Vinterkarusellen Grimstadvatnet Rundt

Postet av Guro Kalvø Vattøy den 5. Nov 2025

🏃‍♂️ Vinterkarusellen Grimstadvatnet Rundt 2025

Vinteren er ingen grunn til å legge joggeskoa på hylla! ❄️
Også i år inviterer Hareid IL v/Friidrettsgruppa til den tradisjonsrike Vinterkarusellen Grimstadvatnet Rundt, eit løp for både store og små, ferske og erfarne mosjonistar.

Karusellen består av fire løp, lagt til første laurdag i månadene november, desember, januar og februar.
Løypa er ca. 7700 meter, med start og mål ved Hareid IL sitt klubbhus.

🕐 Tidspunkt:

  • Registrering: frå kl. 13:00

  • Start: kl. 14:00


👟 Minikarusellen – for dei yngre

Vi vidarefører suksessen frå i fjor!
Minikarusellen er eit kortare løp på om lag 2400 meter, lagt til ei trygg løype gjennom sentrum – perfekt for dei yngre løparane (og andre som vil ha ei kortare utfordring).


🚿 Praktisk informasjon

  • Garderober og dusj er tilgjengelege i klubbhuset både før og etter løpet.

  • Premieutdeling skjer etter siste løp. Det er 1/3-premiering blant deltakarar som har vore med på minst tre av fire løp.

  • Dei som deltek i alle fire løpa får i tillegg ein liten lojalitetsbonus.


💰 Startavgift

Vinterkarusellen:

  • Senior (f. 31.12.2005 eller tidlegare): 150 kr/løp

  • Junior (f. 1.1.2006 eller seinare): 75 kr/løp

Minikarusellen:

  • 1 barn: 75 kr/løp

  • 2 søsken: 125 kr/løp

  • 3 søsken: 150 kr/løp

I tillegg kjem eventuell engangslisens frå Friidrettsforbundet (gjeld ikkje for deltakarar født 1.1.2013 eller seinare, dei er forsikra gjennom Friidrettens Barneforsikring). Lisensen blir betalt før første deltaking og gjeld for heile karusellen. Betaling gjerast helst via Vipps, men kontantbetaling er også mogleg.


🏅 Ein ekte tradisjon

Med unntak av koronasesongen 2020/2021 har Vinterkarusellen vore arrangert kvart år sidan 1981Ein ekte lokal tradisjon som vi er stolte av å føre vidare!

Lenke til arrangement på Facebook: https://www.facebook.com/events/31183157984664685/31183158021331348/

Vi gledar oss til å sjå deg ved startstreken. Del gjerne vidare og ta med ein ven!

(Foto: Arnt-Jarle Johansen)