19.08. Preview: Mannskapstrøbbel før Norborg-kampen
18.08. Stortap for Hareid 2
18.08. Stadion er stengt
Hittil i august har det vore lovleg å trene på Hareid stadion, grunna forsinkingar i byggjeprosessen. Men frå i dag er det ikkje lenger lovleg å trene der.
Alle spelarar, trenarar og oppmenn må vere merksame på det, melder Hareid kommune.
17.08. Hareid 2 møter topplaget
|
Ivar André Aadland og Hareid 2 er klare for dei resterande åtte kampane i årets 5.-divisjon. |
Etter ein lang og god pause tar Hareid 2 til på haustsesongen onsdag. Og den startar med eit brak. For motstandar på Hareidsmyrane er nemleg serieleiar Hovdebygda. "Bøgda" er rekna som favoritt til å rykkje opp, men får nok også hard konkurrane frå Åheim. Sjølv om det var eit par tap på forsommaren leverte Hareid 2 ein god vårsesong. Per dags dato ligg vi på 4.-plass eitt poeng bak Sunnylven. Målet for sesongen bør vere å komme blant dei fire beste, noko som i tilfelle vil vere ein sterk prestasjon i denne jamne og tette pulja.
I morgon er nok Bøgda favorittar, men med kjent Hareid-innsats og litt marginar er det ikkje umogleg å ta poeng. Motsett oppgjer i vår enda 5-5.
Kampstart er sett til 21.00. Vel møtt. Troppen-->
17.08. Marra fyller år
|
Marius Rise i aksjon mot Volda i juni. |
Hareid-spelar Marius Rise fyller 29 år i dag. "Marra" blir rekna som ein av dei beste Hareid-spelarane i det førre tiåret. Han vart årets spelar i 2005, og fekk også bli med på Sumpen sitt All Star Team for 3.-divisjonsspelarar ved eit høve.
Marra debuterte på Hareid i 1999, og hadde då alt lag bak seg ein sesong som seniorspelar på Hjørungavåg. Frå 99 til 2006 var dagens jubilant fast på laget, før han i 2007 skulle ta seg ein pausesesong. Pausen vart derimot ikkje så lang. Om sommaren gjorde han comeback, men grunna skadar og storspel frå stopparduoen Molnberg/Grimstad vart det ikkje mange kampane det året. Vinteren 2008 såg det ut som at Marius skulle bli fast på laget igjen, då som back, men så kom skadane. Og sommaren 08 flytta han til Oslo, og vart ei viktig brikke på Lokomotiv Oslo. På forsommaren i år flytta Marius heim for ei stund, og han spelte stoppar mot Godøy og Volda, og defensiv midt mot Spjelkavik. Brattvåg-kampen måtte han stå over som følgje av sjukdom, men vi håper at Marra er frisk til fredagens kamp mot Norborg.
Grattis med dagen, og lykke til med studiane i Valencia til hausten!:)
17.08. Eiliv er tilbake i trening (og det er Pers også)
|
Eiliv-Tore Howlid. |
Litt ut i måndagstreninga til a-laget dukka det opp ein gammal kjenning: Eiliv-Tore Howlid. Han vart operert for kneskaden sin tidleg på sommaren, og trena i dag med ball for første gong sidan han fekk den mykje omtala skaden i februar. Eiliv viste som vanleg god innsats, sjølv om kondisen kanskje kunne ha vore litt betre. Om alt går som planlagt kan mannen som debuterte på a-laget i 1994 vere klar for spel eit stykke ut i september.
Og Eiliv var ikkje den einaste overraskinga som trena med a-laget måndag. Per Ståle Nykrem var også på plass for første gong sidan i juni. Og vi håper å lokke "Pers" til å spele nokre a-kampar i haust. For vi treng han heilt sikkert. Onsdag er myrvågingen truleg på plass når HIL 2 haustopnar mot Hovdebygda.
Dagens Pers-sitat: "Du skyte nesten like bra som mej" (Til Fredrik Aursnes)
17.08. Rise beste syklist
|
Kongen på to hjul: Marius Rise. |
Under måndagstreninga til a-laget vart det avvikla eit spontant sykkelløp for dei som var skadde, sjuke eller feila noko på ein annan måte. Løypa var 400 meter, altså ein runde rundt asfalten på Hareid stadion. Det vart også lagt inn eit aldri så lite hinder i løypa; ei presenning i det eine hjørnet. Noko som gjorde løypa noko vanskelegare. Og beste syklist vart eigaren av sykkelen som vart nytta; Marius Rise. Han gjennomførte løypa på småpene 40.7. Joar Møller kom på andreplass på tida 41.2. Dei andre deltakarane, Kim-Tore Husøy og Einar Orten Trovåg, klarte aldri å true Rise og Møller. Men dei skulda på skotyet, noko Hareid-sida meiner er ei akseptabel forklaring.
16.08. 3.-divisjon: Hødd 2 slo Vika - igjen
10 dagar etter at Hødd 2 slo Spjelkavik på heimebane, gjorde dei det i dag på bortebane. Hødd sine nest beste vann 4-0, og tidlegare Hareid-spelar Christian Mork scora det første målet. Sigeren betyr at Hødd 2 har gått forbi Volda og er oppe på 3.-plassen i avdelinga. Medan Vika synk som eit skip mot botnen av tabellen...
16.08. Slik KAN den nye 3.-divisjonen bli
Les artikkelen på Volda si nettside.
16.08. Statistikkhjørnet SPESIALUTGÅVE: Kor mange poeng treng vi eigentleg?
|
Bjørge Worren får ein formidabel jobb med å sikre Hareid fornya kontrakt i 3.-divisjon. |
Hareid har som målsetjing å komme blant dei seks beste laga i årets 3.-divisjon. Vanskeleg, men heller ikkje umogleg. 20 poeng så langt plasserer oss faktisk akkurat på denne plasseringa, rett nok berre på målskilnad framfor Stranda. Kor mange poeng ein treng for å komme på 6.-plass har vi ikkje svaret på i skrivande stund. Men vi presenterer her kor mange poeng som var naudsynt dei siste sesongane.
16.08. Drua fyller år
|
André Egset Nupen på veg inn på bana før serieopninga mot Godøy i år. |
Hareid-legenda André Egset Nupen fyller 27 år i dag.
"Drua" fekk sitt store gjennombrot som fotballspelar i 2000, då han vart kåra til beste spelar under Grendacupen. I 2001 fekk han 13 a-kampar, og fram til han flytta til Bergen for første gong i 2007 var han eit fast innslag på Hareid som stoppar eller back. I 2003 var Nupen også kaptein. Vinteren 2009 flytta han heim igjen, og spelte på a-laget fram til august. Då trappa han ned og vart i staden med Hareid 2. Men like før sesongstart i år fekk forsvarsklippa lyst på meir 3.-divisjonsfotball, og det passa i grunnen veldig fint - sidan a-laget var i beit etter stopparar. Drua gjorde ein god vårsesong, og var også kaptein fleire kampar i Tore Johan Ytre-Hauge sitt fråver. I sommar flytta Nupen til Bergen for andre gong.
Vi ønskjer han lykke til med det, og gratulerer han med 27-årsdagen. Og vi sit med ei kjensle av at jubilanten ikkje har spelt sin siste Hareid-kamp. Til no har han 180...
PS. Nupen er den einaste som har blitt kåra til årets Grendacup-spelar to gonger (2000 og 2005).
15.08. Programmet for a-laget kommande veke
Måndag: Trening 18.00
Tysdag: Trening 18.00 (GRAS)
Onsdag: Trening 19.30
Fredag: Heimekamp mot Norborg
14.08. Du kan bestemme Tidenes Hareid-lag
|
Dag Harald "Dejen" Moldskred, aktuell for ditt Tidenes Hareid-lag? |
Hareid-sida set no i gang ei ny utgåve av "Tidenes Hareid-lag". Vi hadde ein runde også for fem-seks år sidan, men det begynner å bli altfor lenge sidan. Konseptet er enkelt. DU set opp ein 11-ar med dei spelarane du meiner utgjer tidenes Hareid-lag. Alle spelarane som har spelt for klubben mellom 1946 og 2010 kan nyttast, men dei færraste av våre lesarar hugsar tilbake til oppstartåret 46?
Du sender inn ditt forslag til hareidsida@gmail.com innan 15. september. Då tel vi over kven som har komme med på flest lagoppstillingar, og set opp Tidenes Hareid-lag ut frå det. Du skal sette opp ein 11-ar (4-4-2 eller 4-3-3/4-5-1), men kan også supplere med fem reservar og trenar for laget om du vil.
Som ein slags kickstart har vi fått Einar Orten Trovåg (som har hatt mykje å gjere med Hareid-historikken) til å sette opp sitt favoritt-Hareid-lag, og han har berre tatt med spelarar han sjølv har sett i aksjon (dvs. sidan midten av 90-talet og fram til no):
4-4-2, trenar: André Skotheim.
Vagn Scheide Mork
Stian André Slotterøy Martin A. Molnberg Marius Rise Hallvar Møller
Even Hansrud Kim-Tore Husøy Sturla Pilskog Egil Øvrelid
Ronny Jørgensen Bjørge Worren
Benk: Stig Engen (keeper), Tore Johan Ytre-Hauge, Per Ståle Nykrem, Remi Helleseth, Dag Harald Moldskred.
14.08. Fristen på tippekonkurransen er utsett
Etter ein del protestar på at vi først sette innleveringsfristen til fredag 18.29, og deretter til fredag 24.00, har vi no igjen komme med ein deadline. Og no blir det ikkje fleire utsettingar. Alle svar må vere hareidsida@gmail.com i hende innan søndag 23.59 (og dei som var sendt inn til no, kan sende inn på nytt med eventulle endringar). Alle kan delta. Vinnaren får ein supporter-souvenir til ein verdi av nokre hundre kroner. Her er spørsmåla:
1. Kven blir Hareid-toppscorar i serien i år?
2. Blir ein Hareid-spelar toppscorar i 3.-divisjon Sunnmøre?
3. Kva plass kjem Hareid på i årets 3.-divisjon?
4. Kva plass kjem Hareid 2 på i årets 5.-divisjon?
5. Blir det Bergsøy eller Herd som vinn 3.-divisjon?
6. Rykkjer Hødd opp til Adeccoligaen?
7. Kor mange raude kort får a-laget resten av sesongen?
8. Blir Bjørge Worren sendt på tribunen (utvist) i ein av dei resterande Hareid-kampane?
9. Blir Vagn Scheide Mork årets spelar i Sumpen?
10. Kor mange graskampar kjem Hareid til saman til å vinne i årets 3.-divisjon?
11. Kven av desse laga rykkjer ned frå 2.-divisjon: SIF og AaFK 2 (eller ingen av dei)?
12. Kjem Hareid-sida inn på fotballen.eu si topp 100-liste over norges beste nettsider?
14.08. Statistikkhjørnet: Jokke i 100
|
Joachim "Jokke" Moldskred spelte godt då han var i aksjon for a-laget for 100. gong. |
Statistikkhjørnet etter 1-1 mot Brattvåg fredag.
* Joachim Moldskred spelte sin Hareid-kamp nummer 100. Det betyr at 24-åringen får pokal for bragda før Norborg-kampen neste fredag. Grattis!
* Vagn Scheide Mork spelte sin 294. kamp og ligg på 12.-plass på adelskalenderen. Neste mann å ta igjen er Kenneth Moldskred (305).
* Etter fire mållause kampar var Kim-Tore Husøy tilbake på scoringslista. Det var hans 97. nettkjenning for Hareid. 100 mål bør vere innan rekkevidde før sesongen er slutt. Husøy ligg på delt 1.-plass på toppscorarlista i 3.-divisjon. Både han og Lasse Olsen (Herd) har 11 seriemål i år så langt.
* Hareid spelte uavgjort for andre gong i serien i år. Dermed er vi forbi fjoråret, då det berre vart ei poengdeling i 3.-divisjon.
* Even Hansrud fekk sitt tredje gule kort for året (no har vi dobbeltsjekka), og må stå over mot Norborg.
Her er alle korta vi har fått så langt i år:
Raude: Kim-Tore Husøy og Dag Gøran Brandal (1 kvar, begge er sona)
Gule: André Egset Nupen (4, sona på 3), Kim-Tore Husøy (3, har sona), Even Hansrud (3, har ikkje sona), Jørund Johansen (2), Joachim Moldskred (2), Fredrik Aursnes, Svein Inge Nesset, Vagn Scheide Mork, Ronny Jørgensen, Steffen Uldbæk, Per Ståle Nykrem, André Skotheim (alle 1).
(PS. Det som står i Sumpen si oversikt er ikkje alltid rett, det er det som dommarane registerer på dommarkorta som tel)
14.08. 3.-divisjon fredag: Stort sett status quo
|
Hareid ligg på den viktige 6.-plassen, men mot Norborg neste fredag er fleire sentrale spelarar vekke, og vi får sjekka breidda i stallen. Her benken mot Brattvåg i går. Frå venstre Kevin Blekksruten Hestholm, Ivar André Aadland, Jørund Johansen, Fredrik Aursnes, Joachim Røyset og Håkon Orten Trovåg. |
Fem kampar vart spelt i 3.-divisjon fredag. Med unntak av av Rollon og Godøy i botnen gjekk ingen av laga fram eller tilbake på tabellen.
Kampane fredag:
* Brattvåg - Hareid 1-1: Sjå eiga sak under.
* Godøy - Bergsøy 1-3. Heimelaget utlikna etter 75 minutt og det var spenning i lufta fram til 1-2 kom etter 86 minutt. Hareid-leiren møtte Bergsøy-folket på ferja i kveld, og dei kunne fortelje om mange sløste sjansar ute i havgapet.
* Volda - Herd 4-5. Må ha vore ein OK kamp for nøytrale tilskodarar å få med seg. Det stod 1-5 etter 82 minutt. Så heldt heimelaget nesten på å hente opp Herd. For sikkerheita si skuld kan vi nemne at det ikkje vart delt ut raude kort denne kampen.
* Rollon - Valder 2-1. Kva har skjedd med Rollon eigentleg? Fem poeng på 12 kampar før sommaren, 6 av 6 moglege poeng etter. Om dei har ein spurt inne så må han uansett vere veldig sterk, for det er framleis ni poeng opp til ståplass. For Valder sin del begynner det å spøke snart. 14 poeng på 14 kampar er i minste laget. Og neste runde har dei Volda som motstandar.
* Norborg - Stranda 1-1. Dette er dei to laga Hareid må halde bak seg på tabellen, så at dei delte poenga skal vi ikkje protestere på.
Utfyllande kampfakta
Dette betyr altså at det ikkje var dei spesielle forandringane på tabellen. At Godøy og Rollon bytta plass betyr ingenting før eitt av laga eventuelt kjem inn i ei ekstrem flytsone. Hareid ligg framleis på den særs viktige 6.-plassen, men avstanden ned til Stranda på 7.-plass er framleis berre fire mål.
Neste fredag møter Hareid og Norborg kvarandre i det vi må få lov til å kalle ein sekspoengskamp (det blir mange av dei). Synd for oss at André Skotheim er på reise, Ronny Jørgensen framleis skadd og Even Hansrud har karantene (Sumpen har telt to gule på han, men oppmannen meiner det er tre. Det må vi finne ut av). Men vi skal uansett prøve å gi dei god kamp.
13.08. Brattvåg - Hareid 1-1: Eitt poeng kunne ha vore tre
13.08. Hugs tippekonkurransen
Vi har fått inn 35-40 svar på tippekonkurransen vi lyste ut tidlegare i veka. Men vi har framleis plass til fleire deltakarar. Send inn svar på spørsmåla under før klokka 24.00 fredag, og du kan vinne ein fotball-souvenir (til verdi av eit par hundre kroner) av det gjeve slaget etter at sesongen er slutt.
Adressa du sender til er hareidsida@gmail.com
1. Kven blir Hareid-toppscorar i serien i år?
2. Blir ein Hareid-spelar toppscorar i 3.-divisjon Sunnmøre?
3. Kva plass kjem Hareid på i årets 3.-divisjon?
4. Kva plass kjem Hareid 2 på i årets 5.-divisjon?
5. Blir det Bergsøy eller Herd som vinn 3.-divisjon?
6. Rykkjer Hødd opp til Adeccoligaen?
7. Kor mange raude kort får a-laget resten av sesongen?
8. Blir Bjørge Worren sendt på tribunen (utvist) i ein av dei resterande Hareid-kampane?
9. Blir Vagn Scheide Mork årets spelar i Sumpen?
10. Kor mange graskampar kjem Hareid til saman til å vinne i årets 3.-divisjon?
11. Kven av desse laga rykkjer ned frå 2.-divisjon: SIF og AaFK 2 (eller ingen av dei)?
12. Kjem Hareid-sida inn på fotballen.eu si topp 100-liste over norges beste nettsider?
13.08. Even fyller år
|
Even Hansrud i kjend positur på Hareid stadion. |
Hareid-spelar Even Hansrud fyller 28 år i dag. Even er den spelaren i a-stallen som har vore flest sesongar i a-stallen på rad. Han har vore med kvart år sidan 2000. Eiliv-Tore Howlid har rett nok vore Hareid-spelar sidan 1994, men han hadde seg eit par studieopphald tidleg på 00-talet. Til no har Even Hansrud 232 kampar og 73 Hareid-mål. Even var Hareid-toppscorar i 2008 (serien), 2006 (totalt) og 2005 (både serien og totalt). Denne sesongen har han stort sett blitt nytta i midtbaneleddet. I 2009 var Even visekaptein for Hareid.
Med andre ord: Ein ekte klubbspelar som framleis har mange gode sesongar i vente i raudt.
Om Even får feire dagen med poeng eller scoring i Brattvågen står att å sjå. Han har vore sjuk denne veka, men vi håper han friskmelder seg før 16.30-ferja går...
PS. Som ein kuriositet kan vi nemne at Even er nevøen til Knut Strande, som var spiss på Hareid gjennom heile glanstida på 80-talet. Mange meiner at Knut er tidenes beste Hareid-spiss, med sine 179 mål på 329 kampar, dei fleste i det som no heiter 2.-divisjon.
4 |