31.01. Hareid møter Skavøypoll
|
Christer Adrian Mork i treningskampen mot ÅVK. |
Hareid skal også i år møte lag som ikkje er frå Sunnmøre. Nordfjord-laget Skavøypoll (Hødd-spelar Erik Sandal og AaFK-spelar Peter Orry Larsen sin tidlegare klubb) skal på Sunnmørsturné i mars, og ønska å møte Hareid - noko vi takka ja til. Dermed ser no treningskamp-terminlista slik ut:
Tysdag 15. desember: Ørsta - Hareid 3-0
Torsdag 21. januar: Hareid - Åram/VanKam 4-0
Tysdag 2. februar: Hareid - Gursken/Larsnes
Laurdag 6. februar: Hareid - Hødd 2
Torsdag 11. februar: Hareid - Åram/VanKam
Fredag 19. februar: Volda - Hareid
Laurdag 6. mars: Hareid - Langevåg
Fredag 12. mars: Hareid - Skavøypoll
Laurdag 13. mars: Hareid - Skodje (blir spelt tidlegare den veka)
Laurdag 20. mars: Hareid - Valder
Laurdag 27. mars: Hødd 2 - Hareid
Laurdag 3. april: Hareid - Lokomotiv Oslo (PÅSKEKAMP)
Laurdag 10. april: Hareid - FK Sykkylven
31.01. Storsiger til guttelaget
Hareid vann 8-2 mot Rollon søndag ettermiddag. Dermed står guttelaget med fire poeng etter dei to første kampane i kvaliken.
Målscorarar for Hareid var Håkon Orten Trovåg (3), Ådne Andersen (2), Nils-Erik Engen (2) og Fredrik Aursnes.
Nils-Erik er son til tidlegare Hareid-keeper/spiss Stig Engen og er berre småguttespelar
30.01. Her er Rensenbrinck-historia
|
Gunnar Rensenbrinck Hareide saman med døtra Eline. Gunnar var kaptein på overraskingslaget "Krympegasskollektivet" som gjekk heilt til semien i Grendacupen som var. |
I ein førehandsomtale av Grendacupen kom vi i skade for å skrive at vi ikkje visste opphavet til at den tidlegare Hareid-midtstopparen Gunnar Hareide blir kalla Rensenbrinck. Vel, no har vi (noko tilfeldig) funne historia svart på kvitt i magasinet "Hareidfotball 1991", der Leiv Arne Grimstad hadde skrive ei "frå kamp til kamp"-dagbok i tidsromet 1976 til 1980. Under bolken om sesongen 1978 står det: "Tapet hadde sett Hareid i ein lite gunstig tabellsituajson. Og sesongen såg på ny ut til å kunne bli ein strid om å unngå degradering. Men i neste runde vart det 3-2-siger over Skodje på Skodje og 2 pinnar. Hareid låg over 3-1 og såg ut til å ha full kontroll. Men etter redusering 2-3 vart det panikk i Hareidsleiren. Det var i denne kampen Gunnar Hareide fekk tilnamnet "Rensenbrinck" etter den hollandske VM-spelaren. Han vikarierte som spiss på Hareidslaget og scora to raske mål i 1. omgang. Skodje reduserte før pause, men i 2. omgang fekk Leiv Arne Grimstad ein stikkball frå Odd Elvanes og lobba inn 3-1. Øystein Alme og Jon Olav Slettebakk blir framheva på Hareidslaget - og reportaren i Vestposten reknar med at Gunnar Hareide får ny tillit som spiss i neste kamp mot Spjelkavik. Men det er vanskeleg å kopiere ein suksess. Gunnar var ingen "Rensenbrinck" i sin andre kamp som spiss for Hareid. Han blir sett ut ved pause".
30.01. Hareid - Larsnes/Gursken tysdag
Som kjent vart Hareid sin treningskamp mot Larsnes/Gursken utsett grunna snø. No er kampen sett opp tysdag 19.30. Vi håper på litt meir vevilje frå han der oppe denne gongen.
30.01. Guttelaget i ny kvalikkamp
Hareid sitt guttelag møter søndag Rollon i Sunnmørshallen i det som er vinterens andre kvalikkamp.
Gutane starta kvaliken med å spele 0-0 mot antatt gode Volda.
29.01. Volda knuste Bergsøy
Bergsøy fekk bank av Volda i ein treningskamp fredag. Volda vann heile 5-1 på heimebane. Nysignerte Trond Brynestad (ex Godøy) scora to mål, Rune Haugen og Ole Magne Rotevatn scora eitt kvar, medan ei scoring var eit sjølvmål. Frank Sverre Skorpen reduserte på overtid for gjestane frå Herøy. Volda ligg no på 2.-plass på norborg.com sin treningskamptabell, bak Norborg og framfor Hareid.
Vi kan elles melde om at vi jobbar med å få til ein treningskamp mot Rollon rett over påske, slik at det blir bra matching før seriestart. Men vi kan ikkje stadefeste dette før Rollon veit når dei skal spele NM-kvalik.
29.01. Hareid - Larsnes/Gursken utsett
grunna snø, meldingar om meir snø - og flaum på klubbhuset (som våre trufaste tenarar må prioritere før snåmåking).
Truleg blir kampen spelt tysdag eller onsdag neste veke i staden. Meir om det seinare.
Laurdag må alle a-spelarane ut på joggetur. Det vil blir sett opp fire webkamera rundt Grimstadvatnet for å sjekke at alle har gjort jobben, melder Bjørge Worren.
29.01. Benny fyller år
|
Benjamin Reite saman med hunden "Erdal". |
Hareid-spelar Benjamin Reite fyller 22 år i dag. "Benny" var ein del av Hareid sitt segnomsuste juniorlag i 2005, men tok fotballpause etter 2006-sesongen, mellom anna grunna eit beinbrot. I 2009 gjorde han comeback då Hareid 2 vart starta opp, men vart etter kvart flytta opp på a-laget. Haustsesongen i fjor vart han stort sett fast på høgrebacken. Kondiskongen får truleg mykje speletid i år. Vi gratulerer han med dagen.
29.01. Bråk rundt 5.-divisjonsoppsettet
Det vart styr i fjor, då med Hareid 2 i ei av hovudrollene. Og det har blitt det i år, då med andre lag som er svært lite nøgde med inndelinga av 5.-divisjonsavdelingar. Satsande HaNo har kome i ei avdeling med berre seks lag inkluderte dei sjølve, og naturleg nok liker dei ikkje det:
http://www.hanofk.no/index.php?s=nyheter&nyheter=vis&id=374
Stordal.nu er sjølvsagt også på saka. Stordal har kome i ei gruppe med ni lag dei kallar "dødens gruppe":
http://www.stordal.nu/index.php?option=com_content&task=view&id=1562&Itemid=1
I diskujonsforumet under saka til stordal.nu les vi også at Hovdebygda er oppgitte over å ha blitt plassert i Ålesund og omegn-avdelinga.
Det verkar som at det er stor misnøye med inndelinga, og at dei fleste klubbane helst vil ha to avdelingar. Dei einaste som verkar nøgde er dei 9 Søre-laga som er plassert i avdeling 3. Og det er jo ei grei avdeling, sjølv om 14 kampar er i minste laget.
29.01. Norborg best i nord
Norborg slo erkerival Brattvåg 4-2 i ein treningskamp torsdag kveld.
Dermed har Norborg gått til topps på norborg.com sin treningskamptabell.
28.01. Preview Hareid - Larsnes/Gursken
28.01. Det vart tre 5.-divisjonsavdelingar
Trass nedgang i påmedlinga vart det sett opp tre 5.-divisjonavdelingar også i år. Ingen overraskar for Hareid 2, som ikkje møter noko nye lag i høve fjoråret. Motstandarane blir: Bergsøy 2, Haddal, Hasundgot, Kvamsøy, Åheim, Gjerdsvika og Tjørvåg. Gursken/Larsnes og Flø er vekke frå avdelinga i høve fjoråret. Det betyr at laga får berre 14 seriekampar, mot 18 i fjor.
Avdeling 2 blir ei merkeleg pulje. Fem lag frå Nordre og eitt frå Giske skal spele trippel serie: Brattvåg 2, Ravn, Lepsøy, Harøy, HaNo og Giske.
Avdeling 1 spelar dobbel serie, og blir ei pulje med 9 lag. På papiret er nok denne den sterkaste avdelinga, med gode lag som Hovdebygda, Hessa, MSIL og Sunnylven. I tillegg er Stranda 2, Stordal, Sæbø, Aksla og Emblem i gruppa, og fleire av dei laga er også ganske bra. Men for all del; avdeling 3 er også sterk. Søre-pulja var knalltøff i fjor, og det blir mange jamne kampar også i år - sjølv om G/L er i 4.-divisjon. I pulje 2 er vegen open for HaNo med tanke på opprykk.
For avdelingsvinnarane rykker direkte opp, ingen kvalik som i fjor.
MSIL meinte etter sesongen i fjor at dei burde rykke opp. Dei tapte kvaliken, men kretstinget i 2008 sa at alle avdelingsvinnarar skal rykke opp. Krinsen fekk derimot ingen klager frå verken MSIL eller andre då dei varsla kvalikspel i staden for direkte opprykk i fjor vinter, men MSIL venta altså til etter sesongen med å klage inn vedtaket. Klagen er dermed avvist frå NFF.
27.01. Første mann til 100!
|
Mange spelarar er nære å nå eit rundt tal kampar for Hareid i 2010. |
Heidersmerkenemnda til fotballgruppa har no gjort årets innkjøp av pokalar. Og i tillegg dei vanlege kåringane "årets spelar", "årets unge spelar" og "årets toppscorar" kan det bli fleire enkeltspelarar som får grunn til å juble i løpet av sesongen eller etter sesongslutt.
27.01. A-lagstreninga torsdag flytta
A-laget trenar i morgon torsdag 20.00, ikkje 19.30 som vanleg.
Send beskjeden vidare til dei som ikkje er så nettvande.
23.01. Hareid til topps
Hareid klivra rett til topps på Norborg.com sin tradisjonsrike treningskamptabell etter sigeren mot ÅVK i går: http://www.norborg.com/
Linken (gå i kolonna til høgre på sida deira) gir deg infoen du treng, men dei har ikkje rekna med tapet mot Ørsta før jul.
I fjor enda Hareid på 7.-plass på treningskamptabellen, noko som var bra med tanke på at vi berre spelte fem treningskampar.
27.01. Ny "stjerne" til La/Gu?
Larsnes/Gursken si nettside melde tidlegare i år at dei ikkje kjem til å hente tilbake fleire "gamle klubbstjerner". Dei klarer seg med dei åtte dei har henta inn sidan i fjor sommar. Men dei skreiv ingenting om at dei ikkje kjem til å signere fleire tidlegare Hødd-spelarar. For no er keeperen Øystein Vik Myklebust på veg til dei gulsvarte. Han har trena med klubben i det siste, og skal stå ein omgang mot Hareid på laurdag. La/Gu håper også at Myklebust blir med vidare i sesongen.
Så langt har Larsnes/Gursken henta heim desse: Thomas Sætre Hauge (Hareid), Marius Hammer Gunnarstein (Hareid), Oskar Hammer Gunnarstein (Hareid), Christoffer Rekdal (Hødd 2), Eivind Michael Myklebust (klubblaus/Hødd), Anders Vaagen (Hødd), Preben Sætre (Hødd) og Jan Åge Fjørtoft (klubblaus/Lillestrøm).
Første gong denne gjengen skal spele i lag blir altså mot Hareid på laurdag. Vi kjem med meir førehandsstoff i morgon.
Vi kan også melde at Frantz Frantzen er klar for Volda. Han var i si tid eit kjempetalent på Bergsøy, men sleit mykje med skadar. I fjor spelte han for Bergsøy 2 og Hovdebygda.
26.01. Bergsøy opna med siger
|
Andreas Johann Kurseth debuterte for Bergsøy. |
Bergsøy spelte i kveld sin første treningskamp for året. "Pilkarane" vann 3-0 mot 4.-divisjonslaget Vartdal. Mats Inge Teige scora to, medan Frank Skorpen netta ein gong. Ifølgje bergsoy.com vann dei sjansestatistikken 21-2. Med sigeren går Bergsøy opp på 2.-plass på Norborg sin treningskamptabell. Hareid ligg på topp med eit plussmål betre. Kampen vår mot Ørsta tel ikkje på tabellen sidan den vart spelt før jul. Bergsøy testa fleire nye spelarar mot Vartdal. Andreas Johann Kurseth spelte sin første kamp etter overgangen frå Hareid. Austeuropearen Andrius Petreikis debuterte også. I tillegg fekk Hødd-spelaren Torgeir Skeide og Tjørvåg-spelaren Abdullah Jabar prøve seg. Bergsøy møter Volda fredag. Hareid har sendt eit par førespurnadar om treningskamp mot kvittrøyene, men ingenting er spikra.
Her er treningskamp-oversikta til Hareid:
Tysdag 15. desember: Ørsta - Hareid 3-0
Torsdag 21. januar: Hareid - Åram/VanKam 4-0
Laurdag 30. januar: Hareid - Gursken/Larsnes
Laurdag 6. februar: Hareid - Hødd 2
Torsdag 11. februar: Hareid - Åram/VanKam
Fredag 19. februar: Volda - Hareid
Laurdag 6. mars: Hareid - Langevåg
Laurdag 13. mars: Hareid - Skodje
Laurdag 20. mars: Hareid - Valder
Laurdag 27. mars: Hødd 2 - Hareid
(Laurdag 3. april: Hareid - Lokomotiv Oslo)
Laurdag 10. april: Hareid - FK Sykkylven
26.01. Berre 23 lag i 5.-divisjon
|
Hareid 2-trenar Rune Husø Johansen. |
Påmeldinga til 5.-divisjon viser at berre 23 lag ønskjer å delta i år. I fjor var talet 27, men tre lag rykte opp medan to rykte ned. Det einaste nye laget i høve fjoråret er Hessa, som truleg blir eit sterkt kort. Dei har mellom anna henta inn Nils Ottar Sandø.
Laga som har forsvunne vekk frå ellevarfotballen er Flø, Langevåg 2, FK Sykkylven 2 og Godøy 2/Vigra 2. Dei to sistnemnte var i utgangspunktet meldt på, men ifølgje FIKS stiller dei i staden sjuarlag. At Flø ikkje stiller lag skjer for første gong sidan langt ned på 90-talet.
Dei 23 laga som er klare:
Søre: Bergsøy 2, Gjerdsvika, Haddal, Hareid 2, Hasundgot, Hovdebygda, Kvamsøy, Sæbø, Tjørvåg, Åheim = 10 lag
Nordre: Brattvåg 2, HaNo, Ravn, Harøy, Lepsøy = 5 lag
Indre: Stranda 2, Sunnylven = 2 lag
Ålesund/Giske/Sula/Stordal: Aksla, Emblem, Giske, Hessa, MSIL, Stordal = 6 lag
Så spørs det om det blir to eller tre avdelingar. Blir det to får vi nok ei eiga Søre-avdeling med litt påfyll. Skulle det bli tre, så spøker det nok for det.
25.01. Johansen tar over Stordal
Trenarnomaden Stig Johansen skal trene 5.-divisjonslaget Stordal i 2010. Johansen har dei siste åra trena ei rekke klubbar på Sunnmøre. Mest suksess hadde han som trenar for Valder, som rykte rett opp frå 4.-divisjon og tok 2.-plassen i 3.-divisjon i 2004. Deretter rykte Johansen ned frå 3.-divisjon med Rollon, opp til 4.-divisjon med Ørskog før han tok over Spjelkavik. Der slutta han berre nokre få kampar før slutt i fjor etter to varierande sesongar.
Sjå elles stordal.nu si trenaroversikt her:
http://www.stordal.nu/index.php?option=com_content&task=view&id=1560&Itemid=1
På Skodje si nettside kan vi lese, om vi les det rett, at dei takka nei til Stig Johansen. I staden vel dei å vere utan trenar inntil vidare - som den einaste klubben i dei to øvste krinseriane.
25.01. Spelarprofilar Hareid 2
|
Eiliv. Du har ikkje sendt inn spelarprofil. |
Som kjent har januar vore månaden for innsending av profilar for spelarar og leiarar for a-laget (vi manglar framleis nokre; Kjellis, Eiliv, Erdal, trenarar/støtteapparat...). No har Hareid 2 tatt initiativ til at også dei vil ha profilar, og det har vi sjølvsagt takka ja til. Vi har lagt dei som har sendt inn under "Andre HIL-lag" --> "Hareid 2". Så det er berre å finne fram tastaturet og hive seg rundt.
Under "Andre HIL-lag" kjem vi forresten til å lagre referat og anna frå andre lag enn a-laget. Webredaksjonen har utarbeida retningslinjer for stoffinnsamling som er sendt ut, eller skal sendast ut, til lagleiarar/trenarar i yngres avdeling.
Vi ser fram til eit godt år for den beste nettside på Sunnmøre.
31 |