Spørjeundersøking - Fotball
Postet av Fotball den 19. nov 2026
Hareid IL Fotball ønskjer å få ei betre forståing av korleis medlemmar, spelarar, føresette og andre rundt klubben opplever tilbodet vårt.
Difor inviterer vi deg til å svare på ei kort spørjeundersøking. Svara vil gi klubben eit betre grunnlag for å vidareutvikle aktivitetstilbodet, klubbmiljøet, kommunikasjonen og andre område som er viktige for opplevinga i klubben.
Lenke til undersøkinga: Players 1st
Svarfrist: 30.11
Vi håpar du tek deg nokre minutt til å svare. Kvar tilbakemelding er viktig, og dess fleire som svarer, dess betre grunnlag får klubben for å prioritere dei rette tiltaka.
Takk for at du hjelper fotballgruppa med å bli endå betre.
Hareid IL Fotball
Siste fra Fotball
Årleg møte fotball 2026
09.11.2026
Vi vil ha fleire kvinner med på laget ⚽
12.10.2026