01.11. Hareid 2 i 2010?
Hareid 2 gjorde comeback i seriesystemet etter åtte års fråver i år. Comebacket kan seiast å ha vore ein suksess på veldig mange måtar. No er spørsmålet om Hareid skal ha eit slikt breiddetilbod også i 2010. Då må i tilfelle nokon ta på seg å leie laget, altså ein eller fleire som kan fylle trenar- og oppmannrollene. Har nokon lyst til å gjere dette for å oppretthalde tilbodet så ta kontakt med fotballstyret.
01.11. Sunnmørsfotball: Tilbake til 2008 for Volda og Brattvåg
Både Volda og Brattvåg gjer endringar i sine trenarteam. I Brattvåg gir Richard Vestre seg etter ein sesong ved roret. Oddmund Otterlei blir hovudtrenar neste år, med årets oppmann Frank Dalhaug som assistent. Dette var også Brattvåg sitt trenarteam i 2008. Arild Hagen Bakke går på sin tredje sesong som Volda-hovudtrenar. Han får med seg sin assistent frå 2008; Lars Johan Holsvik. Volda melder elles at Erlend Holm skal trene juniorlaget deira ein gong i veka i 2010.
31.10. Gursken/Larsnes krinsmeisterar - får med seg Ellingsøy og Skodje
|
Oskar Gunnarstein (biletet), broren Marius og Thomas Sætre Hauge spelte for Hareid i vår. At trioen fekk med seg Leiv Sindre Muren og Preben Sætre og gjekk til G/L i sommar førte til opprykk. No går det rykter om at fleire frå Sande er på veg tilbake. Spelar også Anders Vaagen, Johhny Moltubakk, Eivind Myklebust og Steffen Moltu for dei gulsvarteraude neste år kan det bli nok eit opprykk... |
G/L spelte 3-3 borte mot MSIL. Dermed får med seg Ellingsøy og Skodje opp til 4. divisjon, sidan slo høvesvis HaNo og Tjørvåg. MSIL var det store førehandsfavoritten til krinsmeisterskapen både før sesongen og før kvaliken, men må nok ein gong sjå opprykket til 4. divisjon glippe på tampen av sesongen. G/L var med i 4. divisjon i fjor, Skodje og Ellingsøy har vore nede nokre år. Vi gratulerer trioen med opprykk!
Søre Sunnmøre fyller opp nesten halve 4. divisjon neste år. Ørsta, Gursken/Larsnes, Åmdal, Åram/VanKam er klare, og får med seg anten Hareid eller Vartdal.
31.10. Kvalikkampen: AaFK vekkdømt mot Træff: 1-2
I ein relativt jamn kamp på Color Line Stadion imponerte det unge AaFK-laget i postivt forstand. Dei tok tak om kampen frå start av og skapte eit par gode muligheiter. Dessverre var ikkje orjansetrøyene i det effektive hjørnet denne fredagskvelden. Men dei var best utover i omgangen, den eine store sjansen Træff fekk redda Andreas Lie greitt. Træff opna 2. omgang sterkast, før AaFK igjen tok over. Etter 61 minutt stod Magnus Solevåg på rett stad til rett tid på bakerste stolpe, og sende heimelaget opp i 1-0. Like etter skaut Træffs Thomas Flemmen i tverliggaren. Så tok AaFK over spelet igjen, før dommaren sørga for 1-1. Kai Røberg vart felt ein meter utanfor 16-meterstreken. Likevel meinte dommaren at det var straffe, og Bertil Kjørsvik sette inn utlikninga etter 76 minutt. Alt to minutt seinare gjekk Træff opp i leiinga ved Stian Rødal. I all feiringa presterte ein Træff-spelar å hive sin eigen sko langt opp på tribuna. Det tok fleire minutt å få sett i gong spelet igjen, men dommaren gav ikkje ein gong gult kort til bortespelaren. Det vart 1-2. AaFK vart best kampen sett under eitt, men Træff har no det klart beste utgangspunktet framfor returoppgjeret måndag.
29.10. AaFK 2 - Træff fredag 19.00
Ja, så er alvorets time komen. AaFK 2 og Hareid er dei lengstlevande laga i 3. divisjon Sunnmøre. Men det er berre plass til eitt av dei i divisjonen neste sesong. Dessverre kan ikkje AaFK stille så fantastisk lag fredag. Glenn Roberts starta siste tippeligakamp, og er dermed uaktuell. Robert Sandnes har karantene, og spissen Didrik Fløtre er truleg ute med skade. Det vil seie at AaFK berre kan nytte Andreas Lie/Sten Grytebust, Trond Fredriksen og Mayorquin frå a-stallen. Det ser ikkje ut til at Kjetil Rekdal bryr seg all verda om andrelaget, men heldigvis skal han ikkje spele sjølv mot Træff. Kva veit vi så om dei grønkledde moldensarane? Dei imponerte jo voldsomt i vinter. Vi såg dei spelte godt og slo både Hødd og Hareid, og elles rydda dei på plass alla anna sunnmørsk motstand. I vårsesongen sleit dei, men forma kom seg ifølgje rapportane kraftig utover hausten. I siste serierunde sikra Træff seg andreplass i N/R-avdelinga, som gav kvalik sidan avdelingsvinnar Kristiansund 2 ikkje kan rykke opp. Fredagens kamp blir nok tøff for AaFK 2, vi ser på Træff som ein knapp favoritt. Men vi kryssar alt vi har av fingrar og føter og håper at AaFK får eit godt utgangspunkt før måndagens returoppgjer.
29.10. Husøy ikkje til SIF
Hareid-kaptein Kim-Tore Husøy har den siste tida vore i dialog med Skarbøvik om ein overgang. Men det blir ingenting av. Partane kom ikkje fram til ei leveleg løysing for ein som eventuelt måtte kjøpast fri frå jobb for å pendle til byen. Også i fjor var Husøy ønska av SIF. Han har 198 kampar og 76 mål for Hareid.
28.10. Hareid tilset sportskoordinator
Peter Rose er engasjert som sportskoordinator i Hareid IL Fotball frå 1. november. "Pete" er frå England, bur i Ulsteinvik og har ein son som bur på Hareid. Han har sjølv spelt på høgt nivå i Norge, England og Færøyane, og har jobba med talent både i Hareid og Hødd denne sesongen. Oppgåvene som sportskoordinator går mellom anna ut på bestemme hospitering, ha dialog med trenarar og halde talenttreningar eit par gonger i veka. Han skal altså jobbe med enkeltspelarar, men kan også vere med på treningar til dei ulike yngreslaga. Hareid IL Fotball er særs nøgd med at mr. Rose no kjem inn i systemet for fullt. Her har vi fått ein kompetent og energisk fagmann som vi håper kan hjelpe talenta våre opp og fram.
Mvh Ronald Øvrelid, leiar yngres avdeling og Einar O. Trovåg, formann seniorgruppa.
27.10. Kvalik til 4. divisjon: Ellingsøy slo Skodje
I ein hengekamp frå den fjerde runda vann Ellingsøy 4-3 heime mot Skodje. Det gjer ikkje den femte og den siste runda mindre spennande.
Stoda er no:
1. Gursken/Larsnes 9 poeng, 5 +
2. MSIL, 7 poeng, 3 +
3. Ellingsøy, 6 poeng, 1+
4. Skodje, 6 poeng, 0
5. Haramsøya/Nordøyane, 6 poeng, -2
6. Tjørvåg, 1 poeng, -7
Altså kjempar fem lag om dei tre ledige plassane. Og her kan det fort vere målforskjellen som avgjer.
Siste runde laurdag:
Skodje - Tjørvåg
MSIL - G/L
HaNo - Ellingsøy
Alle oppgjera blir viktige. Vi føler oss ganske sikre at Skodje slår Tjørvåg, gjerne med fleire mål. Det vil bety at Skodje går opp i ni poeng. G/L kan klare seg med uavgjort eller tap. MSIL må truleg vinne. Og det kan dei fort gjere. Rykta seier at Thomas Sætre Hauge ikkje kan spele laurdag, og det svekkar G/L mykje. La oss tippe ein heimesiger der. Så blir truleg HaNo - Ellingsøy som ein cupfinale å rekne der vinnaren har gode sjansar til å rykke opp. Blir det U kan det hindre begge lag i å gå opp. Vi tippar HaNo dreg nytte av heimefordelen og vinn. Då endar vi opp med følgjande tabell:
1. MSIL , 10 poeng
2. G/L, 9 poeng
3. Skodje, 9 poeng
4. HaNo, 9 poeng
5. Ellingsøy, 6 poeng
6. Tjørvåg, 1 poeng
Då bli altså målforskjellen svært vesentleg. G/L har fem plussmål å gå på, medan Skodje fort kan score fleire mot Tjørvåg.
PS. Hjørungavåg vann 6-4 mot AaFK i andre delfinale i sjuar-KM, men sidan AaFK hadde 13-2 å gå på frå første kamp må Hjørungavåg nøye seg med sølv. Uansett ein flott prestasjon; vi gratulerer!
27.10. AaFK - Træff fredag
Då er kvalikkampane mellom Aalesund II og Træff beramma. Første kamp blir spelt fredag 19.00 på Color Line Stadion, medan returoppgjeret går i Molde måndag.
Vi håpar og reknar med at mange hareidsdølingar blir å sjå på CLS fredag. Dei ivrigaste tar sikkert også turen til Molde måndag.
26.10. Rundskue på Sunnmøre: Gammalt og nytt nytt
* Rikard Vestre gir seg som Brattvåg-trenar etter berre ein sesong. Kven som tar over er ikkje avklara.
* Hovdebygda si nye kunstgrasbane opnast for trening denne veka. Bøgda rykte i år ned til 5. divisjon, men dei satsar på å ha på plass ein del nye signeringar med det første.
* Åram/VanKam er det noverande 4. divisjonslaget som har heldt seg lengst samanhengande på nivået (2002-2009 ). Sigve Støyle vart kåra til årets spelar der ute. Kanskje meir imponerande er det at Ole Per Kragset (40 år) og søskenbarnet Oddvin Kragset (50 år) begge runda 800 Åram-kampar denne sesongen.
* Godøy berga for andre året på rad plassen i 3. divisjon då dei enda to poeng framfor Hareid på den usikre 11. plassen. Årets spelar for øyaværingane vart spelande trenar Svein Arve Alnes, som for tida trenar med SIF med tanke på spel der neste år. Alnes gir seg som Godøy-trenar, men kan framleis vere aktuell som spelar der.
* Jan Ove Lange blir ny Valder-trenar. Han har trent Blindheim i tre sesongar no, og jobbar som lærar på Valderøya. Tom Gøran Jønsson har vore Valder-trenar store delar av denne sesongen, i tillegg til å ha spelt sjølv. Vi tippar han held fram som spelar. Han er jo ei lengende ifølgje Hareid-speaker Håvard Røyset.
* Sindre Hjelle gir seg som Sunnylven-trenar. Har har trent hellesyltlaget sidan 2002. Det begynte med opprykk frå 6. divisjon (!) og bar sidan vidare oppover systemet. I 2004 var dei nær opprykk til 3. divisjon, men måtte sjå nabo Stranda gå forbi på målstreken. Hjelle fekk ikkje den beste avslutninga, sidan Sunnylven i år vart klar jumbo i 4. divisjon og spelar på lågaste nivå neste år.
* Hareid IL Fotball sonderer terrenget med tanke på trenarkabalen for neste år. Fotballstyret håper å ha på plass ei løysing i første halvdel av november.
* Til forbundstinget i mars vil det kome opp eit forslag om å halvere talet på 3. divisjonsavdelingar frå og med 2011. For fylket sin del vil det eventuelt føre til at vi får ei felles 3. divisjonsavdeling for Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Men etter det Hareid IL Fotball erfarer er det misnøye mot ei slik divisjonsomlegging i store delar av Fotball-Norge.
26.10. Gursken/Larsnes nær 4. divisjon
Resultat 4. kvalikrunde:
G/L - HaNo 5-2
Tjørvåg - MSIL 0-0
Ellingsøy - Skodje blir spelt tysdag
Stoda:
G/L 9p
MSIL 7p
Skodje 6p
HaNo 6p
Ellingsøy 3p
Tjørvåg 1p
G/L har no ni poeng, og mykje skal til for at dei ikkje klarer opprykket no. Den andre førehandsfavoritten MSIL makta ikkje å slå eit Tjørvåg-lag som ikkje hadde noko å spele for. Det betyr at MSIL helst må vinne eller i alle fall spele uavgjort heime mot G/L i siste runde. Skodje kan ha opprykket i lomma om dei slår Ellingsøy borte tysdag. Ellingsøy er ute av det om dei ikkje vinn den kampen. HaNo har to sigrar og to tap, men siger mot Ellingsøy i siste runde kan sende dei opp. Dette ligg an til å bli eit rotterace.
26.10. Då ventar vi berre på datoane...
Aalesund sikra plassen i tippeligaen i går, sidan Fredrikstad ikkje makta å slå Molde. Det betyr at AaFK 2 og Træff kan møte kvarandre så fort som mulig. Men det er vel kretsane som set opp datoane.
17.10. Juniorlaget avslutta med tap
I sesongens siste kamp tapte juniorlaget 4-3 borte mot Langevåg etter å ha leia 2-0 til pause. Hareid sine mål kom ved Martinus Røyset Bakken, Georg Gaasø og Joachim Røyset. Juniorlaget kjempa i toppen i vårsesongen, men har slite utover hausten. Svært mange guttespelarar har prøvd seg på juniorlaget i år, og det lovar godt for framtida.
23.10. Ein sesong på det jamne for yngreslaga
Yngreslaga til Hareid er ferdige med utefotballen for i år, i alle fall seriespelet. Prestasjonane til laga varierer. Vi får kalle det ein sesong på det jamne.
* J13: 4. plass i si 2. divisjonavdeling i haust.
* J16: 6. plass i si 2. divisjonsavdeling i haust. Mista fleire spelarar til Hødd før sesongen, og laget fekk seg ein liten nedtur etter eit par veldig framgangsrike år.
* G13: Hareids beste lag i år. Tok bronsje i 1. divisjon, og vart med det første Hareid-lag med medalje i uteserien på tre år. Her er det mange lovande talent som vi trur og håper tar steget opp på a-laget om nokre år.
* G14: Vann alle kampane sine i 2. divisjon i haust, og vart med det avdelingsmeisterar. Det får vi kalle meir enn godkjent.
* G16: 3. plass i 2. divisjon i haust, tre poeng bak vinnaren. Vann avdelinga si i vår suverent utan eit einaste tap, men tapte to kampar i haustserien. Totalt sett ein god. Har gitt speletid til fleire småguttespelarar, både 13- og 14-åringar.
* G19: 7. plass i 2. divisjon. Ein brukbar vårsesong vart følgt opp med ein svak haust poengmessig. Men dette laget har nytta haugevis med guttespelarar, så på mange måtar har laget vore ein suksess.
Neste sesong får vi satse på at fleire av laga spelar i 1. divisjon, for det er mykje å bygge vidare på her.
23.10. Neppe KM-tittel til Hjørungavåg
Hjørungavåg sitt herre sjuarlag spelte tysdag den første av to KM-finalar mot AaFK. Kampen på CLS enda med 13-2 i favør heimelaget, og då blir det nok vanskeleg for Hjørby å ta KM-tittelen. Returoppgjeret går neste tysdag på Hareidsmyrane.
22.10. Futsal-reglane
Årets inne-KM kan knapt samanliknast med vanleg innefotball. Reglane er faktisk ganske så forskjellige frå det som hareidsdølingar flest er vande med. Derfor gjer både trenarar, leiarar og spelarane lurt i å lese nøye gjennom reglementet:
http://www.fotball.no/Documents/Kretser/Sunnmore/Aktivitet/Futsal/Futsal_KM_infohefte_og_lokale_spilleregler.pdf?epslanguage=en
Dersom ikkje linken funkar så gå inn på kretsen sine nettsider.
21.10. Første ute-KM-medalje til Hareid på tre år: G13 tok bronsje!
Det vart tap for G 13 i siste kamp for sesongen.2 - 4 vart det mot Blindheim på Hareid KGB. Sidan Langevåg slo Spjelkavik, fekk ikkje tapet noko å seie for slutt tabellen, og det vart Langevåg som vart kretsmestrar foran Spjelkavik, med Hareid på ein sterk 3. plass.
Kampen mot Blindheim lyt ein gå forbi i stillheit, då Hareid var pasive og spelte under pari over heile fjøla. Prestasjonane svinga mykje, og personlege feil vart hardt straffa av agressive Blindheimspelarar. Dommarprestasjonane har vi ikkje brukt å kommentere tidlegare, og vi lar og det passere i stillheit i dag.... Måla vart scora av Kristoffer Hasfjord og Nils Erik Engen. Kjem tilbake med ei lita sesongoppsumering og bilde av Hareidsgutane ved eit seinare høve.
ref. Bård G
Hareid IL Fotball gratulerer G13 med ein fenomenal sesong totalt sett.
Her er KM-medaljane til Hareid sine aldersbestemte lag utandørs dette tiåret:
2000 - Sølv G14
2001 - Gull G16 sjuar, Bronsje G19
2004 - Sølv G16 sjuar
2005 - Bronsje G19
2006 - Sølv G16, Sølv G13
2009 - Bronsje G13
(mulig at noko er gløymt her, gi beskjed i tilfelle)
I tillegg har fleire Hareid-lag tatt medaljar innandørs, inkludert dei to gulla i 2005.
21.10. Hareidhallen stengast
Grunna golvomlegging blir Hareidhallen stengt frå 9. november til 23. desember melder Hareid kommune. Ikkje heldig for alle hareidlaga som skal delta i inne-km utover november og desember, og sikkert heller ikkje ein heldig situasjon for handballen og andre innandørsidrettar. Heldigvis blir golvet nytt og klart i tide før Grendacupen i romjula.
21.10. Kvalik til 4. divisjon: Gursken/Larsnes tilbake på sporet
Seks lag kjempar om tre plassar i 4. divisjon. Etter den tredje runda i dag står fire lag med seks poeng. Her blir det altså spenning til siste innkast.
Kampane onsdag:
MSIL - Ellingsøy 4-1
Sulamittane var førehandsfavorittar, og tok sin andre strake siger etter blemma mot Skodje i første kamp. Ellingsøy med tre poeng vil nok få det for tøft i kampen om ein 4. divisjonsplass etter dette tapet.
Gursken/Larsnes - Tjørvåg 3-2
Kampen vart spelt på Bergsøy KGB. G/L tapte mot Skodje sist, men er no tilbake på sporet. Har to tøffe kampar igjen; heime mot HaNo og borte mot MSIL. Må i alle fall vinne éin av kampane for å rykke opp. Tjørvåg har tapt alle sine tre kampar og må fullføre dei to siste på måfå. Kan faktisk hjelpe G/L om dei slår Skodje eller MSIL, men det spørs kor sannsynleg det er no som lufta har gått ut av Preben Hestad og co.
HaNo - Skodje 3-2
Skodje hadde tatt eit langt steg mot 4. divisjon med siger her. Gjekk derimot på sitt første tap. Begge lag har seks poeng. Skodje skal møte botnlaga Ellingsøy og Tjørvåg, medan HaNo har ein knalltøff bortekamp mot G/L til helga.
Det einaste som verkar sikkert no er at alt er usikkert og ingen er trygge på opprykk. Vi held på vårt tips om at MSIL og Skodje går opp, men er usikker på om det blir G/L eller HaNo som blir med. Vi veit meir etter at dei to laga har møtt kvarandre søndag.
Neste runde:
Tjørvåg - MSIL (søndag)
G/L - HaNo (søndag)
Ellingsøy - Skodje (tysdag)
21.10. Tre nye lag påmeldt Grendacupen
- "La Cosa Nostra" har berre gjort ei forandring i høve fjorårets "Bromlemix". Christer Adrian "Bromle" Mork har bytta lag, medan ny mann inn er Emil Viddal. Bromlemix nådde semien i fjor, og gjengen som i år har satsa på eit italiensk lagnamn blir dermed seeda.
- "Attrus" er eit nytt lag og har berre meldt på fire mann førebels; Christer Adrian Mork, Preben Nedrelid, Benjamin Slettebakk og Daniel Reite. Må nok skaffe fleire spelarar før vi kan seie noko om kor godt dette laget blir.
- "Glade Gutar`10" er omtrent den same gjengen som kalla seg Glade Gutar i fjor. Dei overraska då positivt og kom til kvartfinalen. Har fleire unge og lovande spelarar på laget.
No er vi oppe i fire herrelag og eit ungdomslag.
Les meir på Grendacupen si nettside.
40 |