25.01. Neste Hareid-kamp

Hareid - Gursken/Larsnes

Laurdag 12.00. Hareidsmyrane stadion.

Vi kjem med meir info utover i veka.


25.01. "Mini" til Vika

Spjelkavik har ikkje vore den ivrigaste klubben på marknaden denne vinteren. Dei har stort sett seg til Sula*. No har dei henta Andreas "Mini "Havnegjerde (biletet), eller som hovudpersonen humotistisk seier det sjølv:
- Eg signerer i løpet av vika.
Mini spelte i Langevåg fram til sommaren 2009, då han forlot det synkande skipet for å prøve å spele MSIL opp i 4.-divisjon. Sjølv om han vart grøntrøyenes toppscorar lukkast han ikkje med det**.
Mini har vore kjent som ein Hareidsvenn, og var med på Grendacup-vinnarane "La Cosa Nostra" sitt lag i den spede byrjinga for nokre år sidan.

* Spjelkavik har tidlegare henta Langevåg-kaptein Espen Gresdal.
** Etter det vi veit jobbar MSIL framleis med å få spele i 4.-divisjon i 2010. Dei tapte kvaliken, men meiner at dei rettmessig skal spele i 4.-divisjon sidan dei var gruppevinnarar i si 5.-divisjonsavdeling. Får dei gjennom det blir både dei og HaNo flytta opp til 4.-divisjon, medan 3.-divisjons suverene jumbo Langevåg får ståplass - slik at det blir 13 lag i kvar avdeling.
*** Frå før av er det kjent at 8 av 12 lag i 4.-divisjon i år kan rykkje ned om divisjonsomlegginga blir ein realitet. Vi smiler ved tanken av at det kan bli 9 av 13...


24.01. Hareid 2 stiller lag

Etter at fotballstyret utarbeida retningslinjer for eit 2.-lag i 5.-divisjon, og desse vidare er presentert for initiativtakarane til laget, vart det søndag kveld klart at Hareid 2 stiller lag i serien også i 2010. Trenarar for laget blir Rune Husø Johansen (hovudtrenar), André Egset Nupen og Espen Beiermann. Oppmenn blir Frank Robert Moldskred, Kristian Angelsen og Kim Lillebø. Laget trenar inntil vidare to gonger per veke i Hareidhallen.

Vi har fått tilsendt denne spelarstallen frå Kristian Angelsen: Thomas Vik Myklebust, Daniel Reite, Kristian Angelsen, Alexander Paus, Stian Garnes, Rune Husø Johansen, Arve Vestne,Kim Lillebø, Gunnar Ringstad, Andre Nupen, (Einar Orten Trovåg), Paul Magne Worren, Ottar Røyset, Espen Beiermann, Olav Haug Vikebakk, Frank Robert Moldskred, Fredrik Seljeseth Bøe, Arve Haugland, Christian Åsmo, Brian Kragset, Nikolay Sundgot, Dag Gøran Brandal, Stig Andor Engen, John Anders Liaset, Roy Andre Øvrelid, Sven Aslak Veiseth.

Mange av desse var med i 2009. Ein del andre er nye. Mellom anna kjem ein del over frå Brandal. Arve Vestnes er mannen med flest Flø-kampar gjennom tidene, men Flø skal visst ikkje stille ellevarlag i 2010. Tidlegare Hareid-keeper Thomas Myklebust står i MSIL, men har visst planar om å flytte heim.

Før Hareid 2 melde på sitt lag var 23 lag klare for 5.-divisjon 2010. Dersom ikkje det kjem fleire etternølarar ser det ut som at det blir ein nedgang frå i fjor (27). Einaste nye laget i høve 2009 er Hessa. Frå Søre er desse laga påmelde i tillegg til HIL 2: Hasundgot, Haddal, Bergsøy 2, Tjørvåg, Sæbø, Hovdebygda, Åheim. Kvamsøy. Men det spørs om alle desse for komme i same avdeling, sidan påmeldinga er mindre elles på Sunnmøre.

PS. Kan vi alt konkludere med at omlegginga med å ta vekk 6.-divisjon ikkje har vore nokon suksess - eller blir krinsen redda av fleire etterpåmeldingar.

PS 2. Kvar er Gjerdsvika?


24.01. Uavgjort for guttelaget

Guttelaget opna i dag vinterkvaliken med å spele 0-0 mot Volda, som er eitt av dei sterkaste guttelaga på Sunnmøre.

Ifølgje rapportane hadde Hareid flest sjansar.


23.01. Kven er no dette?

Har vi sett den mannen før, eller liknar han berre? Svar sendast til bjorge.worren@ulstein.kommune.no


Hareid 2010

Tradisjonen tru tar vi lagbilete av Hareid også kvar vinter.
Bak frå venstre: Svein Dag Slettebakk, Fredrik Bøe, Bjørge Worren, Ådne Andersen, Håkon Orten Trovåg, Benjamin Slettebakk, Christer Adrian Mork, Benjamin Slettebakk, Ivar André Aadland, Ronny Jørgensen, Eiliv-Tore Howlid, Kjell Roger Skarshaug, Erdal Aydin.
Framme: Einar Orten Trovåg, Kevin Aarvik Hestholm, Georg Rise Gaasø, Remi Helleseth, Vagn Scheide Mork, Steffen Sjåstad Uldbæk, Joachim Røyset, Knut Helge Hovden, Per Inia Brekke.
Foto: Hans-Olav

Les intervju med Bjørge Worren: http://www.vikebladet.no/article/20100123/SPORT/100129987/1037#


23.01. Grendacup-bileta er på veg

Sølvlaget ;)

Vi har av ymse grunnar somla litt med å leggje ut bileta frå Grendacupen. Men no er dei på veg. Vi har begynt å leggje ut ein del under "Bilete" under "2009" på Grendacup-sida, og satsar på å få lagt ut alt i løpet av nokre dagar. Vi har lagbilete av så godt som alle lag (kanskje alle?), pluss litt anna. Enjoy.


23.01. Guttekvalik søndag

Hareid sitt guttelag startar kampen om plass i 1.-divisjon og NM søndag. Motstandar i Sunnmørshallen er gode Volda. Etter fleire år samanhengande i 1.-divisjon (mellom anna sølv i 2006), har guttelaget dei to siste åra spelt i 2.-divisjon. Der har resultata vore gode. I fjor tapte Hareid berre tre kampar. Så står det att å sjå om karane kjem seg gjennom den knalltøffe kvalikgruppa. Det er i alle fall mange lovande talent i spelargruppa. Trenar for Hareid sitt guttelag er i år Gunnar Aursnes.


23.01. Statistikkhjørnet: Remi er tilbake

Remi Helleseth feirar her mål i comeback-kampen. Foto: Per Inia Brekke

Statistikkhjørnet etter 4-0-sigeren mot Åram/VanKam.
* A-laget spelte for tredje gong i dei relativt nye gule reservedraktene. Første gong var mot Hødd på same tid i fjor, då fordi heimedraktene var inne for trykking. Andre gong var borte mot Godøy i august, av den grunn at også Godøy har raude heimedrakter. Denne gongen var det rett og slett slurv frå støtteapparatet si side. Draktene låg nede på vaskeriet, som hadde stengt då vi fann ut at dei skulle hentast. Så då vart det gult, ein farge Hareid framleis er ubesigra i.
* Hareid heldt nullen for første gong sidan den nemnte Godøy-kampen i fjor (0-0). Det var den eine gongen Hareid klarte det i 2009 (inkludert alle 28 kampar).
* Trenarduoen Bjørge Worren og Svein Dag Slettebakk fekk sin første siger. Den kom på andre forsøk. Som kjent tapte Hareid 3-0 mot Ørsta like før jul.
* Remi Helleseth spelte sin første Hareid-kamp sidan siste serierunde mot Rollon i 2008. Remi kom til Hareid frå Hasundgot før 2000-sesongen, og opparbeida seg lengendestatus på grunn av iherdig innsats og mange viktige mål. Skadar har øydelagt ein del for Remi, men i går var han altså tilbake. Og sjølv om han vart plassert på høgrekanten (vanlegvis spiss) så krona han comebacket med scoring. No står Remi med 184 kampar og 82 mål for Hareid.
* Georg Gaasø (17 år) fekk sin første a-kamp for Hareid. Vi gratulerer. Georg er den 490. spelaren som har a-kampar for Hareid sidan oppstartsåret 1946.
* Benjamin Reite, ikkje akkurat kjent som nokon notorisk goalgetter, scora sitt første mål for Hareid (a-lag). Vi gratulerer.
* Håkon Orten Trovåg og Christer Adrian Mork er no oppe i 2 Hareid-kampar. Det betyr at dei har passert Åge Hareide på adelskalenderen. Ikkje verst.
* Eiliv-Tore Howlid spelte sin Hareid-kamp nummer 225.
* Ronny Jørgensen scora sitt 60. mål for Hareid. Det har han brukt 73 kampar på.


22.01. Positive takter mot ÅVK: 4-0

Georg Rise Gaasø spelte sin første a-kamp for Hareid. Foto: Per Inia Brekke

Eit nykomponert Hareid-lag møtte Åram/VanKam på Hareidsmyrane Stadion fredag kveld. Forsvarsrekka var ganske så ny. Steffen Uldbæk fekk prøve ein ny posisjon som Eiliv-Tore Howlid sin makker i midtforsvaret, medan angriparen Ivar André Aadland spelte venstreback. Legenda Remi Helleseth fekk plass på høgrevingen, medan Kjell Roger Skarshaug tok den andre kanten. Benjamin Reite vart flytta opp på sentral midt. Christer Adrian Mork utgjorde ein farleg spissduo med Ronny Jørgensen. Det gjekk ikkje mange minutta før vi såg at Hareid var eit betre lag enn ÅVK. Innsatsen var god, men det stoppa litt for ofte opp rundt 16-meteren. Etter 25 minutt kom endeleg 1-0. Benjamin Reite la inn ein corner frå høgre, som Eiliv-Tore Howlid knuste i mål med pannebrasken. Før pause kom også 2-0. Og sjølvsagt var det Remi Helleseth som scora. Målet kom etter litt klabb og babb, før Remi fekk avslutta med venstrefoten! Det kladda litt for Hareid i starten av 2. omgang, men etter kvart kom laget seg opp igjen på eit respektabelt nivå. 3-0 kom etter eit langskot frå Benjamin Reite, medan 4-0 var det Ronny Jørgensen som stod for. Alt i alt ein godkjent kamp og vel så det. Det er enno tidleg, og mange av spelarane har knapt sett kvarandre før. ÅVK skapte fire-fem sjansar, men ingen av dei var spesielt farlege. Skal vi trekke fram nokon på Hareid må det vere midtbanemotor Erdal Aydin, for utrøytteleg innsats og ballvinning, og Ronny Jørgensen, som ser ut til å vere i betre form enn på lenge. Også honnør til dei gamle heltane Kjell Roger Skarshaug og Remi Helleseth på kvar sin kant.

Kampfakta:
Hareidsmyrane stadion, 22. januar:
Hareid - Åram/VanKam 4-0 (2-0)
Mål: Eiliv-Tore Howlid, Remi Helleseth, Benjamin Reite, Ronny Jørgensen
Dommar: Richard Martin Hunstad - 7 poeng
Hareid: Vagn Scheide Mork - Joachim Røyset, Eiliv-Tore Howlid, Steffen Uldbæk, Ivar André Aadland - Remi Helleseth, Benjamin Reite, Erdal Aydin, Kjell Roger Skarshaug - Ronny Jørgensen, Christer Adrian Mork.
Innbyttarar: Håkon Orten Trovåg (frå ca. 60), Georg Gaasø (frå ca. 65)

Statistikkhjørnet og bilete, mellom anna eit lagbilete, kjem seinare.


21.01. Preview: Hareid - Åram/VanKam

Fredag klokka 19.15 på Hareidsmyrane stadion.
Dommar: Richard Martin Hunstad, Hjørungavåg IL.

Hareid sin tropp: Vagn Scheide Mork, Håkon Lonbakken, Ivar André Aadland, Eiliv-Tore Howlid, Steffen Uldbæk, Joachim Røyset, Erdal Aydin, Benjamin Reite, Kjell Roger Skarshaug, Ronny Jørgensen, Christer Adrian Mork, Benjamin Slettebakk, Georg Gaasø, Håkon Orten Trovåg, Remi Helleseth...
(Oppmøte 18.30)

Som vi ser har Hareid mange forfall til denne kampen. Even Hansrud, Robert Ulfstein, Tore Ytre-Hauge, Joachim Moldskred, Svein Inge Nesset og Jan Robin Haraldsvik står alle over av ulike grunnar. Kim-Tore Husøy er på prøvespel med Hødd ut månaden. Men med desse forfalla opnar det seg for at andre får vise seg fram. Utan at vi røper noko her kan det komme eit par overraskingar i lagoppstillinga. Ser vi på troppen så kan det her bli comeback frå legenda Remi Helleseth, og Georg Gaasø kan få sin a-debut.

Hareid er laget som har heldt seg lengst samahengande i 3.-divisjon. Åram/VanKam har den same æra i 4.-divisjon. Som du då forstår har ikkje laga møtt kvarandre i serien på nesten 10 år. Sist laga møtte kvarandre var i treningskamp på Hareidsmyrane stadion i januar 2008. Då vann Hareid 8-0. Det blir neppe resultatet i morgon.

Fri inngang. Godt og varmt ver.


21.01. Profilar på veg inn

Dette er favorittspelaren til Christer Adrian Mork.

Nei, vi snakkar ikkje om kjende spelarar som er på veg til Hareid. Vi snakkar om kjentfolk i Hareid-miljøet som har levert inn profilane sine. Vi har no fått inn frå ein god del, som du ser under "A-laget 2010". Men vi vil ha alle mann alle, og du treng ikkje vere teken ut i ein a-stall for å sende inn. Det er nok å vere i miljøet på ein eller annan måte. Av interessante svar vi har fått inn til no:
- Ronny Jørgensen har Premier League som sin favorittserie/film.
- Steffen Uldbæk har "frikadeller og kartofler" som sin favorittmat.
- Robert Ulfstein sin favoritt-CD er "Blåsarane-cden".
- Ingenting er kjekkare for Joachim Moldskred enn å slå Hødd, uansett nivå.
- Vagn Scheide Mork anbefalar brenne-cden "Vagns Beste".
- Christer Adrian Mork har Kevin "Kaffi" Hestholm som sin favorittspelar.
- Mange nemner "Sopranos" som sin favorittserie.

Send inn profilane til trovaag@gmail.com


21.01. Sjur og Monica fyller år

Hareid-keeper Sjur Gjerde fyller 16 år i dag. Sjur var keeper på guttelaget i fjor, pluss at han spelte litt for juniorlaget. Han har også trena ein periode med a-laget i det siste, og har kvalitetane som tilseier at han kan bli ein veldig god keeper. Vi gratulerer han med dagen.

Monica Teigene fyller 31 år i dag. Ho er Hareid-supportar på sin hals, og sel billettar under heimekampane i tillegg til å vere med og sjå mange bortekampar. Slike folk treng vi! Vi gratulerer henne med dagen.


20.01. Hødd signerer Kleppe

Thomas Kleppe gir alt på fotballbana. Foto: facebook

Thomas Kleppe har signert ei toårskontrakt med Hødd. Kleppe kan spele både stoppar, back og midtbane, men er nok best i førstnemnte posisjon. 22-åringen er ørsting, og kan vise til å ha spelt for Ørsta (to periodar), Vartdal (lån), Hødd junior (fekk i tillegg éin a-kamp), Nest-Sotra og no sist Volda. Dermed får Hødd ein god spelar i sin 2010-stall, medan Volda mistar spelaren som imponerte for dei i fjor haust.


19.01. 5.-divisjon 2010

Onsdag er det påmeldingsfrist til 5.-divisjon. Tysdag klokka 12.00 hadde berre 14 lag meldt seg på: Aksla 1, Bergsøy 2, Emblem, FK Sykkylven 2, Godøy 2/Vigra 2, Haddal, Harøy, Hasundgot, Hovdebygda, Lepsøy, Ravn, Stordal, Sunnylven og Sæbø. Ingen av desse laga er nye i høve fjoråret. Då vart 27 lag fordelt i 3 avdelingar. Kor vidt Hareid 2 stiller lag i år er ikkje avklart endå, men det blir bestemt i løpet av denne veka.


19.01. Satsar på ny påskekamp

Lokomotiv Oslo feirar eitt av sine mange opprykk. Etter oppstarten i 1999 spelte dei seg fort oppover divisjonane. I 2010 spelar dei for andre året på rad i 4.-divisjon.

I fjor vart det for første gong arrangert kamp mellom Hareid og Lokomotiv Oslo påskeaftan. Kampen vart ein stor sukess med mykje folk på tribunane og ein god og velspelt kamp. Sidan a-laget då spelte cupkamp to dagar seinare var det eit slags Hareid 2-lag som måtte i elden, og dei vann like greitt 5-2. André Skotheim scora hattrick, medan Sturla Pilskog fann nota to gonger.  http://www.vikebladet.no/article/20090411/SPORT/594248504#. I år deltek ikkje a-laget i cupen, og det opnar for at dei i år kan møte Lokomotiv Oslo påskeaftan. "Loket" har sagt seg svært positive til å prøve å få revansj, og det er avtala at dei får nytte Hareid-spelarar som tidlegare har aksla Loket si svarte trøye.

Spelarar som spelar for Lokomotiv Oslo frå Søre Sunnmøre (henta frå liste over 2009-stallen), og som dermed blir aktuelle for denne kampen: Stian Myrene (keeper), Audun Orten Trovåg (keeper), Vebjørn Sjåstad (keeper), Bjørn Åge Storegjerde (keeper), Ronny Reite (keeper ++), Arthur Garnes, Nikolai Røyset, Svein Kåre Skeide, Steinar Egset Nupen, Marius Rise, Frank Myklebust, Åge André Karlsen, Are Olav Riise, Roy Inge Brandal, Sturla Pilskog, Ole Andreas Hjørungnes, Lasse Myrhol. I tillegg har ei rekke menn frå området spelt for klubben tidlegare.

Vi kjem sjølvsagt med meir info om denne kampen når det nærmar seg. Påskeaftan er i år 4. april.


18.01. Neste a-kamp

går fredag mot Åram/VanKam. Klokka 19.15.

Dommar: Richard Martin Hunstad


18.01. The O2 League

Christer Adrian Mork befinn seg på nivå....

Bjørge Worren har no oppdatert tabellane i O2 League, som består av Premier League, The Championship, Football League 1, Fotball League 2 og Conference League.


18.01. "Sveisen" og Ådne fyller år

Hareid-spelar Håkon Orten Trovåg (biletet) fyller 16 år i dag. Han blir kalla "Sveisen" grunna sin enorme hårvekst - som han etter alle solemerke har fått som kompensasjon for at dei eldre brørne Einar (tidlegare Hareid junior-spiss) og Audun (tidlegare Hareid-keeper) måtte legge vekk hårgeleen før dei vart myndige. Håkon fekk sin debut for Hareid i treningskampen mot Ørsta før jul. Vi gratulerer han med dagen.

Hareid-spelar Ådne Andersen fyller også 16 år i dag. I likheit med "Sveisen" fekk Ådne sin debut på a-laget mot Ørsta. Ådne er kjent for sin ekstreme kondisjon og enorme fart, og vi håper at også han kan bli ein veldig verdifull Hareid-spelar på sikt. Vi gratulerer han med dagen.


18.01. Snittalderen har auka

Under vintermøtet i Sunnmøre Fotballkrets førre veke vart klubbane oppmoda om å sende inn stikkprøver på snittalder i a-lagsstallane over ein viss periode. Dette for å ha eit grunnlag for å uttale seg når det på fotballtinget i mars skal avgjerast om 15-åringar skal få lov til å spele seniorfotball utan dispensasjon.

For Hareid sin del har vi tatt to stikkprøver, frå 2003 og 2009. Spelarar som har meir enn ein a-kamp den aktuelle sesongen blir inkludert.

I 2003 var snittalderen 21.11. 26 spelarar hadde meir enn éin kamp.
I 2009 var snittalderen presis 24. 36 spelarar hadde meir enn éin kamp.

Det er grunn til å tru at snittalderen på Hareid a-lag har auka noko lunde jamt mellom 2003 og 2009. Men vi har ikkje så langt innført passkontroll for å spele på Hareid, så vi måtte velge to sesongar der vi veit kor gamle spelarane er.

Norborg har ein grundig statistikk her: http://norborg.com/



32

Generalsponsor


Sponsorar