27.07. Hareid treng motstandar
Hareid a-lag sine kandidatar til å møte oss til treningskamp onsdag 4. august kunne ikkje stille. Er det andre 3. eller 4.-divisjonslag som vil møte oss den dagen, så er det berre å ta kontakt!
29.07. Kven vart "Sommarkongen"?
Stian Brandal hadde ei leiing på eitt sommarkonge-poeng før den siste sommartreninga i dag, torsdag. Men Brandal kom ikkje på treninga, og dermed kunne Joachim Røyset tangere poengsummen. Joachim fekk ingen poeng under speleøkta, men sneik med seg eitt under skottreninga. Dermed enda Joachim og Stian likt, og det vil bli avgjort ved eit seinare høve kven av dei som får den gjeve sommarkonge-pokalen.
Vi kan elles melde at oppmøtet på sommatreningane har vore noko ujamt. Frå det gode (17-18 mann) til det mindre gode (10). Nokre har vore stabile og delteke på alle eller nesten alle treningane, medan andre ikkje har vist seg i det heile tatt.
Måndag startar den offisielle oppkøyringa til haustsesongen. Vi har dermed berre ei veke på oss til å finne fram forma før Spjelkavik-kampen 9. august. Bjørge og Svein Dag er tilbake neste veke, og eventuelle forfall må meldast inn til Bjørge. Tidspunkt for måndagstreninga, og om det blir treningskamp onsdag, kjem vi tilbake med i løpet av eit par dagar. Vi har ein aktuell motstandar på kroken, men veit ikkje om vi får drege han i land.
27.07. Fersking kan bli sommarkongen
Under dei såkalla sommartreningane har spelarane på vinnarlaget etter kvar trening fått eitt poeng. Den med flest poeng til slutt kan kalle seg "sommarkongen". Etter sju av ni sommartreningar leiar Stian Brandal konkurransen med seks poeng. Brandal er første års junior og debuterte for a-laget i treningskampen mot ÅVK i starten av juli. På andreplass ligg Joachim Røyset med fem poeng. Med to treningar igjen er det nok berre desse to som kan stikke av med samanlagtsigeren.
Dei to neste og siste sommartreningane er tysdag og torsdag, begge 17.30.
26.07. Hareid fekk tilbod frå goalgetter, men fekk nei frå klubben hans
Hareid var nære ved å gjere eit uventa scoop på overgangsmarknaden då ein toppscorar for eit anna 3.-divisjonslag på Sunnmøre på eiga hand melde interesse for å spele for Hareid i haust. Men då Hareid kontakta klubben til spelaren viste det seg at det var uaktuelt for dei å sleppe han. Det røper ei kjelde i Hareid-leiinga til Hareid-sida. Vedkommande vil ikkje seie kven denne spelaren var. Men etter det vi erfarer er han ein av dei mestscorande i 3.-divisjon så langt, den klart mestscorande i sin klubb, og har ein eller annan slags link til Hareidlandet.
26.07. Ny treningsveke
Så er det klart for den tredje og siste veka med "sommartreningar". Også denne veka blir dei måndag, tysdag og torsdag klokka 17.30. Vi har alltids plass til fleire, så ta gjerne med ein venn. HIL 2-spelarar må gjerne komme. Vagn og Einar er ansvarlege for treningane denne veka.
24.07. Christian med to Norge-kampar
|
Christian Mork (til høgre) saman med Martinus Røyset Bakken før ein juniorkamp mot Herd i 2008. |
U17-landslaget har denne veka delteke i ei firenasjons-turnering i Sverige. Tidlegare Hareid-spelar (no Hødd) Christian Mork var ikkje på bana då Norge opna med 0-0 mot Sverige, men starta både mot Wales (1-1) og Island (2-0-siger). Fem poeng på tre kampar gjorde at Norge enda på 2.-plass i turneringa, på målforskjell bak Sverige.
Christian har fått ein fin oppsving på karrieren utover våren og sommaren i år. Etter å ha slite med skadar og lite tillit etter overgangen før 09-sesongen er Mork junior no fast på Hødd sitt a-lag.
24.07. Nikolai ikkje til Hareid
Hareid hadde håp om å leige Nikolai Røyset frå Ullern delar av eller heile haustsesongen. Men no har det seg dessverre slik at skadesituasjonen i Ullern-leiren er svært prekær om dagen. Spesielt med tanke på backplassen, der Niko har blitt nytta der nede. Tre av backane til Ullern er ute med skadar, medan ein fjerde ikkje kom inn på skule i Oslo og derfor må flytte ein annan stad i landet. Dermed er Niko berre ein av tre backar som er igjen i Ullern-stallen. Så slik er det, og vi forstår sjølvsagt Ullern. For Hareid sin del gjeld det no å lage ei ordning som gjer at Svein Inge Nesset blir henta heim frå Bergen som ofte som mogleg i haust. Hareid si sportslege leiing går i dialog med Nesset rett over helga.
22.07. Dommedag er nær
Så er endeleg dommedag her; Hareid sine a-spelarar skal få karakter ut frå prestasjonane sine i vårsesongen. Her er Hareid-sida dønn ærlege, og ingen slepp billeg unna! Verken spelarar, trenarar eller materialforvaltarar.
21.07. Her er Norway Cup-gruppene
* Gutelaget (11-ar) skal møte Træff 2, Sterling og Beshiktash FC. Altså to norske, pluss eit utanlandsk. Nøyaktig kva nasjon Beshiktash kjem frå veit vi ikkje, kanskje er det ein skriveleif for Besiktas?
* Smågutelaget (7-ar) skal møte Singsås, Kirne og Vear.
* Jentelaget (7-ar) skal også møte Træff 2, i tillegg til Gol og Hafslo.
* Småjentelaget (11-ar) skal møte Bjørndal, Kopervik og Fjellhamar.
20.07. Artikkel om Hareid i Vestposten
Vestposten si nettutgåve har skrive ein artikkel om Hareid sin spelarsituasjon. I tillegg til det som har stått her på sida, skriv dei at Daniel Hatløy (Bergsøy), Lars Henrik Hasund (Hasundgot) og Georg Olsen (Hasundgot) har prøvespelt for Hareid i sommar. Hareid-sida veit ikkje om dei har gjort det enno, men dei har i alle fall uttrykt ønske om å komme, noko Hareid er positive til. Kanskje kan ein av dei vise seg å vere eit scoop?
19.07. Svein Inge flyttar
Hareid-spelar Svein Inge Nesset (f. 1983) flyttar til Bergen i haust, der han etter planen skal jobbe. Nesset har spelt for Hareid i periodane 1999-2006 og 2009-2010, og heile vegen vore ein sentral spelar som back eller ving. I tillegg spelte han ein kort periode i Hjørungavåg, samt ein lengre i Syril (Sogn), der han også var assistenttrenar ein sesong. Men sjølv om Nesset no set kurset mot Vestlandshovudstaden, er det ikkje sikkert at han er ferdig i Hareid. Det blir nemleg jobba med å flyge han heim til haustkampane.
19.07. Jobbar med treningskamp og nye spelarar
|
Niko for Lokomotiv Oslo i Påskekampen 2009. |
Sjølv om det er ferie har ikkje Hareid-leiinga klart å unngå å jobbe med situasjonen rundt a-laget til hausten. Hareid-sida kan melde at det er ønskjeleg med ein oppkøyringskamp onsdag 4. august. Larsnes/Gursken har sagt seg interesserte, og blir det ikkje dei, kan det bli ein annan lokal motstandar. 4. august er fem dagar før haustopninga mot Spjelkavik, og då skal dei fleste spelarane og både Bjørge og Svein Dag vere på plass igjen.
Når det gjeld spelarsituasjonen, så er det noko trenarane har jobba med i sommar. Sidan André Egset Nupen og kanskje også Svein Inge Nesset flyttar, samt at Ole Magnus Melchior gjekk til Bergsøy, har det vore sagt at vi ideellt sett treng to nye spelarar. Den eine kan bli Nikolai Røyset. Hareid har i sommar vore i dialog med Ullern med tanke på eit utlån for Røyset i haust. "Niko" har stort sett spelt andrelagsfotball for Ullern, men held eit godt 3.-divisjonsnivå på Sunnmøre. Hareid reknar med å avklare situasjonen rundt Niko denne veka. Elles er det ikkje noko nytt å melde, men Hareid-sida skal sjølvsagt oppdatere våre lesarar om det blir nye signeringar.
18.07. Mange besøk, også om sommaren
I fellesferien er det ofte ikkje det store nyheitstrøkket på dei lokale fotballnettsidene, men Hareid-sida har hatt ein del å skrive om. Mellom anna var engasjementet rundt "den ukjende Hareid-spelaren" sikra oss mange treff.
Laurdag hadde Hareid-sida 1376 lesarar - ikkje verst!
18.07. Hugs sommartreningane
Hareid sine sommartreningar går kommande veke, som sist, måndag, tysdag og torsdag - alle klokka 17.30.
Tore Johan Ytre-Hauge blir trenar måndag og tysdag - Vagn Scheide Mork torsdag.
18.07. Hareid med fire lag i Norway Cup
|
Eit jentelag frå Hareid på Norway Cup for to-tre år sidan. |
Hareid si fotballgruppe har svært sterke tradisjonar når det gjeld Norway Cup. Fire lag har vi stilt før også, men då ved at gutelaget har stilt både sjuar- og 11-ar. I år stiller Hareid fire lag i fire ulike aldersklassar:
* Gutelaget (G16) - 11-ar
* Smågutelaget (G14) - 7-ar
* Jentelaget (J16) - 7-ar
* Småjentelaget (J14) - 11-ar
Så vidt vi veit har Hareid aldri tidlegare stilt med to jentelag, og det er mange år sidan jentene har hatt med 11-arlag.
Vi kjem tilbake med meir info etter kvart, mellom anna med gruppeinndelingar og kampprogram. Og vi ser svært gjerne at lagleiarar sender Hareid-sida litt førehandsinfo om deira respektive lag. Adressa er hareidsida@gmail.com.
17.07. Vagn: - Kjem til å anke
Fredag skreiv Hareid-sida at fotballgruppa sin heider- og statistikkomité vurderer å stryke tre av Vagn sine fire Hareid-mål på adelskalender, etter sterk mistanke om at dei aldri har blitt scora. Etter at saka lak ut i media har Vagn no gjort det klinkandes klart at han kjem til å anke om han blir fråteken måla.
Kan du gå god for at Vagn scora tre mål for Hareid i perioden 1993-1995, truleg på ein cup i Nordfjord? Kontakt oss på hareidsida@gmail.com
16.07. Har Vagn eigentleg scora fire mål?
|
Vagn har snart spelt 300 Hareid-kamp, men er det sant at han også har scora fire Hareid-mål? |
Vagn Scheide Mork står oppført med fire mål på Hareid sin adelskalender, men er det eigentleg reellt? Fotballgruppa sin heider- og statistikkomité fekk i juni inn ein klage som gjekk ut på at Vagn berre har scora eitt Hareid-mål. Vi snakkar då om straffemålet mot Valder i 2006, som kan dokumenterast. Vagn har munnleg gitt heider- og statistikkomiteen beskjed om at dei tre første måla kom på 90-talet, truleg i ein cup i Nordfjord der Hareid hadde mange keeperar og lot han spele ute.
Komiteen granska deretter saka. Vagn spelte for Hareid frå 1993 til 1995 før han gjekk til Hødd. I statistikken for kvar enkelt sesong står ikkje Vagn oppført med eitt einaste mål, og det står heller ingenting i årsmeldingane om at Hareid har delteke i cupar i Nordjord desse sesongane. Vagn meiner at dei må vere gløymde i årsmeldingane, og han svarar vidare at adelskalenderen har blitt ført så nøye opp gjennom åra at han ikkje berre "tilfeldigvis" kan ha fått desse tre måla.
Spelte du for Hareid mellom 1993 og 1995, og dermed kan svare oss på om Vagn verkeleg scora tre mål for Hareid i denne perioden? Kontakt oss på hareidsida@gmail.com.
Dersom ingen kan gå god for at Vagn scora desse tre måla innan 1. august, blir dei strokne. Deretter har den tiltalte 10 dagar på seg for å vurdere om han vil anke saka.
16.07. Mannen er Kenneth Gjerde
Jakta på den ukjende Hareid-spelaren frå 1999 er avslutta. Mannen heiter Kenneth Gjerde, og er frå Valldalen. Han var elev ved UVS, men ikkje medlem av Hareid sin a-stall.
- Men han var nok heldig med tidspunktet han dukka opp på Hareid-trening, sidan der var fotograf til stades, fortel Steinar Egset Nupen, som gjekk i klassen til Gjerde på UVS.
Ti poeng til trioen som klarte å prikke inn det rette svaret på denne vekas store snakkis; Marius Rise, Are Olav Riise og Steinar Egset Nupen. 5 "takk for innsatsen-poeng" til dei 40-45 andre som engasjerte seg i skattejakta, utan å finne svaret.
16.07. Mannen kan vere Kenneth Gjerde - eller Inge Hovde?
Jakta på den ukjende Hareid-spelaren frå 1999 held fram. Hareid-sida har no motteke eit tips om at vedkommande kan vere Kenneth Gjerde frå Valldalen (eller Vartdal?). Han skal ha gått på Ulstein Vidaregåande Skule, og trena/prøvespelt med Hareid. Eit google-søk viser oss at det ikkje er nokon som bur på Sunnmøre no som heiter Kenneth Gjerde, men vedkommande kan ha flytta til Hordaland. Kenneth Gjerde har scora tre Grendacup-mål ein eller annan gong, så kanskje nærmar vi oss noko?
Ein lesar meiner at mannen er Inge Hovde, noko ein annan lesar blånektar på.
Veit du noko? Kontakt oss på hareidsida@gmail.com
15.07. Mannen er ikkje Trond Karsten Aasulfsen
Tidlegare i dag melde vi at Trond Karsten Aasulfsen var mannen på bilete nummer 15 i serien om 1999-laget. No har fleire protestert på det, og vi gir dei dermed medhald. Ein lesar trur at det kan vere ein spelar frå Vartdal, som kanskje heiter noko med Thomas. Kan du hjelpe oss? Send mail til hareidsida@gmail.com
7 |