11.12. Grendacupen: Fire dagar att til påmeldingsfristen
Vi ligg an til å få 21 lag i herreklassen. "FC Eldre" må dessverre trekke seg, sidan Hødd-spelarane ikkje får delta i år. Men Marius Slettebakk jobbar med å danne eit lag på restane av det. Vi har plass til ytterlegare tre lag i herreklassen.
I dameklassen MÅ vi ha minst to lag til om klassen skal avviklast...
I u-klassen treng vi minst eitt lag til.
11.12. Opning heime mot Godøy
Den førebelse speleplanen for neste års 3.-divisjon er no klar. Hareid opnar heime mot Godøy 16. april. Deretter følgjer bortekamp mot Spjelkavik og heimekamp mot Brattvåg.
Hareid har fått 16. mai-kamp heime mot Stranda klokka 15.00.
Heile oppsettet:
http://fotball.speaker.no/FIKSfotballdataclient/ft.aspx?scr=fixturelist&ftid=81084
11.12. Linda attvalt som hovudlagsleiar
Linda Haddal Røssevoll vart under årsmøtet i Hareid Idrettslag torsdag attvalt som leiar. Ho tok over vervet på same tid i fjor, etter at Vidar Vollsæter hadde vore lagsleiar i 15 år.
Det var kkje den store dramatikken på årsmøtet. Oppmøtet var heller skralt, men fotballgruppa stilte i alle fall med folk.
Gledeleg er det å sjå den fine medlemsmassen til fotballgruppa. Frå 226 medlemmar i 2008 kom talet opp i 285 dette året. Så vidt vi veit er det rekordnotering. Grunnen er at det er starta opp nye lag nedover i klassane, samt at Hareid for første gong på lenge stilte med to seniorlag. Nest største gruppe i idrettslaget er turnen med 116 medlemmar.
10.12. Sunnmørsfotball
* Rollon står i fare for å miste storscoraren Nils Ottar "Otto" Sandø. Han har planar om å starte opp igjen Hessa sitt seniorlag. Hessa sitt styre har i fleire år vore klare på at dei ikkje vil satse på seniorfotball, men no har pipa fått ein meir behagleg lyd.
* Ein av spelarane som synest Hessa-tilbodet høyrest interessant ut er Tom Erik Olsbø. Han var i ei årrekke spiss på SIF, men gjekk før sesongen 2009 til Spjelkavik. Dessverre fekk han sesongen øydelagt med skadar. Til Sunnmørsposten seier Olsbø at han har tre val; SIF, Hessa eller Vika.
* Ein annan som kan ende i SIF er Svein Arve Alnes, som i år var spelande trenar for Godøy. Alnes har tidlegare spela i SIF, og vurderer no framtida. Han ønskjer ikkje å trene Godøy ein sesong til.
* Godøy er det einaste av dei 12 laga i 3.-divisjon som ikkje har lagt trenarkabalen. Raudtrøyene kan gå ein vanskeleg sesong i møte. Ikkje berre kan Alnes vere på veg vekk. Ifølgje våre kjelder skal Vigra vere særs interesserte i å hente Kenneth Kjevik, som tildlegare har spelt både for Valder og Vigra.
* Kato Vangen vender heim til Stranda. Spissen prøvde seg i Volda denne sesongen, og bøtta inn 16 mål i oppkøyringa. I serien vart det "berre" sju og etter kvart benkevarming for Vangen. No skal han spele 3.-divisjon for heimbygda, og han har neppe scora sitt siste mål...
* Dagmund Evebø trenar Ørsta også i 2010. Han skal i tillegg vere ansvarleg for fotball-fritidsordninga i Spjelkavik. Ørsta rykte ned frå det gode selskap i 2007, men har no ein klar ambisjon om opprykk. Det blir ikkje nødvendigvis lett. Går forslaget til seriekomitten gjennom på forbundstinget i mars, rykkjer berre eitt lag opp frå 4.-divisjon. Evebø får med seg Frode Ose som assistent.
09.12. Aydin mot nytt comeback?
|
Erdal for Hareid 2 mot Sæbø. |
Det ryktast no igjen at Erdal Aydin (20) vil satse som Hareid-spelar. Haustsesongen var han på Hjørungavåg sitt sjuarlag, etter å ha spelt fem treningskampar for Hareid 2 og ein seriekamp for a-laget tidlegare på året. Onsdag var Aydin på plass på a-lagstrening, og han verkar i god form. Alle som har sett veit at han kan hevde seg høgt opp i divisjonssystemet, men det var dette med satsing då. Hareid håper at Erdal gjer nettopp det i 2010, men ei løysing der han berre trenar og ikkje spelar kampar er uaktuell.
Ein annan som viser seg fram på Hareid-treningane for tida er legenda Christer Adrian "Bromle" Mork (19). Han har bøtta inn mål i aldersbestemte klassar i årevis. No har han gått ned nesten 40 kilo på eitt år, og skotet hans er tungt som alltid. Skjegg har han også fått. Kanskje spelar han seg inn i a-stallen?
Elles er det lite nytt å melde på spelarfronten. Som tidlegare nemnt trenar Jan Robin Haraldsvik (20) med Hareid. Kva det blir til veit vi ikkje enno. Han er den einaste eksterne som har vist seg fram hittil.
Ikkje alle spelarane som er venta å bidra for Hareid i 2010 har begynt å trene, men oppkøyringa er ennu ung.
09.12. G16 skal spele kvalik
Som vanleg blir det spelt kvalifisering til 1.-divisjon for G16 og G19 i januar og mars. Yngres-styret har bestemt at G16 skal meldast på. G19 skal ikkje spele kvalik, for dei skal likevel spele i 2.-divisjon. Grunnen er at laget kjem til å bli veldig ungt, og då vil 2.-divisjon vere eit passande nivå. Trenarkabalane for dei to laga er ikkje lagt, men Gunnar Aursnes skal visst nok ha meldt si interesse for å trene guttelaget.
09.12. Avtala treningskampar for Hareid så langt
Laurdag 6. mars: Hareid - Langevåg kl. 12
Laurdag 20. mars: Hareid - Valder kl. 12 el. 13
08.12. Ruben har signert for Hødd
Ruben-Kenneth Brandal har signert ein toårsavtale med Hødd. 19-åringen kom frå Hareid før sesongen, men har berre hatt rekruttkontrakt fram til no. Inkludert alt har Ruben 14 a-kampar og eitt mål for Hødd. Han var fast venstreback på Hareid i 2007 og 2008. I Hødd har han blitt brukt mest lenger framme på bana.
08.12. Bergsøy slår på stortromma
Fosnavåg-laget Bergsøy har som mål å bli eit av dei tre beste på Sunnmøre. No har dei henta inn to spelarar frå Litauen; Andrius Petreikis og Kestutis Deveika. Bergsøy har skaffa seg desse gjennom ein agent. Så vidt vi veit er dette første gongen eit 3.-divisjonslag på Sunnmøre ser seg så langt utanom landegrensene for å signere nye spelarar, om vi då ser vekk frå ymse AaFK-floppar som ikkje har kome med på a-laget deira (jamfør Adam Scumawitch eller kva han heitte). Ørsta henta sesongen som var inn eit par mann frå Island, men dei flytta tilbake igjen rimeleg kjapt. Elles er det ikkje uvanleg kost i Nordfjord (Stryn, Tornado) at islandske spelarar blir signert. Men vi har altså ikkje høyrt om baltiske før no.
Les meir om Bergsøy-satsinga her: http://fotball.smp.no/incoming/article157152.ece
07.12. Møteinnkalling
Dato: Tysdag 08.12.09
Tid: 2000- 2130
Stad: Festsalen i Hareid klubbhus
Innkalla:
Trenarar/ lagleiarar for G16, sesongen 2009
Trenarar/ lagleiarar for SG14 sesongen 2009
Trenarar/ lagleiarar for LG13 sesongen 2009
Yngres styret 2009
Sportskoordinator Hareid IL
Føresette for dei gjeldande laga. (Vi bed lagleiarane bringe innkallinga til dei føresette).
Saker:
Inndeling av dei ulike laga sesongen 2010.
Det har kome signal om at vi har ulike meiningar om korleis vi skal dele inn dei ulike laga før sesongen og kva vi skal ta omsyn til. Vi har i utgangspunktet retningslinjer frå NFF og Sunnmøre fotballkrets, men vi ønskjer ein open dialog i fotballgruppa om korleis vi skal gjere det.
Sidan dette har vore eit tema utan at det har vore teke opp som sak i styresamanheng vil vi inkludere alle som har tilknyting til dei gjeldande laga.
Med helsing
Yngres styret Hareid IL
07.12. Hødd-spelarane blir nekta Grendacup-deltaking
Grendacup-styret har no fått bekrefta frå Hødd at spelarane deira med proffkontrakt ikkje får spele Grendacupen eller andre innandørscupar i vinter. Det betyr at fleire påmelde spelarar ikkje får spele, og minst eitt lag står i fare for å måtte trekke seg. Hødd begrunnar innandørs-nekten med fare for skadar, men skadd kan ein vel bli heile tida? Og betyr dette at Hødd også må ta ut spelarane sine frå gymtimane?
06.12. Hareid eller Bergsøy?
|
Hareid mot Bergsøy på Hareid stadion i 2005. Hareids Even Hansrud i duell mot Bergsøys Per Ståle Nykrem. Hareid vann 4-0 og etter den sesongen gjekk sistnemnte til Hareid... (Foto: bergsoy.com) |
Hareid og Bergsøy skal i 2010 møte kvarandre igjen i seriespel etter tre år på ulike nivå. Då får vi vite kven som er beste av rivalane. Men kven er eigentleg best, sånn historisk sett? Vi har tatt for oss dei siste 30 sesongane.
06.12. A-laget trenar
måndag 18.00 og onsdag 18.00.
Det blir forsøkt å få til ein treningskamp mot ein lokal motstandar i slutten av veka, men vi har ikkje spikra noko.
06.12. Grendacupen: 21 herrelag klare
Det 21. herrelaget er "Bizim Takim", eit slags Tyrkia/Hjørungavåg-basert lag. Les meir på Grendacup-sida.
No er det tre ledige plassar i herreklassen. 9 dagar igjen til påmeldingsfristen, så heng i...
I dame- og ungdsomklassen går det framleis treigt. Eitt damelag og tre ungdomslag er litt i minste laget. Men det er framleis nokre dagar igjen...
05.12. Hugsar du denne kampen?
Andreas Moldskred rydda litt på klubbhuset tidlegare i år. Då fann han ein kampplakat frå oppgjeret mellom Hareid og Stabæk i 1992. Hareid rykte ned, medan Stabæk enda på 3. plass den sesongen. To år seinare rykte Stabæk opp til Tippeligaen. Dei siste tre sesongane har Stabæk enda på høvesvis 2.-, 1.- og 3.-plass på øvste nivå, medan Hareid befinn seg nokre hakk lenger nede...
04.12. Utbetra historikk
|
Hareid med fyldig benk borte mot Langevåg i fjor. Etter kampen leia Hareid 3.-divisjon, seks runder før slutt. |
Arbeidet med å betre historikken på nettsida held fram. No har vi lagt til tabellar for sesongane på 90- og 00-talet. Vi har også fått på plass ein funksjon som vi kallar "snacks" under nokre av åra. Mellom anna kan du klikke deg inn på sesongen 2000 og lese referatet til MSIL frå då dei tapte 18-2 mot Hareid...
04.12. Kurseth til Bergsøy
Andreas Johann Kurseth har signert ein treårsavtale med Bergsøy, les vi på http://www.bergsoy.com/. KurZ spelte for Hareid år, men fekk spolert sesongen med skadeproblem. No held den tidlegare Hundeivik-, Stranda-, og Hødd-spelaren altså fram i Fosnavåg. Det nyopprykka 3.-divisjonslaget testar også ut no spelarar frå Litauen. Dei satsar hardt der ute altså.
Uansett, vi takkar Andreas for opphaldet på Hareid.
03.12. Klubbkveld på Sportssenteret i dag, 16.30-18.30
- Alle varer i heile butikken -20% Rabatt !!
- Merkevarer som Umbro, Skogstad, Bergans, Adidas, Asics, Stormberg, Devold +++
- Ekstra tilbod: Umbro joggebukse før kr.399,- no kr.199,-
- Ekstra tilbod: Umbro fotballsko før kr.999,- no kr.299,-
- Gjelder for alle medlemar i Yngres Fotball og Senior Fotball.
03.12. Skal trene med Hødd
|
Kim-Tore Husøy i duell mot Blindheims Aleksander Ervik i fjor. FOTO: J.H. Djupvik |
Årets Hareid-kaptein Kim-Tore Husøy skal trene med Hødd i desember og januar. Det har Hareid, Hødd og Husøy blitt einige om. Ifølgje ein debattant på Hødd-forumet er det gode nyheiter for dei. Men kor vidt det blir ein overgang er sjølvsagt altfor tidleg å seie. Husøy vart årets Hareid-spelar i 2004 og 2006, toppscorar totalt i 2008, og toppscorar både totalt og i serien i 2009. Han har 198 Hareid-kampar og 76 mål. Så å seie at dette er ein viktig Hareid-spelar er ikkje feil.
03.12. Færre mål i futsal
Volda sin sjefsforskar Johann Roppen har no sett seg grundig inn i konsekvensane av omlegginga til futsal i inne-KM. Han har kome fram til at det blir scora drastisk færre mål i futsal, og at kampane ikkje vart jamnare.
Les artikkelen her: http://www.vti-fotball.no/default.asp?page=1&article=2132
36 |