Om oss
Vår visjon er:
«Stolt av Hareid»- vi kan, vi vil og vi får det til ! Stolt-inkluderande-mestring
Verdigrunnlag:
Hareid IL fotball ønskjer å sikre at alle barn og unge som deltek i våre aktiviteter og
arrangement kan gjere dette innanfor trygge rammer. Vi er opptekne av å utvikle alle i eit trygt og godt fellesskap, ikkje berre som fotballspelarar, men også som menneske. Vi skal bidra til eit trygt og godt oppvekstmiljø. Verdiane våra skal vere forankra i alt arbeid som blir gjort i fotballgruppa , og alle i Hareid IL fotball skal ha kjennskap til og jobbe etter desse verdiane.
For å skape eit godt oppvekst og fotballmiljø i Hareid, ligg stikkorda for dette i eige namn:
Klubbfargar:
Drakt: Raud
Shorts: Blå
Strømper: Raud
Bortedrakter: Gule eller kvite
Hareid IL vart starta opp i romjula 1922 (då som Hareid Turnlag). Organisert fotball kom i gang like etter krigen, og Hareid har hatt lag i serien frå 1946 og fram til i dag. Fotballprestasjonane har variert, men stort sett vore gode sett i ein sunnmørsk målestokk. Det gjeld spesielt frå 70-talet og utover. Frå 1981 til 1990 + 1992 spelte Hareid sitt senior herrelag i noverande 2.-divisjon. Etter den tid har a-laget heldt seg i 3.-divisjon med unntak av to sesongar i 4.-divisjon i 1999 og 2000. Hareid hadde også eit godt damelag på slutten av 80-talet og starten av 90-talet.
Hareid IL Fotball er ein breiddeklubb. Vi har aldersbestemte lag både for gutar og jenter. Vi har også gode treningstilhøve. Hareid stadion er ein tradisjonsrik arena. I 2007 fekk vi også kunstgrasbane, kalla Hareidsmyrane stadion, som avløyste bruken av dei to grusbanene. Om vinteren trenar mange av våre lag i Hareidhallen eller i andre gymsalar i kommunen. I 2020 fekk Hareid IL opp Hadarhallen. Ein hall som blir brukt for det meste av fotballen og friidretten.
FOTBALLSTYRET 2026
Styreleiar
Styremedlem
Ørjan Engen Grimstad
Lena Kathrin Hansen
Therese H. Holstad
Rita Dimmen
Sindre Breivik
Kristian Angelsen
Stian Runne Brandal
Valnemnd
Renate R Lillebø
Daniel Teigene