballstyret har lova spelargruppa om å sjå på moglegheitene for ein treningsleir vinteren 2011 i løpet av hausten.
21.08. Kommentar frå fotballformannen
21.08. 3.-divisjon: Håpet ute for Vika og Valder?
3.-divisjon begynner for alvor å tette seg til. Sjølv om det er sju rundar igjen er det ikkje mykje håp igjen for Spjelkavik og Valder.
* Vika tapte 3-1 borte mot Bergsøy. Det betyr at Vika framleis berre har 12 poeng. Med 11 poeng opp til ståplass så skal det svært mykje til for at dei kvite og raude skal klare å komme seg opp på topp seks.
* Valder klarte 3-3 heime mot Volda. For så vidt eit greitt resultat. Men med 15 poeng på kontoen så begynner håpet å svinne også for Valder.
* Godøy (0-6 mot Herd) og Rollon har høvesvis 8 og 11 poeng. Desse to laga var vel i realiteten ferdig før sommaren.
* Midtsjiktet er det mest interessante med 3.-divisjon i år. Hareid tok ein viktig siger mot Norborg i går, og klatra opp på 5.-plass. Men skulle Brattvåg slå Hødd 2 måndag, vil det berre vere målskilnaden som skil Hareid frå nedrykksplass.
21.08. Statistikkhjørnet: Husøy i 100
Dagens utgåve av statistikkhjørnet skal i all hovudsak ta føre seg Kim-Tore Husøy, som fredag scora sitt 98., 99. og 100. mål for Hareid a-lag.
20.08. Hareid - Norborg 4-0: Resultatet betre enn kampen
Ja av og til følest det litt rart å vinne 4-0, faktisk. I store delar av kampen var Hareid langt under pari, og vi får berre takke høgare makter for at Norborg aldri fann nettmaskene. Men utover i 2. omgang løsna det for Hareid - med ein Kim-Tore Husøy i kjempeform.
20.08. Stranda vann - la press på Hareid
19.08. Vurdering av den 15. runden i 3.-divisjon
Torsdag:
* Rollon - Stranda. Viktig kamp for Hareid, som blir passert av Stranda om dei tar poeng her. Rollon var elendige i vår, men har fått ein flying start på hausten med to sigrar. Vi trur dei har brent opp ein del krut i det siste, og at Stranda tar dette greitt. B
Fredag:
* Hareid - Norborg. Sjå eiga sak. U
* Valder - Volda. Med berre 14 poeng på 14 kampar er dette ein av dei siste sjansane Valder får til å ta igjen forspranget til midtlaga. Steffen Oksnes Elde har flytta, men blir henta heim etter det vi erfarer. Volda tapte 5-4 mot Herd sist, etter å ha vore under 5-1. Viser at dei er eit godt lag, og sigeren mot Bergsøy runden før vart også svært sterk. Ingen soleklar B, men ein B.
* Herd - Godøy. Treng vel ikkje nærare forklaring. H
* Bergsøy - Spjelkavik. Det spøker for Vika, som har eitt poeng på dei sju siste rundane. Og med tap her er dei så godt som ferdige. Og det blir nok tap mot eit Bergsøy-lag som framleis har heng på Herd. H
Måndag:
* Hødd 2 - Brattvåg. Hødd 2 er utan tap på heimebane. Får ei tøff nøtt her. Hødd 2 er i bra form, men fleire av spelarane (a-lagsreservane) har ein lang tur til Trøndelag på kontoen rett før denne kampen. U
3 |