29.09. Lokomotiv Oslo redda plassen

Eksil-sunnmøringane på Lokomotiv Oslo avslutta sesongen tysdag. Før kampen var det ein viss fare for at laget kunne rykke ned frå 4. divisjon, men trass 3-1-tap mot Oslojuvelene kom Loket på fjerde sisteplass og fornya dermed kontrakten.
   Lokomotiv Oslo 2 er også ferdig med sesongen. Dei spelte ein god vårsesong i 6. divisjon, men klarte ikkje å oppretthalde prestasjonane utover hausten. Til slutt vart det 6. plass av 10 lag.
   Desse hareidsdølingane har spelt for Loket i år: Steinar Nupen, Ole Andreas Hjørungnes, Stian Myrene, Cato Hansrud, Audun Orten Trovåg, Nikolai Røyset, Marius Rise, Are Olav Riise, Sturla Pilskog. Arthur Garnes har vore trenar, medan Bjørn Vegard Bjåstad har vore oppmann. I tillegg har eit par titals andre sunnmøringar vore involverte.


28.09. Fem lag KAN vinne 5. divisjon

Med ei runde igjen å spele kan heile fem lag vinne 5. divisjon Søre Sunnmøre. Dei to beste laga får spele kvalik. Stoda no:
- Gursken/Larsnes 37 poeng (45+)
- Tjørvåg 37 poeng (32+)
- Bergsøy II 35 poeng (29+)
- Hareid II 34 poeng (47+)
- Åheim 34 poeng (21+)


Siste runde:
Torsdag: Hareid 2 - Bergsøy 2
Laurdag: Kvamsøy - Gjerdsvika, Tjørvåg - Hasundgot
Søndag: Flø - Gursken/Larsnes, Åheim - Haddal

- Gursken/Larsnes kan spasere til kvalikplass og avdelingstopp. Dei feilar ikkje mot Flø.
- Tjørvåg tar 2. plassen dersom dei slår Hasundgot heime.
- Bergsøy 2 tar ein kvalikplass dersom dei slår Hareid 2, medan Tjørvåg taper mot Hasundgot. Eventuelt at Tjørvåg spelar uavgjort, medan Bergsøy vinn med nok mål mot Hareid til å ta igjen Tjørvåg på målforskjell.
- Hareid 2 tar ein kvalikplass dersom dei slår Bergsøy 2, samtidig som Hasundgot slår Tjørvåg.
- Åheim tar ein kvalikplass dersom Hareid 2 og Bergsøy 2 spelar uavgjort, medan Tjørvåg taper med nok mål mot Hasundgot.

NB. Ifølgje Bjørn Oskar Haukeberg i kretsen så kan Bergsøy 2 og Hareid 2 spele kvalik sjølv om det er usikkerheit rundt om dei kan rykke opp. Kvaliksystemet spelast med seks lag, der dei tre beste går til 4. divisjon. Skulle Hareid rykke ned frå 3. divisjon, medan Hareid 2 tar for eksempel 3. plassen i kvaliksystemet, så får 4. plassen opprykk.


27.09. Cup-bronsje til G13

Hareid G 13 med 3.plass på Tools Cup
 
Hareid sine gutar var laurdag på Tools Cup i Spjelkavik, og fekk møte god motstand. Dei
andre laga var Molde, Sunndal, Florø, Spjelkavik og Blindheim. Både Molde og Sunndal driv godt i yngres avdelingar, og blant anna er fleire med på Aker Akademiet. Sunndal stilte med ei utviklingsgruppe med spelarar frå 96 og 97 årgangen, og viste høg kvalitet. 96 årgangen i Sunndal har 4 elvarlag i sving, så her er det mulig å ”skumme fløten” og plukke dei beste.  Også i Florø driv dei godt, med ei imponerande satsing på talentutviking.
I gruppespelet til Hareid vart det uavgjort 2 –2 mot Blindheim, og tap 1 – 2 for Sunndal. Det heldt til bronsefinale, og der vart det 1 – 0 siger over Florø, og gutane kunne reise heim med ein fin pokal.
 Godt gjennomført turnering av gutane, som og hadde med 4 frå Hødd, og det gav laget eit løft, og muligheit til kvile for alle spelarane i løpet av kampane. God erfaring å ta med vidare for alle. Sunndal gjekk til topps i turneringa etter 2 – 0 over Spjelkavik i finalen.
 


27.09. Skarbøvik truleg redda

SIF er etter alt å døme klar for ein ny sesong i 2. divisjon, etter at dei slo Ullern 2-0 heime søndag. Begge mål signert Aksel Gjøsund. Sigeren betyr at vi no kan rekne med at 10. plassen i 3. divisjon gir ny kontrakt.


27.09. Haddal - Hareid II 3-10

Det var vel ikkje uventa at Hareid 2 vann denne kampen med ein del mål. Men banen gjorde det svært vanskeleg å få til spel der ute. Mykje gjørme og væte gjorde at ballen stoppa i tide og utide og laga merkelege situasjonar. Haddal tok leiinga ved HC Ødegaard. Hareid kan takke seg sjølv sidan målet kom av kommunikasjonssvikt. Men det var stort sett spel mot eitt mål. Hareid burde ha scora mange, men leia berre 2-1 til pause. Begge måla av Roy André Øvrelid. 2. omgang køyrte HIL 2 på, men Haddal var også på eit par visittar. Det førte til to straffer. Tony Rasmussen sette begge for heimelaget. Etter at referenten stakk vart det eit par merkelege dommarfeil. Nemnte Ødegaard skulle hatt raudt kort etter ein episode, og eit par minutt seinare fekk både Roy André Øvrelid og ein Haddal-spelar utvist. Det burde ingen av dei ha blitt. Totalt sett ingen stor kamp av Hareid 2, men banen gjorde det ikkje lett. Hadde kampen blitt spelt på kunstgras hadde det blitt 3-20:-)

Mål Hareid: John Anders Liaset 3, Roy André Øvrelid 2, Antoni Gardshol, Arve Haugland, Alexander Jackson Indreflø, Christer Adrian Mork.
(Det står 3-9 på nettet, men det er feil)
Gult kort Hareid: Fredrik Bøe, Rune Husø Johansen.
Raudt kort Hareid: Roy André Øvrelid.
Laget: Håkon Lonbakken - Antoni Gardshol, Rune Husø Johansen, Alexander Paus, Einar Orten Trovåg - Arve Haugland, Fredrik Bøe, André Nupen, Alexander Jackson Indreflø - Roy André Øvrelid, Martinus Røyset Bakken.
+ John Anders Liaset, Dag Gøran Brandal, Georg Gaasø, Christer Adrian Mork (alle inn i pausa).


27.09. Statistikkhjørnet: Kor mange poeng har nedrykkslaga frå 3. divisjon hatt?

2008: To lag rykte ned: FK Sykkylven (10 poeng), Blindheim (24). Spjelkavik (24) stod på betre målforskjell enn Blindheim.
2007: Eitt lag rykte ned: Ørsta (16). Blindheim (17) stod sidan SIF vann kvaliken.
2006: To lag rykte ned: Bergsøy (19) og Rollon (21). Valder (26) stod.
2005: To lag rykte ned: Stranda (15) og Emblem/Blindheim (17). Bergsøy (20) stod.
2004: Tre lag rykte ned, fordi Volda gjekk ned frå 2. divisjon: Hødd 2 (14), Brattvåg (15) og Godøy (27). Ørsta 829) stod.
2003: Tre lager rykte ned (Volda vann kvaliken og gjekk opp, men både SIF og Langevåg rykte ned frå 2. divisjon): Stordal (4), Aksla (16), HaNo (24). Ørsta (24) stod på betre målforskjell.
2002: Tre lag rykte ned (Spjelkavik gjekk ned frå 2. divisjon): Ellingsøy (18), Vigra (19), Stranda (22). Stordal (24) stod.
2001: Åram/VanKam (12) og Hovdebygda (14) gjekk ned. HaNo (25) stod. (Denne sesongen var det 13 lag i 3. divisjon, men ingen rykte ned frå 2. divisjon og avdelingsvinnar Langevåg vann kvaliken.)
2000: Tre lag rykte ned (både Stranda og Ørsta rykte ned frå 2. divisjon): Sunnylven (15), Hødd 2 (18), Ellingsøy (19). Volda (22) rykte eigentleg også ned, men meinte dete vart heilt feil og fekk medhald, derfor 13 lag i 3. divisjon i 01.

2010: Langevåg (3) er klare for nedrykk to runder før slutt. Dei kan "slå" Stordal sin rekord dette tiåret på 4 plukka poeng.
Dei andre laga som kjempar for å unngå nedrykk er Hareid (19), Norborg (20), Godøy (24) og Brattvåg (24).


26.09. Haddal - Hareid 2 søndag

Hareid 2 spelar sin nest siste seriekamp for året borte mot Haddal søndag klokka 14.00. Etter å ha slite med spelarmangel samt tapt to strake kampar i det siste, har Hareid ein fin sjanse til å få seg ei positiv oppleving her. Men sjølv om Haddal ligg sist i divisjonen betyr ikkje det at det blir ein lett kamp. Haddallgraset legg neppe opp til finspel slik veret ser ut no.

Tropp: Håkon Lonbakken, Antoni Gardshol, Rune Husø Johansen, Alexander Paus, Einar Orten Trovåg, Arve Haugland, Fredrik Bøe, André Nupen, Alexander Jackson Indreflø, Roy André Øvrelid, Martinus Røyset Bakken, Georg Gaasø, Benjamin Slettebakk, Espen Beiermann (?), Dag Gøran Brandal (?).

Peter Paus har karantene ut sesongen. Åge Møgster kan ikkje spele grunna fem gule kort, men han reise uansett i det militære same dag.


26.09. Norborg klarte ikkje å slå nimanns Spjelkavik

Dei siste tjue minutta spelte Vika med to mann mindre enn Norborg. Likevel vart det 1-1 i oppgjeret som var veldig viktig for Hareid sin del. No må Hareid ta to poeng meir enn Norborg på dei to siste kampane. Eventuelt satse på å vinne dei to siste medan Brattvåg og/eller Godøy taper sine to siste.

I 4. divisjon vann både Bergsøy og Vigra sine oppgjer. Vigra vann 4-3 heime mot Vartdal, medan Bergsøy vann 7-3 borte mot Åram/VanKam. Det betyr at Vigra rykker opp med fire poeng på sine to siste kampar. Klarer dei ikkje det, kan det vere duka for anten Ørsta eller Bergsøy.

For tabellar, sjå her: http://www.stordal.nu/index.php?option=com_content&task=view&id=1513&Itemid=1

Søndag blir det spelt ein kamp som er veldig viktig for botnlaga i 3. divisjon sin del. SIF har heimekamp mot Ullern i 2. divisjon. Vinn SIF denne, har dei så godt som berga plassen.


25.09. Viktige lokalkampar laurdag

Det begynner å tette seg til i både 3. og 4. divisjon. Ein svært viktig kamp i 3. divisjon for Hareid sin del i morgon er oppgjeret mellom Norborg og Spjelkavik med kampstart 15.00. Med Norborg-siger her er oransjetrøyene så godt som sikra i 3. divisjon, sidan dei då vil vere tre poeng (pluss mykje målforskjell) framfor Hareid to runder før slutt. Og i ei av dei skal dei møte den desiderte jumboen Langevåg. Men skulle Norborg tape eller avgi poeng i morgon, ja då blir det utvilsamt eit rotterace mellom Norborg og Hareid om å unngå 11. plassen *. Godøy og Brattvåg kan også blande seg ned i der, sidan dei har vanskelegare kampprogram igjen enn Norborg og Hareid.

Medan det i 3. divisjon berre er spenning om kven som rykker ned, er det spenning både i topp og botn på nivået under. Stranda er klare for 3. divisjon. Andreplassen står mellom Bergsøy, Vigra og Ørsta. Sistnemnte lag tjuvstarta den 20. serierunda i dag då dei slo FK Sykkylven 5-0 borte. Det legg press på dei to andre laga. Bergsøy har i morgon bortekamp mot Åram/VanKam (på grus), medan Vigra har heimekamp mot poenghungrige Vartdal. I botnstriden i 4. divisjon er det nemleg så jamnt så det går an å få det. Sunnylven er allereie nede, men tre lag frå Ørsta kommune kjempar om den viktige 9. plassen**. Både Åmdal, Vartdal og Hovdebygda har 15 poeng tre runder før slutt. "Bøgda" har desidert svakast målforskjell. Åmdal har bortekamp mot Sunnylven i morgon, medan Hovdebygda møter Ørskog borte.
Tabell: http://fotball.speaker.no/FIKSfotballdataclient/ft.aspx?scr=table&ftid=37606

* I 3. divisjon gir 12. plassen nedrykk uansett.
- Skal 11. plassen stå må avdelingsvinnaren i 3. divisjon rykke opp, samt at SIF står i 2. divisjon. Skjer berre eitt av delane rykker 11. plassen ned.
- 10. plassen gir nedrykk om SIF rykker ned og avdelingsvinnaren taper kvaliken.
Altså rykker eitt, to eller tre lag ned.

* I 4. divisjon gir 12. og 11. plassen nedrykk uansett.
- 10. plassen gir ståplass om eitt lag rykker ned frå 3. divisjon.
- 10. plassen gir nedrykk om to lag rykker ned frå 3. divisjon.
- 9. plassen gir nedrykk om tre lag rykker ned frå 3. divisjon.
Her kan altså to til fire lag rykke ned.

* Tre lag rykker opp frå 5. divisjon. Dei to beste i dei tre avdelingane spelar kvalik. - Ellingsøy og HaNo representerer den ytre avdelinga.
- MSIL representerer Ålesund/Indre-avdelinga. Stordal og Skodje kjempar om den andre plassen derifrå.
- Frå Søre-avdelinga er ingen lag spikra. Tjørvåg tar etter alt å døme den eine plassen. Med stor sikkerheit tar vinnaren av oppgjeret Gursken/Larsnes - Åheim søndag tar følge med Tjørvåg.



25.09. Statistikkhjørnet: Beste periode sidan i fjor

Hareid heiser ikkje det kvite flagget endå, det raude, kvite og blå blir der så lenge der er håp.

Det er alltid kjekt å oppdatere statistikkhjørnet i medgang. Og Hareid har ikkje vore i ei slik medgangsbølge på over eitt år:
* Hareid har vunne to kampar på rad for første gong i år. Sist det skjedde var tidleg i fjor haust, då Hareid slo Spjelkavik, Sykkylven og Langevåg på rekke og rad.
* På dei fem siste kampane har Hareid tatt 9 poeng. På dei 15 første tok Hareid 10 poeng.
* For første gong sidan 4-1-sigeren mot Godøy i andre serierunde vann Hareid med meir enn eitt mål.
* For fjerde gong i år scora Hareid fire mål i éin kamp. Tidlegare har det skjedd mot Hødd (4-4), Godøy (4-1) og Brattvåg (4-3), den førstnemnte ein treningskamp.
* Det hardnar seg til i toppscorarkampen. No er stoda slik (seriekamp/treningskamp/totalt):
- Kim-Tore Husøy 7+0=7
- Ronny Jørgensen 5+1=6
- Even Hansrud 3+2=5
* Husøy sette i mål si femte straffe for sesongen.
* Best målsnitt har Ronny med 0,43 mål per kamp. André Skotheim har 0,4 mål per kamp.


25.09. Hareid snudde nok ein kamp - framleis håp om ståplass

Duellen i duellen: Dei to kampane Kim-Tore Husøy og Steffen Oksnes Elde.

I ein dramatisk kamp på Hareidsmyrane stadion i høljregn og sidevind vann Hareid til slutt 4-2 mot Valder. Sigeren sat svært langt inne. 1. omgangen var noko av det svakaste Hareid har levert i år. Rett nok vart det bom på fire store sjansar, men Valder brente endå fleire. Innsatsen, gutsen og spelegleda var ikkje på det nivået det har vore i haust. Som enkelte tilskodarar sa: 1. omgangen minte om Hareid i vårsesongen. Valder leia 1-0 halvvegs, men det kunne ha vore meir. Dei hadde mellom anna to skot i tverliggaren. Målet deira kom etter 26 minutt, då Henrik Hole Oksnes fekk stå åleine og heada eit innlegg i mål. 
   Umiddelbart etter startsignalet i 2. omgang tok Hareid tak. Det som skjedde etter pause var mange mange hakk betre enn det som skjedde før. Etter å ha pressa lenge utlikna Even Hansrud etter 57 minutt. Han fekk etter litt om og men ballen på 14 meter, og knuste den i nettaket. Ni minutt etterpå vart Kim-Tore Husøy felt klart inne i 16-meteren. Husøy halta då han tok straffa, men scora likevel. Hareid hadde snudd kampen. Men punkteringa kom aldri. Mot slutten vart Valder sin spelande trenar Tom Gøran Jønsson (av speaker Håvard Røyset omtala som "legenda Tom Gøran Jønsson") flytta opp frå stoppar og fram på vingen. Etter 86 minutt fekk ikkje Hareid klarert vekk ballen. Jønsson fekk klaff frå 18 meter, med tåa (!), og ballen gjekk i vinkelen. 2-2, og då seg det mørkt ut for eit Hareid-lag som måtte ha tre poeng. Men ein mann hadde spart (nesten) alle kreftene til slutt. To minutt på overtid gjorde Ronny Jørgensen eit kjemperaid, vart stoppa (kanskje felt?) inne 16-meteren, Ronny stoppa opp og drilla litt, før han sendte ballen i mål. Ein fantastisk prestasjon. Og ikkje nok med det. Fire minutt på overtid kjempa Jørgensen seg rundt på høgresida med all si fysiske kraft. Han la 45 ut til Even Hansrud, som berre hadde å vidareformidle ballen i mål. 4-2, og nok ein snuoperasjon av Hareid.
   Godøy vann 1-0 mot Langevåg, og er fem poeng framfor Hareid to runder før slutt. Det same er Brattvåg, som tapte 4-1 mot Herd i dag. Hareid er a poeng med Norborg (men mykje dårligare målforskjell), men i morgon kan Norborg ta eit byks om dei slår Spjelkavik på heimebane. Hareid har igjen Vika og Langevåg. Seks poeng der, og det kan vere eit håp om 10. plassen. Det er i alle fall framleis sjansar for det.
   Hareid beste? Litt vanskeleg å seie, sidan omtrent alle var dårlige i 1. omgang og alle langt betre i 2. omgang. Vi prioriterer spissane denne gongen, og deler prisen mellom Even og Ronny. Vel blåst.

Hareid: Vagn Scheide Mork - Benjamin Reite, Eiliv-Tore Howlid, Joachim Moldskred, Steffen Uldbæk - Svein Inge Nesset, Kim-Tore Husøy (K), Per Ståle Nykrem, Joachim Røyset - Ronny Jørgensen, Even Hansrud.
- Martinus Røyset Bakken i 10 min.
- Robert Ulfstein i 6 min (stjerne i margen for pasninga før 3-2)
- Alexander Jackson Indreflø i 2min.

Statistikkhjørnet kjem i kveld.
  


25.09. Hugs Hareid - Valder i kveld

klokka 18.30.

Førehandsomtale lenger nede på sida.


25.09. Stranda tilbake i 3. divisjon

Torsdag vann Stranda 4-2 mot Blindheim. Det betyr at Stranda spelar i 3. divisjon neste år, for første gong sidan 2005, då dei hadde ein gjesteopptreden i divisjonen. Stranda får med seg anten Vigra, Bergsøy eller Ørsta opp. Vigra har tre poeng meir enn Bergsøy og Ørsta, men har eit vanskelegare kampprogram igjen. Bergsøy har betre målforskjell enn både Vigra og Ørsta. 3. oktober møter dei to sistnemnte laga kvarandre. Vi trur dette blir eit rotterace, med Bergsøy som knapp favoritt tre runder før slutt.


25.09. Oppdatert kortstatistikk Hareid 2

Hareid 2 har fått 33 gule kort og tre raude etter 16 av 18 runder. Det gir 39 såkalla kortpoeng. Vi veit ikkje kva snittet for andre lag er, men med ca. to gule per kamp og eitt raudt kvart femte kamp ligg det vel omtrent på det nivået det bør ligge om ein skal hevde seg i den fysiske 5. divisjonen.
Raude kort: Åge Møgster (to gule), Tore Rantapelkonen (direkte), Peter Paus (direkte)
7 gule: Alexander Paus
5 gule: Fredrik Bøe, Espen Beiermann, Åge Møgster.
3 gule: André Nupen
2 gule: Arve Haugland
1 gult: Dag Gøran Brandal, John Anders Liaset, Einar Orten Trovåg, Øyvind Grimstad Gryt, Rune Husø Johansen, Roy André Øvrelid.
Alle karantene sett vekk frå Peter Paus sitt raude og Åge Møgster sitt femte gule er sona.


25.09. Også formannen og kasseraren gir seg

Tidlegare er det blitt varsla at André Skotheim gir seg som trenar etter sesongen. No er det også klart at fotballformann Einar Orten Trovåg blir utskifta i haust. Grunnen er ny jobb ein annan stad i landet. Trovåg held fram i vervet til årsmøtet seinare i haust, og skal mellom anna leie jakta på nytt trenarteam for a-laget før han sluttar. Ein annan styremedlem, Kurt Johnny Brandal, gir seg også i år. Han har gjort ein kjempejobb som kasserar i to sesongar. Slik det ser ut no, kan desse bli dei einaste personane som forsvinn frå miljøet etter sesongen. Omtrent alle spelarane har alt sagt at dei blir med også i 2010, same kva divisjon Hareid-spelar i.


24.09. Vurdering av den 20. runda i 3. divisjon

Fredag:
* Brattvåg - Herd. Går på den knallharde kunstgrasbanen til Brattvåg. Heimelaget treng to poeng for å vere heilt sikre på ståplass, men sjølv med tap i dei resterande kampane held dei truleg plassen. Har vunne 5 av 7 etter ferien, og er i grei form. Herd blir nok ei tøff nøtt. Moa-guttane vann 7-0 mot Volda sist, i rundene før det vart det knpene sigrar mot Hødd 2 og Hareid. Det blir nok tøft dette. Men vi har ein mistanke om Herd kjeme til å styre spelet, og Brattvåg må springe i mellom. B
* Langevåg - Godøy. Sjølv om det har sett svært stygt ut sidan mai, vart det endeleg klart at Langevåg rykte ned førre runde. Tre poeng på 19 kampar er ikkje mykje å skryte av. Godøy må klare seg utan Svein Arne Alnes og Kenneth Kjevik denne kampen, to av deira beste spelarar. Om Hareid avgir poeng reddar Godøy plassen med siger her. Og kva talar i mot at Godøy skulle slå Langevåg? Svært lite. Så godt som ingenting. B
* Hareid - Valder.
Hareid må rett og slett vinne denne kampen. Valder må ingenting, dei har sikra plassen for lengst. Heimelaget må dessverre klare seg utan Tore Ytre-Hauge, som vart utvist sist. Dette blir ein krig, og held Hareid oppe innsatsen frå sist, skal Valder få det tøft. Dette luktar 2-1 eller 3-2. H
Laurdag:
* Norborg - Spjelkavik. Stig Johansen vart overraskande nok sparka som Vika-trenar tidlegare denne veka. Kven som tar over laget er førebels ikkje sikkert. Om dette slår positivt eller negativt ut for Spjelkavik er eigentleg heilt mulig å spå. Det einaste vi veit er at det er svært vanskeleg å møte Norborg borte. Det luktar gjørmekrig, og det kan oransjetrøyene best. H
Måndag:
* Hødd 2- Rollon. Ingen av laga har anna enn æra å spele om. Men Hødd 2 er det beste laget, trass svak form. H
* Volda - AaFK 2.
AaFKs nest beste vann heile 8-0 mot Hødd 2 sist. Volda kan finne på å klappe saman mot gode lag, det er 0-7 mot Herd sist eit godt døme på. Grøntrøyene har lite å spele for, og omtrent same kven AaFK kjem med får dei det tøft. B


23.03. Vinn eller forsvinn for Hareid - "cupfinale" mot Valder fredag

Valder - Hareid på Valdervoll KGB i fjor haust. Arkivfoto: EOT

Og slik var det vel eigentleg også mot Brattvåg og Rollon. Dei kampane måtte Hareid vinne for å ha håp om ståplass, og det skjedde. No har Hareid nok ein gong kniven nesten inn på pulsåra. Det må rett og slett berre bli tre poeng mot Valder, om Hareid skal ha noko å spele om dei to siste kampane. Målet er som du kanskje veit å kome seg på rett side av streken. No veit vi eigentleg ikkje kvar denne streken er før AaFK 2 har spelt kvalik eit godt stykke ut på hausten, men vi må anta at i alle fall 10. plassen held til fornya kontrakt. Det einaste som kan hindre det er at SIF rykker ned frå 2. divisjon, men klarer ikkje sebratrøyene å halde seg så må ein stille store spørsmålsteikn ved kva dei har heldt på med der inne i byen dei siste par månadane. Uansett, konklusjonen er at Hareid MÅ vinne. Finn du ei sak vi har laga eit par hakk under her, så ser du også kva resultat i dei andre kampane som er ideelle for Hareid.
   Dessverre står Tore Ytre-Hauge over fredagens kamp grunna raudt kort mot Rollon sist. Elles er Ivar André Aadland strekkskadd. Så vidt vi veit er resten av den lisje stallen så godt som klare til kamp. Kim-Tore Husøy har store problem med ei tå, men vi håper at han bit tennene saman og spelar. Tar Hareid med seg innsatsen frå store delar av Rollon-kampen er det absolutt grunn til å vere optimist. Hareidskarane blødde for drakta - akkurat slik vi vil ha det. Gledeleg var det også å sjå at Ronny Jørgensen scora to mål i ein kamp for første gong etter comebacket i vår.
   Men kva få vi så av Valder? Vel, dei har fint lite å spele for. Dei kan faktisk i teorien ta bronsjen i 3. divisjon, sjølv om det er fire lag og fire poeng opp dit. Valder overraskar positivt med tanke på kva ekspertane tippa før sesongen, men det va først og fremst i vår det at blåtrøyene imponerte. I haust har det vore "sådær". Sist runde drog dei i land ein 4-3-siger mot Norborg, etter å ha fått ei billig straffe på overtid dei scora på. Sjølv om Valder ikkje kjempar om verken opprykk eller nedrykk, så kjem dei neppe til Hareid for å sveitte så lite som mulig. Dette blir garantert ein tøff kamp. Så ta med deg alle vennane dine og kom og støtt laget på fredag. Vi treng det!

3. divisjon Sunnmøre:
HAREID - VALDER
fredag 25. september 18.30
HAREIDSMYRANE STADION
Kiosk og speakerteneste

 


24.03. G13 spelte uavgjort i toppkampen

Hareid sine gutar hadde ei gylden muligheit til å melde seg på i kampen om KM tittel med seier mot Spjelkavik onsdag kveld. Og ved pause såg det bra ut. Spjelkavik tok leiinga 2 – 0 etter at dei fekk sleppe for lett til i Hareid sin 16 meter ved første målet, og ein dalar av eit frispark som gjekk inn på det andre målet. Hareid kom inn  i kampen igjen etter scoring av Kristoffer Hasfjord og Martin Mork Breivik, etter godt spel. Då Martin vart felt av keeper som sistemann, og dermed raudt kort, og Nils Erik Engen scora på påfølgande frispark, såg det lyst ut. 3 – 2 heldt seg til pause, men skader og heller variabelt spel gjorde det noko usikkert før dei siste 35 min., tross ein mann meir.
2.omgang vart heller svak av Hareid, og ein skal vere glad for at det vart med eine målet imot. Eit langt gjennomspel vart ikkje snappa verken av forsvar eller keeper, og Spjelkavik spelaren kunne trille ballen i ope mål. Kampen enda 3 – 3, og resultatet var det ikkje noko å seie på.  Men spelet som Hareid viste var ikkje til å glede seg over. Mykje av energien vart brukt på å rette opp eigne feil, og 3 av fire spark gjekk rett opp i lufta. Då blir det vanskeleg å få til spel, og å vinne kampar. Men når ein blir matcha mot dei beste i kretsen så må ein rekne med at det ikkje alltid går på skinner. Det blir spennande å følgje dei siste kampane, for det ser ut til at det kan bli jamt i innspurten. Til helga skal gutane vere med på Tool Cup i Spjelkavik, mot dei beste laga i fylket. Då blir troppa, som er i tynnaste laget for ei heil turnering med 11 ar fotball,  styrka av nokre Hødd-spelarar, og det blir spennande å sjå kva ein kan utrette med ei noko sterkare spelargruppe.
Ref.


21.09. 3. divisjon: AaFK 2 banka Hødd 2

Kor vidt Hareid spelar i 3. divisjon neste år kan fort vere avhengig av om AaFK 2 rykker opp til 2. divisjon. AaFKs nest beste er om ikkje anna i god form om dagen. 8-0 mot topplaget Hødd 2 er ikkje kvardagsleg. AaFK 2 stilte faktisk eit litt svakare lag enn mot Hareid for ei veke sidan, men Hødd-gutane hadde ikkje sjans i havet. AaFK-måla vart scora av Diego Silva (2), Didrik Fløtre (2), Glenn Roberts (2), Kristian Moldvær og Thomas Fiskerstrand. Som mot Hareid kom halvparten av AaFKs mål dei siste ti minutta. Kristiansund 2 er suveren serieleiar i Nordmøre/Romsdal-avdelinga, men kan ikkje rykke opp. Derfor skal AaFK 2 trulege møte Træff eller Elnesvågen i kvaliken, og det blir nok tøft.
Ein kuriositet: Hareid har berre fire baklengs meir enn Hødd 2 i år, sjølv om sistnemnte lag ligg åtte hakk lenger opp på tabellen. Til gjengjeld har Hødd scora dobbelt så mange...


21.09. Lokomotiv Oslo opp av gjørma

Marius Rise (bak) Nikolai Røyset (31) og Roy Inge Brandal (i duell) er tre av Lokomotiv Oslos beste spelarar. Alle har ei fortid på Hareid sitt a-lag. Her er dei i aksjon i påskekampen mot Hareid 2, her representert ved Espen Beiermann, Einar Orten Trovåg (10) og Magne Kjell Wingsternes.

Eksil-Hareid-laget "Lokomotiv Oslo" såg lenge ut til å kjempe heilt i botnen i 4. divisjon Oslo, men har vore gjennom ein god periode i det siste. Først 2-2 heime mot Frigg 2, deretter 1-0-siger borte mot Høybr/Stovn og 3-0 heime mot Kjelsås 3. To runder før slutt ligg Loket på tredje sisteplass, med tre poeng ned til nest sisteplassen. Avdelingane der nede er vel som her avhengige av kor mange som rykker opp og ned til/frå 2. divisjon, men tredje sisteplass skal halde til ståplass. Toppscorar for Loket er Ole Andreas Hjørungnes frå Hjørungavåg med fem mål. Loket har også eit andrelag i 6. divisjon. Dei ligg på fjerdeplass med like mange poeng som trearen. Ole Andreas Hjørungnes er også toppscorar for toarlaget, men her med ni mål. Velkjende Steinar Nupen har nest beste poengsnitt på Loket 2.



43

Generalsponsor


Sponsorar