05.08. NC dag 5: Smågutelaget ute
Hareid fekk aldri ballen i mål og tapte 2-0 mot Bjørn i kvartfinalen.
Småjentelaget rauk også ut i føremiddag; 0-4 mot Grei.
Dermed er alle Hareid-laga ut.
04.08. Norway Cup dag 5: Det er på Abildsø det skjer
Hareid har framleis to lag med i verdas største fotballturnering.
* Klokka 09.55 spelar smågutelaget kvartfinale (a-sluttspelet) mot Bjørn I på Abildsø.
* Klokka 11.00 spelar småjentelaget 1/8.-finale (b-sluttspelet) mot Grei på Abildsø.
HEIA HAREID
04.08. Viktig beskjed til a-lagsspelarar
Obligatorisk spelarmøte torsdag 17.00, deretter trening.
04.08. Fem dagar igjen: Kjem haustsesongen for brått på for Hareid?
Det kan godt hende. Sjølv om halve stallen har trena godt i sommar, er det framleis ikkje alle i den vesle Hareid-stallen som er på plass enno, og ikkje alle er aktuelle for spel mot Spjelkavik måndag.
04.08. NC dag 4 held fram: Smågutelaget til kvartfinale!!!
Hareid G14 vann 2-1 mot Ørnar IL i 1/8.-finalen. Ludvig Jøsok Ramsussen gav Hareid leiinga på ein stuss i 1. omgang etter eit innlegg frå Audun Øvrelid. Før pause scora også Martin Mork Breivik med hælen, etter målgjevande frå Adrian M. Strand. Med eitt minutt att å spele reduserte Ørnar.
- Vi satsa på knallhard innsats, men utover i kampen sparte vi krefter med tanke på vidare spel, fortel hjelpetrenar Sindre Breivik. Som saman med Geir Børre Røyset er ansvarlege for det suksessfulle laget.
- Vi tar ein kamp om gongen, seier Breivik.
I morgon spelar dei kvartfinale i a-sluttspelet, ein prestasjon ingen Hareid-lag har klart tidlegare om vi ikkje tek feil.
04.08. NC-dag 4 held fram: Jentelaget ute
|
Jentelaget vart slått ut, men med heva hovudet etter ei god turnering. Dette biletet vi fekk av Jeanette Djupvik vart teke etter sigeren i 1/16-finalen. |
* Jentelaget tapte 4-1 mot eit veldig godt Fortuna/Blindheim-lag. Hareid sitt mål kom ved Sara Bigset. Dermed enda eventyret i 1/8-finalen for jentene sin del, men dei kan sjå tilbake på mange svært gode kampar i Oslo.
04.08. Norway Cup dag 4: Gutelaget ute, jentelaget og smågutelaget vidare
* Gutelaget tapte 4-1 mot Askøy, og er dermed ute.
* Jentelaget spelte 1-1 mot Begnadalen etter mål av Fredrikke Røyset. Men vann straffekonken!!! Keeper Benedicte redda to!
* Smågutelaget vann 2-0 mot Lom/Skjåk, etter eitt mål av Kristoffer Hasfjord i kvar omgang. - Ein tett kamp mot ein absolutt målbar motstand, men vi vann fortent, kommenterer trenar Sindre Breivik. Som no tek med seg gutane tilbake til skulen der dei skal kvile nokre timar. Klokka 18.10 møter Hareid vinnaren av Ørnar og Sparbu på Ekeberg. Lykke til!
03.08. A-lagstreninga onsdag
blir klokka 17.30. Bjørge er tilbake, og alle eventuelle forfall må meldast til han.
Spelarmøtet blir i samband med torsdagstreninga; tidspunkt blir avtala onsdag.
03.08. Norway Cup dag 4
Småjentelaget spelar ikkje før torsdag, då dei møter Grei i 1/8-finalen i b-sluttspelet. Dei tre andre Hareid-laga er i a-sluttspelet, og spelar desse kampane onsdag (eventuelt fleire ved siger):
* Gutelaget: Møter Askøy klokka 08.00 på Ekeberg (1/64-finale).
* Smågutelaget: Møter Lom/Skjåk klokka på Valle Hovin klokka 12.40 (1/16-finale).
* Jentelaget: Møter Begndalen klokka 11.00 på Abildsø (1/8-finale)
HEIA HAREID
03.08. Norway Cup dag 3: Alle Hareid-laga vidare
* Småjentelaget vann 1-0 mot Bjørndal etter scoring av Kathrine Holstad. Ny god kamp av keeper Ida Røyset. Dermed er småjentene i b-sluttspelet - og alle Hareid-laga er alt no klare for vidare spel!
* Smågutelaget vann heile 7-0 mot Vear, som var eit reint reint 13-årslag. Trenar Sindre Breivik lot alle i troppen få rikeleg med speletid. Keeper Ole Monrad Alme scora to, eitt på straffe og eitt på utspark (!). Elles noterte Chetnarong "King" Haugen, Kristoffer Hasfjord (2) og André Teige (2). I morgon møter smågutane Lom/Sjåk eller Sandane i 1/16-finalen.
* Jentelaget vann 2-0 mot Hafslo. Henritte Bolstad Banne (via ein Hafslo-spelar) og Fredrikke Holstad Røyset scora Hareid sine mål. - No har vi det svært artig, lyd rapporten frå jenteleiren. Dei har vunne si gruppe og er dermed klare for a-sluttspelet med god margin.
* Gutelaget tapte 5-0 mot Beshiktash frå Makedonia. Beshiktash viste seg å vere eit svært godt lag. På Hareid, som kjempa veldig godt, var Fredrik Aursnes og Sjur Gjerde dei beste spelarane.
02.08. Hareid sine Norway Cup-kampar dag 3
|
Hareid sitt smågutelag som så langt har vunne to av to kampar så langt. |
* Småjentelaget: Hareid - Hafslo 13.35
* Jentelaget: Bjørndal - Hareid 09.00
* Smågutelaget: Hareid - Vear 12.40
* Gutelaget: Hareid - Besiktas 16.30
Gutelaget og smågutelaget er alt klare for a-sluttspelet. Jentelaget er der truleg med poeng i morgon. Småjentelaget har ein viss sjanse til å nå b-sluttspelet.
02.08. Norway Cup dag 2: To sigrar, ein uavgjort, eitt tap
* Småjentelaget har tapt 4-0 mot Kopervik, men fekk helse på Drillo og blir sendt på TV i kveld.
* Smågutelaget vann 2-1 mot Kirna (les meir ved å trykkje vidare)
* Jentelaget spelte 0-0 mot Gol
- Her hadde Hareid sjansar til å vinne kampen, mellom anna ein ball som gjekk både i stonga og tverrleggjaren før han gjekk ut igjen, lyd rapportane.
* Gutelaget vann 3-0 mot Sterling (les meir ved å trykkje vidare)
01.08. Hareid sine Norway Cup-kampar dag 2:
* Gutelaget: Hareid - Sterling klokka 18.30
* Smågutelaget: Hareid - Kirne klokka 13.30
* Jentelaget: Hareid - Gol klokka 17.15
* Småjentelaget: Hareid - Kopervik klokka 12.00
01.08. Når gjer Eiliv comeback?
|
Eiliv-Tore Howlid var fast midtstoppar for Hareid i 2009, som her i ein treningskamp mot Træff. Tidlegare har Eiliv spelt i alle moglege tenkelege posisjonar, inkludert keeper. |
Eiliv-Tore Howlid spelte fire treningskampar for Hareid i vinter før han fekk ein mystisk kneskade. Den vart han ikkje operert for før ut i juni. Når Eiliv kan gjere comeback er eit ope spørsmål.
- Eg har jogga ein del i det siste. Smertefritt, om vi ser vekk frå nokre oppoverbakkar. Eg håper å kunne trene med ball om ikkje altfor lenge, men når eg kan spele 3.-divisjonsfotball igjen veit eg ikkje, kommenterer Eiliv. Klubblegenda som ikkje har spelt for nokon andre norske klubbar sidan Harei-debuten i 1994.
Det hadde passa fint for Hareid om Eiliv kunne blitt speleklar litt ut i september. For då flyttar nemleg Marius Rise til Spania.
01.08. A-laget: Ingen nye spelarar til no
|
- Per i dag er det ikkje så mykje nytt å melde, men det kan framleis skje noko, seier Bjørge Worren, og siktar til spelartroppen. |
Støtteapparatet rundt a-laget har i sommar jobba med å forsterke laget før ein venteleg knalltøff haustsesong. Men det er lite nytt å melde til no, skal vi tru trenar Bjørge Worren.
- Eg og eit par-tre andre i støtteapparatet har vore i kontakt med fleire spelarar i området som kunne ha forsterka stallen vår. Men per i dag har vi ikkje fått napp med nokon, kommenterer Worren.
Som fortel at det framleis er ein spelar eller to som er aktuell.
- Ja, det er éin mann som skal svare oss om nokre få dagar. Pluss ein annan der vi ventar på svar frå klubben til spelaren. Så det kan framleis hende at vi får ei forsterkning no i august. Men den viktigaste signeringa har vi alt gjort.
- Kva meiner du med det?
- Ronny Jørgensen har jo formelt sett vore Tornado Måløy-spelar ein månad no. Men måndag eller tysdag er han igjen Hareid-spelar, smiler Bjørge Worren.
Hareid har mista André Egset Nupen, som var kaptein i mange av vårkampane. I tillegg blir Per Ståle Nykrem neppe veldig delaktig i haust. Svein Inge Nesset flyttar til Bergen, men har fått klarsignal til å flyge heim til haustkampane.
30.07. Vagn på Wikipedia
Hareid-keeper Vagn Scheide Mork har komme inn i det kjende nettleksikonet Wikipedia. For å vere kvalifisert til det må ein ha spelt fotball på eit visst nivå, men som vi veit har Vagn vore keeper for Tippeliga-klubben Molde. Hareid-trenar Bjørge Worren og fjorårets Hareid-trenar André Skotheim er også på Wikipedia. Av andre tidlegare Hareid-spelarar/trenarar som er på Wikipedia har vi klart å leite fram Åge Hareide, Hans Gisle Holstad, Reidar Vågnes, Otto Sundgot og Geir Televik.
01.08. Norway Cup: Tre Hareid-sigrar dag 1
Småjentelaget: Tapte 3-0 mot Fjellhamar
Ifølgje rapportane ein god kamp trass tap, spesielt med tanke på at dette var første gong nokon sinne at småjentene spelte 11-ar-fotball. Hareid hadde sjansar til å score både eitt og to mål.
Gutelaget: Vann 2-0 mot Træff 2
Smågutelaget: Vann 6-1 mot Singsås
Mål av Martin Breivik (4), Kristoffer Hasjfjord, Petter-Martin Kløvning
Jentelaget: Vann 10-2 mot Træff 2
Mål: Sara B. Brandal, Susanne B. Brandal, Fredrikke Røyset, Nathalie Birkhol, Anna Djupvik (2), Henriette Bolstad Banne (4).
Nathalie sitt mål var ein lobb frå midtbana!
Send gjerne inn bilete og anna info: hareidsida@gmail.com
31.07. Norway Cup dag 1
Her er kampane med Hareid-lag i aksjon under opningsdagen søndag:
* Hareid - Træff 2 kl. 13.15 (gutelaget)
* Singsås - Hareid kl. 17.15 (smågutelaget)
* Hareid - træff 2 kl. 19.30 (jentelaget)
* Fjellhamar - Hareid kl. 18.10 (småjentelaget)
29.07. Tre dagar til Norway Cup, to dagar til avreise
|
Hareid sine Norway Cup-vinnarar frå 2006. Bak frå venstre: Anders Egge Brandal, Bjarne "Jay Z" Snipsøyr, Benjamin "Slettis 2" Slettebakk, Audun Orten Trovåg, Ruben-Kenneth "Kenna" Brandal, Christer Adrian "Bromle" Mork, Åge "Gniaren" Møgster, Jonas Klungsøyr (ser berre sveisen), Antoni "Rave-Toni" Gardshol (delvis skjult), Ørjan Engen Grimstad, Fredrik "Frefa" Abrahamsen, Daniel Moldskred "DJ Strind" Strand, Ingar Liaset, Jimbo Singhid, Martinus "M" Rise Gaasø. Trenarar for gullaget var Kim-Tore Husøy (hovudtrenar), Stig Bekkemellem, Kenneth Moldskred og Einar Orten Trovåg. |
Laurdag reiser Hareid sine fire Norway Cup-lag til Oslo, og søndag skal den runde kula sparkast i gang på dei mange gjørmete banene på Ekeberg.
Vi minner om at alle NC-laga bør/skal/må sende inn referat/rapportar/bilete til Hareid-sida på mail hareidsfotball@gmail.com. Send eventuelt SMS-ar til nitti tretten syttito elleve.
HEIA HAREID
30.07. Slik blir oppkøyringa til haustsesongen for a-laget:
* Måndag 17.30: Trening.
* Onsdag: Trening, internkamp eller treningskamp + spelarmøte. Vi har ikkje klart å skaffe motstandar til tr.kamp, men det kan bli internkamp mot Hareid 2. Det blir også spelarmøte denne dagen. Meir info seinare.
* Torsdag 17.30: Trening
* Søndag 13.30: Lett trening/formasjonstrening.
* Måndag 9. august: Heimekamp mot Spjelkavik
Alle forfall skal meldast inn til trenarane.
6 |