15.07. Mannen er Trond Karsten Aasulfsen

Tidlegare denne veka la vi ut ein biletserie med portrettfoto av Hareid-stallen i 1999. Men to av spelarane kjende vi ikkje namna på. Ein av dei klarte våre lesarar å kjenne igjen raskt. Nummer 15 var Olav Worren, ein yngre bror av Hareid-trenar Bjørge og ex-Hareid-spelar og noverande Hødd 2-oppmann Torbjørn. Olav spelte 11 kampar for Hareid i 1999, og var både keeper og utespelar. Men han var ikkje særleg delaktig i seriekampane. Spelar nummer 6 viste seg å bli ei nøtt. Mange lesarar har engjasert seg, og forslaga har vore  mange. Men no har vi fått så mange tilbakemeldingar på at det må vere Trond Karsten Aasulfsen, at vi tar det for gitt at det er rett. Trond spelte ingen kampar for Hareid i 1999, men må tydelegvis ha dukka opp på ei trening eller fleire og sagt seg aktuell for spel i serien - sidan biletet av han også var i kampprogrammet. Aasulfsen spelte 38 kampar og scora to mål for Hareid på første halvdel av 90-talet.


14.07. Ørjan måtte operere

Ørjan Engen Grimstad (20) gjekk frå Hareid til Hødd før 2009-sesongen, og har hatt eit opphald der ute som har vore prega av skadar. No har han også vore gjennom ein operasjon, les vi på Hødd si nettside: "Uheldige Ørjan. Det vart ein tøff start på ferien for Ørjan Engen Grimstad som mandag måtte operere bort ein betent blindtarm. Fotballmessig var det tross alt bedre at dette skjedde no, og ikkje rett før haustkampane, men for ferien til Ørjan vart dette ein litt trasig start. Det viktigaste er at alt står bra til med Ørjan etter operasjonen, og vi ser fram til å sjå han tilbake i godt slag, klar for ein spennande haust-sesong."


13.07. Ny keeper i a-stallen

Daniel Reite (19) er flytta opp i Hareid sin a-stall, melder keeperansvarleg Vagn Scheide Mork. Reite har med unntak av ein sesong i Hjørungavåg stått i klubben i alle dei år, men dei to siste åra har han vore sjømann - og berre spelt for Hareid 2 no og då.

Hareid 2 er nok truleg også laget han kjem til å representere i kamp til hausten, men Reite får vere med på alle a-treningar. Der blir han heilt sikkert ein fin tilvekst.

PS. Daniel er ein yngre bror av a-lagsspelar Benjamin.


12.07. Dykk i arkivet: Hareid-stallen i 1999

Vi fann før helga ein konvolutt med fotografi på klubbhuset, som viser seg å vere bilete av ein del av stallen til Hareid i 1999.

Trykk på biletet for å sjå biletserie.


12.07. Kevin si røvarhistorie er sann!

Keeper for juniorlaget i år, men tidlegare ein teknisk spiss - eller?

Juniorlaget sin keeper Kevin Aarvik Hestholm har dei siste vekene prøvd å overbevise fotballmiljøet på Hareid om at han i dei hine hårde dagar var ein finslipen teknikar. Fotballstyret har offisielt fråråda Hestholm om å kome med slike røvarhistorier, så lenge han ikkje har bevis for det. Men no har "Kaffi" funne eit bevis.


12.07. Ny kontaktadresse

Hareid-sida har endeleg fått eiga emailadresse: hareidsida@gmail.com

Alle henvendingar som gjeld Hareid-sida kan du sende til den adressa, som vil bli sjekka dagleg. Spørsmål som gjeld andre Hareid-fotball-relaterte ting sender du som før til ottar44@hotmail.com.


11.07. Tre historiske bilete - men kven er dei?

Ei ryddrunde på klubbhuset fører til så mangt. I dei inste krokane i dei mest hemmelege skapa har vi funne tre foto.

Eit som vi kan identifisere sånn noko lunde, eit frå Jalmar Cup på 90-talet, og eit vi ikkje anar noko om. Veit du noko? Ta kontakt.


11.07. Rydding i pokalskapet

I år skal det ryddast og organiserast i pokalskapa på klubbhuset. For å få plass til alt er det sett opp tre nye skap på klubbhuset. Turngruppa var først ute med å organisere sine pokalar. Fredag var det fotballen sin tur. Tidlegare fotballformann Einar Orten Trovåg tok denne jobben for fotballgruppa, med kyndig hjelp frå Andreas Moldskred, leiar i klubbhusstyret. Trykk på bileta for å sjå meir.

Fotballgruppa har som mål å få alle moglege pokalar på plass, og det gjeld då først og fremst gull-, sølv- og bronsepokalar frå ulike cupar. Vi saknar mellom anna gullpokalen til Hareid sitt jentelag - som vann Norway Cup i 1996. Så har du pokalar som tilhøyrer fotballgruppa i din heim, så må du ta kontakt. (Bestemannsprisar og toppscorarpokalar høyrer sjølvsagt til dei enkeltpersonane som har vunne dei.)


10.07. Per Inia skiftar klubb igjen

Per Inia Brekke var keeper og utespelar på aldersbestemte lag i Hareid, samt musikkansvarleg på a-laget sine heimekampar, før han melde overgang til Hødd i vår. Der han har vore sisteskanse for klubben sitt gutelag i 1.-divisjon. Men no skiftar Per Inia klubb igjen. Han har komme inn på idrettslinja på Stranda VGS, og skal dermed melde seg inn i Stranda. - Eg har imponert på Stranda sine treningar den siste veka, men det er uavklart kva for lag eg skal spele for i haust. Det kan fort bli Stranda 2 i 5.-divisjon, seier Per Inia til Hareid-sida.


09.07. Som to dropar vatn, del 3

Som to dropar vatn-spalta har fått ein mail frå ein som kallar seg "ein fan". Vedkommande har sendt oss to bilete, og vil ha di hjelp til å avgjere kven av dei som skal spele VM-finale søndag - og kven som skal sjå ho frå godstolen.

Trykk på biletet.


08.07. Slik gjekk det med yngreslaga i vårsesongen

Gutelaget ligg på 2.-plass i si avdeling.

Hareid har hatt fire gutelag og tre jentelag i aksjon i "tabellseriane" i vår. Slik har det gått:


07.07. A-lagstreningar i juli

Treningsopplegget for dei tre neste vekene. Det blir ikkje fleire treningar denne veka.

Alle treningane går klokka 17.30:

Måndag 12. juli (Svein Dag)
Tysdag 13. juli (Svein Dag)
Torsdag 15. juli (Svein Dag)

Måndag 19. juli (Tore)
Tysdag 20. juli (Tore)
Torsdag 22. juli (Eiliv??)

Måndag 26. juli (Vagn/Einar/Eiliv??)
Tysdag 27. juli (Vagn/Einar/Eiliv??)
Torsdag 29. juli (Vagn/Einar/Eiliv??) Evt. treningskamp?

Veka etterpå er Bjørge tilbake, og treningane går som normalt. Haustsesongen startar 9. august mot Spjelkavik. Alle spelarane blir sterkt oppmoda om å trene i sommar, anten det er fellestreningane eller trening på eiga hand. Helst begge deler. Har vi ikkje trena skikkeleg i sommar, så rykkjer vi ned. Så enkelt er det.

PS. Hareid 2-spelarar, dei juniorane som har fått beskjed + tidlegare Hareid-spelarar som er heime på ferie - er hjartleg inviterte til sommartreningane.

 


08.07. Statistikkhjørnet: Debutant og comeback

Joachim Røyset (fremst) har berre éin Hareid-kamp mindre enn storebror Nikolai (heilt ute til venstre).

Statistikkhjørnet hadde eigentleg store planar om ferie. Men så dukka denne ÅVK-kampen opp. Så la gå, vi tar ein runde til.
* Stian Brandal spelte sin første a-kamp for Hareid. Grattis! Brandal vart Hareid-spelar nummer 495 etter oppstarten i 1946.
* Nikolai Røyset gjorde comeback for Hareid, ca. ti månader etter sist gong. "Niko" spelte sin 34. a-kamp. Hans tre år yngre bror Joachim spelte sin 33. a-kamp.
* Når vi første er inne på brør. Håkon Orten Trovåg spelte sin 15. a-kamp. Den fire år eldre ex-Hareid-keeperen Audun har 16...
* Ivar André Aadland og Einar Orten Trovåg spelte sine første a-kampar sidan treningskampane i vinter.
* Fredrik Aursnes scora sitt andre Hareid-mål. Ikkje verst for ein 14-åring.
* Vagn Scheide Mork spelte sin 293. Hareid-kamp. Dersom Hareid spelar éin treningskamp til før sommaren, og Vagn spelar både den og dei kommande seriekampane, så jubilerer "Bonden frå Grimstad" mot Hødd 2 13. september.

God sommar


07.07. Ungt Hareid-lag heldt i ein omgang: ÅVK - Hareid 4-1

Hareid lot ungdommen få prøve seg mot Åram/VanKam på Eidså i dag. Supplert med meir rutinerte karar som Vagn Scheide Mork, Tore Johan Ytre-Hauge og Kim-Tore Husøy såg det lyst ut i éin omgang. For dei første 45 var Hareid best, sjølv om pausestillinga var 1-1. Fredrik Aursnes (14) scora Hareid sitt mål. I 2. omgang vart det omrokert mykje på laget, noko som ikkje gav ein positiv effekt. ÅVK vann til slutt 4-1, og det var vel for så vidt greitt nok kampen sett under eitt.

Trykk på biletet for å sjå fleire blinkskot.


06.07. Oppsummerer vårsesongen

Les Norborg si oppsummering av 3.-divisjonsvåren.


05.07. Hareid 2 og supporterane

Før Hareid 2-kampen mot Sunnylven laurdag vart det tatt eit bilete av laget pluss ein god del av supporterane som var med.
Første rekke frå venstre: Ivar André Aadland, Svenn-Erik Warholm, Daniel "Hud" Pedersen.
Midtrekka: Paul Magne Worren, Kevin "Kaffi" Hestholm, Tommy Torsvik, Dag Gøran Brandal, Gunnar Johann Brandal, Einar Orten Trovåg, Daniel Reite, Ørjan "Kavringen" Røyset, Åge Møgster, Fredrik Bøe, Anders Lillebø, Espen Brandal.
Bak: Georg Stordal, Kristian Angelsen, Steinar og André Egset Nupen, Georg Rise Gaasø, Stian Garnes, Frank Robert "Fotball-Frank 2" Moldskred, Preben Nedrelid, Arve Vestnes, Arthur Garnes, Rune Husø Johansen, Christian Aasmo, Per Ståle "Pers" Nykrem, Robert "Bobo" Breivik, Espen Beiermann, Lars Roar "Kisse" Holstad, Peter Andreas Brandal, Ørjan Yri.

Foto: Kim Lillebø

Klikk på biletet for større storleik.


04.07. Bilete frå Old Boys-kampen

Trykk på eit bilete for å sjå biletserien.


06.07. Åram/VanKam - Hareid onsdag

Tidlegare ÅVK-spelar og noverande Hareid-kaptein: Tore Johan Ytre-Hauge.

Kampstart på Eidså blir 17.30. Vi tar 16.45-ferja frå Årvika, det vil seie at vi er framme ein halvtime før kampstart. Retur på 19.30-ferja. Altså i tide til VM-semifinalen startar 20.30.

Tropp/reiseopplegg:
* Knut Helge Hovden (97 11 42 65) tar med Svein Dag Slettebakk, Marius Slettebakk, Nikolai Røyset, Joachim Røyset
* Einar Orten Trovåg (90 13 72 11) tar med Håkon Orten Trovåg, Stian Brandal, Joar Møller, Fredrik Aursnes
* Vagn Scheide Mork (91 66 18 12) tar med Kevin Aarvik Hestholm (** berre returreise), Georg Rise Gaasø, Kim-Tore Husøy, Ivar André Aadland
* Bjørge Worren (91 75 23 86) tar med Jørund Johansen, Tore Ytre-Hauge, Tore Bjørge Mjønes

Hugs: - Sjåførane er ansvarlege for å rekke 16.45-ferja (møt opp der ute nokre minutt før). Spelarane er ansvarlege for å avtale kvar dei blir henta av sjåførane.


05.07. Ikkje til Hareid likevel

Hareid trudde for ei god veke sidan at vi skulle ha på plass Ole Magnus Melchior til haustsesongen. Men no har Bergsøy gitt Hareid beskjed om at Melchior skal signere for dei i staden.


05.07. Juniorlaget fekk bank

Hareid sitt juniorlag gjekk på eit solid bortetap i den utsette kampen mot Ørsta måndag kveld. 9-2 blei resultatet, etter at ørstingane leia 6-1 ved pause. Måla til Hareid vart skora av Håkon Orten Trovåg og Fredrik Aursnes. Hareid fekk ein forferdeleg start på kampen, og allereie etter 5 minutt leia heimelaget 3-0, etter svakt forsvarsspel. I andre omgang kom Hareid langt betre med, og karane hadde faktisk taket på Ørsta i periodar. Men i sum hadde ørstingane eit langt jamnare og mykje betre struksturert lag, og det var ingenting å seie på at dei tre poenga vart verande på fastlandet. På Hareid debuterte Martin Mork Breivik med ein fin kamp. Han meistra dette nivået godt. Elles glimta A-spelarane Tore Mjønes, Fredrik Aursnes og Håkon Orten Trovåg til, særleg i andre omgang, men dei blei veldig åleine på eit hareidslag som svinga voldsomt i prestasjonane.
Lagoppstilling:
Kevin Hestholm - Kasi - Joachim Røyset - Anthoni Gardshol - Stian Brandal - Håkon Orten Trovåg - Tore Mjønes - Fredrik Aursnes - Georg Gaasø - Martin Mork Breivik - Venthean.
Inn: Martinus Bjerknes - Thanussan - Jon Ove Liaset Røren - Peder Alme.
Ref.


8

Generalsponsor


Sponsorar