05.07. Hareid 2-statistikken etter vårsesongen
|
Arve Vestnes (30) har spelt alle Hareid 2-kampane i år. Ivar André Aadland (30) ligg på 3.-plass på toppscorarlista. |
Hareid 2 tar no sommarpause frå 5.-divisjon. Vi ser litt på statistikken.
* Før sesongen spelte HIL 2 tre treningskampar; to sigrar og eitt tap.
* HIL 2 har spelt 12 seriekampar; sju sigrar, to uavgjorte og tre tap.
* Målskilnad i serien: 40-32
* Hareid ligg på 3.-plass, men Sunnylven på 4.-plass har to kampar mindre spelt. Tabellen er i det heile prega av at laga har spelt alt frå åtte til 12 kampar.
* Inkludert alle dei 15 kampane har HIL 2 nytta 35 spelarar.
* Arve Vestnes har som einaste spelar vore på bana i samtlige.
* Gunnar Johann Ringstad, Ivar André Aadland, Rune Husø Johansen og Georg Rise Gaasø har spelt 14.
* Toppscorar for Hareid 2 totalt er Gunnar Johann Ringstad og Peter Paus. Begge har netta ni gonger. Paus har scora alle sine i serien, medan Ringstad noterte seg for fire av sine mål i treningskampane.
* Ivar André Aadland og Georg Rise Gaasø har scora seks kvar.
* Til saman har 19 spelarar scora mål.
04.07. Historikken er utbetra
|
Dette arket vart underskrive, men aldri sendt. Les meir om det under 1990 i historikken. |
Det vart i vinter gjort ein større jobb med å utvide Hareid-sida sin historikkseksjon. Men med ujamne mellomrom utover våren har vi også lagt til nye artiklar. Mellom anna eit stykke om 1990, då Hareid måtte skifte ut halve stallen. Og om då Hareid skulle møte Rosenborg i 1983. Vi begynner med andre ord å få ein del lesestoff for dei Hareid-interesserte.
04.07. Old boys-kampen: Hareid tapte på straffer
|
Hareid Old boys, bak frå venstre: Kjell Garnes (Hødd sin linjemann), Vidar Vollsæter (lege), Harald Åsland Riise, Lars Pedersen, Kurt Haddal, Steinar Egset Nupen, Stein Arve Rise, Harald H. Rise, Nils P. Skeide, Harald Møller (hjelpetrenar), Ronny Holstad Hansen, Kåre Fjørtoft (dommar). Framme: Svein Dag Slettebakk (hjelpetrenar og Hareid sin linjemann), Hans Gisle Holstad (hovudtrenar), Dag Harald Moldskred, Roger Hauknes, Stig Andor Engen, Roar Riise, Vagn Scheide Mork, Tommy Torsvik, Bernt Aage Ulstein, Are Pilskog. |
Hareid og Hødd sine old boys-lag møtte kvarandre til revansjeoppgjer på Hareidsmyrane stadion i dag. Hødd vann nemleg 5-3 i fjor, og Hareids skulda dei for å ha brote old boys-reglementet. Dei braut begge lag i år, og då stilte begge laga i utgangspunktet likt. Kampen, som var på 2 x 30 minutt, kan oppsummerast som eit hav av brende sjansar. Hødd skapte mest, men Vagn Scheide Mork varta opp med den eine kanonredninga etter den andre. Hareid skapte også fire-fem 100 %-sjansar, men avslutningsferdigheitene var visst ikkje som i gode gamle dagar. Sindre Eid såg ut til å bli matchvinnar då han sende Hødd i leiinga seint i 2. omgang. Men i det 60. minutt utlikna Harald Ås. Riise for Hareid på hovudet. Dermed gjekk det til staffesparkkonkurranse. Alle scora, sett vekk frå Roar Riise - som skaut over. Og dermed vann Hødd totalt 6-5.
Kampfakta:
Showkamp
Hareid Old boys - Hødd Old Boys 6-5 (4-5 på straffer) 1-1 (0-0)
Mål Hareid: Harald Åsland Riise
Mål Hødd: Sindre Eid
Mål straffer Hareid: Harald Åsland Riise, Bernt Aage Ulstein, Tommy Torsvik, Kurt Haddal.
Mål straffer Hødd: Geir Televik, Per Rune Tødenes, Tommy Sylte, Geir Sundal, Per Bernt Aske
Banens beste: Vagn Scheide Mork, Hareid
04.07. Hareid 2 tapte - men hadde det kjekt likevel
Hareid 2 tapte 5-2 mot Sunnylven på Stranda stadion laurdag ettermidag. I ein innhaldsrik kamp scora Ivar André Aadland og Tommy Tusj Torsvik Hareid sine mål. Men trass tapet; turen og grillkvelden på Brandal vart ein kjempesuksess, og når alt kom til alt vart det derfor ein bra dag for Hareid 2 likevel.
02.07. Sommarkamp mot ÅVK onsdag
|
Hareid og Åram/VanKam møtte kvarandre i vinter ved tre høve, to sigrar til Hareid og ein til ÅVK. |
Hareid har avtala treningskamp mot Åram/VanKam onsdag. Kampen går på den fantastiske grasbana på Eidså. Tidspunktet er ikkje heilt fastsett enno, men vi er tilbake på Hareid/Ulsteinvik til VM-semifinalen startar. Dette blir eit fint høve for a-lagsspelarane til å halde kampforma ved like, samt å spele ein kamp på gras - noko vi i aller høgste grad treng. Det blir også lagt opp til at alle i stallen skal få spele denne kampen.
Meir info kjem i løpet av helga.
NB. Neste a-trening er tysdag klokka 16.30. Eventuelle forfall til kamp eller trening til Bjørge.
02.07. Stranda opp på 4.-plass, Ronny scora igjen
|
Ronny Målrøvaren Jørgensen. |
* Ronny Jørgensen hadde scora i tre strake Hareid-kampar, og fornekta seg heller ikkje då han var leigesoldat ut til Tornado Måløy i dag. Ronny scora begge måla i 2-0-sigeren mot Eid, ein kamp som inkluderte tre raude kort. For Ronny sin del lovar det bra før hautsesongen, som han skal spele for Hareid. Tornado leiar no 3.-divisjon Sogn og Fjordane ("Firdaligaen") med sju poeng ned til toaren Årdal før sommarpausen.
* Det vart spelt fire 3.-divisjonskampar på Sunnmøre i dag, med desse resultata:
- Volda - Hødd II 2-1
- Valder - Bergsøy 0-2
- Brattvåg - Norborg 0-3
- Spjelkavik - Stranda 2-3
* Den største bomba var definitivt Norborg sin storsiger mot storebror Brattvåg. Vi merkar oss elles at Stranda vann nok ein gong, og klatra heilt opp til 4.-plass i avdelinga. Og at Hødd 2 held fram med å variere. Dei ligg faktisk heilt nede på 7.-plass no, men dei har ein kamp mindre spelt enn alle andre enn Spjelkavik.
* Hareid ligg på 8.-plass før sommarpausen. Men det er berre eitt poeng opp til sikker plass. Med andre ord ei spennande utfordring!
02.07. Ikkje utsett
Ørsta har varsla at dei likevel kan stille lag mot Hareid junior måndag.
02.07. Juniorkamp utsett - igjen
|
Juniorlaget sin statistikkførar og medoppmann Kevin Aarvik Hestholm fortvilar over at laget har fått spelt så få kampar i vår. |
Juniorlaget skulle ha spelt bortekamp mot Ørsta måndag. Men no ser det ut som at kampen blir utsett, for andre kamp. Om og når kampen blir spelt ein annan gong er ikkje klarlagt. Ørsta som stor breiddeklubb burde vel klare å stille 12-13 spelarar når som helst eigentleg? Til ei samanlikning har Hareid junior nytta 32 (!) spelarar på sine seks kampar til no, opplyser laget sin statistikkførar Kevin Aarvik Hestholm. Av desse har berre tre spelt alle; Stian Brandal, Håkon Orten Trovåg og Joachim Røyset. Sistnemde er også laget sin toppscorar med tre mål. Juniorlaget kan vidare ikkje skuldaste for dårleg fair play så langt. Berre eitt (!) gult kort har laget pådrege seg.
Sidan Hareid junior har fått spelt så få kampar, ser laget seg om etter motstandarar til treningskampar. Er det nokon juniorlag eller eventuelt lågdivisjonslag i seniorfotball som vil møte Hareid junior i sommar ein gong, så kontakt trenar Ivar André Aadland.
02.07. Spelarar inn, spelarar ut
|
Bjørge Worren røper at han skal prøve å skaffe Hareid ein ny spelar eller to før den knalltøffe haustsesongen vi har i vente. PS. Biletet er teke før Bjørge gjekk ned 18 kilo på ein mais- og erte-kur. |
Sommaren er som vinteren. Hareid mistar spelarar, og Hareid får nye spelarar. Det som vi veit til no er at André Egset Nupen har spelt sin siste Hareid-kamp for denne gong, då han flyttar til Bergen i slutten av juli. Det er dessverre for oss også store sjansar for at Svein Inge Nesset flyttar frå Hareid, sidan sambuaren hans etter alt å døme skal studere ein annan plass i landet. Marius Rise har spelt dei to siste kampane som stoppar for Hareid. Han flyttar til Spania rundt 10. september. Elles ser Hareid ut til å behalde resten av stallen. Jørund Johansen, som er den einaste på laget som tok artium i vår, skal ta seg eit jobbeår. Og blir dermed buande i Ulsteinvik. Når det gjeld nye spelarar, så sluttar som tidlegare skrive Ole Magnus Melchior seg til stallen i sommar. Han er ikkje ulik Svein Inge Nesset i spelestilen, og veg dermed opp for den avgangen - håper og trur vi. André Skotheim skal etter planen trene ein del med Hareid framover, og kan få ei jokerrolle i hautsesongen.
- Vi har ein relativt liten stall, som er svært sårbar for skadar og karantenar. Derfor er det naturleg at vi gjer eit forsøk på å skaffe oss forsterkningar i løpet av sommaren. Kor vidt vi lukkast med det er altfor tidleg å seie, men eg håper at vi kan få på plass ein spelar eller to til, seier trenar Bjørge Worren i ein kommentar til Hareid-sida.
Worren vart i likheit med tidlegare fotballformann Einar Orten Trovåg observert i aksjon på a-lagstreninga torsdag. Worren avkreftar at det er desse to han omtalar som "nye spelarar".
- Hehe, nei utan å fornærme nokon så siktar vi litt høgare enn som så, seier mannen som scora 139 mål på 160 Hareid-kampar i si tid (1990, 1995-96, 1999-2001).
02.07. Toppkamp i 5.-divisjon på Stranda laurdag: Sunnylven - Hareid
Vi har i ei sak eit par hakk lengre nede gitt deg eit innblikk i kva Hareid 2 og supportarane skal styre på med før og etter laurdagens kamp mot Sunnylven. Her kjem ein litt meir sportsleg førehandsomtale.
02.07. Treningskampar i sommar
A-laget tek sikte på å gjennomføre eit par treningskampar i sommar. Åram/VanKam og Larsnes/Gursken har sagt seg positive til å møte oss. Dato for kampane er ikkje fastsett, men det blir i alle fall ein ca. ei veke før haustsesongen startar (mot Spelkavik 9. august), og kanskje ein tidlegare på sommaren. Vi kjem med meir info når vi veit meir.
01.07. Sommartreningar Hareid a-lag
A-laget held i gang treningane i heile juli, tre gonger i veka. Det blir ikkje oppmøteplikt, men alle som ikkje ferierer blir sterkt oppmoda om å møte. Med ein knalltøff haustsesong i vente er vi sjanselause om ikkje spelarane held seg i form i juli. Treningane blir opne for dei juniorane som har avtale om det, b-lagsspelarar, tidlegare Hareid-spelarar som er heime i sommar - og eventuelt prøvespelarar om det skulle dukke opp nokon av dei.
Neste veke blir det trening tysdag, onsdag og torsdag. Tidspunkt kjem innan søndag på nettsida.
01.07. Programmet for Stranda-turen er klart
30.06. 3.-divisjon: Årets største siger
Det er kanskje litt tungt å vere Hareid-spelar for tida. Men det finst dei i vår 3.-divisjonsavdeling som har det verre. Rollon tapte i dag 9-0 (!) heime mot Herd. Det betyr at Rollon har eit svært dårleg utgangspunkt før haustsesongen. Dei har tre poeng og 14 minusmål opp til Godøy på 11.-plassen. Herd på si side tryggja 1.-plassen i avdelinga, men Bergsøy kjem a poeng om dei slår Valder fredag.
Andreas Ulvestad scora to mot Rollon, og deler no 2.-plassen på toppscorarlista med Ronny Jørgensen. Begge har åtte mål.
30.06. Jørgensen til Tornado Måløy
|
Ronny Jørgensen mot Godøy i går. |
Hareid-spiss Ronny Jørgensen melder overgang til Tornado Måløy. Men, det blir ikkje for lange stunda. Jørgensen skal på ferie i heimbygda den neste veka, og sidan Tornado manglar ein spiss så har Hareid sagt at det er greitt at Ronny spelar deira bortekamp mot Eid kommande laurdag. Etter den tid skal Ronny meldast inn igjen i Hareid, slik at han er klar igjen til den ekstremt viktige kampen mot Spjelkavik 9. august.
Tornado Måløy toppar 3.-divisjon Sogn og Fjordane utan å ha tapt ein einaste kamp (éin uavgjort), og kan med siger laurdag truleg alt planleggje kvalifisering til 2.-divisjon.
30.06. A-lagstrening torsdag 19.30
Det blir vanleg trening. Før eller etter økta lagar vi ein plan for kor mykje og når vi trenar i juli.
30.06. Tidlegare Hareid-trenar tar over Hønefoss
Reidar Vågnes blir hovudtrenar i Tippeliga-klubben Hønefoss ut året. Vågnes har lang fartstid som trenar og leiar på ulike nivå i norsk fotnall. I 1986 og 1987 var han hovudtrenar for Hareid, som då enda på høvesvis 5. og 3.-plass i landsdelsserien (noverande 2.-divisjon). Det var under tida si i Hareid at Vågnes tok D-trenar-utdanninga, synest vi å hugse. Seinare har sulamitten trena lag som Hødd og Molde, og vore sportssjef i AaFK.
Hareid-sida kan i dag eksklusivt røpe at Reidar Vågnes i fjor haust vart kontakta angåande den då ledige jobben som Hareid-trenar. Vågnes takka for merksemda, men sa at han ikkje ville vere hovudtrenar for noko lag i 2010...:)
Uansett, så ønskjer vi Reidar lykke til i Hønefoss!
30.06. Statistikkhjørnet: Ronny tok ny personleg Hareid-rekord, tangerte Even
|
Ronny Jørgensen er oppe i 24 mål så langt i år. Han scora eitt mot Godøy i går. |
Statistikkhjørnet etter 5-1-tapet mot Godøy.
* Hareid har framleis ikkje vunne på Godøya på 2000-talet.
* Hareid har framleis ikkje vunne siste kamp før sommarpausen på 2000-talet.
* Hareid fekk straffe imot for fjerde kamp på rad. Men i motsetnad til dei tre føregåande redda ikkje Vagn Scheide Mork denne gongen.
* André Egset Nupen spelte sin 180. Hareid-a-kamp. Det var hans siste i denne omgang, sidan han no flyttar tilbake til Bergen. Vi takkar for innsatsen, André!
* Kim-Tore Husøy fekk sitt tredje gule kort for sesongen, og står over mot Spjelkavik 9. august. Det blir Husøys andre karantene i år. Han stod over mot Hødd 2 grunna raudt kort som følgje av ein hands mot Rollon.
* Så til noko positivt. Ronny Jørgensen scora sitt 24. mål for sesongen, inkludert treningskampar og seriefotball. Med det har han gått forbi sin eigen Hareid-rekord i talet på mål per sesong. Både i 2006 og 2007 netta han 23 totalt.
* Sidan debuten i 2006 har Ronny 83 mål på 93 kampar.
* Scorar Ronny eitt til i år går han forbi Even Hansrud sin rekord. Even scora 24 totalt i 2006.
* Hareid-rekorden (i alle fall i nyare tid) når det gjeld mål i løpet av ein sesong har Bjørge Worren. Både i 1999 og 2000 scora årets Hareid-trenar 34 gonger.
Statistikkhjørnet takkar med dette av for vårsesongen, og håper på ein haustsesong med mykje positiv statistikk.
29.06. Godøy - Hareid 5-1: Ikkje Hareid sin dag i dag heller
Som mot Volda kom Hareid tidleg i bakleksa, og resten av kampen skulle handle om å ta igjen 2-0 og 3-1. Det kunne Hareid fort ha gjort, men marginane var imot oss. Og med fire Hareid-spissar på tampen fekk Godøy pynte på resultatet med ytterlegare to scoringar. Hareid har aldri vunne på Godøya, og på 2000-talet aldri i siste kamp før sommarpausen, og historia gjentok seg altså nok ein gong.
9 |