Vi vil ha fleire kvinner med på laget ⚽

Postet av Fotball den 12. okt 2026

Haustferien er over, og snart er også fotballsesongen over for i år. Då startar arbeidet med å planlegge neste sesong, og vi i Hareid IL ønsker oss fleire med på laget – både kvinner og menn, i store og små roller!


Du treng ikkje ha fotballerfaring, bruke mykje tid eller ta på deg store oppgåver. Det viktigaste er at du har lyst til å bidra til eit godt fotballmiljø på Hareid. Her er det plass til alle! 


Kanskje har du lyst til å vere trenar eller hjelpetrenar, lagleiar, kioskhjelpar, dugnadshelt, sjåfør, engasjert forelder, spelar eller ein som bidreg på andre måtar. 


Eller kanskje du har litt ekstra tid på dagtid og har lyst til å vere med og bidra? Vi hadde syntest det var utruleg kjekt å få med fleire seniorar, gjerne ei eiga gruppe med spreke senior kvinner som kan hjelpe til med små og store oppgåver rundt klubben. Vi veit at det finst mykje erfaring, engasjement og fotballglede blant folk i alle aldrar 


I dette innlegget løftar vi fram nokre av kvinnene som allereie bidreg rundt fotballen i Hareid IL. Dei er viktige for fellesskapet vårt, og vi håper dei kan inspirere fleire til å bli med!


Har du lyst til å bli ein del av laget? Ta kontakt med oss! 
Små bidrag betyr mykje, og saman skaper vi eit endå betre fotballmiljø på Hareid


Siste fra Fotball