12.11. Det 11. herrelaget på plass

I går vart det den 11.11. I dag melde det 11. herrelaget seg på Grendacupen: "FC ?". Laget minner om gamle "Samen has Ola", og har fleire både noverande og tidlegare Hareid-spelarar. Les meir på Grendacup-sida.

Elles er påmeldinga i ungdoms- og dameklassane for svake til no, berre eitt lag i kvar. Så her må det skje noko om desse klassane skal gjennomførast. Eller er berre ungdommen treige i år?


11.11. Mykje snacks på lagbilete-sida

Berre litt over eitt døgn har gått sidan vi annonserte at vi har oppretta ei eiga "lagbilete-side" her på nettsida (som du finn under historikk i venstremargen). Responsen frå lesarane har vore meget bra, og vi har alt samle saman over 20 bilete. Dei fleste er frå 2000-talet, men vi har også bilete som er over 30 år gamle.

Vi treng di hjelp til å samle fleire bilete. Du har kanskje noko liggande på PC-en, eller eit som heng på veggen som du kan scanne. Det kan vere av alle mulige Hareid-lag, frå sjuåringar til old boys. Send inn til trovaag@gmail.com


11.11. Her er det nye fotballstyret

Ole Frank Bakken.

Formann: Ole Frank Bakken
Nestleiar: Mika Saarinen
Sekretær: Jan Endre Rise
Kasserar: Vagn Scheide Mork
Styremedlem: Kristian Angelsen
Styremedlem: Eiliv-Tore Howlid
Styremedlem: Einar Orten Trovåg
Styremedlem: Harald Aasen
+ leiaren i yngres, ikkje formelt avklara.

Ole Frank Bakken gjer dermed comeback i fotballstyret etter eit års fråver. Han sat to år som nesteleiar, men steppa også inn som formann då dåverande leiar Jan Endre Rise var ute på reise. Ole Frank Bakken er ein mann med mykje tyngde, han sit både i kommunestyret og er leiar i levekårskomitteen. Han får hjelp av åtte andre i styret:
Mika Saarinen held fram som nestleiar. Jan Endre Rise tar sitt andre strake år som sekretær, tidlegare har han vore både formann og nestleiar. Vagn Scheide Mork har også vore i styret i ei årrekke. No tar han over som kasserar, etter Kurt J. Brandal som har gitt seg etter to år i det vervet. Kristian Angelsen held også fram i styret i tillegg til oppmannjobben sin. Eiliv-Tore Howlid er heilt ny i styret. Einar Orten Trovåg var formann i 2009. Han får no ei rolle som styremedlem. Harald Aasen er ny i styret. Han får eit spesielt ansvar for anlegg. I tillegg skal leiaren i yngres sitte i styret. Dei har formelt sett ikkje valt kven som blir leiar i 2010.


10.11. Midlertidig treningsopplegg for a-laget

Sidan hallen er stengt har vi laga til eit midlertidig opplegg for a-laget, i påvente av at Bjørge startar som trenar i månadsskiftet november/desember:
* Treningar på kunstgras måndagar og onsdagar klokka 19.30, oppstart komande måndag.
* Vagn og Eiliv har ansvaret for desse treningane.


10.11. Vi samlar lagbilete

Vi har no fått ein ny funksjon på nettsida. Klikkar du opp på Historikk i venstremargen, kjem det ein bolk ut til høgre som heiter Lagbilete. Vi har berre så vidt kome i gang, og har lagt ut nokre bilete av a-laget. Men vi tar sikte på å legge ut alle lagbilete av alle Hareid-lag som vi har kapasitet til. Ein del har vi fått av lagleiarar og andre til bruk på nettsida, som vi kjem til å legge ut. Men vi vil gjerne også ha lagbiletet frå tida før nettsida kom. Har du eitt, så send til trovaag@gmail.com


09.11. Hansen tar over Vika

Etter det vi erfarer skal Geir Hansen ha blitt presentert som ny Spjelkavik-trenar i dag. Hansen har vore i AaFK-systemet heile tiåret, som trenar, assistenttrenar, juniortrenar, spelarutviklar med meir. Vika tok bronsjen i årets 3.-divisjon.


09.11. Hjelp oss med merittsida

Gull Norway Cup b-sluttspel 2006; Marius Bekkemellem og Christer Adrian Mork.

I venstremargen har vi no laga til ei merittside, der vi samlar det gullet og glitteret Hareid IL Fotball har oppnådd opp gjennom åra. Men vi har per dags dato ikkje full oversikt over aldersbestemt fotball (senior har vi bra peiling på). Derfor treng vi di hjelp.
Det som er interresant er gull-sølv-bronsje i ute-km og inne-km, samt medaljar i cupar av eit visst omfang.
Send inn til trovaag@gmail.com


08.11. Inne-KM senior del 1 vart spelt i går

Spjelkavik, FK Sykkylven, Valder, Hasundgot, Vigra, Brattvåg 1, Brattvåg Old Boys og Stranda er vidare til sluttspelet, som er i Ørskoghallen siste helga i november. Om to helgar spelast innleiande gruppespel del 2 på Åheim. Der deltar Hareid med to lag.


07.11. Stem på klubben i ditt hjarte

I dag opna Dagbladet den årlege avstemminga "Klubben i ditt hjarte". Dei klubbane som klarer å mønstre flest stemmer finn ein del verdifulle premiar (som du les om på linken under), samt at ein får mykje positiv merksemd i media. Gå derfor inn på linken under og avgi di stemme. Få også andre til å gjere det!

http://www.dagbladet.no/a/8859595/?id=15170002&fylke=15


06.11. Grendacupen: God påmelding i herreklassen hittil

Spelande hjelpetrenar på Tam IL, Stian Myrene, er i full gang med oppkøyringa til Grendacupen - og har ifølgje rykta blitt observert på Spenst på Grünerløkka fleire gonger i veka i det siste. Arkivfoto.

10 lag er alt klare for herreklassen i det klokka passerer 15.30 fredag 6. november. Held påmeldingane fram i dette tempoet kan herreklassen bli full før fristen går ut, så vi oppmodar laga om å vere tidleg ute.

Det tiande laget er Tam IL, og minner om gamle "Team Gull". Fire av spelarane er henta frå fjorårets HUS, som no er splitta. Oppmann for Tam IL er Bjørn Vegard Bjåstad. Ifølgje rykta har den andre halvdelen av HUS splitta ut og danna seg eit eige lag, men det laget er ikkje påmeldt enno (fram med PC-en, Ola).

PS. Grendacup-styret har fått ein ny medlem; Arthur Bakke Garnes.
Lokomotiv Oslo-trenaren er henta inn for å styrke apparatet den siste tida før Grendacup-start og under sjølve cupen.

PS 2. Ein del av laga har supplert stallane sine med nye spelarar. Sjekk Grendacup-sida.


05.11. Årsmøte i fotballgruppa (senior)

Onsdag 11. november klokka 18.00 på møteromet.
Vanlege årsmøtesaker; val av nytt styre med meir.


05.11. Grendacupen: Første damelag påmeldt

Vi tenkte at det fortener ei eiga nyheit på denne nettsida. For det må vel vere rekord at eit damelag er klart så tidleg? Vanlegvis kjem damene snikandes med sine påmeldingar døgnet før fristen. Det aktuelle laget er den same gjengen som har dominert klassen dei seinaste åra. "Alle skal få" kallar dei seg, og så får lesarane fantasere om kva dei meiner med det.

Elles er herrelag nummer 7, 8 og 9 påmelde. Det sjuande eit lag som tidlegare har kalla seg "Russ 2003 + Alf", "Russ 2010 + Alf" og "Kræda jyte på Grimstadvatnet". I år er namnet "Kræda e færdi jåtta". Spelarane er omtrent dei same som alltid; Karl Johan Fjelle, Audun Pilskog, Håkon Hansen, lagets oppmann Robert Flø med fleire.

Det åttande er eit spennande lag. Christian Mork har vunne ungdomsklassen to år på rad med FC Ungt. No har han tatt steget opp i herreklassen, og då heiter naturleg nok laget FC Eldre. Han har fått med seg kompisen Erdal Aydin, nokre Hødd-venner, samt Ronny Jørgensen og Marius Slettebakk. Ein artig mix.

Det niande laget er fjorårersvinnarane. Dei kallar seg "Dei som vann i fjor!", og har alle frå sluttspelet i fjor på plass. Så spørs det om Kim-Tore Husøy blir keeper i år også.

No er det 15 ledige plassar i herreklassen, så no må folk hive seg rundt her!

Dameklassen treng fire lag for å gjennomførast, medan det i ungdomsklassen kjem an på påmeldinga. Dei siste åra har ungdommen vore flinke og kome opp i heile åtte lag, men sidan det berre har kome eitt så langt så er vi litt usikre på om det går i år.

PS. Grendacup-sekretæren har fått ein telefon frå Marius Mathia Hareide. Han kan fortelle at han likevel ikkje skal spele på Eiliv og gutta i år. Dette til orientering.
PS 2. Få timar etter telefonen frå Hareide fekk vi ein beskjed frå Eiliv og gutta sin oppmann Vagn Scheide Mork. Han opplyser at Ulf Hansrud er henta inn som erstattar for Hareide. Hansrud har nyleg operert hofta, men er venta å vere i grei kampform til romjula.

Les meir om Grendacupen her: http://grendacupen.hareidil.no/index.php


04.11. Grendacupen: Eiliv og gutta gjer comeback

Eiliv-Tore Howlid er lagkaptein for Eiliv og gutta.

Så er lag nummer seks i herreklassen i Grendacupen påmeldt. "Eiliv og gutta" vann cupen i 1995, og no er dei altså tilbake. Det er rett nok berre Eiliv-Tore Howlid som er igjen på laget frå den gong. Resten av laget består av mange noverande og tidlegare Hareid-spelarar. Pluss at dei har henta inn ein som er ti år yngre enn alle andre på laget.

Les meir på Grendacupsida.

Det er forresten karane som er flinkast å melde på lag hittil. Kvar blir det av ungdommane og damene? Hiv deg rundt og meldt på eit lag då vel!


04.11. Omlegging av divisjonssystemet frå 2011?

Noko som definitivt vil bli ein snakkis utover vinteren er seriekomiteen sitt forslag om å halvere talet på 3. divisjonsavdelingar frå Nord-Trøndelag og sørover. Meininga med forslaget er å betre kvaliteten på 3. divisjon, samt at avdelingsvinnarane rykker direkte opp. Blir dett vedteke på forbundstinget i mars, vil det mildt sagt bli ein merkeleg 3. divisjon i 2010. Avdelingsvinnaren spelar som vanleg kvalik for opprykk, medan 2. til 6. plass får ståplass. Det får også dei 10 beste av dei 20 sjuarane. Resterande lag rykker ned til 4. divisjon, som frå 2011 då eventuelt blir den øvste krinsserien. Ei halvering av talet på 3. divisjonsavdelingar vil bety at eit lag som Hareid kan risikere å møte lag frå Sogn og Fjordane, Romsdal, Nordmøre og muligens til og med Trøndelag. Kva er vitsen med det eigentleg? Kven med kone, ungar og fulltidsjobb brukar heile helga på å spele 3. divisjonsfotball i Hemne eller Høyanger? Hareid IL Fotball har ikkje tru på at ei slik omlegging har noko føre seg. Det vil kanskje vere greitt for austlandslaga, som uansett ikkje har særleg med reisetid om det blir slik eller slik. Men langs fjordane på Vestlandet er det ikkje like greitt å kome seg fram. Så la oss for all del behalde 3. divisjon slik han er no. Og det reknar vi med at andre sunnmørslag også støttar.


04.11. Puljene til inne-KM (futsal) senior er klare

Ikkje rare påmeldinga blant Søre-laga i år kan det sjå ut som. 16 lag møtest i Olivinhallen 21. og 22. november. Stordal og to Norborg-lag er henta over for å fylle opp.

Hareid 1 møter Åram/VanKam 1, Bergsøy 2 og Gursken/Larsnes 2.

Hareid 2 møter Bergsøy 1, Hovdebygda og Åheim 1.

http://www.vikebladet.no/article/20091103/NYHETER/196178631/1037


03.11. Pressemelding: Bjørge tilbake som Hareid-trenar!

Bjørge Worren blir hovudtrenar for Hareid sitt a-lag i 2010. Han tar over etter André Skotheim, som gav seg etter denne sesongen.
Bjørge er fødd i 1971, og har rikeleg med erfaring både som spelar og trenar. Han er også utdanna C-trenar.
Han har spelt for Hødd, Volda, Hareid, Larsnes, Tjørvåg, Hasundgot og Brandal, og vore trenar for Larsnes, Tjørvåg, Hasundgot, Hareid, Hødd junior, Hødd gutte, samt vore spelarutviklar i Hødd.
I 1999 var Bjørge spelande Hareid-trenar, og no er han altså tilbake. Han var ein meget dyktig spiss for Hareid frå midten av 90-talet og til litt ut på 2000-talet. 136 mål på 160 kampar seier vel det meste.

Vi er svært nøgde med å få på plass Bjørge som trenar. Han har haugevis med erfaring, og han brenn for fotballen. Det er også ein fordel at han har vore i klubben før og kjenner både fotballgruppa og mange av spelarane. Vi er svært trygge på at dette var eit god val av oss og eit godt val av Bjørge.

Kven Bjørge Worren får med seg som assistent(ar) er ikkje klart på noverande tidspunkt.

Utfordinga for det nye trenarteamet blir å reise skuta igjen etter ein famlande sesong. Kontrakta i år vart ikkje berga før AaFK 2 sikra seg opprykk til 2. divisjon. Utan at vi har lagt ei målsetjing heilt enno, så er det naturleg at vi siktar oss lenger opp på tabellen neste år.
Det er også gledeleg at vi ser ut til å behalde våre stort sett heile stallen frå 2009. Og sjå heller ikkje vekk frå at det dukkar opp nye.

Mvh

Einar Orten Trovåg, fotballformann Hareid IL


03.11. Landslagsspelar til Hareidhallen

Tipp kven


03.11. Slik blir 3. divisjon i 2010:

Frå Søre:
- Bergsøy
- Volda
- Hareid
- Hødd II

Ålesund og omegn:

- Rollon
- Spjelkavik
- Godøy
- Valder
- Herd

Indre:
- Stranda

Ytre:
- Brattvåg
- Norborg

Søre har endeleg fått opp kvota igjen. Fire lag er eitt meir enn i 2008 og 2009.
Ålesund og omegn (dvs. Skodje, Giske, Sula) går ned frå sju til fem lag, sidan Langevåg gjekk ned og Aalesunds FK II opp. Haram held stand, medan Indre endeleg er tilbake på kartet. I år var dei ikkje representerte i det heile.

Laga i 3. divisjon 2010 sortert etter fartstid på nivået:

- Hareid (sidan 2001)
- Spjelkavik (2003)
- Valder (2004)
- Volda (2005)
- Hødd II (2006)
- Brattvåg (2007)
- Rollon (2008)
- Godøy (2008)
- Norborg (2009)
- Herd (2009)
- Bergsøy (2010)
- Stranda (2010)

Det blir mange spennande lokaloppgjer i 2010. Ikkje minst skal det bli artig å møte Bergsøy igjen. Då bør det bli fleire hundre tilskodarar både heime og borte. Og så var det Norborg då. Vi føler at dei to flaue tapa i år bør hemnast så fort som mulig.


03.11. Tusen takk, AaFK 2!

Vi bøyer oss i støvet.

No kan vi glede oss til lokaloppgjera mot Bergsøy, Volda, Hødd 2, Valder og Godøy neste år - i 3. divisjon.


Der er vi for tiande året på rad. Det kan ingen andre sunnmørslag vise til.


02.11. Den viktigaste dagen i hareidsfotballen på mange år...

Er i dag. Træff - Aalesunds FK II klokka 19.00.

Meir treng vel ikkje om å seiast.



39

Generalsponsor


Sponsorar