03.12. Divisjonsomlegging - la det bli med tanken
I mars skal forbundstinget bestemme om det blir ei omlegging av divisjonssystemet frå og med 2011, noko som får store konsekvensar også for 2010-sesongen. Det er den såkalla seriekomiteen som har kome med forslag om omlegging. Dei vil at avdelingsvinnarane i 3.-divisjon skal rykkje direkte opp, og ikkje måtte spele kvalifisering sånn som det no har vore ein del år. Det finst døme på lag som ikkje tapte ein einaste kamp i 2009 som likevel ikkje rykte opp. Og akkurat det momentet forstår vi. Det kan sjølvsagt vere kjedelig å vinne éin serie, og spele i den same sesongen etter.
02.12. Berre Godøy manglar trenar
Ifølgje ei oversikt vi har lånt frå stordal.nu er det no berre Godøy som manglar trenar av laga som skal spele i 3.-divisjon neste år. Alle dei andre laga har minst éin trenar på plass:
| Klubb | Trenar(ar) | ||
| Spjelkavik | Geir Hansen | ||
| Brattvåg | Oddmund Otterlei | Frank Dalhaug | |
| Valder | Jan Ove Lange | ||
| Volda | Arild Hagen Bakke | Lars Johan Holsvik | |
| Hareid | Bjørge Worren | Svein Slettebakk | |
| Norborg | Ivar Roald | ||
| Stranda | Bjarne Johansen | Thomas Roset | |
| Rollon | Stig Monsen | ||
| Hødd 2 | Kenneth Moldskred | ||
| Bergsøy | Lars Petter Rønnestad | ||
| Herd | Rune Ulvestad | Eirik Hoseth | |
| Godøy | ----------------- | ||
Av lokale lag nedover i systemet så ser vi at Odd Arne "Odden" Seljeseth skal trene Åram/VanKam. Mannen som har trent mange lokale lag er kanskje mest kjent for å ha vore "mannen bak" Flø, der han har vore trenar i 12-13 år. Odden har trena ÅVK før, og hatt suksess med dei i 3.-divisjon. ÅVK er det 4.-divisjonslaget som har overlevd lengst på nivået. Dei rykte ned frå 3.- i 2001, og har sidan heldt seg i den nest øvste krinsserien. Kor vidt dei blir der også i 2011 kjem nok veldig an på om det blir divisjonsomlegging.
Som vi tidlegare har meldt, skal Anders Vaagen trene Gursken/Larsnes. Det nyopprykka 4.-divisjonslaget legg opp til tre-fire treningar i veka. Skal vi tippe at dei rykkjer opp på direkten?
Kven som skal trene dei lokale 5.-divisjonslaga veit vi enno ikkje. Det blir framleis jobba med å skaffe ein eller fleire trenarar til Hareid 2, men vi har ikkje noko konkret å melde om det per dags dato.
02.12. Misnøye med futsal
|
Handballmål er ikkje spesielt lett å score på. Her prøvar Ørskog å score på Hareid, men dei fekk ikkje ballen bak Rune Husø Johansen, Espen Beiermann, Gunnar Ringstad og Vagn Scheide Mork. |
Det er ikkje berre Hareid som mislikte sterkt omlegginga til futsal-reglar under årets inne-KM.
Det kan du lese om her: http://www.vti-fotball.no/default.asp?page=1&article=2128
Norborg har visst nok planar om å arrangere eit alternativt inne-KM neste år om reglane ikkje blir endra. Det har faktisk Hareid også diskutert laust internt.
01.11. Slettebakk inn i trenarteamet
Svein Dag Slettebakk blir assistenttrenar for Hareid i 2010. Det er ei løysing både hovudtrenar Bjørge Worren og fotballstyret er godt nøgde med. Svein Dag har vore engasjert i Hareidsfotballen i mange mange år. I år og også fleire gonger tidlegare har han trena juniorlaget. Han har også vore trenar for guttelaget og andre aldersbestemte lag. Saman med Ottar Pilskog utgjorde han a-laget sitt tredje (!) trenarteam i krisesesongen 1998 ein kort periode. Som spelar fekk han 63 a-kampar og eitt mål. Svein Dag er far til Ole Petter, Daniel og Marius, som alle har spelt for Hareid.
Fotballstyret er også i ein positiv dialog med Vagn Scheide Mork om å vere med i trenarteamet som keepertrenar.
30.11. Grendacupen: Har meldt på eit brukbart lag
Lag nummer 20 er klare for Grendacupens herreklasse. Det betyr at det to veker før påmeldingsfristen alt er meldt på fleire herrelag enn i heile fjor.
Det 20. laget er "Eit brukbart lag". Dei har mellom anna meldt på to brør frå Hjørungavåg og ein Hareid-spelar frå Sørvest-Norge. Les meir på Grendacup-sida.
30.11. 17 mann på første trening
A-laget starta måndag oppkøyringa til 2010-sesongen. 17 mann møtte opp på ei bane som var rydda for snø takka vere Tor Henning Andersen. Ingen store overraskingar når det gjeld kven som dukka opp. Guttespelarane Ådne Andersen og Håkon Orten Trovåg deltok, elles var det kjende fjes. Ronny Jørgensen er for tida i Syden, Tore Ytre-Hauge har ikkje flytta opp frå Bergen endå, og Per Ståle Nykrem var utsliten etter inne-KM. Elles var dei sentrale spelaren på plass ifølgje rapportane.
Andreas Johann Kurseth kan kome til å bli Bergsøy-spelar neste sesong. Fleire klubbar har meldt si interesse for han, men han er ikkje signert av nokon endå. Kurseth studerer for tida i Volda.
Neste a-trening blir onsdag 18.00.
30.11. Grendacupen: Stille før stormen?
|
Grendacup-sjef Kristian Angelsen. Foto: Sondre Åkervik |
Etter storinnrykket av lag for ei god veke sidan, har det vore litt stille i det siste. Påmeldingsfristen er 15. desember, så det er relativt god tid for påmelding i dei fleste av klassane.
- Vi er no oppe i 19 herrelag, og eg veit om to eller tre til som kjem til å melde seg på. Men vi skulle helst hatt 24, for 22 eller 23 lag er eit litt vanskeleg tal med tanke på oppsett av gruppespelet. Så her er det berre å hive seg rundt og samleg ein gjeng, seier Grendacup-formann Kristian Angelsen til nettsida.
I dameklassen har det berre kome inn eitt lag, medan det til no er meldt på tre ungdomslag.
- Eg ber no damene og ungdommen om å danne lag og melde dei på. Eg ser at tre ungdomslag er meldt på, og eg veit at det kjem minst eitt til. Men for ungdommen sin del hadde det vore kjekt om vi fekk inn fem eller seks lag. På damesida er det vel blitt ein tradisjon å melde seg på i siste liten. Vi er veldig lystne på å få ein dameklasse også i år, men vi må ha minst tre lag om det skal bli nokon cup for dei, kommenterer Angelsen.
28.11. A-lagstrening måndag
No startar for-oppkøyringa.
Måndag 18.00.
NB! Ta med joggesko
29.12. G14 rauk på hjørnespark
Hareid sitt småguttelaget avanserte søndag til kvartfinalen i inne-KM. Motstandar var Herd. Men det vart ikkje scora eit einaste mål verken i ordniær tid eller i ekstraomgangane. Dermed gjekk Herd vidare på fleire hjørnespark enn Hareid...
29.11. Kvartfinale-exit for Hareid 2
Hareid 2 møtte rutinerte Brattvåg Old Boys i kvartfinalen i inne-KM. Kampen var jamn med Hareid som eit hakk betre, men det var Brattvåg som var flinkast til å score mål. Dei leia 1-0, 2-1 og 3-2, før Hareid reduserte eitt minutt før slutt. Det låg an til ekstraomgangar, men like etter sette Arnel Colic inn sitt tredje for dagen og sende BOB vidare. For Hareid scora Rune Husø Johansen, Peter Paus og Fredrik Bøe.
Alt i alt greit av Hareid 2 å nå kvartfinalen, men litt surt at denne kampen bikka feil veg.
Hareid IL Fotball kjem til å sende eit skriv til krinsen der vi ber om å endre reglane tilbake til dei gode gamle. Dette futsal-greiene er ikkje liv laga.
28.11. G14 ubesigra i gruppespelet
Ikkje berre Hareid 2 som har vore i aksjon innandørs i helga. G14 deltar i inne-KM i Stordalhallen. Dei vann tre og spelte uavgjort éin kamp i gruppespelet, og er klar for mellomspelet søndag.
Meir info her:
http://www.mylivescore.no/projection/home.php?tourid=32
28.11. Tore fyller år
|
Tore vart henta heim til nokre kampar i haust, her borte mot Godøy i august. |
Hareid-spelar Tore Johan Ytre-Hauge fyller 29 år i fag. Tore har dei siste to åra budd i Australia og Bergen, men flyttar heim til jul. Vi gratulerer Tore med dagen.
28.11. Inne-KM: Hareid 2 møter Brattvåg Old Boys
Brattvåg Old Boys var suverene i si mellomspelgruppe, og blir Hareid 2 sin motstandar i kvartfinalen søndag. Ein må ikkje la seg lure av at dette laget kallar seg old boys. Det er nemleg ein gjeng svært gode innespelarar, som til dømes Arnel Colic og Frank Dalhaug. Mykje rutine i den garden.
Kvartfinalane:
Brattvåg OB - Hareid 2
Valder - Volda
Gursken/Larsnes - x
Brattvåg 1 - x
Søndag morgon kjempar Åheim, Åram/VanKam, Stordal og Vigra om dei to siste billettane.
28.11. Hareid 2 vidare i inne-KM: Vann 3 av 4 kampar laurdag
Hareid 2 er vidare til steg 3 av 3 i inne-KM etter å ha enda som nummer to i si gruppe, og spelar kvartfinale søndag klokka klokka 13.40. Det må seiast å vere ein sterk prestasjon av eit 5. divisjonslag.
Laurdagen kan oppsummerast slik:
Hareid - Valder 2-4. Hareid sleit med å kome i gang, og dei som ikkje var med sist helg trengte tid for å sette seg inn i futsal-reglane. Valder er eit veldig godt innelag, og HIL låg under 4-1 til pause (det spelast 2x14 min). 2. omgangen var langt betre frå Hareid si side. Mål: Per Ståle Nykrem 2
Hareid - FK Sykkylven 6-0. Sykkylven stilte eit relativt ungt lag, og hadde heller lite å stille opp med mot det rutinerte Hareid-laget. 4-0 til pause, og deretter ein ganske roleg 2. omgang. Mål: Per Ståle Nykrem 2, Fredrik Bøe 2, Peter Paus 2.
Hareid - Hasundgot 3-2. Dimningane hadde 0-24 i målforskjell før denne kampen. Hareid gjekk i undervurderingsfella, og var på ingen måte fokuserte. Etter at H-got utlikna til 1-1 fekk dei ein voldsom sjølvtillit i laget, og skapte trøbbel for det slappe Hareid-mannskapet. Faktisk måtte Per Ståle Nykrem ofre seg og få raudt kort i sluttsekunda for at Hasundgot ikkje skulle kontre inn 3-3.
Mål: Peter Paus 2, Steffen Uldbæk.
Hareid - Ørskog 9-0. Arrangørlaget hadde imponert litt i turneringa før denne kampen. Hareid bestemte seg tidleg for å reise kjerringa etter Hasundgot-nesten-flausa. Denne kampen var så godt som perfekt gjennomført frå minutt 0 til 28. Måla hagla inn, og ein del av dei var veldig fine også. Gunnar Ringstad vart utvist nokre minutt før slutt, og må stå over kvarten. Spelar Hareid som denne kampen i kvarten, så kan det bli spennande...
Mål: Fredrik Bøe 4, Gunnar Ringstad 2, André Nupen 2, Steffen Uldbæk 2.
I tillegg bomma Vagn Scheide Mork på ei straffe.
27.11. Inne-KM laurdag
Hareid har igjen eitt lag i sluttspelet i denne såkalla futsal-sporten. Det er Hareid 2, som vann si innleiande gruppe. Laurdag går første kamp alt klokka 09.00 mot Valder i Ørskoghallen. Hareid møter også Hasundgot, Sykkylven og Ørskog.
Hareid 2 sin tropp:
Kim-Tore Husøy
Espen Beiermann
Fredrik Bøe
Peter Paus
Steffen Uldbæk
Gunnar Ringstad
Rune Husø Johansen
Per Ståle Nykrem
Even Hansrud (?)
André Nupen
Vagn Scheide Mork
Manager: Einar Orten Trovåg
Nordicbet har sett opp odds for sluttspelet. Dei gir HIL II 17 i odds på gull. 11 lag er betre ranka. Men Hareid blir rekna som nest best i si femlagsgruppe.
http://www.nordicbet.com/selection?cmd=choose&category_id=9207
LIVE:
http://www.mylivescore.no/projection/home.php?tourid=30
27.11. Hovden har flest år som støttespelar på 2000-talet
|
Knut Helge Hovden var med i teamet til a-laget i ni av ti år på 2000-talet. Foto: Sondre Åkervik |
Nettredaksjonen har utarbeida ei oversikt over kven som har hatt ulike verv for Hareid IL Fotball Senior på 2000-talet. Det gjeld trenarar, oppmenn, materialforvaltarar, styremedlemmer, arrangement, web, med meir.
Vi har brukt årsmeldingane som rettesnor, men dei har ikkje alltid med alle støttespelarane. Til dømes har vi ein mistanke om at Monica Teigene (billettar) har bidrege sidan langt ned på 2000-talet, men ikkje blitt kreditert for det... Også Harald Aasen (anlegg/arrangement) og Håvard Røyset (materialforvaltar 2000+speaker) har nok vore med meir enn dei høvesvis tre og to sesongane dei er nemnt.
Men den infoen vi har seier oss følgjande:
9 år:
* Knut Helge Hovden har vore med i ni av dei ti sesongane dette tiåret. I 2001 var han både materialforvaltar og med i apparatet til Hareid 2, sidan har han vore materialmann.
5 år:
* Peter Liavåg sat som kasserar frå 2003 til 2007. Det gir han fem år i apparatet. Men det høyrer med til historia at Peter har hjelpt oss med økonomien også i 2008 og 2009.
* André Skotheim var assistenttrenar i 2004 og (i alle fall minst halve) 2005, og hovudtrenar frå 2007 til 2009. Det betyr at han får notert fem år i apparatet.
* Vagn Scheide Mork var styremedlem frå 2005 til 2009. Sistnemnte sesong var han også assistenttrenar.
4 år:
* Kenneth Moldskred var hovudtrenar frå 2003 til 2006.
* Kristian Angelsen, oppmann i 2004, 2007, 2009, oppmann+web 2008
* Einar Orten Trovåg, web 2005-2007 + formann/web/HIL2 2009
* Sondre Åkervik, web 2006-2009
* Jan Endre Rise, nestleiar 2006, formann 2007-08, styremedlem 2009
3 år:
* Tor Henning Andersen, kasserar 2000-02
* Stein Arve Rise, oppmann 2000 + 05-06
* Anders Riise, styremedlem 2000-02
* Knut Ertesvåg, trenar 2000-02
* Johs Riise, sportsleg leiar 2001, oppmann 2002, assistenttrenar 2007
* Per Jarl Johannessen, formann 2003-05
* Olav Sindre Rise, styremedlem 2006-09
Og så er det mange som står notert med ein og to sesongar, pluss mange som burde vore notert men ikkje blitt det.
Heile oversikta:
Stotteapparat-tillitsvalde-HIL-2000-2009.xls
- Målet er å frå no av dele ut 5-og 10-årspokalar til dei som har bidrege for a-laget på ulike måtar.
- Dersom nokon finn feil og/eller føler at dei ikkje har blitt kreditert for sin innsats, ta kontakt.
Einar Orten Trovåg
26.11. Vellukka kick off-møte
|
Bjørge i Hareid-gensar for første gong på ein del år. |
Torsdag heldt fotballgruppa kick off-møte på ungdomsskulen. Ingen overraskingar når det gjeld kven som møtte opp. Stort sett var det gamle travarar. Jan Robin Haraldsvik deltok. Han spelte for Hareid i 2008, og verkar no interessert i eit comeback. Også André Nupen dukka også opp. Han trappa ned før haustsesongen, og kan no vere aktuell for eit opptrapp.
Frå støtteapparatet møtte formann Ole Frank Bakken, styremedlem Einar Orten Trovåg, trenar Bjørge Worren og materialforvaltar Knut Helge Hovden.
Trovåg opna møtet med å fortelle om status for støtteapparatet. Det er enno ikkje bestemt kven som blir Bjørge sin assistent. Hovden blir med vidare. Årets oppmann Kristian Angelsen har tilbod om å bli med vidare, og har sagt han bestemmer seg rundt nyttår.
Vidare heldt Bakken eit føredrag om Fair Play (sjå sak under), og elles snakka han om sine tankar for 2010-sesongen. Bjørge fekk så ordet. Han fortel at han frå nyttår av legg om til fire treningar i veka når det ikkje er treningskamp. Talet på privatkampar blir elles auka i høve 2009. Bjørge vil minst ha ti. Den første kan kome alt før jul. Hareid er i dialog med Hødd 2 om ein kamp midt i desember.
Møtet varte i ca. 80 minutt, og stemninga i leiren var god. Alle ser ut til å vere innstilte på å gjere ein jobb for å få laget på rettesida av streken i 2010.
Første trening blir måndag. Tidspunkt kjem vi tilbake til seinare.
26.11. Hareid blir Fair Play-klubb
|
Framme frå venstre: Ole Frank Bakken (formann), Kim-Tore Husøy (kaptein), Even Hansrud (visekaptein), Knut Helge Hovden (materialforvaltar), Bjørge Worren (trenar). |
Hareid IL Fotball Senior skal frå og med no ha eit større fokus på Fair Play. Under torsdagens kick off-møte heldt formann Ole Frank Bakken eit føredrag om korleis Hareid skal bli betre, eller rettare sagt meir bevisste - på Fair Play. Alle spelarane som deltok på møtet skreiv under på ei FP-kontrakt, som bind dei til å følgje ein del punkt.
24.11. Hugs kick off-møtet torsdag
Møtet er for alle som er interesserte i å spele for Hareid a-lag i 2010.
Torsdag klokka 19.00, ungdomsskulen, møt opp utanfor garderobene på klubbhuset.
25.11. Vaagen vender heim
Rykta har gått i nærare eit år, men no er det bekrefta på Gursken/Larsnes sine nettsider: Anders Vaagen vender tilbake til moderklubben etter fem år i Hødd pluss eit opphald i Bergsøy. Vaagen skal trene G/L, men det ligg an til at trenarteamet blir forsterka slik at han får spele sjølv også. G/L sin offensiv etter å få tilbake tidlegare spelarar held altså fram. Kvintetten Marius og Oskar Hammer Gunnarstein, Thomas Sætre Hauge, Preben Sætre og Leiv Sindre Muren vart henta heim i sommar. For eit par veker sidan kom Jan Åge Fjørtoft tilbake, og no altså Vaagen. Det ligg også i korta at Eivind Myklebust kjem tilbake ut på våren ein gong. Då er det berre SIF-duoen Johnny Moltubakk og Steffen Moltu pluss Lillestrøm-spiss Magnus Myklebust som manglar før så godt som alle gamle-stjernene som har prøvd seg ute er tilbake. Kanskje er det dei GL-fotball siktar til når dei skriv "Gledelig nok tyder mykje på at vi beheld spelarstallen frå 2009-sesongen, og kanskje kjem det endå fleire "gamle" stjerner tilbake."
37 |