08.01. Benny imponerte på O2-test

Benjamin "Benny" Reite i aksjon for Hareid 2 i ein treningskamp mot Gursken/Larsnes i fjor. Foto: Åkervik Photos AS

Delar av a-stallen gjennomførte fredag O2-test i gymsalen på Skeide. Benjamin Reite var best og imponerte med å nå nivået som tilsvarar 67 i O2-opptak. Snittet for ein Tippeliga-spelar ligg på ca. 63, så vi må seie at Benny gjorde ein sterk prestasjon. Nest bestemann var guttespelaren Ådne Andersen som nådde 65. Trenar Bjørge Worren fortel at han var godt nøgde med dei som tok testen, og varslar at alle skal ta den i løpet av vinteren. Så det er ingen grunn til å trur at nokon kan snike seg vekk. Ein som også var betre enn venta var keeper Kevin Hestholm, som fekk 57 i O2-opptak. Han knuste dermed sin uttalte hovudkonkurrent Vagn Scheide Mork, som enda på 52.5.
- Bra av Kevin, men eg må avkrefte at vi er konkurrentar. Den einaste eg har som mål å legge bak meg er Even Hansrud. No tok ikkje han testen, og det gav meg ein fin sjanse til å legge press på han, noko eg meiner at eg har gjort, seier Vagn i ein kommenar til nettsida.


07.01. Nyheiter Hareid a-lag

* Alle som ikkje var på kick off-møtet før jul må sende mail med epost og telefonnummer til ole.bakken@hareid.kommune.no. Gjeld både spelarar og støtteapparat (alle funksjonar).
* Vi må dessverre meddele at Antoni Gardshol braut beinet under tysdagstreninga. Synd for forsvarsspelaren, som etter ein lovande start mista store delar av sesongen i fjor grunna skadar. Kor lenge Gardshol blir på sidelinja er førebels uvisst.
* Hareid korta litt ned på torsdagstreninga, grunna den ekstreme kulden i Hareidsmyrane. Ingen overraskingar med tanke på kven som deltok. Det er stort sett "dei vanlege" som var med hausten 2009, minus nokre som er ute med sjukdom og skadar. Fredag blir det O2-test på Skeide (innandørs).
* Det er liten grunn til å tru at Hareid kjem til å signere så mange nye spelarar før seriestart. Men den tidlegare Hødd-junioren Egzon Abazi har sagt seg interessert i å prøve seg. Så får vi sjå om han dukkar opp på trening snart.
* Under styremøtet i fotballgruppa torsdag vart det bestemt å danne ei oppmanngruppe i staden for å ha ein tradisjonell oppmann i 2010. Slik det ser ut no vil gruppa bestå av Vagn Scheide Mork (økonomi bortekampar/transport), Kurt J. Brandal (økonomi heimekampar), Einar Orten Trovåg (informasjon/administrasjon), Knut Helge Hovden (materialforvaltar), Ole Frank Bakken (ulike oppgåver). Det kan også komme inn andre om vi ser at det er hol å fylle.
* Hareid 2 i 2010? Skal det skje må nokon ta på seg å administrere/trene laget. Vi veit at mange av dei som var med i 2009 er interessert i å halde fram, men det er umogleg å ha eit slikt lag utan ein eller fleire som tar hovudansvaret. Er du interessert, ta kontakt med fotballstyret.


07.01. Hareid møter Volda

Trenar Bjørge Worren (biletet) har planlagt treningskampprogrammet saman med Einar Orten Trovåg frå styret. Hareid kjem til å møte både lag frå 3.- og 4.-divisjon i oppkøyringa.

Hareid og Volda er einige om å møtest til treningskamp i Volda fredag 19. februar. Dermed ser den førebelse treningskamp-terminlista slik ut:

Torsdag 14. januar: Hareid - Åram/VanKam
Laurdag 30. januar: Hareid - Gursken/Larsnes
Laurdag 6. februar: Hareid - Hødd 2
Fredag 19. februar: Volda - Hareid
Laurdag 6. mars: Hareid - Langevåg
Laurdag 13. mars: Hareid - Skodje
Laurdag 20. mars: Hareid - Valder
Laurdag 27. mars: Hødd 2 - Hareid

I tillegg håper vi få på plass ytterlegare nokre kampar, gjerne fleire i februar og i april før seriestart.


07.01. Grendacup-stjerne til Rosenborg

Morten Opsahl Moldskred har vore ein markant spelar i Hareidhallen mang ei romjul. Han deltok også i år på laget ;), som tapte finalen. Morten vart årets toppscorar, men ikkje årets spelar denne gongen. I 2007 vart han begge deler.

No er Morten klar for Rosenborg.
- Vi har følgt Morten lenge og bestemte oss i august, men den gongen blei vi jo ikkje einige. No er vi einige med Tromsø, men vi må også bli einige med Morten om personlige vilkår, seier Erik Hoftun til eit medium.

Moldskred er opphavleg frå Haddal, og har spelt for Hødd, Moss, AaFK, Haugesund og no sist altså Tromsø, der han har vore ein kjempehit. I 2009 var Morten også med i landslagstroppen nokre gonger. Vi ønsker han lykke til i Trondheim.


07.01. Ørjan fyller år

Ørjan Engen Grimstad rundar i dag 20 år. "Ørrå" er eit av dei største fotballtalenta Hareid har fostra, og han var fast stoppar i 2007 og 2008. Før 2009-sesongen gjekk han til Hødd, men fekk uheldigvis øydelagt sesongen med skadar. Vi håper Ørjan kjem seg på føtene og spelar fast på Hødd i år. Det er han garantert god nok til.

Grattis!


06.01. Justerte treningstider

Det har blitt gjort nokre få justeringar med tanke på a-laget sine treningstider.

Som alltid finn du treningstidene i venstremargen under Dokument.


06.01. Angelsen gir seg

Kristian Angelsen har gitt fotballstyret beskjed om at han ikkje blir oppmann for a-laget i 2010. Angelsen har hatt vervet sidan sommaren 2007, og har gjort ein solid innsats rundt laget. Mellom anna har han vore ein racar på marknadssida. Han var også sjef for Grendacupen 2009. Kor vidt Angelsen skal sitje i styret i fotballgruppa i år er ikkje bestemt endå. Sidan denne nyheita er fersk har vi ikkje oppmann på plass akkurat no, men det blir sikkert ei sak på torsdagens styremøte. Uansett ser det ut som at støtteapparartet i 2010 blir godt og breidt med mange engasjerte eldsjeler.

Vi takkar Kristian for ein kjempegod jobb, og ønsker han velkommen tilbake som oppmann ved eit anna høve.


05.01. Gu/Lars hentar ikkje fleire stjerner

Gursken/Larsnes, som skal spele i 4.-divisjon denne sesongen, melder på si nettside at også Chritsoffer Rekdal vender tilbake til heimklubben. Rekdal spelte i fjor for Hødd junior. Også Eivind Michael Søvre Myklebust kjem tilbake. Han spelte på Hødd fram til 2008 då han flytta til Bergen, men har no flytta heim til Gursken. I 2009 henta Gu/Lars heim Anders Vaagen (Hødd), Preben Sætre (Hødd), Oskar Gunnarstein (Hødd, Hareid), Marius Gunnarstein (Hareid), Thomas Sætre Hauge (Hareid) og Jan Åge Fjørtoft (klubblaus). Men no er det visst nok slutt på signeringa av gamle stjener. Det betyr at Andreas Rekdal (Hødd), Bendik Torset (Hødd), Johnny Moltubakk (SIF), Steffen Moltu (SIF) og Magnus Myklebust (Odd) ikkje blir å finne i den gulsvarte trøya i 2010.

http://www.gl-fotball.net/28737193


05.01. Stor takk

til Tor Henning Andersen, som har brukt svimlande 79 timar på å moke kunstgraset dei siste dagane. Det er berre å ta av seg hatten.


05.01. Grendacup-statistikken er no ferdig

André Skotheim, 110 mål i Grendacupen si historie.

og ligg ute på Grendacup-sida under 2009 og historikk. Det inkluderer mellom anna mål-adelskalenderen. Det er få endringar på topp 10-lista, men leiaren har bytta namn. Harald Åsland Riise har vore i tet i år og dag, men etter to mållause har no André Skotheim gått til topps med 110 mål. Både Morten G. Moldskred og Stig Haugland gjorde klyv oppover med tanke på talet på mål, men dei ligg framleis på høvesvis 3. og 4. plass. Vi har dessverre ikkje lagt ut meir enn to bilete frå cupen, grunna tekniske problem. Men satsar på å komme tilbake med det så fort som råd.


05.11. "Otta" fyller år

Hareid sin andrekeeper Håkon Lonbakken fyller i dag 19 år. Håkon er kjent for godt feltarbeid, ein beskjeden veremåte - og ikkje minst sine mange turar til Otta.

Vi gratulerer han med 19-årsdagen.


04.01. Ny webjournalist

Hareid IL Fotball har rektuttert Per Inia Brekke (15) som ny journalist for nettsida. Han skal i første omgang vere ansvarleg for dekninga av guttelaget, men er også aktuell for andre oppdrag etter kvart. Som vi veit er det opp til fleire journalistar som starta karrierene sine som journalistar på nettsida som har komme seg opp og fram etter kvart, så her er det alle muligheiter.


03.10. Første treningskamp mot Åram

Åram/VanKam frå 2008. Det var også året Hareid møtte dei sist. I ein treningskamp på Hareid i januar vart ÅVK sendt heim med 0-8. Så store siffer blir det neppe når laga møter kvarandre igjen 14. januar. Foto: Facebook

Hareid-trenar Bjørge Worren kan fortelje at første treningskamp i 2010 går på heimebane mot Åram/VanKam torsdag 14. januar. Det vart "tjuvstarta" med ein treningskamp mot Ørsta før jul. Oversikta så langt ser slik ut:

Torsdag 14. januar: Hareid - Åram/VanKam
Laurdag 30. januar: Hareid - Gursken/Larsnes
Laurdag 6. februar: Hareid - Hødd 2
Laurdag 6. mars: Hareid - Langevåg
Laurdag 13. mars: Hareid - Skodje
Laurdag 20. mars: Hareid - Valder
Laurdag 27. mars: Hødd 2 - Hareid

Som vi ser er det ingen kampar så langt mellom 6. februar og 6. mars. Det blir truleg ein andre kamp mot Åram/VanKam i det tidsrommet. Vi håper også å få til kampar mot Bergsøy, ein ny mot Ørsta, og kanskje Volda? Vi er også opne for andre motstandarar.


03.10. Førebelse treningstider

I påvente av eit lagleiarmøte ein annan gong denne månaden er det no laga til eit oppsett med treningstider som gjeld inntil vidare. Dei einaste endringane som er gjort frå det gamle er at a-laget har forandra sine tider. Dersom det fører til ein for stor "kræsj" på ei treningstid, så sei ifrå. Det er litt vanskeleg å seie kor mange som trenar ute i januar før lagleiarmøtet er gjennomført.

Treningstider_2010.xls


03.01. A-laget startar opp igjen treningane tysdag

Klokka 18.00


01.01. Måltips også i år

Sjølv om det vart "berre" 32 mål for a-laget i 2009, vart Måltips ei nyttig inntekt for fotballgruppa. Og no går vi på ei ny runde. Måltips er eit todelt tiltak. For det første gir kjøparen så og så mange kroner per mål Hareid scorar i 3.-divisjon. For det andre får kjøparen tippe kor mange mål Hareid scorar i 2010, og den eller dei som treff spikaren eller kjem nærast vinn gåvekort frå Sportssenteret Hareid. Den eller dei som kjem nest nærast får eit sesongkort for 2011 i gåve. Salet av Måltips starta under Grendacupen, og vil halde fram fram mot seriestart. Ansvarlege for Måltips 2010 er Vagn Scheide Mork, Einar Orten Trovåg og Per Inia Brekke (biletet).


31.12. Godt nytt år

frå Hareid IL Fotball!


29.12. Grendacupen: Nok ein kjempesuksess

Ja, også då Grendacupen vart arrangert for 16. gong vart det ein megasuksess, både med tanke på det sosiale og det sportslege. Alle i hallen såg ut til å storkose seg med dei mange spennande kampane - som ofte enda med overraskande resultat.

La Cosa Nostra vann herreklassen etter 4-1-siger over ;) i finalen. Alle Skal Få vann jenteklassen, medan G4mr3rz var best blant ungdommen.

Vi har lagt ut ein del info på Grendacupsida - og meir kjem dei komande dagane.


27.12. Sølv til G13

Hareid sitt G-96 lag var Søndag 27.12, med på romjulsturnering i Volda.

I fjor vann Hareid denne turneringa, der dei slo Volda i Finalen.

Årets turnering hadde fått med seg fleire gode lag, som Spjelkavik og Eid IL.

Hareid starta turneringa med kamp mot Spjelkavik 1, som var det beste av dei to laga til Spjelkavik.

Gutane starta svært bra, og vann kampen tilslutt med solide 5-2. Ein svært godt gjennomført kamp av alle spelarane.

Neste kamp var mot Vartdal, der kuleramma stoppa på solide 10-0.

Siste kamp i puljespelet var mot Volda 1, som var rangert som ”B-laget” til Volda, som også stilte med 2 lag i turneringa.

Hareidsgutane leverte nok ein gong ein god prestasjon, og vann kampen greitt 4-2. Eit skår i gleda var at keeper Ole Monrad Alme pådro seg ein strekk, som var så alvorleg at han ikkje kunne fortsette turneringa. Ole Monrad hadde stått 3 kjempekampar fram til dette skjedde.

Ludvig Jøsok Rasmussen måtte tre inn som keeper, noko som han ikkje er heilt ukjend med frå før.

I kvartfinalen møtte Hareid eit Eid lag, som etter utsegn frå trenar til Volda skulle vere svært gode.

Det starta ikkje så bra for Hareid, ettersom Eid fekk ei tidleg scoring, og klarte å stresse Hareidsspelarane på nøyaktigheit og presisjon. Det gjekk vel mest 10min, før Hareid klarte å utlikne til 1-1. Men etter dette såg ikkje laget seg attende, og vann tilslutt med greie 4-1.

Semifinalen vart det ein ny kamp mot Volda 1, som i si kvartfinale slo ut Volda 2 (på papiret det beste Voldalaget). Hareid gjekk raskt og greit opp i 3-0 leiing. Det vart bytta ein del på laget, og kampen jamna seg ut. Volda klarte å redusere to gongar. Dette betydde at Hareidsgutane nok ein gong var klare for finalen.

I finala møtte Hareid eit revansjesugent Spjelkavik 1-lag, som no hadde gjort heimeleksa si frå første kamp. Dei gjekk ut i stort tempo, og Hareidslaget vart teke på senga.

Gutane var slitne og klarte ikkje å stå mot offensiven frå Spjekavik 1, som tilslutt vann fortjent 4-2. At Spjelkavik 1 hadde ein større stall å plukke frå, vart tunga på vektskåla i denne kampen.

Hareid hadde med seg 8 spelarar, desse var: Ole Monrad Alme, Ludvig Jøsok Rasmussen, Petter Martin Bjørlykke Kløvning, Andre Teige, Chetnarong ”King” B. Haugen, Mathias Holstad Grimstad, Nils Erik Engen og Martin Mork Breivik.

I og med at Hareidhallen har vore stengd snart i 2 månader, og gutane delvis har hatt treningsfri siste månaden, må ein seie seg godt nøgd med resultata og vinnarviljen, til desse spelarane.

Dette laget har overraska meg gong på gong, det må eg seie vart tillfellet nok ein gong, då forventningane ikkje vart lagt for høgt føre denne turneringa.

Kjempebra !! Takk til alle spelarane for god innsats !


27.12. Vaktliste Grendacupen

A-lagsspelarane skal hjelpe til under Grendacupen. To mann er "på vakt" samtidig. Den eine tar linjeflagget, den andre er disponibel for andre oppgåver. Her er oppsettet for dag 1:

08.15-10.00: Svein Inge, Benjamin R
10.00-12.00: Kevin, Ivar
12.00-14.00: Kjell Roger, Joachim R
14.00-16.00: Vagn, Ingar
16.00-18.00: Even, Joachim M
18.00-20.00: Jan Robin, Benjamin S
20.00-22.00: Eiliv, Christer Adrian
22.00++ : ALLE

Oppsettet for dag 2 kjem seinare. ALLE skal hjelpe til etter finalane dag 2.

All info om Grendacupen finn du på Grendacup-sida.



34

Generalsponsor


Sponsorar