07.02. Neste Hareid-kamp
|
Erdal Aydin i aksjon mot ÅVK i januar. Benjamin Reite bak og Kjell Roger Skarshaug til venstre. |
Hareid sin neste treningskamp går mot Åram/VanKam. Det er ikkje heilt avklart om kampen blir spelt torsdag eller fredag. Det blir bestemt måndag kveld.
Her er oppdatert treningskamp-liste:
Tysdag 15. desember: Ørsta - Hareid 3-0
Torsdag 21. januar: Hareid - Åram/VanKam 4-0
Tysdag 2. februar: Hareid - Gursken/Larsnes 5-3
Laurdag 6. februar: Hareid - Hødd II 1-0
Torsdag 11. februar: Hareid - Åram/VanKam
Fredag 19. februar: Volda - Hareid
Laurdag 6. mars: Hareid - Langevåg
Fredag 12. mars: Hareid - Skavøypoll
Laurdag 13. mars: Hareid - Skodje (blir spelt tidlegare den veka)
Laurdag 20. mars: Hareid - Valder
Laurdag 27. mars: Hødd II - Hareid
Laurdag 3. april: Hareid - Lokomotiv Oslo (PÅSKEKAMP)
Tysdag 6. april: Hareid - Rollon
Laurdag 10. april: Hareid - FK Sykkylven
07.02. Treningskampar denne helga
Ein del lokale lag har spelt treningskampar dei siste dagane.
* Fredag vann Volda 5-1 mot 4.-divisjonslaget Vartdal. Fosnavågaren Frantz Frantzen scora to for grøntrøyene, medan Bjørnar Liaskar, Rune Haugen og Atle Driveklepp netta eitt kvar. Rolf Audun Vartdal scora Vartdal sitt mål.
* Hødd har delteke i ei turnering for 2.-divisjonslag i Sunnmørshallen denne helga. Og blåtrøyene har gjort det svært godt. Laurdag vart det 4-1-siger mot Kristiansund, og i dag heile 7-1 mot Byåsen. Både Ørjan Engen Grimstad, Ruben-Kenneth Brandal og Christian Mork har vore i aksjon. Kim-Tore Husøy skulle i utgangspunktet spele kampane, men vart sett ut med ein nakkeskade.
* Sunndal har vore på turné på Sunnmøre. Dei spelte 1-1 mot både Norborg og Bergsøy. Frank Sverre Skorpen scora for Bergsøy.
07.02. Statistikkhjørnet: Lenge sidan sist siger mot Hødd
|
Joachim Moldskred mot Hødds Robin Hjelmeseth under gårsdagens kamp. Svein Inge Nesset i bakgrunnen. |
* For nokre år sidan hadde Hareid eit godt grep om Hødd, då i all hovudsak deira andrelag. Mellom anna hugsar vi 5-1-sigeren på Høddvoll i 2004, då Hødd nytta spelarar som Georg Aursnes og Cato Eiksund Rogne. Men dei siste sesongane har det vore skralt. Vi noterte 3-1-tap på Høddvoll og 2-1-tap på Hareidsmyrane i serien i fjor - og 4-1-tap i ein treningskamp. Oppturen var definitivt 4-4 mot a-laget deira i første treningskamp den vinteren. I 2008 var det uavgjort heime og tap borte mot Hødd 2 i serien. Om vinteren tapte Hareid 8-0 mot a-laget deira i ein treningskamp (den kampen Sture Fladmark nytta seks utanlandske spelarar som aldri fekk kontrakt). Men seinare same vinter vart det 3-0-siger mot Hødd 2, og det var altså sist siger mot blåtrøyene...
* Dag Gøran Brandal gjorde comeback for Hareid i går. Han fekk åtte kampar som høgreback hausten 2008, før han valte å trappe ned. I fjor spelte han seks kampar og scora to mål for Hareid 2. Om Dag held fram som i går kan det fort bli mange a-kampar i år. For det er ikkje i forsvar Hareid har flest alternativ...
* Svein Inge Nesset scora sitt første Hareid-mål sidan bortekampen mot Volda i fjor haust. Han har no 19 Hareid-mål.
* Even Hansrud spelte sin 210. kamp for Hareid, Vagn Scheide Mork sin 270.
* Hareid har no gått til topps på norborg.com sin treningskamptabell.
* Ja, vi veit at dei tre kampane vi har vunne på rad no er treningskampar, og to av dei er mot 4.-divisjonslag. Likevel er det ein fin prestasjon. Sist Hareid vann tre strake var trippelen mot Spjelkavik (B), Sykkylven (H) og Langevåg (B) tidleg på hausten 2008.
06.02. Hareid - Hødd II 1-0
|
Innbyttar Christer Adrian Mork i duell med ein Hødd-spelar. I bakgrunnen Ronny Jørgensen. |
- 2. omgangen må vi gløyme så fort som råd. Heldigvis var vi bra før pause, sa trenar Bjørge Worren etter kampen. Og det har han rett i. I 1. omgang handla det aller meste om Hareid. Dessverre skorta det litt på avslutningane. Mange fine angrep rann ut i dårlege touch innanfor 16-meteren. Kampens einaste mål kom etter ca. 20 minutt. Even Hansrud plukka opp eit dårleg utspel frå Hødd-keeperen, og la ut til Svein Inge Nesset, som frå skrått hald klinka ballen sikkert i mål. Etter ein oppløftande omgang mot det gode Hødd 2-laget, følgde 45 minutt som var svært svake frå Hareid si side. Gong på gong kom Hareid i angrep, men mista ballen slik at Hødd kontra på direkten. Bortelaget skapte sin første sjanse etter 55 minutt, men då kampen var ferdig hadde Hødd nesten tatt igjen Hareid sitt enorme forsprang i sjanseprotokollen frå 1. omgang. Hareid må rett og slett ta med seg det positive frå før pause og sjå fram mot neste treningskamp mot Åram/VanKam. Hødd er nok nøgde med mykje av det dei viste på Hareidsmyrane. Men at dei er eit godt lag er det ingen tvil om. Laget deira likna mykje på Hødd 2-laget frå i fjor haust, med spelarar som Eirik Heltne, Kristoffer Sætrenes, Robin Hjelmeseth, Bjørn Vikanes etc. Alexander Indreflø og Martinus Bakken (begge i a-stallen til Hareid i fjor) var også i startoppstillinga til blåtrøyene. Etter det vi kjenner til skal dei spele for Hødd i år. Og i og med at Hødd-leiinga har sagt at dei berre er interesserte i Hareid-spelarar som går rett inn i a-stallen eller er veldig nære - så får dei sikkert eit kjempeflott tilbod der ute.
Kampfakta:
Treningskamp, 6. februar, Hareidsmyrane stadion
Hareid - Hødd II 1-0
Mål: Svein Inge Nesset
Dommar: Magne Johnny Krumsvik, IL Hødd
Gult kort: Ole Ringstad (Hødd)
Hareid: Vagn Scheide Mork - Georg Gaasø, Dag Gøran Brandal, Joachim Moldskred, Steffen Uldbæk - Svein Inge Nesset, Erdal Aydin, Tore Ytre-Hauge, Benjamin Reite - Ronny Jørgensen, Even Hansrud.
Innbyttarar: Håkon Orten Trovåg, Christer Adrian Mork, Benjamin Slettebakk, Joachim Røyset
Jan R. Haraldsvik var også på benken, men Bjørge Worren ville ikkje ta nokon sjanse med strekken hans.
06.02. Odden-cupen: Kvartfinale-exit for begge lag
Både Hareid 2 og Hareid 3 spelte seg fram til kvartfinalane i Odden-cupen. Men der vart det stopp for begge. HIL 3 tapte 4-1 mot eit godt Gjerdsvika-lag, medan HIL 2 underpresterte og tapte 4-3 for SUFH.
05.02. Odden-cupen: Hareid 2 opna med siger
|
Hareid 2. Bak frå venstre: Stian Garnes, Fredrik Bøe, Arve Vestnes, Espen Beiermann, Thomas Vik Myklebust, Kristian Angelsen (oppmann). |
Hareid 2 spelte berre ein av tre kampar i gruppespelet fredag. Dei to siste blir spelt laurdag. Hareid 2 har i alle fall begnynt bra. Dei vann 12-2 mot relativt svake Island Offshore.
HIL 2 sine motstandarar laurdag er Åram/VanKam og Kvamsøy.
05.02. Odden-cupen: Hareid 3 til kvartfinale
|
Hareid 3. Bak frå venstre: Kristian Angelsen, Alexander Paus, Frank Robert Moldskred, Rune Husø Johansen, Georg Gaasø. |
Hareid 3 opna puljespelet med å slå Flø 1-0. Hareid burde vunne meir mot eit tamt Flø-lag. Andre kamp mot Haddal 1 vart meir dramatisk. Keeper Kristian Angelsen blei skadd på tampen av Flø-kampen, men heldigvis var juniorkeeper Kevin Hestholm i Ulsteinhallen. På stillinga 2-1 til Hareid sju sekund før slutt fekk Haddal straffe, men Hestholm redda meisterleg. Straffa var veldig kontroversiell, sidan dommaren må ha sett noko ingen verken inne i feltet eller på tribunen fekk med seg. Før straffa vart teken fekk Hareid utvist Frank Robert Moldskred, sidan han skaut vekk ballen. Som mange kanskje veit gir det å skyte vekk ballen i alle tilfelle sett vekk frå dette gult kort... Hareid 3 vart alt vidare, og valte derfor å spare på kruttet før siste kamp i puljespelet mot Larsnes/Gursken. I ein tett kamp med mange duellar var L/G best i angrep, og vann fortent 4-0. Det mest imponerande var at Hareid heldt nullen så lenge dei berre hadde tre utespelarar på bana. Robert Flø var vist ut etter å ha kome med ein kommentar til dommaren. Hareid 3 spelar kvartfinale laurdag klokka 14.50, mest truleg mot Tjørvåg. Då er Rune Husø Johansen tilbake. Han måtte stikke etter Flø-kampen i dag.
04.02. Hareid stemmer imot divisjonsomlegging
|
Hareid vil halde på dagens ordning og spele kampar mot til dømes Rollon. Å bruke ei helg på å spele bortekamp mot Byåsen 2 i Trondheim fristar ikkje allverda. Det vart bestemt på torsdagens styremøte. |
Hareid IL Fotball kjem til å sende formann Ole Frank Bakken til forbundstinget på Lillestrøm i mars. Der kjem ei av dei viktigaste sakene til å vere seriekomiteen sitt forslag om å redusere talet på 3.-divisjonsavdelingar frå Trøndelag og sørover frå 20 til 10. Under torsdagens styremøte vart det einstemmig vedteke at Hareid skal stemme imot dette forslaget. Dei viktigaste argumenta var at det vil bli dyrare og meir tidkrevjande enn dagens ordning. Sjølv om Hareid stiller seg negative blir det understreka at om det blir omlegging, så vil Hareid gjere sitt beste for å kome på øvre halvdel og dermed kvaifisere seg for den nye serien - sjølv om det blir knalltøft.
04.02. Hareid - Hødd 2 laurdag
|
Trenar Bjørge Worren og Hareid har vunne to strake treningskampar. Kjem den tredje mot Hødd 2 laurdag? |
Tid: 12.00
Stad: Hareidsmyrane stadion
Dommar: Magne Johnny Krumsvik, IL Hødd
Laurdag spelar Hareid sin fjerde treningskamp denne oppkøyringa. Etter tap mot Ørsta og sigrar mot Åram/VanKam og Larsnes/Gursken er det no Hødd 2 som står på motsett banehalvdel. Ifølgje rapportane kjem Hødd med eit lag som liknar det dei brukte i 3.-divisjon hausten som var, men grunna ein skuletur har dei eit par forfall på sentrale spelarar. Hareid har nokre fråver til kampen. Remi Helleseth er truleg vekkreist i høve jobb. Antoni Gardshol er langtidsskadd. Og Kim-Tore Husøy skal prøvespele med Hødd ut denne veka. Ivar André Aadland er skadd, (Kjellis Skarshaug også?). Robert Ulstein er i Portugal.
Tropp: Vagn Scheide Mork, Reservekeeper, Joachim Moldskred, Joachim Røyset, Eiliv-Tore Howlid, Steffen Uldbæk, Jan Robin Haraldsvik, Erdal Aydin, Benjamin Reite, Tore Ytre-Hauge, Håkon Orten Trovåg, Benjamin Slettebakk, Georg Gaasø, Svein Inge Nesset, Even Hansrud, Ronny Jørgensen, Chrster Adrian Mork, Dag Gøran Brandal (?).
Oppmøte 11.15.
PS. Det er meldt tre plussgrader laurdag...
04.02. Her er Odden-cup-troppane
Hareid 2: Thomas Vik Myklebust, Espen Beiermann, André Nupen, Gunnar Johann Ringstad, Stian Garnes, Per Ståle Nykrem, Dag Gøran Brandal, Arve Vestnes, Fredrik Bøe.
Hareid 3: Kristian Angelsen, Alexander Paus, Frank Robert Moldskred, Robert Flø, Rune Husø Johansen, Paul Magne Worren, Christian Åsmo, Einar Orten Trovåg.
Hareid 3 spelar opningskampen; mot Flø klokka 17.30 fredag.
04.02. Jokke er myndig
|
Joachim Røyset mot Brattvåg i fjor. |
Hareid-spelar Joachim Røyset fyller 18 år i dag. "Jokke" er den yngre broren til tidlegare Hareid-spelar Nicolai, og debuterte på a-laget i ein treningskamp mot Hødd 2 i fjor vinter. Han krona like greitt debuten med ei scoring. Joachim var mykje inn og ut av laget utover i sesongen, men viste at han kan vere ein bra mann både i år og seinare år. Dei to treningskampane så langt i år har Jokke starta på høgrebacken, men han kan også spele på midtbana. Vi gratulerer unge Røyset med dagen.
03.02. Hareid til topps
Hareid sitt guttelag vann i dag 1-0 borte mot FK Sykkylven i vinterkvaliken. Fredrik Aursnes var Hareid sin målscorar. Sigeren betyr tabelltopp i gruppe C med sju poeng av ni mulige, men Blindheim med seks poeng har ein kamo mindre spelt.
Du kan studere tabellen her sjølv:
http://fotball.speaker.no/FIKSfotballdataclient/ft.aspx?scr=table&ftid=81149
Dei tre beste laga går til 1.-divisjon. Dei to beste får spele NM. Det hadde vore kjekt å få eit Hareid-lag dit...
03.02. Hareid 2 deltek på Odden-cup - og Hareid 3?
Fredag og laurdag går den tradisjonsrike Odden-cupen i regi av Flø IL i Ulsteinhallen. Hareid 2 stiller lag, og er komne i gruppe med Haddal 2, Island Offshore og Tjørvåg. Det kan også hende at Hareid 2 sitt 2.-lag "Hareid 3" stiller på cupen, sidan det går rykte om at eit lag kjem til å trekke seg.
Larsnes/Gursken er store favorittar til å vinne cupen. Fjorårsvinnarane Åram/VanKam bør også hevde seg.
03.02. Christian 17 år
|
Christian scora mot Spjelkavik i 2008. Foto: KH Djupvik |
Tidlegare Hareid-spelar Christian Mork fyller 17 år i dag. Christian vart Hareid sin første landslagsspelar på over ti år i 2008. Same sesong spelte han fast høgrekant på Hareid på dispensasjon, før han gjekk til Hødd for eitt år sidan. Det første året hans der ute vart kanskje ikkje som venta. Halve sesongen var han ute med skade. Men no er han på betrings veg og kanskje snart kampklar igjen. Vi gratulerer Christian med dagen, og håper han får ein god fotballsesong.
03.02. Årets første juniortrening
Som tidlegare skrive har Joachim Røyset og Kevin Aarvik Hestholm tatt på seg å setje i gang juniortreningane medan styret leitar etter trenar. No fortel dei at det blir trening onsdag klokka 19.30 på Hareidsmyrane. Einar Orten Trovåg er henta inn som trenar for økta. Alle i junioralder eller deromkring med interesse for fotball kan møte.
02.02. Statistikkhjørnet: Beste sidan Remi i 03
|
Er Ronny på veg mot god gammal 2006/2007-form? Foto: JH Djupvik |
Statistikkhjørnet etter oppkøyringas tredje treningskamp, som enda med 5-3-siger heime mot Larsnes/Gursken.
* Ronny Jørgensen scora fem mål for Hareid i dag. Sist ein Hareid-spelar scora så mange mål i ein og samme kamp var i 2003. Hareid vann 7-1 på heimebane mot Stordal i 3.-divisjon, og Remi Helleseth scora altså då fem av dei måla.
* Eiliv-Tore Howlid har framleis klubbrekorden. Han noterte seg for seks scoringar i 2000, då Hareid slo MSIL 18-2 i ein 4.-divisjonskamp.
* Ronny er no Hareid-toppscorar med seks mål. Det er like mange som han hadde i 2009, då han rett nok gjekk skadd store delar av sesongen.
* Tore Ytre-Hauge spelte sin første kamp denne oppkøyringa. Velkommen tilbake.
* Hareid ligg no på 2.-plass på norborg.com sin treningskamptabell, på målskilnad bak Norborg.
* Dette var andre gong Hareid spelar a-kamp mot samarbeidslaget Larsnes/Gursken (alt. Gursken/Larsnes). Sist var i 2006, då Even Hansrud scora tre og Kim-Tore Husøy to i 5-1-kampen på Høddvoll KGB. Det høyrer med til historia at Hareid har spelt mange titals kampar mot Gursken og Larsnes før dei slo seg saman i 2003.
Neste Hareid-kamp er heime mot Hødd 2 laurdag klokka 12.00.
Hødd sitt a-lag spelar kamp same dag, så det blir eit svoltent og ganske ungt Hødd 2-lag Hareid skal møte. Meir om kampen seinare i veka.
02.02. Hareid - Larsnes/Gursken 5-3
Ja så skulle "nye Larsnes/Gursken" spele sin første. Motstandar var vårt kjære Hareid - som stod med ein siger og eitt tap i treningskampane før kveldens oppgjer.
01.02. Hareid - Larsnes/Gursken tysdag
|
Fotballformann Ole Frank Bakken ser fram til nok ein treningskamp i minusgrader. |
- Årets beste treningsforhold. Takk til banemannskapet som har gjort ein kjempeinnsats, sa trenar Bjørge Worren etter måndagstreninga. Det betyr at det endeleg er klart for treningskampen mellom Hareid og Larsnes/Gursken tysdag. Vi viser til grundig preview lengre nede på sida (28.01).
Hareid stiller med denne troppen: Vagn Scheide Mork, Reservekeeper, Joachim Røyset, Joachim Moldskred, Eiliv-Tore Howlid, Steffen Uldbæk, Jan Robin Haraldsvik, Benjamin Reite, Erdal Aydin, Tore Ytre-Hauge, Benjamin Slettebakk, Georg Gaasø, Svein Inge Nesset, Robert Ulfstein, Even Hansrud, Ronny Jørgensen, Christer Adrian Mork...
Ådne Andersen og Håkon Orten Trovåg står over grunna guttekamp onsdag. Elles er Kjell R. Skarshaug, Antoni Gardshol, Ivar André Aadland, Kim-Tore Husøy og Remi Helleseth ikkje tilgjengelege av ulike grunnar.
Kampstart 19.30
Dommar: Richard Martin Hunstad, Hjørungavåg IL
Oppmøte for spelarane klokka 18.45.
01.02. Frå arkivet: Då Hareid fekk sin første landslagsspelar
Henta frå utklippsboka (om han kom på bana veit vi ikkje, denne karen står ikkje på landslaget sin adelskalender):
WILLY NESSET, 6060 HAREID
De er med dette augneblinkeleg verknad utteken til å representere Norge i landskampen mot Formosa i Dakar 17. desember.
Frammøte Fornebu den 16. klokka 18.30.
Ta med spekekjøt.
Helsing Tor Røste Fossen, landslagstrenar.
31.01. "Legender" midlertidige juniortrenarar
|
Midlertidig juniortrenar Kevin Hestholm. |
I mangel på eigen trenar har juniorane til Hareid no tatt initiativ sjølve, og prøvar å samle ei treningsgruppe gjennom det sosiale mediumet facebook. Vi siterer frå sida deira:
"Dei to legendene Kevin Hestholm og Joachim Røyset utgjer den midlertidige trenarduoen, dei vil ha trenaransvaret heilt fram til styret finn ein hovudtrenar. Det vert sagt at dei nærmar seg ei løysing, så vi reknar med at det går i orden i næraste framtid. Ein ting er i alle fall sikkert: Hareid kjem til å stille juniorlag i 2010!"
30 |