20.10. A-lagstrening inne onsdag
Klokka 21.00. Ansvarleg for treninga er Eiliv.
19.10. Ingen kvalik denne veka
Fredrikstad vann måndag 3-0 over Odd. Det betyr at det er fire poeng frå Aalesund og ned til aristokratane på kvalikplassen. Og med to runder igjen kan derfor AaFK i teorien rykke ned, sjølv om det er lite truleg. Det blir altså ingen kvalikkampar mellom AaFK 2 og Træff denne veka, og nervøse hareidsdølingar (og for den del vartdølingar i tilsvarande situasjon) må vente endå ei stund før ein veit kva divisjon det blir spel i neste sesong.
Aalesund møter Rosenborg borte neste runde, og til slutt Strømsgodset heime.
Fredrikstad har igjen Molde heime og Lyn borte.
19.10. "Super-sub" fyller år
|
Eit høgdepunkt i Ola Marius Rise si fotballkarriera. Som regel har det blitt med triksing i pausene og kaffidrikking på benken under Hareid sine a-kampar. |
Ola Marius Rise fyller 23 år i dag. Jubilanten har markert seg i hareidsfotballen på forskjellige måtar. I 2005 vart han toppscorar med 20 mål då Hareid junior vann inne-KM. Han scora like mange mål i utserien der juniorane tok bronsje etter å ha leia serien lenge. Men Rise er kanskje vel så kjend for å vere innbyttar på a-laget til Hareid. Han står med 18 kampar og 0 mål i perioden 2003 til 2009, alle innhopp frå benken. I tillegg har han ifølgje seg sjølv 132 kampar som unytta reserve i same periode. Så lesarane kan tolke omgrepet super-sub slik dei vil. No studerer Rise journalistikk i Bodø, og satsar på å kunne vere kvalifisert som webredaktør til denne sida ein gong neste tiår. Uansett, vi ønsker Ola Marius Rise til lykke med dagen.
18.10. Snart kvalikkampar?
Aalesund tok ein meget viktig 1-0-siger borte mot Start søndag. Ståplassen kan bli sikra alt måndag dersom Fredrikstad taper mot Odd. Skjer det, kan fotballkrinsane i fylket sette opp datoar for kvalikkampane til 2. divisjon umiddelbart - og kanskje sparke dei i gang alt denne veka for det vi veit. Dersom FFK taper eller spelar uavgjort i måndag, så må AaFK 2 og Træff vente endå ei veke før kvalikkampane kan starte... Kor vidt det er så mange AaFK-supportarar på Hareid veit vi ikkje, men AaFK 2 har i alle fall fått mange nye fans denne hausten!
17.10. Hjørby skal spele mot AaFK
Det er ikkje berre a-laget til Aalesund som skal spele om gull og glitter i ein finale denne hausten. Det skal også laget deira i sjuarserien. Dei vann Nordre-avdelinga, medan Hjørungavåg vann Søre-avdelinga. Dei to møtast i kampen om KM-gullet over to kampar, den første på CLS tysdag. Returoppgjeret går på Hareidsmyrane ei veke etterpå. Hjørby stilte med ellevarlag i 2007 utan nemneverdig suksess, men brukar å gjere det bra i sjuarserien. Deira viktigaste spelar er nok Erdal Aydin, som mange hugsar frå fleire periodar for Hareid a-lag. Aydin noterte seg for ein a-kamp og fem b-kampar i år før han meldte overgang tilbake til kvittrøyene. Vi ønsker Hjørby lykke til mot AaFK.
17.10. 4. divisjonskvalik laurdag: Skodje har full pott
Resultat laurdag:
Skodje - Gursken/Larsnes 5-4
Ellingsøy - Tjørvåg 7-2
HaNo - MSIL 2-3
Det betyr at Skodje er det einaste laget som står med seks poeng etter to av fem runder. Ein siger til for gultrøyene, og mykje er nok gjort med tanke på 4. divisjonsspel neste sesong. Fire lag står med tre poeng: MSIL, Ellingsøy, HaNo og G/L. Det er altså jamt om kven som tar dei tre ledige plassane i 4. divisjon. Håpet er nok ute for Tjørvåg, som står med null poeng.
3. runde spelast alt onsdag:
- MSIL - Ellingsøy
- HaNo - Skodje
- G/L - Tjørvåg
Skodje kan trygge opprykksplassen, men får det neppe lett borte mot HaNo. MSIL treng siger heime mot Ellingsøy, og det trur vi at dei klarer. G/L får neppe store problem "heime" mot eit Tjørvåg-lag som er ute av det, men merk at kampen går på Bergsøy KGB, så kven som er på heimebane er eit relativt spørsmål.
17.10. Rise vann årets Måltips-konkurranse
Hareid scora 32 seriemål i 2009. Det forutsåg som einaste person Stein Arve Rise, som dermed vinn eit gåvekort frå Sportssenteret. På delt 2. plass (altså eitt mål feil) kom Alfred Varhaug, Preben Hestad og Johannes Alme. Dei får tilsendt eit sesongkort for Hareid-kampane i 2010 i god tid før serien startar neste år.
Vi takkar alle som har delteke i Måltips-konkurransen i 2009. Giro for betaling blir utsendt med det første.
15.10. Tap for G16 - siger til G13
Gutelaget tapte 5-0 for Blindheim i sesongens siste kamp. Hareid, som på grunn av skadar og reiser mangla fem spelarar frå startellevaren mot Valder i førre kamp, kom under allereie etter 20 sekund, og før fem minutt var spelt, leia Blindheim 2-0.Det vert rapportert om ein kamp langt under pari for dei fleste av spelararane.
Det unge Hareidslaget kjem dermed på andre- eller tredjeplass i denne andredivisjonspulja, avhengig av korleis det går med Brattvåg og SIF. Blindheim toppar tabellen etter denne sigeren over Hareid.
Men gutelaget har alt i alt gjennomført ein fin sesong, med totalt ni sigrar, to uavgjorte og berre to tap på tretten kampar. Karane siktar seg no inn på inne-km i midten av november.
ref.
Hareid G 13 vann onsdag 3 - 2 på bortebane mot Sykkylven. Sigeren kunne gjerne vore større etter eit markert overtak også på sjansestatestikken. Måla for Hareid vart scora av Martin M Breivik 2, og Nils Erik Engen. Gutane har no igjen ein kamp, mot Blindheim på Hareid KGB, og med litt hjelp er forsatt sølv i KM innen rekkevidde. Bronsen er alt sikra, då Hareid har 9 poengs luke til nettopp Blindheim på plassen bak.
Ref.
15.10. Første Grendacup-lag påmeldt
|
Georg Gaasø var den første i 2009 til å melde på sitt Grendacup-lag. |
Under to timar etter at det var opna for å melde på lag til Grendacup tikka første påmelding inn. Laget deltar i herreklassen og kallar seg "Slå å gå". Spelarane er juniorar på Hareid: Kevin Hestholm, Georg Gaasø, Joachim Røyset, Arild Liaset og Martinus Røyset Bakken. Og det er kanskje grunn til å tru at dei supplerer med ein mann eller to når cupen nærmar seg.
15.10. Grendacup-sida er oppe og går
Du finn ho her:
http://grendacupen.hareidil.no/
Sida er under oppdatert. Det er opna for påmelding av lag.
Grendacup-sida vil bli brukt for påmelding og generell info rundt cupen. Oppdateringar og analysar av lag og liknande blir publisert på denne sida.
15.10. Grei tipping av oss
Før sesongen sette vi som vanleg opp eit sesongtips for 3. divisjon. Vi kom nok ein gong greitt frå det. Vi tippa:
1. Herd - enda på 2. plass.
2. Brattvåg - enda på 8. plass. Vår største bom.
3. AaFK 2. lag - enda på 1. plass.
4. Hødd 2. lag - enda på 5. plass.
5. Spjelkavik - enda på 3. plass.
6. Volda - enda på 7. plass.
7. Rollon - enda på 4. plass.
8. Hareid - enda på 11. plass.
9. Valder - enda på 6. plass.
10. Godøy - korrekt
11. Norborg - enda på 9. plass.
12. Langevåg - korrekt
12.10. A-laget framover
Utesesongen er slutt for i år. Planen for kva som skjer for a-laget ut år ser slik ut i utgangspunktet:
- Onsdag 21. oktober: Innetrening klokka 21.00. (Det blir ikkje innetrening denne veka grunna Hareidsstemna)
- Etter dette vil det bli innetrening kvar onsdag. Eiliv og Vagn har ansvaret for å organisere desse.
- Inne-KM-grunnspelet går 21. og 22. november i Olivinhallen.
- Ca. midt i november startar utetreningane på igjen. Omfanget kjem vi tilbake til.
** Alle som har spelt for a-laget i år og alle andre som vil vise seg fram med tanke på ein plass i a-stallen i 2010, har høve til å møte på treningane fram til nyttår.
--
Hareid kjem truleg til å behalde dei aller fleste spelarane frå i år også i 2010. Med det laget Hareid hadde denne haustsesongen kjem vi truleg til å hevde oss godt neste år, uansett kva divisjon det skulle bli.
Eventuelle nye spelarar som vil prøve seg på treningane framover kan ta kontakt med Vagn Scheide Mork eller Kristian Angelsen.
11.10. Takk til André Skotheim
|
André Skotheim fotografert saman med oppmann Kristian Angelsen under Skotheims siste kamp bak roret mot Langevåg fredag. FOTO: EOT |
Etter fem år i klubben er André Skotheim ferdig som Hareid-trenar - i alle fall for denne gong. "Skotty" kom til Hareid før 2005-sesongen som spelande assistenttrenar. Hausten 2006 tok han ein svipptur innom Hødd for å prøve å hjelpe dei frå nedrykk i Adeccoligaen. Før 2007-sesongen var Skotheim tilbake i Hareid, denne gongen som hovudtrenar. Og det har han vore sidan. Neste sesong skal familien prioriterast, og det har vi full forståing for. På avslutningfesten laurdag fekk han ei gåve frå fotballgruppa; ein weekend på hotel i Geiranger saman med familien. Vi takkar André Skotheim for ein fantastisk god jobb for oss, og ønskar han velkommen tilbake som tilskodar i 2010. Og kanskje som trenar ein annan gong...:-)
11.10. AaFK 2 kan bruke seks "rutinerte" i kvaliken
Får AaFK 2 spele kvalik får dei bruke desse frå a-stallen, dersom dei ikkje startar siste a-kamp før kvalikkampane: Sten Grytebust, Andreas Lie, Trond Fredriksen, Glenn Roberts, Mayorquin, Øyvind Gram. Av desse er dei to førstnemnte keeperar. I tillegg er vel ein junior som Didrik Fløtre som ein a-lagsspelar å rekne, og han får vel spele. Det vil seie at det ikkje er noko fantastisk lag AaFK 2 eventuelt stiller, men det skal vere eit OK lag sett opp mot Træff. Spennande blir det i alle fall.
11.10. Uldbæk vart årets spelar
|
Steffen Uldbæk borte mot Godøy. |
Steffen Sjåstad Uldbæk (26) vart kåra til årets spelar på Hareid i 2009. "Uldo" kom til klubben før sesongen etter å ha spelt for Hødd, Lokomotiv Oslo og Bergsøy tidlegare. Bergsøy-trenaren sa til oss då vi signerte han at det ikkje var noko stort tap for dei, men det må han nok bite i seg. Uldbæk har ikkje spelt ein einaste svak kamp i år, same kor dårleg laget har vore. Han er ein tacklingssterk og offensiv venstreback, som til og med krona sesongen med to mål i serieavslutninga. Men det var alt før det at spelarane og støtteapparatet hadde gitt sine stemmer. 22 gjekk til Uldbæk, medan Kim-Tore Husøy fekk ei. Steffen fekk prisen under gårsdagens avslutningsfest, og som trenar André Skotheim sa kan det umogleg vere betre venstrebackar i 3. divisjon.
Joachim Røyset (17) vart kåra til årets unge spelar i 2009. Han kom eigentleg ikkje med i stallen i utgangspunktet, men fekk sin debut i ein treningskamp mot Hødd 2 i mars. Då scora han like greitt etter 50 sekund. Utover sesongen beit Joachim seg til fast plass i ellevaren, og han er den junioren som har spelt klart mest når vi summerer opp. Joachim utmerker seg med duellstyrke, innsats og løpsstyrke. Ein mann vi også får glede av i framtida, håper vi.
Kim-Tore Husøy (26) fekk pokal for å vere årets toppscorar. Ni mål er fasiten, alle i serien. Og seks av dei på straffe. Dette er første gong Husøy blir toppscorar for Hareid i serien, men han har kome opp i 76 Hareid-mål. Og det er flest av alle noverande spelarar.
09.10. Resultat denne helga
I denne saka samlar vi opp resultat frå helga:
FREDAG:
3. divisjon:
* Volda - Valder 2-2. Det betyr at Valder kjem på 6. plass og Volda på 7. plass i år. Over forventningane av Valder, skuffande av Volda.
* Hareid - Langevåg 4-2. Sjå eiga sak.
* Hødd 2 - Spjelkavik 1-3. Vegard Nybø scora etter tre sekund, altså direkte frå avspark. Bortesigeren betyr at Vika tar bronsjemedaljane i år (gratulerer med det), medan Hødd 2 kjem på 5. plass. Hødd-reservane herja i vårsesongen, men avslutta sesongen med seks strake tap. I haust har Hareid faktisk tatt fem poeng meir enn Hødd 2.
Kvalik til 5. divisjon:
* MSIL - Skodje 1-2. Mauseidvåg gjekk gjennom serien utan tap, men i første kvalikkamp gjekk dei på ein smell. Kanskje var ikkje vårt tips om at Skodje rykker opp så dumt?
LAURDAG:
3. divisjon:
* Herd - AaFK 2 6-0. Aalesund overraska med å stille med reint juniorlag. Så då dei fekk ein mann utvist og straffe imot etter åtte minutt sa det seg sjølv korleis dette ville ende. Kampen betydde lite anna enn matchtrening. Eitt av desse laga skal spele kvalik.
* Brattvåg - Rollon 2-1. Brattvåg enda som nummer åtte, medan Rollon tok 4. plassen, noko som er deira beste plassering på over tjue år (trur vi).
* Norborg - Godøy 3-1. Det betyr at Hareid enda to poeng bak trygg plass i år, det vil seie Godøy med 24 poeng.
4. divisjon:
* Blindheim - Bergsøy 1-8. Fosnavågarane er dermed tilbake i 3. divisjon etter tre års fråver. Vi gratulerer!
* Vigra - Hovdebygda 1-3
* Stranda - Vartdal 1-1
* Ørskog - Åmdal 1-3
- Hovdebygda og Sunnylven rykker ned til 5. divisjon. Åmdal sikra kontrakta i comeback-sesongen med dagens siger. Vartdal må i likheit med Hareid satsa på at AaFK 2 (eller evt. Herd) slår
3. divisjon Nordmøre/Romsdal:
* Elnesvågen tapte mot Sunndal. Dermed er det TRÆFF som skal møte AaFK 2 (eller eventuelt Herd) i kvalik om spel til 2. divisjon.
Kvalik til 4. divisjon:
* Gursken/Larsnes - Ellingsøy 3-1. Ikkje uventa siger til G/L.
SØNDAG
Kvalik til 4. divisjon
* Tjørvåg - HaNo 2-3
Dermed er HaNo, G/L og Skodje best i gong, men det er fire runder igjen...
09.10. Fotballgruppa ønsker å takke alle eldsjelene våre
|
I pausa under fredagens serieavslutning fekk fire av våre eldsjeler fortente blomsterbukettar laga til av Angelsen blomster. Frå venstre: Harald Aasen, Kurt J. Brandal, Monica Teigene, Anders Mork. FOTO: HANS-OLAV RISE |
Utan eldsjeler som gjer ein kjempejobb på dugnad hadde vi ikkje hatt ei fotballgruppe på Hareid. På bildet ser du fire av dei som fekk heider i pausa i fredagens kamp. Nokre vil også få heider under avslutningsfesten laurdag, og atter andre vil få eit synleg bevis på at vi set pris på innsatsen ved eit anna høve. Her er dei som har hjelpt oss med kamparrangement og liknande i 2009:
Harald Aasen - er vår viktigaste mann når det gjeld kamparrangement. Gjer i tillegg anna anleggsrelatert elles også. Harald går forbi stadionområde minst ein gong kvar dag og ser om noko må gjerast.
Ulf Hansrud og Monica Teigene, billettseljarane. Pengane må inn, og det sørger desse to for. Begge er også ekte supporterar og er med på mange bortekampar.
Anders Mork - "trappa ned" etter mange år som oppmann og trenar for ymse lag, men har likevel gjort ein god jobb som kamparrangementsjef i år!
Knut Helge Hovden - materialforvaltar på niande sesongen! Knut Helge stiller alltid opp i gode og mindre gode tider. Vi håper han også tar sin tiande sesong.
Kristian Angelsen - oppmann på tredje året. Ein mann med ekte Hareid-hjarte. I tillegg til ein meget solid jobb som oppmann er Kristian viktig i styret, ikkje minst med tanke på sponsorarbeid. Vi håper han blir med også neste år!
Håvard Røyset - utvilsamt nordvestlandets beste speaker. Håvard har den perfekte speakerrøysta, og har alltid ei god historie på lur. Sterkt ønska som speaker også i 2010.
Kurt J. Brandal - fotballgruppas kasserar har dessverre gitt signal om at han gir seg ved årsmøtet. Men det skal du vite Kurt, du har gjort ein meget god jobb. Og vi har neppe sett deg på Hareid-kamp for siste gong.
Per Inia Brekke - seniorgruppas yngste bidragsytar. Musikksjef og vikarierande speaker ved høve. Har også bidrege som linjemann på HIL 2-kampar. Stort Hareid-hjarte, og ei framtidig eldsjel.
Sindre Breivik og Bård Grimstad. Ikkje direkte tilknytta seniorgruppa, men har hjelpt oss med mykje. Bård har rydda snø om vinteren. Det har også Sindre gjort, i tillegg til mykje anna "teknisk" arbeid.
Jan Endre Rise, Mika Saarinen, Einar Orten Trovåg, Vagn Scheide Mork og Ronald Øvrelid. Har utgjort styret saman med Kristian Angelsen og Kurt J. Brandal. Det har blitt ein del styremøter i år, og det er fleire igjen...
Takk for innsatsen til alle saman! Sjåast i 2010.
Mvh fotballstyret, senior
10.10. Statistikkhjørnet, siste utgåve: Adelskalenderen er oppdatert
|
Dommar Even Myrheim fører Hareid og Langevåg inn til årets siste seriekamp. For Langevåg sin del var dette deira siste innmarsj til ein 3. divisjon på minst 1 1/2 år. Det same kan gjelde Hareid om AaFK 2 (eller eventuelt Herd) ikkje vinn kvaliken. FOTO: EOT |
I menyen til venstre finn du no både oppdatert adelskalender og sesongstatistikk under "historikk". Vi kan ta ei kjapp oppdatering/oppsummering her:
* Vagn Scheide Mork er den noverande Hareid-spelaren med flest kampar. 264 opptredenar held til 18. plass av dei 486 spelarar som har kampar for Hareid sidan oppstartsåret 1946. Etter Mork kjem Eiliv-Tore Howlid (223), Even Hansrud (207) og Kim-Tore Husøy (198). Sistnemnte er også den noverande Hareid-spelaren med flest mål: 76
* Hareid spelte 29 kampar i 2009. Howlid, Mork og Joachim Moldskred spelte 28 av dei. Ingen spelte alle.
* Toppscorar i år vart Kim-Tore Husøy med ni mål. Han får pokal for det på dagens avslutningfest.
* 39 spelarar fekk kampar for Hareid i 2009. Heile 15 av desse debuterte i år.
* 6 spelarar gjorde comeback for Hareid i år, det vil seie at dei har spelt for Hareid før, men ikkje gjorde det i 2008: André Nupen, Svein Inge Nesset, Bernt Aage Ulstein, Erdal Aydin, Benjamin Reite, Robert Ulfstein.
* Statistikk (siger-u-tap) i vårsesongen: 3-0-9= 9p (12 kampar). Haust: 4-1-5= 13p (10 kampar). Einar Orten Trovåg og Vagn Scheide Mork rekna seg i sommar fram til at Hareid truleg unngjekk 11. plassen med fire sigrar og ein uavgjort i haust, men det reknestykket gjekk altså ikkje inn.
Kven som blir kåra til årets spelar blir offentleggjort for spelarane og støtteapparatet laurdag. Nettsidelesarane får vite det søndag...
Vi skulle gjerne lagt ut årshistorikken med det første, men det er inga hensikt i å skrive historikken før vi veit kva divisjon Hareid spelar i neste år.
09.10. Verdig avslutning på sesongen, og ungdommen fekk sleppe til: Hareid - Langevåg 4-2
|
Fem unge spelarar på fredagens Hareid-lag: Alexander Jackson Indreflø (debutant i 2009), Benjamin Slettebakk (debuterte seinhausten 08), Ingar Liaset (debuterte i dag), Joachim Røyset (debutant i 2009), Kevin Hestholm (debutant i dag). Alle er i junioralder sett vekk frå AJI, som er guttespelar. FOTO: EOT |
Det var knytta svært lite spenning til avslutningskampen mellom Hareid og Langevåg, sidan det vart klart førre veke at Hareid kjem på 11. plass - og sidan det har vore kjent i veldig lang tid at sulamittane kjem sist. Likevel tok laga kampen overraska seriøst for å avslutte sesongen verdig. Hareid tok leiinga etter 10 minutt ved Even Hansrud. Starten av 2. omgang var truleg årsbeste. Steffen Uldbæk (2) og Kim-Tore Husøy scora tre mål på tre minutt. To minutt seinare reduserte Mats Nordstrand for LIL. Siste halvtimen vart ein formalitet. Hareid slepte til mange ungdommar, inkluderte debutantane Kevin Hestholm og Ingar Liaset, men det var ikkje deira feil at bortelaget reduserte nok ein gong eitt minutt på overtid. Totalt sett ein god kamp. Kjekt at det vart siger i André Skotheim sin siste kamp som Hareid-trenar for denne gong. Skotheim skal få eit synleg bevis på at Hareid er nøgde med hans trenarinnsats under avslutningsfesten laurdag.
Hareid: Vagn Scheide Mork - Benjamin Reite, Eiliv-Tore Howlid, Joachim Moldskred, Steffen Uldbæk - Svein Inge Nesset, Per Ståle Nykrem, Kim-Tore Husøy (K), Joachim Røyset - Ronny Jørgensen, Even Hansrud.
Inn: Alexander Jackson Indreflø, Benjamin Slettebakk, Andreas Johann Kurseth, Ingar Liaset, Kevin Hestholm.
07.10. A-laget: Siste seriekamp fredag. Avslutningsfest laurdag
Hareid spelar siste seriekamp for året heime mot Langevåg fredag 18.30. Kampen betyr i grunnen ikkje all verda for nokon av laga, sidan det er spikra at Hareid kjem på 11. plass og Langevåg 12. plass alt før runda. Kampen kan bli Hareids siste i 3. divisjon på ei stund om då ikkje avdelingsvinnaren vinn kvaliken. Så du må uansett ikkje halde deg heime.
Laurdag (ikkje fredag som vart sagt på onsdagstreninga) blir årets avslutningspizzafest arrangert. Den startar klokka 19.00, og foregår i huset til Vagn.
Desse er inviterte:
- Spelarane
- Styret
- Støtteapparatet
- Billettseljarane, speakeren, kamparrangementsjefen og Harald Aasen.
Program:
- Formannen har ordet
- Utdeling av pokal for årets spelar og toppscorar, samt heider til andre som fortener det
- André Skotheim har ordet
- Quiz?
- Mat: Det blir bestilt inn pizza
Vel møtt!
41 |