Trøyeaksjonen 2026

Postet av Guro Kalvø Vattøy den 26. mai 2026

Vi er stolte av å vere med på årets Fotballtrøyeauksjon 🎗️❤️

I samband med Fotballtrøyefredag har vi donert ei signert Hareid IL-drakt til Noregs største trøyeauksjonDrakta er signert av spelarane på Hareid sitt A-lag herrer, og no håpar vi mange vil vere med og by på den - samtidig som ein støttar ei svært viktig sak.


Sidan oppstarten i 2022 har Fotballtrøyeauksjonen samla inn over 1,3 millionar kroner til kreftforsking for sjuke barn. Kvar einaste drakt har vore med på å gjere denne tradisjonen både spesiell og utruleg meiningsfull. 100 % av inntektene går direkte til Barnekreftforeningen 


Legg inn bod i kommentarfeltet under hovudinnlegget til Trøyeaksjonen på facebook👇

https://www.facebook.com/photo/?fbid=122185726076840703&set=gm.1685050595853449&idorvanity=716564992702019