Ny sponsor
Postet av Guro Kalvø Vattøy den 28. Apr 2026
Ny sponsor med på laget!

Vi er stolte over å ha Island Offshore som sponsor i Hareid IL! Gjennom ei ny avtale som strekker seg over dei neste tre åra, får klubben ein solid og viktig samarbeidspartnar ❤️
Island Offshore sitt engasjement for lokalsamfunnet betyr mykje for oss. Bidraget gjer det mogleg å halde fram med å bygge gode rammer rundt barn, unge og vaksne i Hareid IL. Vi ser fram til eit godt samarbeid i åra som kjem!
Island Offshore seier dette:
For Island Offshore er det viktig å støtte lokale organisasjonar som tilbyr aktivitet som kan glede born og unge. Hareid IL gjer ein framifrå jobb i så måte, med eit godt tilbod for den yngre generasjon, så vel som dei vaksne i kommunen. Det er kjekt for oss å kunne utvide samarbeidet med naboklubben, då vi har mange engasjerte tilsette frå Hareid.
Hareid IL gler seg til tre nye år med godt samarbeid😍
Siste fra Guro Kalvø Vattøy
Ny samarbeidsavtale med Hareid Group
23.04.2026
Ny samarbeidsavtale med Jets
22.04.2026
Ny samarbeidsavtale med Ulstein
21.04.2026
Norgescup på Hareod
20.04.2026
Ny samarbeidsavtale med Libra
20.04.2026