08.10. Pressemelding frå Grendacup-formannen

Grendacupen er ein sosial og artig cup som fengjer heile lokalbefolkninga. Det viktigaste for dei aller aller fleste er å delta og ha det moro, men det blir sjølvsagt prestisje utover i rundene. Her ser vi Kim-Tore Husøy, som aldri har vunne cupen som utespelar. Men han har ein førsteplass og ein andreplass som keeper med åtte års mellomrom. Arkivfoto: EOT

Grendacupen er rekna som det nest største kulturarrangementet på Hareid, og det mest populære idrettsarrangementet på Søre Sunnmøre.
Dei som har drive turneringa for Hareid IL siste 9 åra, har gitt seg som arrangørar,
og eit nytt styre er på plass. Cupen arrangerast i regi av fotballgruppa, og det er fotballstyret til Hareid som har valt ut det nye styret:


07.10. Viktige og uviktige kampar til helga

I 3. divisjon er omtrent alt avgjort, i alle fall i Sunnmørsavdelinga. Situasjonen er annleis nordpå. I 4. divisjon er det spenning i både topp og botn. Og kvalikkampane til 4. divisjon startar. Vi tar ein kik på helgas kampar.

3. divisjon:
(Halve runda er framskunda til fredag grunna dommarmangel)
Fredag:
Hødd 2 (33)- Spjelkavik (35). Begge lag kan ta bronsjeplassen, som Vika ligg på no. Hødd 2 har tapt fem på rad, så sjå ikkje vekk frå at Tommy Larsens menn tar dei ledige medaljane.
Volda (31)- Valder (32). Uniteressant kamp. Berre plasseringar å kjempe om, for begge lag hamnar midt på.
Hareid (19) - Langevåg (3). Laga endar på høvesvis 11. og 12. plass. Kan LIL avslutte sin triste sesong på ein verdig måte? Og har lufta gått ut av Hareid etter skuffelsen mot Spjelkavik?
Laurdag:
Norborg (23) - Godøy (24). Sidan 10. plassen etter all sannsynlegheit gir ståplass er heller ikkje denne kampen så interessant. Kampen går på kunstgraset på Vatne.
Brattvåg (24) - Rollon (34). Sistnemnte kan ta bronsjen med siger om Vika avagir poeng.
Herd (49) - AaFK 2 (55). I utgangspunktet ein ubetydeleg kamp, men sidan eitt av desse laga, truleg AaFK 2, skal spele kvalik, så er dette viktig matchtrening. Det kan gå lang tid til kvaliken blir spelt.

3. divisjon Nordmøre/Romsdal:
KBK 2 (49) leiar avdelinga, men kan ikkje rykke opp.
Viktige kampar for oss laurdag:
Vestnes Varfjell - Træff (48). Erik Brakstads menn tar kvalikplassen med siger her.
Sunndal (45) - Elnesvågen (47). Sunndal kan berre i den aller mest teoretiske teorien rykke opp. Elnesvågen tar kvalikplassen med siger her og poengtap for Træff. Uavgjort held ikkje, sidan Træff har klart betre målforskjell.

4. divisjon:
Onsdag:
Hovdebygda (15) - FK Sykkylven (33). Hengekamp. "Bøgda" er ferdige om dei taper her grunna elendig målforskjell.
Laurdag:
Blindheim (35) - Bergsøy (44). Blindheim har ingenting å spele for. Bergsøy rykker opp med siger her om ikkje Vigra eller Ørsta vinn med handballsiffer.
FK Sykkylven (?) - Sunnylven (7). Heilt uvesentleg kamp. Sunnylven spelar i 5. divisjon neste år.
Vigra (44) - Hovdebygda (?). Vigra har 20 plussmål svakare enn Bergsøy, og 11 svakare enn Ørsta. Må altså vinne med ca. 25 mål eller satse på at Ørsta eller BIL avgir poeng. 
Åram (22) - Ørsta (44). Kragset og co kan i teorien rykke ned om både Åmdal og Vartdal vinn til helga. Ørsta har som nemnt 9 plussmål svakare enn Bergsøy, og må både vinne her og heie på Blindheim.
Stranda (49) - Vartdal (18). Vartdal ligg på den usikre 10. plassen. Stranda er 3. divisjonsklare for lengst. Vartdal har desidert mest å kjempe for. Må halde Bøgda bak seg og passere Åmdal som har fire plussmål betre.
Ørskog (26) - Åmdal (22). Ørskog er sikra. Åmdal ligg på trygg grunn førebels, men må halde både Bøgda og Vartdal bak seg. Open kamp her.

Kvalikspel til 4. divisjon:
Playoff-runde 1 av 5

Fredag:
MSIL - Skodje. Mauseidvåg betre enn Skodje i serien, men her står det mykje på spel. I utgangspunktet er MSIL favoritt på eige kunstgras, men Skodje er heller ikkje så verst. Ligg det ei overrasking i lufta?
Søndag:
Gursken/Larsnes - Ellingsøy. Kjem frå to ulike avdelingar. G/L har hatt eit kjempelag etter sommaren og er i flyt. Veit ikkje mykje om Ellingsøy, men vi trur dette ligg an til H.
Tjørvåg - HaNo. Denne kampen går nok på grusen ute i Tjørvågane. Ingen av laga er opprykksfavorittar. Tjørvåg er nok nøgde med sesongen hittil, meda HaNo truleg har ambisjonar og vil tilbake til 4. divisjon først best. Preben Hestad og co er betre framover enn bakover. Kan bli mange mål her, men vi trur det blir U eller B.


 


07.10. Lokomotiv Oslo feira 10-årsjubileum

Bilde frå Loket si nettside. Bak ser vi laget med "gamle heltar". Framme er det noverande Loket-laget.

Helga som var feira Lokomotiv Oslo 10-årsjubileum. Klubben har plukka opp mange titals eksil-søre-sunnmøringar sidan oppstarten. Feiringa begynte med ein kamp mellom noverande spelarar og gamle heltar. Deretter bar det i premiar og prisar og ymse utover dagen. Det vart mellom anna sett opp ein "all star"-ellevar frå 1999 til 2009. Av kjentfolk kom årets Hareid-venstreback Steffen Sjåstad Uldbæk med som venstreving etter å ha herja der nede mellom 2004 og 2007. Noverande Loket-trenar og tidlegare trenar for Hareid sitt damelag Arthur Garnes vart sett opp som stoppar. Tidlegare Hareid-spelar Cato Hansrud kom med som midtbanespelar - og fosnavågar Ronny Reite, den einaste som er igjen frå oppstartsåret, vart då naturleg nok keeper på all star-laget. Frå premieringa av prestasjonar i 2009 vart Roy Inge Brandal årets spelar på Loket 1. Den tidlegare Brandal- og Hareid-spelaren har blitt kåra til så mangt dei siste par åra. Som kjent var han årets Grendacup-spelar i 2009 og årets Mimrecup-spelar same sesong. Årets Loket 2-spelar vart ein annan kjenning: Are Olav "Risemerra" Riise. Ole Andreas Hjørungnes (frå Hjørungavåg) vart toppscorar på det laget. Elles så blir det meldt at Steinar Nupen, dei fleste veit vel kven det er, har blitt valt til ny fotballformann i Lokomotiv Oslo. Vi gratulerer!


07.10. Oppdatert historikk

Adelskalender og historikk for Hareid II 2009 ligg under historikkbolken til venstre.


06.10. Hareid - Langevåg framskunda ein dag

Grunna dommarmangel blir Hareid - Langevåg spelt fredag, ikkje laurdag som først planlagt. Dette får ikkje konsekvensar for Hareid sin avslutningspizzafest laurdag.


05.10. AaFK 2 lada opp med storsiger

Forutsett at AaFK held seg i elitserien, noko som er meget sannsynleg, er det AaFK 2 som skal ut i kvalik og dermed spele for opprykk samt ståplass for Hareid (noko dei også sikkert tenker mykje på:-)) Måndag tok AaFK 2 sin 13. strake siger i 3. divisjon då dei slo Brattvåg 9-1. Laget sin mestscorande var Glenn Roberts med tre nettkjenningar. Bra at AaFK 2 spelar på seg sjølvtillit, men får dei god nok matching kontra Træff eller Elnesvågen i den andre avdelinga?

Hødd 2 gjorde ein meget god vårsesong, men har vist slett form i det siste. Måndag tapte dei sin femte strake kamp, denne gongen vart Valder for sterke (1-0).


04.10. Desse spelar kvalik til 4. divisjon:

Frå Søre: Gursken/Larsnes, Tjørvåg.
Frå Nordre/Ålesund: HaNo, Ellingsøy
Frå Indre/Ålesund: MSIL, Skodje

Desse laga spelar ei runde mot kvarandre i oktober. Skodje var det siste laget som skaffa seg ein kvalikplass då dei slo Emblem søndag. Vi trur at MSIL og G/L blir favorittar i denne kvaliken. G/L henta inn fem klassespelarar i sommar (Sætre, Sætre Hauge, Muren, Gunnarstein x 2). Ingen av desse har noko i 5. divisjon å gjere, og dei har eit par-tre gode spelarar elles. Slit muligens litt defensivt om dei blir pressa. Skal vere meir enn gode nok til å ta ein kvalikplass. MSIL har gått ubesigra gjennom sesongen, og har henta mange gode spelarar frå den fortapte naboen Langevåg. Så spørs det kva som blir det tredje laget. Skodje skal visst nok ha eit godt lag om dei er alle mann alle. HaNo har erfaring både frå 3. og 4. divisjon dette tiåret, og har sikkert litt å fare med. Ellingsøy rapporterast å vere eit hakk betre. Tjørvåg er veldig gode på sitt beste, men må ha ballen i føtene. Truleg meir enn nøgde nok med sesongen sålangt. Har dog ein stor fordel i at dei har grusdekke på heimebanen sin. Vi trur at Skodje tar den tredje kvalikplassen.

Kvalikspelet startar til neste helg.


04.10. Juniorlaget vann

Etter ein poengemessig svak haustsesong fekk Hareid junior endeleg ein opptur då dei søndag vann 3-0 borte mot Tjørvåg. Christer Adrian Mork skora to mål, medan Håvard Bolstad Banne scora etter å ha sett inn ein retur på eit frispark frå Alexander Jackson Indreflø.

Laget: Kevin Hestholm - Ingar Liaset, Stian Brandal, Georg Gaasø, Håkon Orten Trovåg - Håvard Bolstad Banne, Joachim Røyset, Alexander Jackson Indreflø, Robin Fure - Benjamin Slettebakk, Christer Adrian Mork + Rafat Ghasi, Emil Bastian Reite


03.10. 4. divisjon: Alt er opp til Bergsøy, 5. divisjon: Tjørvåg og G/L spelar kvalik

I 4. divisjon vann Bergsøy laurdag 5-1 heime mot allereie opprykksklare Stranda. Sidan Vigra tapte 2-1 i Ørsta er det Bergsøy som no ligg på den viktige 2. plassen. Både Bergsøy, Ørsta og Vigra har like mange poeng, men førstnemnte har klart best målforskjell. Det betyr at fosnavågarane med siger borte mot Blindheim i siste runde spelar i 3. divisjon neste år.

I 5. divisjon avdeling Søre vann Tjørvåg 2-0 mot Hasundgot. Ikkje overraskande vann Gursken/Larsnes 9-0 mot Flø. Det betyr at det er G/L og Tjørvåg som må ut i fem ekstra kvalikkampar i oktober. Vi tippar at det er dei gulsvarte frå Sande som har best sjanse til å rykke opp av desse to. Dei har nok både meir motivasjon og betre spelarar enn Tjørvåg. Frå Nordre/Ålesund-avdelinga er Ellingsøy og Ha/No for lengst klare for kvalikspel. Søndag blir det avgjort om det er Skodje eller Stordal som følgjer MSIL frå Indre/Ålesund-avdelinga.


03.10. Svein 26 år!

Hareid-spelar Svein Inge Nesset fyller 26 år i dag. Svein spelte på a-laget frå 1999 til 2006, før han i sommar kom heim igjen etter tre år i Sogndal. Kantspelaren har 133 kampar og 18 mål for Hareid hittil, måtte det også bli fleire. Grattis!


03.10. Trenarjakta er i gang

Hareid IL Fotball har fått mange spørsmål i det siste om det er funne nytt trenarteam til sesongen 2010. Som kjent vart det offentleggjort for eit par veker sidan at André Skotheim er inne i sin siste sesong som Hareid-trenar for denne gong. Formann Einar Orten Trovåg bekreftar at prosessen med å finne ny trenar/trenarar har starta.
- Vi hadde eit styremøte førre veke der vi diskuterte diverse namn. Etter det har vi gjort research på dei, og så snakka med dei. Enkelte er interesserte, andre er det ikkje. Vi jobbar vidare med dei som har gitt positive signal framover. Det er heller ikkje utenkeleg at det kjem opp nye namn ettersom det alltid kvar haust er trenarar som sluttar i dei klubbane dei er i no, seier Trovåg til nettsida.
- Og når trur du at eit nytt trenarteam er på plass?
- Det er vanskeleg å seie. Det viktigaste er at det blir ei god løysing. Uavhengig av kva divisjon vi spelar i neste år satsar vi å starte opp igjen utetreningane i midten av november. Det beste er kanskje å ha på plass det nye trenarteamet til då, men det er ikkje eit absolutt must, avsluttar formannen, som også fortel at det er viktig å ha på plass trenarar som spelarane har sansen for.


03.10. Husøy runda 75 mål

"Bare sorgen" etter tapet mot Spjelkavik i går, men det skal heller ikkje gå hus forbi at Kim-Tore Husøy scora sitt 75. Hareid-mål. Ikkje verst av ein midtbanespelar! Husøy har klart det på 197 kampar. Han er no den 13. mestscorande Hareid-spelaren gjennom tidene. Husøy har lova oss å halde det gåande til han bikkar 100. Vi ser fram til det.


02.10. Fin opphenting av guttelaget - kan bli seriemeisterar

Med 0-2 berre 20 min før slutt var det få som trudde at Hareid sitt gutelag ville greie å hente inn eit godt Valder-lag fredags kveld. Men etter eit noko heldig reduseringsmål ved Fredrik Aursnes (muligens eit sjølvmål), begynte hareidsgutane ein sterk langspurt som burde ha enda med siger. Audun Øvrelid utlikna for heimelaget på eit fint langskot fem minutt etter. Og då Håkon Orten Trovåg vart felt soleklart på veg  mot mål like etter, rekna alle med at Hareid skulle få straffe og ro det heile i land. At dommaren berre vinka spelet vidare etter denne situasjonen, verka uforståeleg for alle andre enn han sjølv. Men kampen sett under eitt var 2-2 eit greitt resultat. Hareid var svake i fyrste omgang, men kjempa seg fint tilbake i andre.
 
Heimelaget avslutta kampen med fem 96-modellar på bana. Alle greidde seg meget godt.
 
Neste - og siste - kamp er borte mot Blindheim torsdag 15. oktober.
 
Med siger eller uavgjort her vinn Hareid andredivisjonsavdeleinga si. Brattvåg er den hardaste konkurrenten, med to poeng mindre og langt svakare målskilnad. 
 
ref


02.10. Dett var dett

Hareid måtte vinne mot Spjelkavik, men den jamne kampen enda med 1-2-tap. Dermed kjem Hareid på den usikre 11. plassen, som er avhengig av AaFK 2-opprykk for at det skal bli ståplass. Og det betyr at det i utgangspunktet er 50-50 sjans for om Hareid spelar sin 10. strake sesong i 3. divisjon, eller om motstandarane neste år heiter Åram/VanKam, Åmdal, Tjørvåg, Vartdal eller kva no enn slags lag som befinn seg i 4. divisjon i 2010. Det er berre å beklage og seie at det som har blitt gjort i år ikkje har vore godt nok. Ein kan skulde på skadar, uflaks eller motvind, men det sjuande og sist er det ingenting som lyg så lite som ein tabell. Vi får gratulere Norborg med ståplass i deira første forsøk i 3. divisjon, så håper vi at vi kan møte dei igjen også neste år. Men no er ingenting opp til oss sjølve.

Hareid: Vagn Scheide Mork - Benjamin Reite (Andreas Kurseth frå 45), Eiliv-Tore Howlid, Joachim Moldskred, Steffen Uldbæk - Svein Inge Nesset, Kim-Tore Husøy, Tore Ytre-Hauge, Joachim Røyset (Robert Ulfstein frå 45) - Even Hansrud (Martinus Røyset Bakken frå 80), Ronny Jørgensen.
Alexander Indreflø kom også inn.

Kim-Tore Husøy scora Hareid sitt mål på straffe.


01.10. Tap i siste kamp for Hareid 2

Hareid 2 møtte Bergsøy 2 i hagl, regnver og ekstremkulde til 1. oktober å vere på Hareidsmyrane stadion torsdag kveld. HIL 2 måtte nok ein gong lappe saman eit lag, medan BIL 2 kom med sju a-lagsspelarar pluss god rutine. BIL var både betre trent og betre samansett enn heimelaget. Kampen var jamn i grunnen, men Bergsøy hadde to kjappe spissar som laga mykje trøbbel. Likevel må vi seie at både 0-1 og 0-2, som kom i første halvdel av 1. omgang, var av den billege sorten. Hareid hang greit med, men sleit med å skape så mange store sjansar. Uheldigvis fekk ikkje dommaren med seg ein ball som var inne i 2. omgang. Då 0-3 kom og Hareid fekk ein utvist i løpet av kort tid var løpet køyrt. Den siste halvtimen ville nok begge lag berre bli ferdige med kampen så fort som mulig, grunna kulden. Til slutt vart det 0-4. Og medan Hareid slepp å ha kvalik-tankar i bakhovudet, må Bergsøy venta til helga før dei veit om dei får fem ekstra kampar i sludd og nordvest i oktober.

Hareid: Håkon Lonbakken - Antoni Gardshol, Alexander Paus, Rune Husø Johansen, Einar Orten Trovåg - Arve Haugland, Espen Beiermann, André Nupen, Alexander J. Indreflø - Robin J. Indreflø, Dag G. Brandal
+ Georg Gaasø, Benjamin Slettebakk, Anders Lillebø, Christer A. Mork

RK: Espen Beiermann
GK: Einar Orten Trovåg, Dag G. Brandal


29.09. Spjelkavik - Hareid fredag

Samhald og lagånd blir viktig når Hareid skal kjempe om fornya kontrakt i 3. divisjon. Her ser vi (frå venstre) Ronny Jørgensen (11), Marius Slettebakk, Kim-Tore Husøy (5), Tore Ytre-Hauge og Eiliv-Tore Howlid (6) feire eit mål borte mot Blindheim i 2007. Arkivfoto: EOT

Eit Hareid-lag i stor framgang må fredag vinne borte mot Spjelkavik for å halde liv i draumen om fornya kontrakt i 3. divisjon. Derfor håper vi at så mange som mulig av supporterar, foreldre, vennar og andre som har interesse for Hareid tar turen for å støtte laget. Her er det fullt mulig å vinne.
   Spjelkavik gjorde ein veldig god vårsesong, og var med heilt der oppe. 8-1-3 var fasiten i vår (siger-uavgjort-tap). 3-0-siger borte mot Herd og 4-0 heime mot AaFK 2 seier vel det meste om den forma dei var i då. Men i haust har ikkje Vika vore i nærheita. Dei første fire etter ferien enda med tap. Deretter har det blitt to sigrar, ein uavgjort og eitt tap. U-en kom i førre runde borte mot Norborg. Det kan i grunnen reknast som ein siger, sidan Vika spelte med ni (!) mann i halve 2. omgang. Dei to utvisningane betyr at spissduoen Hallvard Westad og Tom Erik Olsbø står over mot Hareid. Ifølgje rykta har dei i tillegg nokre skadar, men dei opplysingane kjem ikkje frå offisielt hald.
   Det blir etter alt å døme ein svært jamn kamp. Normalt sett hadde Spjelkavik vore favoritt heime mot Hareid, men det er vi som har desidert mest å kjempe for. Hareid må rett og slett ha tre poeng for å berge kontrakta. Vika må ingenting, men dei kan ta bronsjen med ein sterk sluttspurt. Vi må også nemne at Stig Johansen vart sparka som trenar for kvittrøyene før Norborg-kampen. Caretaking manager er Tommy Larsen, som vi hugsar herja i Hareidhallen under Grendacupen i 2007.
   Dessverre for Hareid er ikkje Per Ståle Nykrem tilgjengeleg fredag. Han skal til København for å fronte Chigaco-OL saman med Barack Obama, og det får vi kalle gyldig grunn under tvil. Men heldigvis er Tore Ytre-Hauge tilbake etter karantene mot Valder sist. Elles er dei aller fleste som har bidrege i haust tilgjengelege. Ivar André Aadland er ute med strekk. Kim-Tore Husøy slit med ei vond tå, men vi håper at han blir klar.
   Lykke til. Kampstart 18.30. Hei og H for Hareid!

Tropp: Vagn Scheide Mork, reservekeeper, Benjamin Reite, Joachim Moldskred, Eiliv-Tore Howlid, Steffen Uldbæk, Svein Inge Nesset, Kim-Tore Husøy, Tore Ytre-Hauge, Joachim Røyset, Martinus Røyset Bakken, Ronny Jørgensen, Even Hansrud, Benjamin Slettebakk, Fredrik Bøe, Robert Ulfstein, Andreas Johann Kurseth, Alexander Jackson Indreflø, André Skotheim.

16.30-ferja. Bil: Mork, Hovden, Nesset, Trovåg, Bøe.


30.09. Vurdering av den 21. runda i 3. divisjon

Fredag:
- Spjelkavik - Hareid. Sjekk førehandsomtale under her. Hareid har mest å kjempe for, og har gode sjansar til å ta sin tredje strake. B.
- Langevåg - Norborg. Hadde det vore for ei veke sidan hadde vi sagt at dette var ein klink B. Men no er vi ikkje like sikre. Langevåg kan spele utan nervar og press, det gjeld ikkje Norborg - som berre har eitt poeng meir enn Hareid. Norborg spelte mot ni mann i ein halv omgang mot Spjelkavik sist, men klarte ikkje å bikke kampen sin veg. Vi tar ein liten sjanse her og tippar U.
Laurdag:
- Godøy - Herd. Med siger her spelar Godøy i 3. divisjon også neste år. Får tilbake viktige Kjevik og Alnes som begge hadde karantene mot Langevåg sist. Då vann Godøy berre 1-0. Herd har vunne åtte (!) kampar på rad, og sølvet er for lengst sikra. Sidan blåtrøyene ikkje har noko å kjempe for kan dei finne på å teste ut nye folk, og det kan opne for at Godøy kan ta poeng her. Men vi tvilar. B.
- Rollon - Volda. Dei kvite og blå frå Larsgården imponerte stort då dei slo Hødd 2 i Ulsteinvik måndag. Daniel Gjerde signerte seg for fire mål i 5-0-sigeren. Men mot Hareid runda før var ikkje Rollon all verda, så det er vanskeleg å seie kva dei finn på no. Ein motivasjon kan vere å tra bronsjen, som dei har gode sjansar til å ta med siger her. Volda ligg midt på, men var nær ved å ta poeng mot AaFK 2 måndag. Vi trur at det laget som vil mest tar poenga her, og det kan fort bli Rollon. H.
Måndag:
- Valder - Hødd 2. Sistnemnte lag har 2-22 i målforskjell og eitt poeng på dei fire siste. Prestasjonen mot Rollon sist var direkte svak. Om ikkje Hødd 2 får retta opp mykje før dette oppgjeret, så tar Valder dette greitt. H
- AaFK 2 - Brattvåg. Haramslaget er sikra ny plass i 3. divisjon med siger her. Taper Hareid og/eller Norborg denne runda er dei også på den sikra sida når sesongen er slutt. AaFK 2 er for lengst kvalik-klare, og kan kome til å sende inn på a-lagsspelarar her slik dei får spele kvalik (ein må ha spelt 1/3 av kampane for andrelaget om ein a-lagsspelar skal spele kvalik). H



30.09. G13 ute av KM-gull-kampen: Tap mot Langevåg

Hareid G 13 tapte 2 – 4. Hareid fekk som venta hard motstand i Langevågen onsdag kveld. Kampen var siste sjanse for
begge laga til å henge med i kampen om KM gull. Langevåg starta best, og gjekk opp i 1 – 0 etter godt innlegg og heading frå kort hold. Hareid sleit med å kome seg opp på Langevåg sin banehalvdel, og det vart eindel sjansar imot. Langevåg gjekk opp i 2 – 0 før Hareid reduserte ved Martin M Breivik. Hareid var no meir inne i kampen igjen, men sovnar vekk etter eit innkast, og får 3 –1 imot. I andre omgang har Hareid fordel av litt medvind, og kom  med enkelte gode forsøk framover, men igjen er det Langevåg som scorar, etter at forsvaret ikkje heng med i overgangspelet  til heimelaget. Nils Erik Engen reduserer på straffe midtvegs i omgangen, men det blir med den eine, og dermed fortent siger til Langevåg.
Igjen god innsats av gutane, sjølv om det ikkje heldt heile vegen. Ekstra pluss til Ole Monrad i mål som fekk eindel å jobbe med, og som greidde seg godt.
Hareid held stadig 3. plassen, og skal prøve å sikre den dei to siste kampane. Det vil vere ein god prestasjon om det held, og gutane har overraska med å henge med i kampen om KM gull så lenge som dei gjorde.
 
ref.


29.09. Hareid 2 avsluttar sesongen torsdag

Eller i alle fall med mindre laget kjem ut i kvalik, men det er lite sannsynleg (sjekk saka under her om situasjonen i 5. divisjon). Det har begynt å minke drastisk med spelarar på laget, men supplert med nokre juniorar ser det ut til at Hareid 2 stiller ein grei tropp mot Bergsøy 2 laurdag. Målet for laget har heile tida vore å fullføre sesongen med nok spelarar til kvar kamp, og å ikkje vere involvert i uheldige episodar, og no er det berre éin kamp frå å klare det. Bergsøy 2 ligg eitt hakk over Hareid 2 på tabellen, og vil heilt sikkert kome med eit godt lag. Oppgjeret i juni på Bergsøy KGB enda med 3-2-siger til heimelaget. Hareid var då det beste laget, men sleit med uttellinga. Kanskje blir det revansje no?

Kampen går klokka 19.30 torsdag på Hareidsmyrane stadion.

Tropp: Håkon Lonbakken, Anders Lillebø, Rune Husø Johansen, Alexander Paus, Einar Orten Trovåg, Arve Haugland, Fredrik Bøe, Espen Beiermann, André Nupen, John Anders Liaset (forhåpentlegvis), Dag Gøran Brandal, Alexander Jackson Indreflø, Georg Gaasø, Christer Adrian Mork, Benjamin Slettebakk.

I tillegg kjem Robin Jackson Indreflø tilbake frå Bergen denne dagen, og kan vere aktuell for spel om han får orden på ein strekk. Ved forfall blir fleire juniorar innkalla. Begge HIL 2 sine faste spisspar, Peter Paus og Roy André Øvrelid, står over grunna raude kort. Åge Møgster reiste til Madla for nokre dagar sidan, så spørs det kor lenge han blir der.


01.10. Volda vil presisere

I ein artikkel om nedrykkslag og poengsummar skreiv vi at Volda i 2000 eigentleg rykte ned, men protesterte og fekk behalde plassen. Etter ein del mailar frå ein person i Volda-miljøet endra vi det til denne formuleringa:
2000: Tre lag rykte ned (både Stranda og Ørsta rykte ned frå 2. divisjon): Sunnylven (15), Hødd 2 (18), Ellingsøy (19). Volda (22) rykte eigentleg også ned, men meinte dete vart heilt feil og fekk medhald, derfor 13 lag i 3. divisjon i 01.

Men heller ikkje etter den endringa vart vedkomande nøgd. Volda vil ha fram at dei var sikker på at 9. plassen i 3. divisjon var trygg, fordi praksisen elles i landet var at berre 1. plassen i 4. divisjon rykte opp. Desse retningslinjene følgde ikkje Sunnmøre Fotballkrets i utgangspunktet, men då Volda såg at dei enda på 9. plass, samtidig som to lag rykte ned frå 2. divisjon, pluss at avdelingsvinnaren i 3. divisjon ikkje klarte kvaliken - ja då vart det styr i både Volda og Hovdebygda... vi siterer norborg.com: "Dette førte til redsel for opprykket sitt i nabobygda Hovdebygda, som kom på 2. plass i 4. divisjon. Etter mange spaltemeter i avisene, og mykje om og men, avgjorde NFF at Sunnmøre fotballkrins tok feil då dei ville sende Volda ned. Volda fekk dermed behalde plassen sin i 3. divisjon, medan Hovdebygda fekk opprykket sitt. Dermed vart det 13 lag i 3. divisjon 2001."

Så skal vel den hendinga vere godt nok omtala her, og vel så det.



42

Generalsponsor


Sponsorar