13.08. Ny nestleiar i fotballstyret
|
Einar Orten Trovåg i kjend positur på Hareidsmyrane stadion. |
Sidan Mika Saarinen har flytta til Oslo har fotballstyret stått utan nestleiar ei stund. Under styremøtet i går måtte det derfor veljast ein ny nestkommanderande, og valet fall på Einar Orten Trovåg. Han har nettopp flytta heim etter å ha budd eit lite år i Førde, og sidan han også var formann i fotballgruppa i fjor så var vel ikkje dette valet årets bombe. Orten Trovåg har også takka ja til å vere oppmann for a-laget ut sesongen. Hittil i år er det eit verv styremedlemmene har delt. I tillegg kan det hende Orten Trovåg blir med og hjelper juniorlaget ved høve.
Fotballstyret ser dermed slik ut resten av styreåret: Ottar Røyset (formann), Einar Orten Trovåg (nestleiar), Vagn Scheide Mork (kasserar), Jan Endre Rise (sekretær), Harald Aasen (anleggssjef), Kim Lillebø (Hareid 2-representant), Kristian Angelsen (sponsorsjef), Eiliv-Tore Howlid (spelar-representant a-laget) og Ronald Øvrelid (leiar yngres avdeling).
Støtteapparatet til a-laget: Bjørge Worren (hovudtrenar), Svein Dag Slettebakk (hjelpetrenar), Einar Orten Trovåg (oppmann), Vagn Scheide Mork (assistent-oppmann), Knut Helge Hovden (materialforvaltar).
Støtteapparatet til juniorlaget: Ivar André Aadland (hovudtrenar), Einar Orten Trovåg (medhjelpar), Kevin Blekkspruten Hestholm (medhjelpar), Joachim Røyset (medhjelpar), Johs Riise (medhjelpar).
12.08. Vurdering av den 14. runden i 3.-divisjon
Det begynner for alvor å hardne seg til. Her kjem vurderingane av den niande siste runden:
FREDAG:
* Godøy - Bergsøy. Fosnavågarane sine opprykksplanar fekk seg ein alvorleg støkk då det vart eit fortent 4-1-tap heime mot Volda tysdag. Godøy kan skape trøbbel for fleire lag på eige gras, men vi trur dei får det i overkant tøft mot eit Bergsøy-lag på jakt etter revansje. B
* Brattvåg - Hareid. Ein moderne klassikar. Hareid fekk seg ein opptur måndag etter ei svak avslutning på ein elles god vårsesong. Brattvåg varierte litt i vår, men scora mange mål, og 3-1-sigeren borte mot Stranda måndag var sterk. Her kan alt skje, men Brattvåg er favorittar når desse laga møter kvarandre i Haram. H
* Volda - Herd. Ein spennande kamp. Tysdag laga Volda krøll for Bergsøy. Kan dei gjere det same mot Herd, slik at spennande i toppen vedvarer utover hausten? Svaret vårt er tja. Trass eit par blundarar i vår er Volda eit godt lag, ikkje minst heime. Herd er eit par hakk betre, sjølvsagt, men i enkeltkampar kan det meste skje. U
* Norborg - Stranda. Dette kan fort vere dei to laga Hareid må halde bak seg for å komme på 6.-plass, så U hadde jo vore eit greitt resultat for oss. Norborg tapte 7-3 heime mot Rollon tysdag. Ikkje ei perfekt oppladning med andre ord. Stranda kom til kort mot Brattvåg i ein jamn kamp måndag. Dette er ein open kamp, men sit med ei kjensle av at dette kan gå Stranda sin veg. B
* Rollon - Valder. Ikkje kvardagsleg at eit jumbolag scorar sju mål - på bortebane. Kanskje har Rollon likevel eit uforløyst potensiale? Valder treng ein siger om dei skal komme på topp seks i år. Har Volda runden etterpå, og to strake tap ville sendt Valder så godt som ned. Trur dei er såpass motiverte for dette at dei tar alle poenga her. B
MÅNDAG:
* Spjelkavik - Hødd 2. Møtte kvarandre for ei veke sidan, og skal altså nok ein gong måle krefter. Hødd 2 vann endeleg på bortebane måndag, og dermed er det komplekset vekke. Vika har berre 12 poeng, og taper dei her så skal det mykje til at dei klarer å komme seg opp på topp seks. Vi trur Hødd 2 vinn denne fordi dei er eit betre lag. B
11.08. Preview: Brattvåg - Hareid
|
Joachim Røyset mot Brattvåg og Håkon Sæterøy hausten 2009. |
Så er det klart for den 14. serierunden i 3.-divisjon, og for vår del står bortekamp mot Brattvåg på programmet. Oppgjera mellom Hareud og Brattvåg er alltid, ja faktisk alltid, spesielle av ein eller annan grunn. Og bli ikkje overraska om også denne utgåva av Brattvåg-Hareid blir det.
12.08. Dommar fekk 1 på børsen
Vi veit ikkje om det har skjedd før, men dommar Torbjørn Krøvel frå Ørsta fekk 1 (!) på børsen i Sunnmørsposten etter å ha vore kampleiar mellom Norborg og Rollon onsdag. Norborg.com skriv: I dagens utgåve av Sunnmørsposten kunne vi lese at gårsdagens dommar i oppgjeret Norborg-Rollon fekk den sjeldne karakteren 1. Altså den svakaste karakteren på skalaen 1-10. Vi siterer: "Hva som ble servert av drikke i hjemmelagets og dommergarderoben i pausen vites ikke, men de siste 45 minuttene skulle bli spesielle." Sunnmørsposten nemner både billege straffespark og at Daniel Gjerde stod i offside då han fekk ballen å scora 3-6 målet. Vi i Norborg veit ikkje kva dommarane hadde som medbrakt, men dommarane vart servert brus, twist og banan. Elles kan vi ikkje gjere anna enn å ønske dommarane lykke til i si neste oppgåve og håpe at dei då dømmer meir rettvist. Feil er det lov å gjere, men ikkje mot det same laget kvar gong.
12.08. Per Inia til FK Sykkylven
Tidlegare i sommar skreiv vi at ex-Hareid-spelar Per Inia Brekke (16) er klar for spel i Stranda. Men no ser det ut som at Per Inia skal spele for ein annan klubb, fortel han oss. - Eg har inngått ein munnleg avtale med FK Sykkylven om å signere for dei på fredag. Så då kan eg bli klar for spel på Hessa Cup 21. august. Eg er strålande nøgd med å komme til denne klubben, dei gjorde jo det mellom anna veldig godt på Norway Cup. Denne utfordringa ser eg fram til, seier Per Inia til Hareid-sida.
Som melde overgang frå Hareid til Hødd i vår, men som no igjen skiftar beite grunna skulegang i Stranda. Per Inia har vore ein viktig mann rundt kamparrangementa til Hareid i 3.-divisjon, både i fjor og i år.
10.08. Rollon slo Norborg 7-3: Hareid over streken
I dag vart dei tre siste kampane i den 13. runden i 3.-divisjon spelt.
* Det mest overraskande var at Rollon slo Norborg 7-3 (!) i Uggedalen. På stillinga 1-1 fekk Norborg ein mann utvist og straffe imot, og deretter vart det naturleg nok vanskeleg. Eit slag i trynet for midtlaget Norborg, medan Rollon fekk ein sjeldan opptur.
** Dette betyr at Hareid ligg på 6.-plass etter 13 rundar. Før ferien såg det ikkje lyst ut, men det skulle altså ikkje meir enn ein serierunde før vi altså ligg der vi må vere om vi skal halde plassen.
* Bergsøy - Volda 1-4. Voldingane befesta 3.-plassen med denne sigeren. Bergsøy avga sine første poeng på bortebane for året. Men det mest spesielle med denne kampen var at ex-Bergsøy-spelar og son av tidenes Bergsøy-legende (Fred Frantzen), Frantz Frantzen, scora to av Volda sine mål.
* Herd - Valder 6-0. Var vel som venta...
10.08. Bli med på tippekonkurranse!
Då er det klart for haustens store tippekonkurranse på Hareid-sida. Du får 12 spørsmål, og sender svar til hareidsida@gmail.com, evt. facebook. Alle kan bli med, men for a-spelarane og dei i støtteapparatet/styret, legg talet på rette svar grunnlaget for resten av quizen på avslutningsfesten i oktober. Det blir premiering etter sesongen er avslutta, og premien blir av det fine slaget.
Her er spørsmåla:
1. Kven blir Hareid-toppscorar i serien i år?
2. Blir ein Hareid-spelar toppscorar i 3.-divisjon Sunnmøre?
3. Kva plass kjem Hareid på i årets 3.-divisjon?
4. Kva plass kjem Hareid 2 på i årets 5.-divisjon?
5. Blir det Bergsøy eller Herd som vinn 3.-divisjon?
6. Rykkjer Hødd opp til Adeccoligaen?
7. Kor mange raude kort får a-laget resten av sesongen?
8. Blir Bjørge Worren sendt på tribunen (utvist) i ein av dei resterande Hareid-kampane?
9. Blir Vagn Scheide Mork årets spelar i Sumpen?
10. Kor mange graskampar kjem Hareid til saman til å vinne i årets 3.-divisjon?
11. Kven av desse laga rykkjer ned frå 2.-divisjon: SIF og AaFK 2 (eller ingen av dei)?
12. Kjem Hareid-sida inn på fotballen.eu si topp 100-liste over norges beste nettsider?
Svarfrist: FREDAG 18.25
10.08. Statistikkhjørnet: Nærmar oss 2009
|
Snart 100 Hareid-kampar og dermed pokal: Joachim Moldskred. |
Endeleg er statistikkhjørnet tilbake, etter over ein månad i dvale. Og vi har fleire hyggjelege nyheiter i dag, som at vi alt no tidleg i haustsesongen nærmar oss talet på poeng og mål i 2009. Men først:
* André Skotheim spelte sin 50. kamp for Hareid. Kampane er fordelte på 2005, 2006, 2007, 2008, 2009 og 2010, så snittalet på kampar per år er kanskje ikkje skremmande høgt. Men likevel, Skotty; grattis!
* Joachim Moldskred spelte sin 99. Hareid-kamp. Så det blir kanskje jubileum mot Brattvåg. "Kjips" debuterte forresten på a-laget i 2003, så heller ikkje for han har det gått spesielt fort framover med tanke på kampar per år. Men til denne karen sitt forsvar har han hatt fleire lange skadeopphald, samt spelt ein del kampar for Hjørby og Lokomotiv Oslo.
* Joar Møller starta sin første 3.-divisjonskamp for året. Flott det, men meir imponerande er det at "Phillen" står med 0 (!) mål på 84 Hareid-kampar. Også denne karen debuterte for a-laget i 2003.
* Hareid spelte for første gong i år ein 3.-divisjonskamp utan Ronny Jørgensen og Kim-Tore Husøy. Då var det greitt at Even Hansrud fann nettmaskene igjen. Det gjorde han for fjerde gong i år, og andre gong i 3.-divisjon. Det høyrer med til historia at Even denne sesongen spelar i midtbaneleddet. Til saman har han 73 Hareid-mål.
* Tore Johan Ytre-Hauge scora også sitt fjerde mål for året (og andre i 3.-div.), men årets Hareid-kaptein har "berre" 12 totalt sidan debuten i 2005.
* Hareid er no oppe i 19 poeng. I fjor til saman fekk vi 22. Så vi har ni kampar på oss til å tangere fjorårets poengsum.
* I fjor scora vi 32 seriemål. Hittil i år har vi 26. Også her skal det gå an å tangere og kanskje til og med gå forbi fjoråret om vi har flyten utover sesongen.
* Forresten betyr 26 mål på 13 kampar to i snitt per kamp...
09.08. A-laget denne veka
* Treningar tysdag og onsdag, begge 18.00, ta med sko til gras og kunstgras.
* Fredag: Bortekamp mot Brattvåg (NB. Gras)
09.08. 3.-divisjon: Kampane i dag
* Brattvåg tok ein sterk 3-1-siger borte mot Stranda.
* Eit på papiret veldig godt Hødd 2-lag slo Godøy 4-0 borte, Hødd 2 sine første bortepoeng i år.
* Hareid - Vika 4-1, sjå eiga sak under.
Hareid ligg per no på 6.-plass, på målskilnad framfor Stranda, men vi må rekne med at Norborg går forbi oss i morgon.
09.08. Worren: - Vi spydde for drakta
|
Du hugsar kanskje denne mannen best som trenar for Hareid, eller spiss for Hødd og Start? I dag starta han som spiss for Hareid. |
(Hareid - Spjelkavik 2-1) Ikkje alle spelarane på dagens Hareid-lag såg ut til å ha trena like godt i sommar. Men å blø for drakta kan ein gjere uansett form, noko Hareid gjorde i dag. I tillegg til siste nytt innan Hareid-jobbing: Å spy for drakta.
09.08. Endeleg siger: Hareid - Vika 2-1
Hareid vann 2-1 mot Spjelkavik i dag etter scoringar av Even Hansrud og Tore Johan Ytre-Hauge. André Skotheim hadde målgjevande på begge nettkjenningane. Hareid spelte utan topscoraren og nest-toppscoraren i 3.-divisjon, sidan Kim-Tore Husøy hadde karantene og Ronny Jørgensen måtte kaste inn handkleet grunna skade berre minutt før kampstart. André Skotheim spelte derfor einsleg spiss.
Vi kjem tilbake med referat, kampfakta og kommentarar frå Bjørge Worren i kveld.
08.08. Vurdering av den 13. runden i 3.-divisjon
Måndag:
* Hareid - Spjelkavik, sjå førehandsomtalen.
* Godøy - Hødd 2. Godøy heva seg klart fram mot sommaren, og at ringreven Henning Dyb er tilbake hjelp ganske så drastisk på for det elles så unge mannskapet. Hødd 2 har 6-1-0 heime, og 0-0-5 borte. Men slik kan det ikkje halde fram i all evigheit. Vi trur Hødd stiller såpass bra lag denne kampen at dei tar dette. B.
* Stranda - Brattvåg. Interessant og open kamp. Stranda er eit godt heimelag (4-1-1), medan Brattvåg er heilt OK borte (2-1-3). Brattvåg scorar som regel svært mange mål, så dette blir ingen keisam kamp vil vi tru. Vi tippar det blir 2-2, 3-3, 4-4, eller noko i den duren. U
Tysdag:
* Bergsøy - Volda. For Hareid sin del må vi håpe at Bergsøy og Herd slår alle lag rundt oss på tabellen. No ligg Volda rett nok på 3.-plass, men dei er ikkje meir enn fire poeng framfor oss. Så vi får håpe på ein H, men vi trur han blir knapp. Dette er to ganske bra lag, og det skal bli spennande å sjå kor lenge Bergsøy sin 6-0-0-heimestatistikk held seg. H
* Herd - Valder. Moas store sønner avslutta vårsesongen med 9-0-siger borte mot Rollon. Så mykje slår dei ikkje Valder, men dei vinn nok greitt. H
* Norborg - Rollon. For Hareid sin del skulle vi gjerne håpt på Rollon-siger her, men dei blåkvite har mista fleire spelarar og verkar ikkje spesielt motiverte for haustsesongen. Og då tar vel Norborg dette. H
07.08. Preview: Hareid - Spjelkavik
3.-divisjon Sunnmøre
Hareidsmyrane stadion
Måndag 9. august klokka 18.30
HAREID - SPJELKAVIK
Dommar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta
Les tropp + førehandsomtale
06.08. Hugs a-lagstreninga søndag 13.30
Det blir formasjonstrening med tanke på Vika-kampen måndag, så alle må møte.
06.08. Åge til Loket
|
Bortemøtet mot Sunnylven med Hareid 2 vart Åge Møgster sin siste Hareid-kamp for denne gongen. Her er han (5) i ein hyggjeleg passiar med Sunnylven-spiss Alf Ole Sundgot. |
Åge Møgster melder overgang til Lokomotiv Oslo.
- Eg har jo spelt så lenge for Hareid at eg kan reknast som ei klubblegende. Så det følest spesielt å no melde seg inn i ein annan klubb. Men Loket-trenar Arthur Garnes har sagt at han har trua på meg, og eg ser for meg at eg kan bli ein nyttig spelar der nede, seier Møgster til Hareid-sida på telefon frå ein kafé i Hartlepool.
20-åringen er inne i si siste helg i marinen før han no skal til Oslo for å studere. Møgster spelte for a-laget frå 2007 til 2009, stort sett som innbytar. Våren 09 trappa han ned og begynte på Hareid 2, der han også har spelt nokre kampar i år. Prestesonen er også kjent for å ha vunne inne-KM med gutelaget i 2005, Norway Cup med gutelaget i 2006 og Grendacupen med La Cosa Nostra i 2009. Lykke til vidare!
Etter det Hareid-sida erfarer kjem også Vegard Moltubakk (Hødd) og Mads André Værnes (har stått i Hareid) også til å signere for sunnmørsklubben Lokomotiv Oslo i sommar.
06.08. 3.-divisjon: Hødd 2 slo Spjelkavik
Hødd 2 må vere eit av verdas mest typiske heimelag. Dei har ikkje tatt eit einaste poeng på utebane i år, men på heimebane går det i 99 av 100 hundre tilfelle strykefritt. I dag vann Hødd sine nest beste 4-1 heime mot Spjelkavik. Bortelaget hang greitt med ei god stund, men då Robin Hjelmeseth sette inn 3-1 etter 79 minutt var håpet ute for Vika. Ti minutt seinare fastsette Kristoffer Sætrenes sluttresultatet til 4-1. Tidlegare i kampen hadde Daniel Kvalsvik scora to for Hødd, medan Adrian Hagerup stod for kvittrøyene sitt mål. Hødd 2 gjekk med dette opp på 4.-plass.
05.08. Vi tippar 3.-divisjon
I morgon startar haustsesongen i 3.-divisjon med ein hengekamp mellom Hødd 2 og Spjelkavik. Over helga kjem dei andre laga i gang. Derfor passar det fint at vi har tippa utfallet av korleis 3.-divisjon endar til slutt.
05.08. Hoel til Herd
Rollon ligg per dags dato sist i 3.-divisjon, og sjølv om dei stort sett berre spelar heimekampar i haustsesongen ser det unekteleg mørkt ut i Larsgården. Bjørnar Hoel, som blir rekna som avdelingas beste keeper saman med Vagn Scheide Mork, har gått til tabelleiar Herd.
Her kan du lese fleire "gladnyheiter" frå Rollon.
5 |