25.11. "Rubå" scora for Hødd

Foto: Jan Henrik Djupvik

Hødd spelte onsdag treningskamp mot Volda, og vann 2-0. Ruben-Kenneth Brandal frå Hareid scora eitt av måla. Brandal vart eit fast innslag i Hødd-troppen denne sesongen, men har enno ikkje fått a-kontrakt med klubben. Det skal han visst nok få om ikkje lenge.

Ørjan Engen Grimstad kom inn som innbyttar.


24.11. Øvrelid gjenvalt som yngres-leiar

Ronald Øvrelid blir leiar for Hareid IL Fotball Yngres også i 2010. Øvrelid gjorde ein god jobb i 2009, så at han held fram ser vi på ei god løysing. Elles er det ein del rokkeringar i styret.

Heile yngres-styret:
Leiar: Ronald Øvrelid
Nestleiar: Johannes Christian Riise
Kasserar: Ann Kristin Soldal (ny)
Styremedlemmer: Sindre Breivik, Siv Monika Brandal (ny), Lene Veiseth (ny)

Ellionar Bolstad Banne, Gry Håberg og Arve Holstad går ut av styret. Takk til desse.

Yngres-leiaren møter også på fotball senior sine møte.


24.11. Hareid-spelarar dominerer Hødd 2-adelskalenderen

Robert Ulfsten(3) toppar Hødd 2 sin adelskalender. I treningskampen mot gamleklubben Hødd i januar herja "Hebbe" på venstrekanten. Her prøver Andreas Sørgård Olsen å halde styr på han.  FOTO: EOT

I sin nyleg ferdige årsmeldinga til Hødd si fotballgruppa ligg det ved ein oppdatert Hødd 2-adelskalender, som gjeld seriekampar i 3.- og 4.-divisjon for laget. Og i toppen av lista er det nesten overraskande mange med tilknyting til Hareid. Robert Ulfsten toppar lista med 106 kampar. "Hebbe" var mange år i Hødd-stallen, men etter ein kjapp visitt innom Hareid i 2004 reiste han til Spania. Der vart han til 2008, då han gjorde fotball-comeback med spel for Bergsøy på hausten. I år har Robert igjen spelt for Hareid, men skadar øydela mykje av sesongen for han. Andreplassen på lista har Øystein Vik Myklebust med 100 kampar. Han har aldri spelt for Hareid, men deltok på ein del treningar i i vinter. To kampar bak på ein tredjeplas kjem Mads André Værnes. Han var sommarvikar for Hareid i år, og fekk med seg tre kampar. No bur han i Oslo. På fjerdeplass finn vi Andreas J. Kurseth med 81 b-kampar. Han spelte for Hareid i år, men vart ute med skade i peridoen juni-september. Kvar han spelar neste år er ikkje spikra. Mange klubbar har forhøyrt seg, men KurZ er framleis ønska på Hareid. På plassen bak ligg ein mann som er ganske kjent for oss. Vagn Scheide Mork har nemleg 75 Hødd 2-kampar. Han har i tillegg stått 78 a-kampar der ute. For Hareid har Vagn over 250 a-kampar, så det er nesten slik at vi kan kalle han litt rutinert. Sjetteplassen på adelskalenderen har Ulrik Wingsternes. Han har aldri spelt for Hareid, men har delteke på Grendacupen ein del gonger. På 7. plass finn vi Olav haug Vikebakk. Han spelte for Hareid i 2005 og 2006. På plassen under ligg Jørn Lindseth. Torgeir Rusten har 9. plassen. Han spelte for Hareid i 2008 og litt denne våren, men forsvann etter kvart til Liverpool.
Andre eit stykke opp på Hødd 2-adelskalenderen som har spelt for Hareid:
15. plass: Dag Gøran Brandal
16. plass: Jon Erik Ertesvåg
22. plass: Harald Åsland Riise
31. plass: Ole Petter Slettebakk
38. plass: André Skotheim
39. plass: Ole Magnus Melchior
51. plass: Georg Aursnes
57. plass: Rune Husø Johansen
58. plass: Steffen Uldbæk


22.11. Hareid 2 opnar i Ørskoghallen

Tidleg opp neste laurdag for Hareid 2, som får æra av å spele opningskampen i inne-KM-sluttspelet i Ørskoghallen. Kampstart 09.00 mot Valder...
Hareid 2 har kome i gruppe med fem lag, sidan arrangørlaget Ørskog har fribillett.
Hareid møter altså Valder, Ørskog, Hasundgot og Sykkylven i gruppespelet, og får ingen lett veg til kvartfinalen. Ifølgje trenarduoen Beiermann/Trovåg kan det bli aktuelt å supplere mannskapet som spelte på Åheim med ein mann eller to.


22.11. Inne-KM senior: Hareid 2 gruppevinnarar, Hareid 1 ute

http://www.mylivescore.no/projection/home.php?tourid=48

Hareid-kampane:

* Hareid II - Bergsøy 2-0
Grei siger mot eit toppa Bergsøy-lag, lyd rapportane frå Åheim. Hareid låg lågt i bana og satsa på kontringar, medan Bergsøy hadde ballen nesten heile tida. Keeper Kim-Tore Husøy redda det som kom. Gunnar Ringstad og Peter Paus scora for Hareid.
* Hareid - Bergsøy II 1-1
Ivar André Aadland scora for Hareid.
* Hareid II - Hovdebygda 0-1
Det betyr at Hareid 2 truleg må slå Åheim i siste kamp for å avansere.
* Hareid - Gursken/Larsnes 4-1
Mål av Svein Inge Nesset (2), Eiliv-Tore Howlid og Benjamin Slettebakk
* Hareid II - Åheim 5-3
Svært dramatisk kamp der Hareid låg under 3-1. Hareid sine mål kom ved Kim-Tore Husøy (2), Steffen Uldbæk (2) og Peter Paus. Hareid 2 er dermed vidare som gruppevinanarar!
* Hareid - Åram/VanKam 5-7
Nok ein svært dramatisk kamp, der Hareid-leiren var i harnisk på grunn av dømminga. Laga følgde kvarandre heile vegen, før Åram stakk frå heilt på tampen. Ivar André Aadland scora tre, Svein Inge Nesset og Joachim Moldskred eitt kvar. Hareid ryk på målforskjell.


20.11. Hareide i form før comebacket

Reina har signert ein ny spelar før årets Grendacup. Og Thomas Hareide (27) skal vere i ganske bra form før årets cup ifølgje våre rykte. Reina-leiinga grunngir valet om å ta med Hareide i stallen at han tidlegare var ein kjapp høgreving i aldersbestemte klassar. I tillegg hadde han eit tungt skot, noko som framleis skal vere inntakt. Ifølgje vår kjelde kjem Hareide til å bli brukt mest på kanten under Grendacupen, slik at han kan trekke innover og fyre av sine berykta skot.


20.11. Inne-KM senior søndag

Hareid stiller med to lag i gruppespelet i senior-KM denne helga. Både Hareid 1 og Hareid 2 spelar kampane sine søndag på Åheim.
Hareid 1 består av dei som har delteke på dei frivillige treningane i det siste. Det betyr at det blir eit veldig ungt lag utan fleire faste spelarar. Lagleiar blir Vagn Scheide Mork.
Hareid 2 består stort sett av spelarar som spelte på Hareid 2 i år. Eit ganske rutinert mannskap. Lagleiar blir Espen Beiermann.

Her finn du kampoppsett: http://idrett.speaker.no/organisation.asp?WCI=wiKlubbKassaNews&WCU=957444&CatId=30552


19.11. Oppe i 19 herrelag

André Skotheim var kjapp med å melde på sitt lag då Grendacup-sjefen etterlyste det i går. "T. kRiise" byr ikkje på dei store overraskingane, og inkluderer den faste stammen med Skotheim, Roar Riise, Johs Riise, Bernt Aage Ulstein og Kenneth Moldskred pluss eit par ex-Høddarar.

Reina er også på plass. Også gatelaget frå Ytre har med sin faste stamme, men i høve fjoråret er Frank Sulebakk, Marius Mathia Hareide og Thomas Hareide henta inn.

No er det altså berre fem plassar igjen i herreklassen. Så ver snar...

Det har også kome inn eit ungdomslag. Les meir på Grendacup-sida.


19.11. Kick off-møte Hareid a-lag

Når: Torsdag 26. september 19.00
Kvar: Eit klasserom på ungdomsskulen satsar vi på
For kven: Alle som er interesserte i å spele for Hareid i 2010

Hallo godtfolk. Som i fjor steller vi også i år i stand eit såkalla kick off-møte. Vi gjer det for å måle interesse blant folket, samt presentere eit slags opplegg. Bjørge vil kome med sine tankar rundt neste sesong, og styret har også litt på hjartet. Spelarane og andre kan kome med spørsmål og ytringar.

Som nemnt er det eit heilt ope møte. Vurderer du å spele for Hareid i 2010, er du heilt sikker på at du skal det, eller vil du berre få med deg kva som skjer; Møt opp.


18.11. Rekordinteresse for Grendacupen

Grendacup-formann Kristian Angelsen gledar seg over den gode påmeldinga i herreklassen, og ber folk vere om seg om dei vil delta i år.

Onsdag kveld tikka det inn tre nye lag til Grendacupen sin herreklasse. Det betyr at det til saman er meldt på 17 herrelag. Det er rekord så lang tid før jul. Til ei samanlikning deltok 19 herrelag i fjor. I år er det plass til 24 lag, så det betyr at folk må vere om seg om dei vil bli med.

Grendacupsjef Kristian Angelsen seier at han er overvelda av interessa, og ser fram til "tidenes cup".
- Grendacupen er Søre Sunnmøres kjekkaste og mest populære kulturarrangement. Dette skal vi i styret kaste dryss over. I år skal vi ha ei rekordfull turnering på alle måtar.
Og legg til:
- Eg registerer at tidenes Grendacup-målscorar Harald Åsland Riise er meldt på, men ikkje hans næraste utfordrar André Skotheim. Dersom Skotheim ikkje stiller i år kan Åsland få eit endå større forsprang. Så for den duellen sin del håper eg "Skotty" er om seg om melder på eit lag før herreklassen er full.


18.11. Klubbkveld ved Sportssenteret

   
KLUBBKVELD HOS SPORTSSENTERET.
 
TORSDAG 03.Desember Kl.16.30-18.30
 
HAREID IL FOTBALL

 
 
 
Alle varer i heile butikken -20% Rabatt !!
Merkevarer som Umbro, Skogstad, Bergans, Adidas, Asics, Stormberg, Devold +++
Ekstra tilbod: Umbro joggebukse før kr.399,- no kr.199,-
Ekstra tilbod: Umbro fotballsko før kr.999,- no kr.299,-
Gjelder for alle medlemar i Yngres Fotball og Senior Fotball.


17.11. "Bilete frå minneboka"

Kjenner du igjen nokre av desse bartane? Klikk deg inn på mimresida "Bilete frå minneboka" under historikken. Foto: Hødd-arkivet.

For nokre dagar sidan laga vi til ein ny funksjon under historikken som heiter "Bilete frå minneboka". No har vi også fått tilgang på nokre artige bilete frå 80-talet som vi legg der. Har du eit bilete av ein eller annan Hareid-kamp i år eller frå 1976 eller 1946 eller kva det måtte vere, så er det berre å sende inn. Adressa er trovaag@gmail.com.


17.11. Holemix i boks

2007-utgåva av Holemix.

Då har det 14. laget meldt seg på Grendacupen sin herreklasse. Det er 2006-vinnarane Holemix. Dei er alltid i favorittsjiktet, og tapte ein jamn finale i fjor. Holemix har få overraskingar i stallen i år. Einaste nye spelarar i høvet i fjoråret er Bård Grimstad.

No er det ti ledige plassar i herreklassen, så no må folk skunde seg og lage eit lag.


16.11. Herreklassen meir enn halvfull

13 lag er no klare for Grendacupens herreklasse. Vi har plass til 24, og håper og reknar med å fylle opp, så no er det første mann til mølla!

Det 12. herrelaget er forresten "Venthan og co", eit reint tamilsk lag.

Det 13. herrelaget har etter kvart blitt ein klassikar i Grendacupen. Ein fin mix mellom karar med etternamna Hareide og Øvrelid + nokre ungdommar frå byen. Kaptein på "Krympegasskollektivet" er sjølvsagt Gunnar "Rensenbrink" Hareide, midstoppar på Hareid-laget som spelte seg opp i landsdelserien i 1980.


15.11. Volda vann junior-KM

Den alltid like prestisjetunge innandørs-krinsmeisterskapen for juniorlag vart arrangert denne helga. Vinnar vart Volda, som slo SIF i finalen etter sudden death. Ørsta tok bronsjen, medan Valder tok 4. plassen. Sidan AaFK berre stilte med guttespelarar var Hødd dei store favorittane til å ta gullet. Men blåtrøyene skuffa enormt, og enda sist i si gruppe i mellomspelet. Dermed enda fjorårets doble krinsmeisterar opp med gråstein denne sesongen. Hareid har gode tradisjonar i denne turneringa, men valte å ikkje stille lag. Fleire av årets juniorspelarane i år er guttespelarar, og dei hadde sitt eige KM denne helga. Vi gratulerer Volda med sigeren.

Her er dei siste junior-inne-KM-vinnarane:
2009 - Volda
2008 - Hødd
2007 - Hødd
2006 - Bergsøy
2005 - Hareid
2004 - Valder
2003 - Hødd


15.11. Referat frå G15 Inne-KM

Framme frå venstre: Ådne Andersen, Eirik Riise, Håkon Orten Trovåg og Fredrik Andresen.
Bake frå venstre: Rafat Ghazi, Sjur Gjerde, Fredrik Aursnes, Aksel Røyset Bakken, Sujeth Ramachandran og Thadshaynan Thamuralingam.
G15 MED GODKJENT INNE-KM
Etter eit solid grunnspel laurdag og eit OK mellomspel søndag føremiddag vart Hareid sitt G15-lag slått ut av krinsmeistrane frå arrangørklubben Blindheim i kvartfinalen seinare på ettermiddagen. Fleire av hareidsgutane sleit med skadar gjennom heile turneringa, men trass i dette spelte laget tidvis fin fotball, ikkje minst i 6-2-sigeren mot tapande finalist Langevåg laurdag. Innsatsen var svært god i alle kampane. At Hareid fekk utvist sin gode keeper Sjur Gjerde etter ei mykje tvilsam dommaravgjerd tidleg i den andre kampen, vart kanskje avgjerande for det vidare avansementet i denne turneringa. Men allereie komande helg får fleire av gutane sjansen til å revansjere seg då G16-km vert arrangert i Brattvåghallen.

15.11. Tidenes yngste?

Nede frå venstre: Inga B Dreveland, Vilde Amalie Anzenberger, Eline Leer Salvesen, Amalie Koppen

Bak frå v. Emma Krokeide, Shaajeena Jeyathas, Sandra Moldskred Sarabanathan, Hanna H Grimstad, Silje Årskog Bjåstad. Ikkje til stades Frida Dyrvik.

I år stilte Hareid for første gong med eit reint jentelag for sjuåringar. Det er truleg det yngste jentelaget Hareid har hatt, trur trenar Bård Grimstad. Jentene er i alle fall talentfulle. Dei har vunne det aller meste i debutsesongen. På biletet under er jentene fotograferte på Tare Cup i Sunnmørshallen.


15.11. Hareid på Valen TV

På TV Norge-programmet Valens Frokost-TV denne veka var Åge Hareide gjest under delprogrammet "Lenge Før Avspark". Hareide røpte då at under opninga av Hareidsmyrane stadion i 2007 skulle det lande ein fallskjermhoppar på bana. Men vedkomande aldri ikkje opp. Klarte vedkomande aldri å finne fram til bana frå lufta? Vi tar imot tips.


15.11. Meir snacks på lagbilete-sida

Lagbilete-sida vår, som ligg under Historikk i venstremargen, blir meir og meir omfattande. Vi har no bilete frå fire tiår, av alt frå a-lag og langt nedover i rekkene. Håpet er å få inn endå fleire, så har du noko liggande på ein PC eller hengande på ein vegg, så send inn til trovaag@gmail.com

Kjenner du forresten igjen nokre av desse på biletet? Klikk deg inn på lagbilete-sida og finn det ut.


13.11. Inne-KM i helga

* G15 har hamna i pulje med Ravn, Langevåg, Åheim og Volda. Krinsmeisterskapen arrangerast på Blindheim. Du følgjer cupen her: http://mylivescore.no/home.php?main=viewFixtures&tourid=20

* J16 skal i aksjon på Stranda. Dei spelar innleiande kampar mot Aksla/Rollon, Volda og Blindheim 2. Du følgjer jentene her: http://mylivescore.no/home.php?main=viewFixtures&tourid=47

* Juniorlaget har trekt seg frå inne-KM grunna spelarmangel.



38

Generalsponsor


Sponsorar